dag 3 : Snartemo – eikerappen

først vil eg sei at det innlegget her blir nok det siste lange eg legge ut, for eg forstår at det eg oppleve her «ute», er langt meir inntrykksfullt for meg, enn eg klare å få ned på desse innlegga. Men den dagen her blei veldig spennende, så det var litt fristande å gjere eit forsøk likevel. Det er jo mange faktora som spela inn i det prosjektet her, føle ting står litt på spel, då det er kjipt å måtte bryte so tidleg.

So god lesning! Eller, ja

Sov kjempe godt i hønsehuset! Med elva som sirkla i bakgrunnen, og ein svær låve som dempa trafikkstøyen. Men vakna grytidlig av magerumling! La meg faktisk svolten i går, for eg hadde ikkje meir mat i sekken, og å spørre husverten om ei banan eller to, va litt vel litt i drøyaste laget.. Dei spurte jo igår om eg ikkje hadde kunna blitt her eit par veke for å hjelpe dei å sette inn vindu på tømmerhuset, då eg nemnde eg var snekker. Jo det kunne eg jo virkelig tenkt meg! Søren og! Igjen føle eg at tida er begrensa! Nei eg må nok fokusere litt på å gå her, elles når eg vel ikkje nordkapp før om fleire år!

forresten må nemne at pemmican måltidet eg hadde igår, fungerte veldig bra! Men meir om det seinare i turen, ettersom at det blir provianten oppe i fjella! Man forstår seinare i dette innlegget at eg trenge å ha noken sånne i sekken, ettersom eg ikkje greie å planlegge betre…

Tilbake til novella! So det blei å gå raka vegen til neste matbutikk. Det var eindel bondegårda langs vegen som sikkert produserte mjelk, so eg blei so fysen på det at det blei kun nokre kartonga surmjelk og noke geite kremost som var fristande. Sat meg like godt ned med eit sånt pensjonistlag der på lokalbutikken. Nokon strikka, men dei fleste drakk kaffi og prata. Skal sei det blei fart på samtalen då dei skjønte at eg skulle gå tur! At det var surmelk eg hadde i koppen og heldte på eit par kartonga etterkvart som praten gjekk, synes dei og var festlig. Skjer kanskje ikkje kvar dag.

Traska så vidare etter å ha fått dekt mitt sosiale behov, og forsåvidt mett på mjelk, som gjorde at først blei sekken 3kg tyngre, og deretter magen 3kg tyngre. Det gjorde vel til at magesekken blei 3 gonga kaldare, utifrå ein viss matematisk formel. (Sorry, humor og ordspel på ufattelig tørt nivå, men kom på då eg drakk den tredje kulturmjelka).

Gnaginga under føtene måtte virkelig takast hensyn til. Leggane og hoftene skreik meir enn ei gammal uolja kyrkjedør, men eg skal ikkje ta for mykje om det då det kan vere kjedelig lesning.. men mot gnagsår prøva å lufte beina for kvar time, ved å ta av sokkane. Har på talkum for å hindre fotsopp, og skifta til tørre sokka, ettersom at eg alltid har eit par eg går med, og eit som tørka heilt inntil huda, anten på skuldrane eller magen. Då tørka dei, so lenge man unngår å svette.

So her begynne avhandlinga om gutten som klarte å få det å gå nede i sivilisasjonen til å bli til kampen for tilværelsen… (føltes i allefall sånn) og


Eg blei sjølvsagt svolten ganske fort igjen, og hadde ikkje noke i sekken, for eg ville gå «lett» eller eg hadde vel egentlig ikkje plass til meir… 8t til neste butikk stod det på mobilen! Då hadde eg gått i tre tima frå den eg var på, og det ville vore veldig flaut å komt tilbake! Nei so planen blei å auke tempoet, og prøve å rekke den før det stengte kl 21. Det kunne gå på nippet…

Etter å ha gått ganske so fort nokre tima, følte eg vel at eg ikkje hadde like god kontroll på gnagsåra, og begynte å lure på å heller overnatte på tom mage i fjellduk, og kjøpe på butikken dagen etter, for vonde nok gnagsår er verre enn å legge seg svolten, sann mtp resten av turen. Men so va eg ganske svolten då! Eg møtte på ein kar som meinte at det gjekk å ta ein snarveg. Men då måtte man ta av frå riksvegen og gå eit stykke for å komme seg til den. Eg gjorde som han sa, og følte meg heldig som hadde møtt på han, men då eg kom fram til «snarveien», var det ein ubrøyta veg på fleire kilometer.

