Dag 13-18 (93-98): Spjeldfjelldalen-Virvassdalen

Fint opphold på Steikvasselva. Som hotell var senga oppreidd og dusjen klar. Men langt betre enn hotell fordi det var kjøkken og vedovn der. Kjekke folk, veldig rimeleg oppht og mykje lesestoff gjorde til at eg kunne fint vore der mange daga til. Men eg kjende meg klar til å gå vidare. Har igrunn ikkje vore veldig tungt å vandra over is og veg. No var eg gira på å komme meg opp i fjella igjen. Endelig!

Men Stanley thermosen eg kjøpte på bruktbutikk for ei stund tilbake, fraus berre gjennom natta i telt, so faktisk bytta eg den ut med ein dei hadde. God deal frå mi side, og raust frå deira. Bruktbutikk e ikkje alltid like bra.

Kom meg litt seint avsted, for her var det wifi! Då var det å planlegge dei neste dagsetappane, neste 10kg pakkesending og ei lita bestilling på fjellsport av fuel til primusen og to utrulig dyre Stanley thermosa som eg kan hente i Sulis når eg er komen so langt.

Etter litt administrasjon, god samtale med eigaren og ein tilfeldig spasserar i samedrakt som eg påstår er første følelse av å vere komen litt nordover, kunne eg begynne oppstigninga mot Spjeltfjelldalen.

Heilt fantastisk å komme seg opp og vandre i fin natur. Det var minst motstand å gå i eit opptrakka skispor, so eg fulgte dei. Men det var nok frå ein rypejegar. So mens eg ville rett fram, gjekk han hit og dit og opp og ned! Kryssa sikkert elva seks gongar før eg heller gjekk mi eiga løype i laussnø.

Skulle bli enda fleire elendige veivalg idag, litt ufokusert, spesielt på slutten då det var ein time igjen til DNT hytta ved Gressvatnet. For på kartet var det kortare å gå over sundet enn rundt på is. Snarvei lønna seg sjelden! For eg blei gåande i djup snø i skrått terreng med tjukk bjørkeskog i sikkert ein time ekstra… Samen meinte eg måtte klare det på fire timar. Eg brukte nok heller sju. Trur forresten det er samenes nasjonaldag idag. So gratulerer so mykje!

Rakk å bli bra sliten og trøtt før eg såg hytta. Eg hadde gleda meg til ein roleg kveld, for eg hadde ikkje sove godt på tre netter. Då blei eg jammen skuffa då eg såg at det var fullt lys i hytta. Og for å gni det inn, høyrde eg at røykvarslaren gjekk, og gutta midt i tjue åra som banna oppgitt på nordadialekt…

Røyken osa ut av døra og eg vurderte sterkt å gå litt vidare å sette opp teltet. Noke fest orka eg ikkje no. Men eg valde å ta ein sjanse på at eg kvikna til litt med innhalering av røyken som osa ut frå døra, og at det blei ein bra kveld. Det blei det!

Det var to bondesøne som skulle tilbringe helga der på hytta for å jakte ryper! Og dei var midt i oppvarminga av hytta for dei var nett komne.

Det her var arbeidskarar, det merka eg lang veg. Dei hadde sydd eigne vottar i seleskinn og pelsluer av fjellrev! Og mens eg stod å pratte, rullerte dei på å fyre i alt som gjekk å fyre i, hang ting til tørk, la dynene foran omnen for det var tjue minus inne på soveromma, og jammen meg bårte hull i isen for å hente 40 liter med vatn! Og det gjekk forresten ikkje, so dei hogg heller laus med øksa og kom inn med fulle vanndunkar. So tok det vel fort eit par timar før eg fatta tiltak sjølv og fekk hengt vottane mine opp til tørk.

Og mens eg fortsette å prate utover med dei, og satte besjedent pemikangryta mi til oppvarming i den lissje stormkjøken panna mi, starta eit forrykandes show frå deira part!

Stekte grønsake, saftige elg og hjortefiletar, bernaisesaus av krafta og jammen meg pommes frites i vedovnen!

Det var nett som å sjå Arne Brimi på gutta på tur, men i haretempo! Ganske rått å sjå på. Og han her stekte ikkje filetane tørre! Det var sprøtt på utsida og raudt inni. Mørt og saftig. Etter mi meining, langt betre enn tørrstekt. So når eg i tillegg fekk ha det oppi pemikangryta mi, so det blei feitt i tillegg! Ja, då var det top notch.

Dei var forresten veldig begeistra over pemikanen min. Syns det var kjempe godt og praktisk. Kjende eg hadde behov for å nemne det etter alt det dei laga. Ogso måtte eg vise kniven min som er laga av hjortegevir. Ikkje av meg, men av ei tøff jente ned i sør. Den blei godkjent.

Etter eit nydelig og langt måltid og jakt, mat og bondeprat foran omnen, blei det endeleg ei natt med ni timar god søvn.

Fekk forøvrig tilbud om å bli ein dag til og vere med på jakt. Men eg tenkte dei kunne nyte brødre helga sjølv, og eg var spent på ka som venta i neste etappe til Umbukta. So mens eg gjekk der over Gressvatnet i soloppgang, dagdrøymde eg om at eg blei med dei på jakt. Effektivt å ha litt livlig fantasi! Då får ein vere fleire plassar på same tid.

Synes igrunn ikkje mykje om rypejakt sjølv, for heime vil eg at rypene vi har skal få leve. Vi har litt få. Men her oppe telle eg tretti til førti kvar ein dag, so sann går det sikkert fint.

I enden av Gresvatnet, over på svensk side, var det ei høgde eg skulle over. Slike parti i naturen har sikkert eit uttrykk eller namn, men ein skjøna vel biletet.

Faktisk var det scooter spor der, men ja, dei gjekk jo omtrent opp loddrett!

Trenge ikkje gå meir inn på det, enn at det tok fort ein time eller to, uhorvelig med krefte og eindel frustrasjon å komme seg over til det andre vatnet. Har ein liten sekk i pulken som eg fyllte med dei tyngste tinga. På den måten blei eg tyngre og pulken lettare i dei brutale oppoverbakkane. Fungerte bra.

Men humøret var på topp då eg ankom toppen, og feirte med ein god frukost av pemikan mens eg skuva utover landskapet eg skulle gå i. Godfølelse.

Valde å ta ein snarveg. Umbukta var stengt. For tidleg på sesongen. Derfor gjekk eg heller lenger inn i Sverige på is, over eit skar eller dal (må lære meg slike begrep) og so ned att til neste DNT hytte, Kvitsteindalstunet. Dalen veit eg ikkje kva heitte, for eg har ikkje detaljert kart over sverige, so gjekk litt i blinde.