So eg gjekk i 30cm gjennomslagssnø, som var blytung, der i tussmørket. Steike so forbanna eg var! Brukte alt for masse krefter alt for lenge. Eg gjorde det for å rekke butikken, men innsåg i sju tida at slaget var tapt. Det her e ikkje bra for immunforsvaret heller, må tenke på at eg nettopp har vore sjuk. Må få opp den fjellduken og legge meg i soveposen og heller fortsette i mårå og få handla på føremiddagen.

Men mens eg pakka ut av sekken, kom eg plutseleg på at ei av damene som strikka gensar der nede i bygda, nemnde at det var laurdag idag! So då svartna det for meg, for butikken i mårå vil jo då vere stengt! Game over! Hah drite seg ut på den måten! Då må eg gå enda ein heil dag uten mat, og det e jammen ikkje sikkert at eg rekke Ljosland, i mårå, då det e ganske so langt, spesielt når eg brenne kruttet her i snøen!

So eg skjønte at eg måtte rekke den butikken likevel, gav dermed litt blaffen i gnagsårbehandlinga og nesten jogga i snøen. Og omsider kom eg fram til asfaltveg, og steike det! Jammen dukka det opp eit hotell, som egentlig ikkje hadde ope for bestillinga (eg sjekka nettet for overnattinga i nærområdetting tidlegare men ingenting å finne, verken Airbnb eller booking). Eg såg nok igjen ganske so stakkarslig ut, der i døra, so han var grei med meg, eg skulle få bestille meg eit rom, men dei kunne ikkje ha noke middag, men det vil bli god frukost i mårå.

Pladask la eg meg på gulvet då eg kom innpå hotellrommet. Det får får koste ka det kosta vil, for det her trengde eg virkelig, og kanskje ete eg so mykje til hotellfrukosten i mårå, at eg har spart inn igjen heile hotellovernattinga! So fekk eg lagt meg, svolten, men svært tilfreds med å ligge trygt og godt under dyna inne i varmen…

Dag 2: Lyngbø – Snartemo

Vi låg på liggeunderlag, så dei skulle sleppe å vaske sengeklede. Kom meg nesten ikkje opp frå liggeunderlaget på gulvet, for beina var mykje stølare frå igår, enn forventa! Leggane og hoftene skrike! Forstår no fordelen med at senge vanligvis er litt opp frå gulvet.. men eit bad i sjøen med månen som skein i all ro og stillhet, fekk fart på maskineriet i beina.

Vi fekk vite både historie og idrettsfakta til byen Lyngdal, og omvisning frå bilkøyringa om kor ting var henne då han køyrde oss tilbake igjen til punktet dei henta oss frå igår (for leiligheten var nokre kilometer i feil retning). Så no trur eg eg kan eg meir om Lyngdal, enn om min eigen kommune.

Isbading kan hjelpe for so mangt, men gnagsår er seige greier. Vi prøvde både eit og to par sokka, forskjellige teipa, og faktisk skosålane blei til slutt klipte til, for å gnage mindre. Til slutt såg vi det meir fornuftig i å heller gi seg no, og ta andre etpappa seinare. Det her e jo ein idiotisk prinsippsak, å gå her. Det e kun transportetappe, før ein kan begynne friluftsliv eventyret frå Ljosland, som er nokre daga gange frå Lindesnes. Veldig kjedelig, men lurt å bryte. Ruben tok avskjed med meg over ein kopp kakao, før den veldig kjekke mora kom med bil, og plukka han opp.

Då blei det å traske åleine litt tidlegare enn forventa. Trudde ikkje at eg skulle føle meg so åleine so fort! Begynne å tvile? Så det gjekk ikkje lenger enn ein time før eg brukte eit kort som eg tenke må vere innanfor no som eg enda ikkje går i naturen. Skrudde nemlig på harry potter på lydbok i øyreproppa, der eg gjekk langs vegen med alle bilane som passerte… Nesten so det kom ei tåre idet eg fekk det på, sikkert litt barnslig, men dei kjærlige følelsane eg fekk av det, hjalp meg fint resten av dagen.