Det gjekk igrunn bra, og eg traff på ein rein.. reinbonde? Søren ka kalla man det då? Reinholdara? Same? Køyre scooter etter reinsdyra sine, med reinsdyrskinn som underlag og sikkert heimesydd pelslue. Eg skraut over både antrekk og scootertrekk. Han takka og skraut over hanskane mine. Takk for det, smilte eg, og lo då eg såg han hadde heilt likeins.

Han hadde aldri sett nokon gå her over før på ski, og han hadde drevet med rein lenge! Han anbefalte meg å telte før eg kom meg opp i høgda for det var so mykje vind der oppe.

Slike har eg respekt for, so teltet blei huset inatt, istedenfor å gå til langt på natt for å rekke DNT hytta i motvind.

Blir ikkje siste gong eg nemne det. Å sette opp telt, komme seg i soveposen og ha pemikangryta på kok, e so utrulig god slutt på dagen. Kroppen og haue e so fornøgde begge to etter å ha gått ein heil dag! So då er noke so enkelt som å ligge i teltet… nei. Nei ditta må eg tenke på. Skal ha ei god forklaring seinare!

Og denne kvelden var heller ikkje so kald, berre 20minus, heh, so då fekk eg lese ut boka eg hadde med heimafrå, av ein forfattar i Førde. Kjærleikens pris. Interessant utvandrar historie om ei jente og ein gut frå Førde som reiste til Amerika i mellomkrigsstida. Berre å kontakte Vidar Fossen, so får du sikkert eit eksemplar du og. Tok 40min å lese.

eventuelt ligge ho her i denne hytta, der eg tok ein kjapp pause som blei to timar med vedfyring, tørking og matlaging. Kvitsteindlastunet.

So skjedde det altso. Tre steg frå hytta, knakk stålet i eine bindinga… Aj.

Gå tilbake, haike frå Sverige til Mo i rana for å fikse det? Nei det e litt kjedeleg.

eg valde å gå mot neste DNT hytte, virvasshytta. Satse på at det er hardt nok underlag. Då kjem eg meg vidare nord. Frå den hytta var det då å gå vidare til Bolna. So ta buss til Mo i Rana.

gjekk forsåvidt greit første dagen. Fulgte scooterspor, for dei var harde nok å gå på. Å gå utenom, var blytungt då ein berre trakka gjennom skaren.

Men det frustrerende var at scooterspora gjekk hit og dit, og ofte snudde. So eg gjekk sikkert dubbelt so langt gjennom den sokalla Kvepsendalen, og anstrengte meg kanskje i meste laget.

Blindeføre i hytta

Valde å overnatte i kvepsekoia, og valde også å fyre opp. Det var nok mykje snø ned i pipa for dei første tjue minutta var det badstue der inne med tanke på sikta. Og det begynte å drype frå taket so utstyret mitt og eg blei våte. Men so blei det varmt og tørt. Og koselig. Mi første koieovernatting! Hadde sikkert vore langt mindre styr å sove i telt, men var litt artig.

Den siste dagen i dette innlegget, var brutal. Scooterspora blei det etterkvart slutt på, i allefall i den retninga eg ville gå so det blei tungt kvart eit steg.

Valde etterkvart å følge ei elv, for der hadde eg litt fastere underlag, Borågelva, til eg kom meg ned til Virvassdalen der det var scooterspor til E6. Droppa altso Virvasshytta.

Gjekk 3-4 mil den dagen i gjennomslag føre, og elva var jo ikkje akkurat rett linje nedover. Jogga store dela av nedoverbakkane i virvassdalen for å rekke ned, so eg anstrengte meg nok altfor hardt. Må jo ikkje gløyme at eg drege på pulk! Og det var kaldt for luftveiane!

Gamasja, er gode å ha når eg vassa i snø

Og siste del var det veg i nedoverbakke, so eg sat meg på pulken og rennde. Søren det gjekk altfor fort og det var vanskelig å svinge! Suste nedover, forbi ein raud telefonkiosk med ein nisse i, og endte ut i grøfta. Litt for spennande affære, so det var betre å gå eller jogge.

Men enden blei god, langt ut på kveld, for heilt nede ved vegen, var det eit hus med eit eldre ektepar i. Dei såg meg idet eg gjekk inn på tunet, men ka som skjedde då, blir i neste innlegg!

Dag 8-12 (88-92): Susendalen og Røssvatnet

Ja då fortsette vi der vi slapp, i skogsløypene ned frå Børgefjell, mot Furuheim gard.

Ein eller to skiløpara hadde rent ned her før mellom bjørkene, men det var elgen som hadde gått her mest, og utifrå deira behov for å kvitte seg med so mykje kompost, må det vere rikeleg med mat for dei.

Faktisk eit problem her nede, at det er for mykje elg, ifølge bonden. Tar beitet til husdyra. Ja eg fekk prata ein god del bondeprat med han som drive denne overnattingsplassen.

Alltid kjekt samtaleemne som er lett å romantisere. Ogso e dei fleste bønder genuint interesserte for det dei drive med. Dei her for eksempel, drive med vestlandsk fjorfe, melkeproduksjon på eldre kurase. Finne måta på å få det til å gå rundt, sjølv om ein ikkje følge den tradisjonelle metoden i å ta opp millionvis med lån og so stort. Fint at det er eindel som går den andre vegen og. Men igjen, lett å romantisere!

Slakta eigne dyr på garden gjorde dei og, 14 forskjellige potetsortar og søte gulrøte og løka. Då var eg selvfølgelig frimodig nok til å spørje om å få kjøpe litt for vegen vidare nord, e jo ikkje kvar dag ein har tilgang på rein bondekost rett frå bonden. Det blei godt motatt og eg fekk satt igong nistelaging som e lett å varme opp på primusen.

Pappa reiste heim med ein livlig skulebuss til Hattfjelldal før han reiste sørover. Kjem til å savne han dei første dagane, men det går seg nok til. Eg blei ei natt til på garden, i det koselige kårhuset for å hente meg inn att litt. Kroppen syns nok det var ein god ide.

Blei lesande om ein Tsjekkoslovakar ved namn Manek, om eg hugsa rett, som tok over 2500 bilete av kvardagslige ting her i mellomkrigsstida.

Far hans var ei tid i fremmedlegionen og tok deretter over familiebedrifta. Gjekk dårleg, og elendige tider etter første verdskrig. Han tok sitt eige liv, og det same gjorde truleg mora til dei tre ungane som var i tenåra.

Manek var uheldig å mista eine armen i ei arbeidsulykke i ung alder. Likevel karra han seg fram her i livet. Gjekk her i Susendalen og tok bilete, mykje grunna sin lidenskap for norsk natur, som dei store viltvoksande granskogane her oppe. Faktisk er ikkje bygda her eldre enn frå 1830. Folka som kom då og busette seg og dreiv skog og fangst budde under granene i enkle telt, til alle årstider.