Tilbake til den kakaoen! Som den søte jenta bak kassa sa, so var kakaoen dei hadde der, verdens beste. skulle jo tru eg hadde lært frå igår, om bolla, men kjøpte likevel eit par nystekte, som eg skjønte var ho som hadde laga. Kjempe gode! Men søren, også no blei det vondt i magen nokre tima etterpå. Om det skuldast bollane, eller den utgått på dato-fløyta der som hadde klompa i seg, hardare enn cottage cheese, er heller uvisst…

Då det hadde begynt å mørkne, prøvde eg å finne ut kor eg kunne slå opp telt, men visste at kvilen ville bli mykje betre, med ei overnatting inne. Kjenne tendensa til trykksmerte og kanskje gnagsår eg og, under eine foten, so å sove ute i fuktig veir, der fotsoppen får gro på føtene, er ikkje veldig lurt. Skal eg klare dette, må eg faktisk tenke litt rasjonelt, ikkje berre idealistisk… og igjen, det her ekje friluftsliv uansett, so telt e igrunn ikkje poeng.

Problemet var at det var ingen airbnb overnattinga før på fleire mil. So då eg fekk auge på eit gammal tømmerhus, med nokre få stearinlys i vindauga, såg eg mitt snitt. Det var masse mat på kjøkkenbenken, og litt forskjellig greier overalt. Ikkje rotete, men veldig koselig! Den snillaste personen eg kjenne, med mest omsorg og hjerterom, har det litt sånn. So eg banka på, og jepp! Ut kom det ein smilande kar med langt kvitt skjegg og hår, som snakka mykje artig! Han viste meg ned til eit gammalt hønsehus eg kunne bruke. No hadde dei fiksa det opp for fem år sida, og brukt det i sesongen som utleige. So eg skulle ikkje vere redd for fugleinfluensa!

Etter å ha prata lenge med han om laust og fast, kom kona som eg egentlig var finsk og vi fekk prata mykje og. Veldig koselige folk. Omsider for vi til vårt, så eg fekk eg god fyr i omnen, tok eit raskt bad i elva ved sida av, og la beina so høgt eg berre kunne inne i varmen, mens eg las ei bok eg fekk låne på biblioteket. Aaaj, kunne ikkje vore betreee!

Faktisk var det eik eg fyrte med. Tenke bestefar hadde meint det var for råflott, heller bruke den til material og møbla, men var visst det dei hadde her i skogen.

Reine avhandlinga, men blir forhåpentligvis mindre for dåke å lese, etterkvart som det bllr mindre inntrykk her ute på turen!

4: Dag 1

naturligvis fann vi ingen god plass å telte på veg ned til lindesnes igår kveld, so vi sovna like greit i bilen, rett ved sida av fyret. Vakna sopass tidleg at vi fekk starta eventyret før det Lysna idag. So det obligatoriske startskudd bildet ved fyret, blei kanskje litt i mørkaste laget. Men det e oss! Vi fekk ikkje låst bagasjedøra på bilen, der pulken, ski og alt anna utstyr ligge i. So for at ikkje B-gjengen skal kunne stjele det mens vi går nordover, så parkerte vi heilt inntil fjellveggen. Smart.

Vi fekk ikkje låst bagasjedøra på bilen, der pulken, ski og alt anna utstyr ligge i. So for at ikkje B-gjengen skal kunne stjele det mens vi går nordover, så parkerte vi heilt inntil fjellveggen. Smart.

kroppen va so full av adrenalin, so vi nermast sprang første meterane, men det varte ikkje lenge! Vi hadde gått lenge, følte vi hadde prata om alt mellom himmel og jord, fått masse vondta i kroppen og til og med gnagsår hadde begynt å melde seg. Tok dermed ein pause for vi va so slitne, og sjekka kor lenge vi hadde gått. 40minutt. Då såg vi djupt inn i auga på kvarandre, skummelt alvorlig: «det her blir ein lang tur.»

Sekkane e altfor tunge, proppa fulle med ting som ikkje trengs når man går langs vei. Mat e jo heller ikkje nødv å ha med, då vi passera butikk med jamne mellomrom. Og då mora til Ruben passerte oss i bil, fekk vi meir utstyr, vatnflaske og bolla som gav meir metanutslipp frå meg iallefall, enn det kyrene gjev på ein heil dag… (Men dei smakte som safarikjeks berre i bolleform. Beste bollen noken gong, so selvfølgelig kjempe takknemlig for det og utstyret). Og vi fekk gode tips frå fotterapeuten i sidesetet om å kjøpe talkum for å hindre fotsopp. Vi må ta imot alle råd vi kan få trur eg…