Jammen var dei robuste før, og greidde seg med lite. Mens eg skulle hutre over kulden dei komande dagane trass langt betre utstyr.

FOR TILBAKE TIL GÅTUREN MIN, so starta eg i 29 minus då eg gjekk frå kårhuset og tok fatt på vegen nedover mot Hattfjelldal. Følte meg som ein pingvin der eg gjekk stiv bortover med alle kleda påkledd, bortsett frå dunjakka. Stoppa for kvart 20 minutt for å gjere armfloka sjølv om eg brukte tantestrikka og tåva ullvotta med skinn utanpå. Kuldemaske brukte eg og, men den blei kjapt nedryst og førte til lange istappa i skjegg og lue.

Skal innrømme at mitt mentale testosteron auka nokre hakk, då eg merka eg hadde is i skjegget. Men det sank fort igjen for det blei berre irritasjon. Spesielt når eg fleire gonga var uheldig å røske borti det då eg skulle drikke, so skjeggstubbane blei revne av frå ansiktet.

Hadde eg ikkje skeiv skjeggvekst før, har eg det i allefall no! Sikkert derfor dei ikkje var mykje imponerte då eg spurte desse firbeinte ka dei synes om saueull-pelslua eg går med. Tenkte dei var rette sorten å spørre. Men ja, lite nevneverdig respons.

starta dårleg med vegetappen ved å gå over hengebrua til Europa vegen. Den var grusa. Gjekk derfor ein halvtime på brøytekant til eg blei so lei at eg gjekk over den store Susna elva igjen på is, for det var ein hare som pilte over, so isen var nok trygg. Gjekk forresten scooterspor over og. Eg er vel ikkje like lett som ein hare, men noke midt imellom.

So då var det over den og gjennom ein useriøst lang og tett skog før eg kom meg til den isbelagte vegen gamlevegen igjen.

Og etter tre kalde mil nedover den flotte skogsfyllte dalen av grantre, flotte gardstun og saue, ankom eg endeleg Hattfjelldal som er oppkalla etter eit fjell her som ser ut som ein hatt.

Det var blitt mørkt og enda kaldare, so det var herleg å parkere pulken utanfor ein lokal coop butikk mens ei dame såg rart på meg idet ho heiv varene i bilen og køyrde kjapt derifrå. Eg tok ei ekstra runde i butikken for å forlenge det varme oppholdet eg fekk då eg skulle hente ut ein tilsendt 10kg pakke med pemikan. Ho lurte vel på om eg hadde dårleg råd, ho i kassa, då eg kun dukka opp med ei appelsin etter ein halvtimes studering av varer… Men eg ville ikkje gjere pulken enda tyngre.

Burde hatt «brei last» bil køyrande foran meg..

Det var altso derfor eg gjekk innom Hattfjelldal, for å hente matrasjonen frå posten. Elles ville eg gått Nordlands ruta over fjella, men eg kjem meg nok kjapt innatt på den ruta, etter Røssvatnet.

Etter å ha ete opp den utrulig gode appensina, var det ut att i kulda. Då såg eg eit hotell og det var igrunn tid for å ta kvelden. Men nei, to timar etter hadde eg gått ganske langt opp i høgget og slått opp telt mitt i langrennsløypa og fått opp eit bål med pemikan på kok. Fullmånen kom og!

Nydelig stemning. På den måten kan eg leike at eg tena penga her eg går! Hotell kosta jo litt, og den frukosten gjere til at pulken forblir like tung…

ogso er det spennande å gå litt utanfor komfortsona. Finne eg ein god teltplass? Helde eg varmen? Får eg sove? So når alt det går bra, so er det ein veldig god følelse å ligge der i soveposen og føle seg fortjent til litt behagelig lydbok lytting.

Etter ei kald natt og kald oppakking av telt, blei det fine løyper å gå i. Eg har litt lite brensel til primusen min, so eg fekk samla i hop noke bjørkenever og grankvistar til eit dugande bål. Jammen er det givande å fyre når ein verkeleg har bruk for det. Eg må jo smelte snø ein gong pr dag grunna at det er jo ikkje ei einaste grov som ikkje er bunnfrose her i kulda! Drikke rundt 4 liter, for her ute blir ein fort dehydrerte!

Pisseflaska mi fekk eit kort kapittel. Nyttig å ha so ein sleppe å gå ut på natta for å tisse, når ein søve i telt. Men den fraus i teltet med urin i, første gong eg brukte den, og idet eg skulle tine det opp så eg slapp å bære på unødig last, blei det hull i flaska. Den enda på neste hyttevafallsortering. Takk for den.

Oppe med bålet hadde eg utsikt ned mot Røsvatnet. Den store innsjøen pappa har snakka om dei siste tre vekene, om det ville komme til å bli sterk nok is til eg skulle gå der… Veldig viktig faktisk for å sleppe å gå fire mil på brøytekant. Og jess… Heilt sør i starten var det scooter spor både austover og vestover, so den fire mil lange innsjøen kunne eg kanskje krysse på is!

Men jammen tar det tid å gå på is og. Vil tørre å påstå at distansen ein ser ut på forhånd å gå, tar fem gongar lenger tid enn det ser ut som. So ser det ut som eit par timar, ja då tar det fort ein dag!

Litt monotont blir det og, so eg tenkte å ha på noke podkast, noke eg sjelden bruka her ute. Men det blei ingen suksess for det var jo ingen dekning so langt ute på vatnet! Og jammen etterkvart eg kom lenger nord på isen begynte det å buldre for kvar ein halvtime eg gjekk so eg fekk påfyll av adrenalin så det var lett å halde det vaken. Men isen var trygg altso, for eg gjekk i noke bildekkspor, so med mindre det er nokon som lika å trille på dekk her, var det nok tyngre gods som hadde køyrd der før eg kom med pulk.

Men blei usikker ut på kveldingen for isen var heilt klar, og det var slutt på spora. So eg ringde sæterstad gard, som satt meg over til ein lokal kjentmann. Han anbefalte å gå vegen der ved Sørdalen, for isen hadde ikkje lagt seg for meir enn nokre dagar sida. Då blei det altso veg. Og overnatte på Sæterstad gard som var nokre få kilometer til.

Men eg var søren so sliten so eg tok rett ut i skogen til eg fann ein god teltplass, med furutre og måne.

Det blei ei natt med lite søvn og mykje frysing, og eg begynte å tvile på soveposen eg hadde valgt å hatt med på tur.

Møtte på han lokale kjentmannen køyrandes i bil på morningen og han spurte om eg hadde fått overnatta på sæterstad gård. Det e ein gard på Sørdalen som var med på der ingen skulle tru at nokon… Dei med både geite og fiskeoppdrett på garden. Då eg sa at eg hadde låge ute, orka ikkje å gå heilt til garden, so såg han nokså avskremd ut. Eg tenkte først han syns det var so synd at eg ikkje nytta meg av det flotte tilbudet, so eg beklagde meg og meinte det hadde vore ein stor opplevelse! Eg hadde sett episoden og greier. Eg kunne jo kjøpt geitost og! Det var først etterpå, då eg fekk vite at det var 27 minusgrader der oppe og 32 på garden eg var tidlegare, at eg skjønte han syns det var litt heise å sove ute…

So eg var litt i ørska der eg gjekk vidare på is etter hans anbefaling mot neste overnatting, inne i bukta på Steikvasselv. Men det var veldig flotte omgivelsa å gå i, so det blei ein flott og bedagelig dag, med oksetindane ruvande over meg.

Spesielt denne starten av norlandsruta er nok veldig flott sommarstid, å reise over fjella frå Susendalen til Gresvatnet, og overnatte både på sæterstad gård sivertsgarden.

I skrivande stund er eg komen litt lenger, og knakk eine skibindinga, so eg måtte gå to dagar til beins i djup gjennomslagskare, ned til ein sportsbutikk! Og eg som endeleg hadde komme meg nokre dagar inn i fjellheimen! Men det får bli i neste innlegg.

På gjensyn.

dag 1-7 (81-87): Skorovass-Susendalen (Børgefjell)

Hei! Då er eventyret igong igjen! Tidleg start på morningen med bilen full av pulk, køyrde vi oppover til Skorovass. Eller, pappa køyrde omtrent heile vegen, so det var mjuk start for min del.

Forutan om matpausen, då eg stod ute i 28 minusgrader og fyrte opp primusen for å varme opp maten eg hadde med. Pappa var meir rutinert med skjeve, so han satt i bilen. Vi køyre nesten på ein elg, elles gjekk turen knirkefritt.

skorovasshytta ankom vi seint. Ganske kald var ho og, men det blei arbeidsfordeling at pappa fyrte og eg stekte rådyrs burger, so både kropp og mage blei varme og god før senga venta.

vil innrømme at eg har vore litt nervøs eller spent på å starte på att no som det er so kaldt. Men har som sagt invistert i ei pelslue av sau, so å starte ute i kulda med pulk, var ikkje so gale som frykta.

Kunne vore bårrelås, for reimane var umulig å knytte med votta!

Eg må sei eg er nokså fornøgd med lua, men følte først den kunne vore større. Eg har jo tjukt hår, for ikkje å snakke om tjukt haue, men han sa at Lars monsen hadde sagt det samme (ikkje tjukt haue), men at den hadde visst utvida seg fint. Det gjorde ho med meg og. Pappa kjøpte likeins, men han som er pensjonist, lar luene ligge på haue, so om han har XL eller XS, har ingen funksjonell betydning. Trur ikkje eg.

Vi var heldige i starten med fine løyper å gå i, og det tok ikkje lang tid før ein blei forelska i naturen vi gjekk i. Til og med trea blir ein glade i. Det her for eksempel.

Tenk å ha noke sånt inn i stova? Som eit juletre! Ulempen er vel at for å bevare iskrystallane på greinene, må ein ha 20 minusgrader i stova… Nei, noke må naturen ha for seg sjølv!

Målet vårt var å komme oss til Røyrvik dei to første dagane, for så å starte turen over Børgefjell. Vi kan kalle det transportetappe, for det blei mykje gåing på både veg, brøytekant,

Reinsdyrtråkk og klar is. Ingen av delene var mykje til friluft eller behagelig, forutan om reinsdyrtråkket som e jo litt spesielt, men det fann ikkje vi ut før etterpå, og hadde trudd det var HV som hadde hatt ein øvelse eller noke sånt. Eg som er redd for at eg skal på HV øvelse no i mars, som krasja jo veldig med dette prosjektet, hadde ingen god magefølelse der vi gjekk.

Men å gå ti tima kvar dag i kulde fekk oss inn i rutinane, som primusfyring for å smelte snø og mage mat, og teltoppsetting.

Tenke pappa blei litt lei etterkvart av kommentarane mine på korleis ein kan gjere ting betre ute, og koffor i all verden han valde å ligge med alle kleda, til og med skallbekledning i soveposen den første natta? For ikkje å snakke om kor fokusert eg er på å få i nok mat, spesielt feit kost, og vatn når ein drive på sånn som det her om dagane. Men eg syns han tok igjen, ved at han snakka hål i haue mitt med veir og vind og høgde på vatn i forhold til trygg is og seks forskjellige veivalg om isen ikkje var trygg! Heldigvis har han ein mobil som vi ikkje klarte å lade med powerbank, so den yr appen fekk eg ikkje lenger referat frå. Og godt var det, for veiret har forandra seg kvar dag dei siste tre vekene, og det har eg fått høyrt nok av!

Stemninga var god altso. Og spesielt god då vi kom oss inn i soveposane på kvelden med mat på primusen i teltet, pemikan med potetmos og smør.

Ser jo veldig godt ut! Eller?

Eg trur i allefall han syns det var godt, eg elska jo det. Men han e jo snill å ete det eg servera. Men eg gav ein liten pemikan han kunne ete ein gong, uavhengig av middagane, men den er fortsatt i sekken hans, uberørt.

Og den lunsjen då eg hadde gleda meg i fire tima etter å ha pakka ned telt i mørket i tjue minus på morningen og gått oppover med tung pulk timane fram til lunsj uten frukost! So kjem sola og vi finne ein nydelig plass på ei høgde, der eg fyre opp primusen og laga den gode pemikangryta! Men mens eg prøva å nyte det gode måltidet og vi kunne godt ha ete det i lag, nei då står han med frysande fingra og ete isfrosne skjeve frå nistepakka han hadde med heimafrå! Eg blir stressa når folk står og ete! Jaja, mat e vel som alt anna, ein har forskjellige interessa. Og godt er det.

Røyrvik, eller kan vel nesten heller sei Limingen gjestegård, var kjempefint. Røryvik var ikkje mykje anna enn ein jokerbutikk og eit kraftverk, men gjestegård, der vi overnatta derimot. Å du og du. So godt å komme inn i varmen.

Og der hang det store elgegevir, ein bardisk som var utstyrt med vedaskier i bjørk, utstoppa gaupe og kjempekjekk betjening.

To små artige unga holdt oss med selskap gjennom middagen på kvelden, der han minste på litt over eit år, sjarmerte oss i senk, og ho nokre år eldre, hadde mange innvendinga på måten vi gjekk på tur på. Deriblant at å smelte snø med primus til drikke, ikkje var å anbefale grunna makken ein får i magen… Ho spurte også ka eg lika best av mat og cola. Då svarte pappa meg i førevegen: mat.