Då Lyngdal omsider opna seg for oss etter å ha gått langt og lenger enn langt, skulle vi prøve å finne overnattings plass for telt. Stakk innom rema 1000 først, og der traff vi på eit utrulig kjekt eldre ektepar som blei såpass begeistra av prosjektet vårt (vi såg sikkert ganske so hjelpeslause ut), so vi fekk overnatte (gratis, men vi burde vel insistere på å betale litt?), i ein nydelig leilighet nede ved sjøen… Då blei det isbading, middag (av bl a ferske egg frå deira sju staute høns i hagen), tøying og fotmassasje. For so å legge seg på gulvet ved ovnen med beina so høgt vi berre fekk dei. Då kan ein trygt sei at blodet i kroppen hadde runddans!

austadstråndveien 69, i Lyngdal, e adressa, for dei som ønske seg smame oppvarting. Men då må dåke seie at dåke skal gå norge på langs, og sjå litt fortapte ut, sann som vi gjorde!

3: Dag 0

Legen gav meg klarsignal på at infeksjonen var ute av kroppen! Meinte kanskje at eit par daga til med kvile hadde vore lurt, men ettersom at kroppen er so full av adrenalin og stress, for den er so gira på å starte, so tenke eg det er betre å komme igong og gå av seg stresset.

So då var det å ta første buss morningen etter. Då blei det enda meir stress, masse organisering. Og sjukt stress blei det rett før bussen for idag, for eg hadde pakka pulken på loftet, og den var altfor tung til å bærast ned trappa. kasta den nesten ut vinduet for å spare tid, men blei heller å pakke ut igjen alt. Rakk bussen, men gløymde tannkosten.

Blei ufyselig kvalm på bussturen. Vil ikkje skulde på vaflene, men kronglete køyring, for vaffel e aldri feil, spesielt ikkje med blåbærsylte i ein buss tjukt med folk. Her får Tine reklamen sin, men må sei at røros tjukkmjelka e mykje betre! (Kanskje det var mjelka som gjorde meg kvalm?) Nei, no får det vere nok reklame for Tine!

Blei Innbyttarpuls på bussbyttet i oslo der bussjåføren og eg sprang fire runder kvar med utstyr! Han var ganske stressa og spurte litt oppgitt om eg skulle gå norge på langs grunna alt utstyret. Då eg sa ja, såg han egentlig berre enda meir oppgitt ut og sendte meg bak i bussen.

No skal eg snart få treffe turkameraten min Ruben, som blir knall! Istedenfor å overnatte med han der i kristiansand, køyre vi heller eit stykke mot Lindesnes no, for so å overnatte ute i telt. På den måten får vi starta ein time eller to tidlegare. Kan vere heilt avgjerande, for å kunne nå Nordkapp om tre til fire måneda.

No må eg slutte å skrive før eg spyr!

2: Dag -1, fortsatt heime i stova

Startskuddet har blitt utsatt nokre daga, faktisk ti! (antiklimaks!) Grunna eg blei satt ut av noke luftveisinfeksjon rett over nyttår. I mellomtida har det snødd mykje nede i sør, så kanskje det eigentleg ha vore litt greit å utsette, fordi snøen har då forhåpentlegvis fått satt seg skikkeleg til eg skal starte å gå frå Ljosland. Det er ganske so tungt å vabbe i 50-80cm nysnø med pulk og sekk! So får eg håpe at immunforsvaret no er ekstra skjerpa etter å ha kriga (og seira) mot nok ein variant av corona, og er like klar som det hauet mitt er, til å starte å gå! Søren, kor vanskeleg kan det vere?

Legge ved eit bilete av ventetida inne i stova på sofaen, med monsen i bakgrunnen, der primusen blei flittig brukt. (egentlig kun ein gong, for det spruta jo fett overalt i stova då primusen gav altfor høg varme når eg skulle ta det hersens bildet her, for å steike den skotske høylandsfekjøttdeigen frå nabogarden her på Skre! (snikreklame). Skulle egentlig heller hatt Tine kartong der, grunna det e jo dei som stort sett henta mjelka frå bøndene her i landet, men den tjukkmjølka frå rørosmeieriet er so god at det var kun den eg hadde i kjøleskåpet.

1: Intro!

Har du lyst å følge med litt når den pjokken i pulken der (meg) går frå Lindesnes, og nordover? Målet er forsåvidt Nordkapp, men vi ser ka som skjer! Skulle eigentleg ha med ein kamerat, men han såg fornuften til slutt, det her e jo ein sjukt upraktisk og lang tur! Han blir heller med på deletappa og frå start.