Etter ei god natt søvn, eller ja, blei litt vaking grunna snorking (derfor vi har to telt), so passa det bra med ein god og lang frukost. Men hey! Der skulle han til å gå ut døra! Det var nemlig ein frå Italia som og hadde pulk, so eg var nysgjerrig på kor han skulle overnatte neste natt! Vi var forøvrig dei einaste gjestane, for det er ut av sesong.

Røyrvik.

eg ropte på han i det han skulle gå ut i kulden, med lua godt nedtrykt på panna. Eg kvapp nesten idet han snudde seg til meg, for søren, han var ein skikkelig råtass! Kraftig bygd, sikkert både råsterk og god å gå, og so hadde han ein slik italiensk mustasj. Men so gliste han, og sa på veldig gebrokkent engelsk:

Hello i go to Nordkapp!
Wow! Sa eg begeistra. Men so føyde eg til, me too! I also go to nordkapp!
But where will you sleep tonight? Spurte eg, men det virka ikkje som han forstod noke av det eg sa. For han berre fortsette: it is 1700km from here!
Yes i know! Sa eg ikkje like begeistra.
i use pulk and ski! Sa han so.
Yes! I can see that. Me too.
I sleep in cabin and tent to Nordkapp.
Yes! Me too! Sa eg lettare irritert. But where do you sleep tonight? Spurte eg igjen.
Where are you from, spurte han då.
What? Oh. Norway of course.
Okey, bye! Sa han då og gjekk ut i kulda…

Der stod eg litt molefonken og lurte på om han anten hadde lært seg den regla der utenat og kunne ikkje det kløyva ord engelsk, eller om han berre var ein sjølvopptatt arrogant italienar.
Hah vi får sjå kven som enda opp på nordkapp til slutt tenkte eg. For eg var ikkje mykje imponert over skivalget. Han hadde nemlig breie randoneski med stive sko! Trur ikkje Amundsen hadde valgt det foran sine ski, sjølv om det var hundre år sida.

Jaja. Ønskte han det beste.

Etter ein god frukost var det ut i sol og ut på tur. Eller vi tok ein rask visitt på butikken. Pappa skulle ha mat over børgefjell for nistepakka var tom. Men då blei eg glad, for då vart det ikkje brød, men heller smør, ost, rosiner og kjøttdeig. Han har begynt å forstå ka som gir den gode lange energien her ute og bygge kroppen. Vi kjøpte ein god del sjokolade og chips og altso.

No høyres det ut som at pappa aldri har vore ute før, som blir jo heilt feil, for han har sjølvsagt langt lenger erfaring enn meg på både fjell og natur og det meste anna i livet. Og sterkare og seigare enn dei fleste idrettsutøvera, uten å ha satt ein einaste fot på verken tredemølle eller treningsstudio! Heller grunna eit liv med kroppslig tungt arbeid og mange skitura. Men det kan no av og til funke å prøve noke nytt og, som å bytte ut skjeva med noke litt meir næringsrikt. Jaja mi meining om det.

vi fekk råd om å gå eit scooterspor som var fint, istedenfor å gå gå langs veg til neste overnatting. Den var fin. Men steike det. Vi brukte vel sju timar, istedenfor tre tima på veg.

Og opp og ned. Søren det va kanskje den tyngste dagen denne veka. Desse scooterspora gjekk jo hit og dit. Tenke dei hadde hatt det gøy. Men søren so lite energiøkononiske valg!

men eg er glad vi brukte so lang tid at vi gjekk utover kvelden for det var nesten fullmåne, og jammen var det nordlys som dansa både i grønt og raudt.

og airbnb’en vi overnatta på, var eit nyedlig hus med både vedovn, kjøkken og ei bokhylle med nostalgiske eventyrbøke.

Etappen dagen etter var rolig. Først Lang frukost laga av tørre vafla som blei utørre. So Fire timar over is. Litt kjedeleg. Skal visst vere sunt. Men so fulgte spora til italienaren. Pappa meinte at han kom eg aldri til å sjå igjen. «Han går nok over børgefjell på kun ei dag!» Og joda, han såg verkeleg rå ut…

då vi kom til enden av isen på Namsvatnet, var det blitt mørkt, med fullmåne på stjernebelagt himmel. So fint å gå frå dag til mørket til måne. Spesiell stemning.

Vi kom oss bort til hytta, og jammen var det ikkje eit telt der! Eg gjekk rett bort og sa, hello! Are you okey? Då titta han ut av teltet, og tenkte sikkert at jammen er det den nysgjerrige normannen igjen!

han meinte at pulken var altfor tung. Han hadde gått i timesvis både denne dagen og dagen før og hadde begynt å slite med eine kneet. Meir fekk eg ikkje ut av han.

vi campa likesogodt litt lenger opp i skogen, var ikkje nødvendig å gå lenger opp i terrenget, for det var mykje vind. Vi hadde gått i vind heile dagen, so det var godt å komme i le. Måtte faktisk bruke grangreiner for å feste telta skikkelig, for det var so mykje laus snø. God følelse å lage hus til seg sjølv kvar kveld. Givande!

So var morningen der, etter å ha hatt mareritt den natta om at italienaren kom inn i teltet mitt og la seg oppå meg til eg blei kvalt. Hah. Nok om det.

Børgefjell venta! No var endeleg dagen komt! Lars Monsen har snakka mykje varmt om børgefjell. Klart at det er nok hakket finare på sommaren med alle fiskevatna, men jammen var det flott på vinterstid og.

Flotte fjell, men likevel veldig fint terreng å gå i. To daga brukte vi på å gå over og ned i den andre dalen, Sysendalen. Men det var to innholdsrike daga.

såg forresten ikkje meir til italienaren. Pappa hadde visst rett…

Mange inntrykk. På sommaren brukte jo Monsen tre veker på å vere der oppe. Føltes litt skamlaust å berre bruke to. Men får heller vende tilbake på sommaren ein gong.

såg masse revespor, mest sannsynlig fjellrev? Rype og store elgspor. Reinsdyrpor og. So det dei seie om at det er langt mindre vilt her no enn før, må då vere rein propaganda. Neida det er sikkert sant det. Og synd er det. Eg la no frå meg ein stk pemmican til fjellreven i håp om at det redda bestanden nokre år til.

det var fin stigning opp til store tjukkelvatnet. Men vinden tok seg opp. Då klokka passerte fem og det var blitt mørkt, var det kanskje 15 minusgrader og mellom 15 og 20 ms vind, so eg skal innrømme at eg var litt i stress modus etterkvart. Vinden strålte gjennom kleda, og eg lempa meir frå pulken til sekken, so den skulle bli enda tyngre for å holde heten. Pappa drog pulk, for å spare skuldrane. Men sjølv om eg strevde på, fekk eg ikkje varmen. Altfor tynn er eg. Altfor lite fett på kroppen. Pappa fraus ikkje og holdt hodet kaldt. Han naut det.