Det blir altså nokre bilete, litt tekst, kanskje kvar kveld, og ein kan sjå på eit kart, kor eg er ca til einkvar tid (trur i allefall det var sånn ditta bloggreiene funka. På den måten kan man følge med litt, og det er berre å slenge seg med på ein etappe eller to, men det e jo vinter og mørkt, og det kreve utstyr og litt anna, så eg forstår godt at store dela av turen blir mutters åleine! (Sikkert greiast det:))

Sjølvsagt blitt inspirert av friluftskongen vår, Lars Monsen. Ska sjekke ut om det er like gøy å leve det livet, som det ser ut som! Ser i allefall spennande og fint ut, når ein ser han på TV, liggandes under eit pledd i sofaen, kakao i koppen, og fyr i omnen. Ikkje at eg kan skryte på meg at eg skal noke so tøft som det han drive med, men forhåpentligvis er det nok til å komme seg inn i den bobla, eller ut av bobla, akklimatisere seg vekk frå litt sånn overstimuli samfunnet eksponera oss for. Sjølvsagt kjempe takknemlig for samfunnet vi leve i, heilt supert det, men kan vel av og til bli litt mykje av det gode:)

Ooog for ikkje å nemne emna til å leve i nuet! Mykje lettare då eg var han lille pjokken i pulken! Alt var so spennande og ukjent! No skal eg ha kontroll på alt, og viss eg ikkje har det, blir eg gal! Kanskje eg får kjenne litt på den igjen, oftare på denne turen, enn i kvardagen heime der ein vil få gjort mest mulig kvar dag. I allefall trur eg det er lettare å kjenne på kontrastane der ute. Inntrykka blir større, og følelsen av å dekke dei primitive behova, enn når vi har hundrevis av ting som skal gjere det enklare og komfortabelt for oss. Ser i allefall for meg at det kan vere artig å fiske ein fisk, når ein trenge mat, eller fyre eit bål, når ein fryse eller trenge å tørke klede, komme inn i ei hytte med omn, når man har gått ute i storm, eller so enkelt som å legge seg i soveposen, etter ein hard fysisk dag. Kontrastane! Men sjølvsagt naturopplevelsane, som ikkje er like enkle å oppdage elles. Blir spennande å sjå då, om denne romantiseringa svara til forventningane!

Om du henge med på innlegget enda, e du kanskje litt interessert, so eg slenge med at turen går for det meste friluft, over viddene, som gjennom Sirdalen, til Haukeli over Hardangervidda, Geilo, Otta, og Røros, før vi kryssa svenskegrensa og Nord-Trøndelag og Nordland står for tur. Følge grensa nordover, og går inn i sverige og finland, langt der oppe i nord, før det blir gjennom Kautokeino(!) og vidare til Nordkapp! (Har igrunn berre kopiert ruta til to eg har lese bloggen til, Marius og Trygve, som gjorde dette i 2021. Og dei verka såpass artige og fornuftige, at eg antok at dei hadde valgt ei god rute). Har ikkje planlagt noke særleg meir til sjølve dagsetappane og overnatting, skal jo liksom prøve å leve litt i nuet her! Så poenget er ikkje nødvendigvis å nå Nordkapp, men å vere ute i naturen (men so må eg jo ha eit mål, eller so går det berre nokre tima, før eg vil heim igjen for å fortsette hamsterhjulet der).

Det blir sjølvsagt litt tåpeleg trasking på asfaltveg dei første dagane, for å komme seg til Ljosland, men derifrå forhåpentlegvis ski og pulk, og det resten av reisa:)

Får vere sopass audmjuk, har ikkje akkurat gjort noke liknande i det heile tatt før. Derfor er det virkelig ikkje sikkert at det vare noke lenge. Kanskje stopp etter ei veke eller to. Helsa kjem først! Og no har eg nettopp lugge ei lang veke med corona, så vil ikkje kroppen, får eg takke meg for å ha prøvd, og heller fortsette å ha monseneventyra på TV’en… Litt lett å tenke negativt no som luftvegsinfeksjonen jobbast med og eg ligge slapp på sofaen (ikkje at det er noke å syte over, men ja, satse på at helsa helde).

Viss du fortsatt henge med, (bra gjort forresten) er det fristande å nemne litt av førebuingane, for det har krevd litt til ein sopass upraktisk tur! : 380 sider med kart er printa og laminert. Lagt på seg 10kg, sikkert som fett, for tvilsomt muskla! dei siste to månedane (som igrunn var veldig enkelt, spesielt i desember med all den gode julematen), for å ha litt å tære på, då ein sikkert ikkje får i seg nok kaloria dei første dagane. (veldig bra setningsoppbygging her). Trenden isbading kvar morning, siste tre månedane, for å gro litt vinterpels mot kulda som kjem til å møte meg der ute. (Håpa det var verdt det…) Innkjøp, (og pruting!) av alt utstyr på Finn.no. Har faktisk nesten kun kjøpt på finn.no, miljøbevisst eller gneten på pengane? Det kan vere det samme! Vinn vinn, tenke eg. Ogso e eg so heldig at fleire i familien har strikka diverse plagg til meg:)

Skal prøve å runde av no, men vil berre nett nemne litt om mat, for det er jo ganske so vesentleg, når man skal gå rundt fire måneda i friluft. Ca 130 000 kr ville det kosta med real turmat. Uaktuelt. Gjekk heller for metoden bl a Roald Amundsen brukte på ekspedisjonane sine . Han var jo (forresten, alle burde vite ka han var for noke). Men ein ting som sikkert ikkje mange e veit, noke han lærte av indianarane, er at om ein tørka kjøtt, og blanda det med smelta fett, (sokalla pemmican), helde det seg i romtemperatur i månedsvis! I tillegg til at det kanskje er det mest kaloririke ein kan ete, i forhold til plass og vekt. Rein alkohol har visst nogenlunde det samme, men berre smaken av det e jo nok til å brekke seg, så det hadde i allefall ikkje funka i lengda!

Det blei rundt 10 000kr i matutgifte for min del. Sau, lam, geit og hjort trenge ikkje koste skjorta, om ein har dyktige og gode jegera som kontakte, (og jakta forsåvidt sjølv) og eg er så heldig at tanta og onkel drive med sau i Holmedal, som er ein fantastisk matressurs! Talg frå storfe fekk eg for kun kr 10 pr kg frå Nortura, som ikkje er så verst, då 1kg talg er opp til 9000 kaloria! Litt frå lokale bønde med storfe også, for rimeleg penge, (Grimsbø gard, Kjøsnes matauk og Høglandsfea i Skreflatene) men spørs om eg får det like rimeleg neste år, om dei lese det innlegget her… (så då håpa eg folk forstår at det er fettet som skal gje energien, ikkje kjøtet. Frotsa ikkje i kjøt altso). Så her kan man ikkje vere redd for å ete fett! Eg har trua, då det både er kortreist, billig sunt og godt! Og ikkje kan eg ete gras i utmarksområda, men det kan sauen! (litt politikk er vel lov å snevre inn). Så det blei 88kg pemmican eg lagde på fire måneda (ca 1t arbeid kvar dag). Det tilsvare 600 000 kaloria. Det er mykje mat for pengane vil tørre å påstå!

No er det fleire i bygda heime som tvila litt med ein god latter, om eg tåle den maten, om den helde seg, og om det gir bra energi, for det er jo kun fett og protein, så blir ekstrem lavkarbo, altså ketonsk, for dei som veit ka det e for noke. Og ikkje minst kor lang tid det tar før eg er så lei at eg kanskje kunne kasta opp, berre ved tanken på det! Meeeen eg har trua, for Roald Amundsen skreiv at det var godt, og eg har eit triks i Ludo: Tacokrydder!:D Må forresten nemne at eg er heilt avhenigig av at mamma eller pappa er so greie å vil sende pakkar i posten ettersom kor langt nord eg kjem, men prøva å vere «sjølvforsynt» rundt 15 daga i slengen).

Burde kanskje ha satsa på vegansk mat, mtp miljøet, men å importere masse greier frå Brasil, eller kor ein får tak i det no på denne tida av året, såg eg til slutt på som verken økonomisk, effektivt eller miljøvennlig. Det burde jo egentlig vere openbart, men eg nemne det no berre. So eg satse på at kjøttdietten ikkje gjere at snøen eg skal gå på, forsvinne under beina mine, av global oppvarming, so eg må bære skia… (prøva å vere litt morsom her).

No skal eg få avrunda det her, som er langt utanfor mi komfortsone å poste, men gjere det likevel, for kanskje det kan vere artig for noken å følge. Men ja, vil avrunde med at eg er veldig takknemlig for at eg bur i eit land utan krig, som ein kan vandre fritt i, og at eg har helse (bank i bordet!) og ressursa teste ut noke sånt! Og har faktisk fått nesten kun støttande ord frå dei heime og dei rundt meg, som betyr veldig mykje når ein skal realisere noke som ikkje akkurat er heilt normalt å gjere:)