vi kom fram til ei hytte, febrilsk sjekka eg dørene. Låst. Vi gjekk vidare. Vi måtte det for å finne ein plass i le. Børgefjell har ikkje mykje le. Det er veldig eksponert. Store flater. Stor dal. Det gjekk både ein og to timar. Søren, kroppen og psyken begynne å reagere som når eg isbada! Men so plutselig gløymde eg kulden. For lenger framme, såg eg svakt noke spøkelsesaktig gå mot meg. Eg såg berre konjunkturane. Sjølv om det var fullmåne, var alt so uklart grunna vinden. Eg blei faktisk redd. Det var skikkelig nifst! Alt stoppa liksom opp.

so såg eg ka det var, for no var det berre 30 meter frå oss. Eit reinsdyr som desperat leita etter mat. Heilt ekstremt å tenke på korleis desse dyra overleve her oppe. Det sprang litt vekk igjen då det såg oss, men sprang like fort tilbake for å grave opp noke reinlav. Lett å føle synd i dei.

Vi gjekk vidare full av inntrykk. So fann vi til slutt eit lite flatt parti vi fekk satt opp telt og nyte ein herleg kveld i soveposane trygt mot vinden. Godt varmt måltid og. Det er so store kontrasta her ute. Den kvelden kjendte eg på at det var ingenting som kunne gjort meg lykkeligare, enn å få opp teltet og komme oss i posen. Det var akkurat det vi fekk.

neste dag gjekk som ein leik gjennom Børgefjell og ned i dalen gjennom bjørkeskogen. Der nede overnatta vi på ein fjellgard og pappa tok buss heim morningen etter. Eg fortsette nordover. Men det fortsette i neste innlegg om ei veke eller meir.

So eg får avslutte med at eg er veldig takknemlig over å kunne opplevelse noke slikt med pappa. Og det føles rart ut å skrive om det her på nettet, kunne godt vore privat. Men har man starta på ei reiseskildring på nett, får ein vel stå i det til turen er slutt.

På gjensyn!

Del 3

Hei, då er vinteren her igjen, og snøen har lagt seg oppe i Børgefjell, der eg skal fortsette eventyret:) Snøen har fosåvidt låge der lenge no, og begynne å minke ettersom det her og er ein elendig snøvinter, men det er først no eg kan sleppe kvardagen her heime og leve friluftslivet framover mens eg går nordover mot målet langt der oppe.

Etter dei to månedane eg gjekk i fjor, kom eg meg til Meråker, men valde å avbryte grunna irriterande lite snø. Gjekk også litt over to veke i sommar for å få litt grønare preg over eventyret, men er veldig fornøgd med at det no er på vinteren eg skal gå rundt eit par månedar for å fullføre prosjektet. Vinter er bra!

Har gjort dei samme forberedelsane som i fjor igrunn, berre mykje mindre. Ein testtur med pappa i tjue minusgrader var nok til å forstå at utstyret fungerte, og at kroppane reagerte. Det var kaldt. Tok enda ein tur på langrennsløype for å teste pulk i kombinasjon med sekk. Den langrennsløypa var so isete at pulken berre sklei sidelengs attmed meg grunna den sterke vinden, so det var igrunn ingen nytte anna enn å ripe opp pulken og fellene på skia. Elendig snøforhold her nede på vestlandet.

Når det kjem til utstyr har eg det samme som i fjor, men har fiksa pulken med nye deler og fått meg ein ny primusbrennar fordi eg er so interessert i mat/kjøkken. Oppussing og forandring fryder. Har gått for Brynje skall jakke og bukse denne gongen, og kjøpte det faktisk nytt, for klattermusen bekledninga eg kjøpte på Finn i fjor, holdt ikkje ord. Fekk litt avslag etter søknad til Brynje, so ein får ta det i betraktning om eg skryte av plagget.

Ei pelslue har eg invistert i, som er laga av saueull og saueskinn. Karen som solgte det holdt tilfeldigvis til i same kommune. Og eg tenkte han hadde sydd dei sjølv av sau her! Blei litt skuffa då eg såg made in turkey… Men sau er vel sau. So no kan eg påstå at turen er bærekraftig utstyrt av beitedyr som nyttigjere seg av utmark… Lars monsen bruka faktisk samme lua på nasjonalparkane på nrk, so då må det vere bra!

Apropos beitedyr, har eg laga masse meir pemmican for å sleppe å gå matlaus oppe i nord. Laga etiketta og greier, so det her skal bli apetittelig! I allefall å opne vakumposane. Sau og storfe frå lokale bønde og hjort frå lokale jegera. Spesielt takk til Tom e Sandal som samla hjortespekk frå heile Jølster som blir primærdrivstoffet for kroppen nordover. Misforstått råvare som sikkert veldig få lar gå til kostholdet, men heller til søpla.

So no har eg eindel sånne pakka på 9kg, som skal sendast i posten etterkvart som eg kjem meg nordover. Ikkje spør ka alt er. Men kan garantere at det er masse snadder for ein sær smak. Står forresten om pemmican på førebuingssida frå i fjor.

Skal altso starte i Skorovatn, der eg slapp i sommar, og då er det ikkje mange dagane før Børgefjell, den nasjonalparken som Lars Monsen sverga til. Der er det ingen merka sti og veldig lite hytter, so det blir mykje telting. Det er meldt rundt 20 minusgrader, so for meg som er ein frostpinne av figur, vil komme til å savne DNT hyttene. Kanskje. Pappa blir med på denne etappen, så eg veit ikkje kven som er mest spent!

Dei to dracoheadsa på biletet skal forresten bringe lykke. Fann dei tilfeldigvis bakerst i friluftsboda. Heite visst Golym og Orco. Viktig med nostalgi når mørket påvirka tankesettet.

Det her e pakken med det rare i. Ikkje spør ka alt e.

Okey, då pratast vi om litt! Tippa eit innlegg i veka, kort og konsist!

Pakking er visst gøy

Dag 12-17 (75-80): Lierne nasjonalpark

Hei, blei litt vel mykje skriving, men følte å ha med litt for å få sammanhengen… Kan sikkert vere greit å lese det i fleire etappa. Eg gjer jo det, so… Kanskje artig lesnad. Det var i allefall spennande å gjennomgå!

Det blir jo nok ein gong at mat får ein stor del av fokuset. No e ditta ei reiseskildring, ikkje matblogg, men når ein er so heldig å få kunne vandre sånn i Guds frie natur, so blir ein svolten! Og då det kun var litt havregryn eg hadde i sekken, som eg fekk frå meterologen som var gjest på DNT-hytta på Holden, so blir den fiskinga ganske so vesentlig for matauken sin del. Men det kan virke som at baconfrukosten han gav meg, blei store dela av det eg måtte tære på dei neste dagane…



Det var nemlig meldt sterk vind frå vest, og det var veldig dårleg retning mtp fjellområda eg skulle gå gjennom i Lierne dei neste dagane. Javel ja… Men eg vil komme meg vidare for å få fiska!



Det blei sein start frå Holden. Eg gjekk liksom rundt eit langt vatn, som heite Langevatnet naturligvis, for eg ville få telta nerme nok Gressåmoen fjellgard.

Traff faktisk på ei elgku med kalv midt inni krattet på veg opp mot fjella. Då var eg kjapp på kameraavtrekkaren og stod og håpte på at elgkua ikkje kom i angrep! Det gjekk fint, og eg fekk bilete. Gode greier.

I følge ein spansk ultraløpar eg kom i prat med på DNT-hytta på Holden, var det ope for kjøp av mat på Gressåmoen fjellgard. Og frå ei tøff og hyggelig sunnmøring, fekk eg høyre at det var eit stort hus der frå 1700-talet eg kunne overnatte i, gratis forsåvidt. So eg satsa på den. Då har eg ein liten backup tilfelle fisket skulle bli skralt.


Første fjellfisket var nydelig. Heilt oppe på fjellet med solnedgangen i bakgrunnen. Ingen vind. Men skal innrømme eg ikkje kjente på noke ro, for eg ville få fisk litt kjapt, og få komt meg vidare, ja, for å rekke fjellgarden om eit par daga. Før uveiret slo til!


Då eg tok av fiskestanga, var jammen toppen knekt. Men det er okey, kan kaste eit stykke likevel. Utrulig at den er knekt no, som eg har gått i ope landskap og skal fiske, men ho har tålt alt tidlegare på turen gjennom kratt og låge døropninga…

Men det blei ingen fisk. Første kast, satte eg fast sluken so eg måtte slite gøtten eller ka det heite. Tråden. Andre kast gjekk greit, men ingen fisk. Tredje kast, fauk sluken nesten på den andre sida av vatnet, for den løsna frå tråden. Då gjekk eg frå seks til fire sluka på tre kast… Eg gjekk vidare.

Ein havna fort i nuet og fokusera kun på fiskinga, i veldig flotte omgivelsa. Skal innrømme det. Men eg kjenne ikkje på noke ro. Det blei havregrynsgraut seint på kveld i eventyrlig atmosfære. Skumle men flotte skyer. So ein fin teltplass. Fint det og.

Dagen etter hadde vinden tatt seg opp litt, og eg var klisj våt på beina. Det har eg forsåvidt vore heile turen, så unødvendig å skrive. Men det gjere til at å stå å fiske, i sterk vind og våte bein, blir ikkje like idyllisk. Blei to tre kast i nokre små vatn eg gjekk forbi. Ingen napp. Mista endå ein sluk. Forstår at ein skal stå lenger, skal ein få fisk, men eg ville vidare. Spesielt var det då eg tenkte eg skulle bruke ein halvtimes tid på eit vatn, men so kom eg over ei myr med masse multer. Då åt eg so masse at eg blei so mett at fisk ikkje frista, so eg gjekk atter vidare. Kanskje eg ikkje er ein fiskar, men ein sankar.

Etappen til Gressåmoen var nokså hard. kasta fire kast i håp for fisk. ingen napp. nei drit, det her gidde eg ikkje vente på. Opp med primus og havregryn.

Langt ut på dag, og beina meinte dei hadde gått nok, kom eg meg endeleg ned i terrenget, der myra tok til igjen. Der gjekk eg faktisk gjennom myra, midt ut på Tjønnmyra. Eg skreik. Kavde meg fram! Frykta å sette meg fast, men overlevde.


Trudde eg var framme, men då skulle eg gå langs ei grov kjempelenge. Og måtte krysse grova tre gonga. Svampane eg gjekk i gjorde til at eg følte eg hadde nådd metningspunktet for kor våt ein kan vere på beina. Eg balanserte over det treet der, og sklei uti. Då blei eg meir våt. Det kan alltid bli verre.


Omsider kom eg ut av skogen og myra, og wow, det var som å komme til Prærien! Mangla berre at Charles og Laura Ingalls stod der smilande og ønskte meg velkommen. For nokre flotte hus.



Tømmervegga her og tømmervegga der!

Og der var jammen meg det siste huset ulåst.

Eg fekk nesten tårer i augene då eg opna opp døra og kom inn i det gamle huset frå 1770! No var eg virkelig sliten svolten og våt! Og her var det til og med peis! Spesielt å overnatte i noke sånt. Då måtte eg få kløyvd veden, få fyr i peisen, alt på tørk, og tømme havregrynet i kok. Det vart ei flott havregrynomstelling!

Det var ingen folk der dei to dagane eg var der. Eg tok ein kviledag dagen etter altso, fordi det hølja ned, i sterk vind som ulte som ulven. Det e jo ikkje heilt feil å ligge i ei gammal seng og lese inntil tømmerveggen, mens uveiret herja der ute, heller. Då får EG roa, hehe.

Eller eigentleg var det folk der første kvelden. Det kom seks stk som reiste tidleg morningen etter. Det var tre unga og tre vaksne, som hadde vore på fisketur her oppe i områda i ei vekes tid med telt. Det syns eg e imponerande og flott.

Det e so kjekt å sjå at ungane virka so fornøgde, og den gode stemninga mellom dei alle, som kanskje er noke av det ein oppnår etter ei veke ute i «det enkle liv». Og at foreldra gidde å bruke ferien på noke sånt, heh. 

Og jammen hadde dei fått mykje fisk! So han eine gutten leita opp to real turmat til meg då eg fortalde om mine stusselige havregryn måltid, for dei hadde nesten kun levd på fersk fjellørret og hadde masse mat til overs. Eg var ikkje so høg i hatten der eg stod, mens vi lo av mi dårlige fisking, men tok imot med stor takknemlighet. Dei skulle bli viktigare enn eg hadde trudd.

Eg forsvarte meg litt med at eg hadde leve på pemmican dei første dagane, og at fiskestanga gjekk kruken då pemmicanen tok slutt. Det blei godtatt, for foreldra var veldig aktive jegera og friluftsfolk, so dei hadde sjølv tørka masse kjøt til turane sine, og har skjønt at protein og feitt er viktig for at kroppen skal kunne gå ute over lenger tid.

Ogso skal det seiast at dei fiska heile tida på dagane, mens eg går jo. Vesentlig forskjell. Og dei hadde fiska på vatna med mykje fisk. Det hadde visst ikkje eg gjort.

So var eg åleine igjen. Herlig morning. Sov godt.

Men! Hmm, det der var pussig, tenkte eg. Den store posen min med havregryn hadde hull i seg og det var havregryn over gulvet! Eg har vel fått hull frå ein stein eller noke, når eg har pakka opp posen ute i fjella…

Fekk tatt morningrutinen, som er å strekke litt og ha litt skadeforebyggande øvelsa. Det trur eg er lurt, det kjennes i allefall bra ut. So ligge å lese. Herlig ro. Men etter eit par tima rasla det i posen igjen. Meir havregryn på gulvet! Ogso små steg! MUS! Det er mus her! So det var derfor det var hull i posen! Maten min!

Den musa levde ikkje lenge, for å seie det sånn! Heiv ho i utedassen, men ka gjer eg med havregrynet? Det e jo maten eg skal leve på dei neste dagane!
Eg steikte grynet for å få vekk vekk eventuelle bakteria og hadde det i nye posa. Eg må jo ha det! 

So tømte eg posane etterpå i utedassen og kasta posane, for søren altso eg ete ikkje mat som musa har ete av! Kan jo bli skikkelig sjuk! Må få fisk. Elles blir dei to real turmatane fordelte på dei neste tre dagane…

Når klokka nerma seg tolv var eg kjempesvolten. Nei! Eg ete første posen. Får sikkert fisk. Blei ikkje det grann mett av den realposen. Og på kvelden blei det å sitte på huk ute i blåbærlyngen i regn og vind, for å få i meg noke kvelds. Det var stusselig det. Blei igrunn berre meir svolten.

Å legge seg svolten, ekje so kjekt. So vakna eg midt på natta på grunn av skrikande mage. Der låg eg, langt ute i gokk, på ein gammal fjellgard, i eit hus frå 1700-talet. Gjett om eg blei mørkeredd, og kanskje litt motlaus. Regnet hamra på vindauga i sterk vind og eg høyrde døre som knirka og gulv som brest. Eg savna teltet mitt. Eller nei. Eg savna heimen. 

Trur ein blir litt emosjonelle av sånt. Svolten fekk meg til å drøyme meg til då eg var liten. Episoda, som då eg var på kjøkenet der mamma kokte syltetøy av nyplukka bær, mens pappa kokte på ein semulegrynsgraut med ihjelkokte rosiner i, eller joikakake som vi hadde so mykje av fordi han hadde kjøpt eit heilt parti på tilbud. Eller bestemor i Holmedal sin tjukke sos på hjortekjøtkakene sine med eplegraut til dessert.

Eller med kamerata og familie i det heile. Sånn kan det snu. Psyken er viktig på sånne eventyr, og ja, å vere skikkelig svolten, mørkeredd, åleine og sliten, gjer noke med den.

Eg tok på Tarzan lydspor med phill Collins på øyra, som hjalp litt. Høyrde ein song til. So sovna eg.

Morningen etter var eg veldig tung i beina. Det skal bli tungt å gå oppover fjellet idag, med lite energi, men eg må få fiska. Eg må komme meg vidare. Eg kan ikkje bli her og bli meir og meir svolten! Det e jo ikkje dekning heller. Og hah, eg trykke i allefall ikkje på den SOS knappen på GPS’en min! Tenk den avisoverskrifta: «Mann hentes ut av villmarken, fordi mus spiste opp havren…»

Såg dei tre bukkane bruse og idag. Såg aldri trollet.



Eg begynte å kjenne på ein veldig sårbar, men takknemlig følelse. Eg er glad for alt eg har. At vi leve i eit land der vi kan ete oss mette. Vere inne når det er dårlig veir, ikkje trenge å bekymre oss for krig og nød. Ha kjekke folk rundt oss. Kjenne varme.


Det gjorde eg ikkje no. Det var virkelig surt oppe på fjellet. Sterk vind som nesten velta meg fleire gonga, og regn som trengde gjennom kleda.


So jammen tok eg å stoppa etter fire tima gåing i motbakke. Eg hadde kome meg over skoggrensa, men hadde ei kneik igjen. Fann le bak ein stein. Då skulle eg lufte beina og skvise ut veten frå sålane. Men då eg såg oppi sekken, og såg den andre real turmaten, måtte eg berre smake litt.


Eg heiv i meg ei skei med tørt pulver. Fy søren so godt. Der gjekk ei skei til. Og enda ei. Etter eit tørt, men veldig godt måltid i i dårlig samvittighet, la eg posen tilbake i sekken, for den var blitt tom… Paste på å drikke godt etterpå. Søren den mentale styrken trur eg tape seg når ein er sopass sliten. Det der va jo kanskje den dommaste måten å rasjonere den siste real turmaten sin på. Skamfullt, men sånn blei det!

Då eg kom over fjellet, og såg ned på fiskevatnet, hadde eg skikkelig trua på fisk! Men å stoppe opp og starte å fryse med ein gong i vinden som sikkert gjere til at fisken ikkje vil ete nokenting, var ikkje heilt det store. Fekk heller ingen fisk. Og her fiska eg faktisk ein heil time!

Det blei multer. Masse multer. Etterkvart måtte eg tygge multene med tunga, for å spare tenna, for dei skreik av syren multene påførte dei! Blei full i magen, men ikkje mett og det gjorde ikkje so mykje på energien.



Kom meg omsider til eit større fjellvatn, som eg hadde tenkt å satse på. Prøvde å småjogge dit, så eg fekk litt ekstra varme til å skulle stå i ro med klisjvåte klede og sko. Tok nokre kast. Ingen fisk. I det eg skulle bytte sluk, tok eg tak i nedre del av stanga. Knekk!

Konge. Der knakk stanga heilt nede. Ubrukelig. Då kan eg igrunn ikkje bruke ho meir. Eg kjendte at eg ikkje gadd å bli sint, sjølv om eg holdt på å hive ho i vatnet, men stoppa, for det ville vore forsøpling av nasjonalpark som er den største forbrytelsen ein kan gjere på jord. Stramma ho heller so fast i sekken so den skulle få lide fælt dei neste timane. Takk for ingenting.



Kom meg etter sikkert ti tima med trasking i myr og anna tungt terreng, til ei hytte. Almdalshytta. Den var låst. Utedassen var open! Sjekka iherdig for mat. Koffor i allverden skal det vere mat på ein utedass? Likevel blei eg veldig skuffa då det ikkje var mat der, berre ein dass med toalettpapir og eit vedlager bak. Eg valde å fyre eit bål, for å få litt varme. Det hjalp på humøret.

No kjende eg veldig på kor slapp eg var. Det var faktisk tungt å gå rundt i utedassen for å leite etter mat.

Stusselig kan alltids blir meir stusselig.


Jaja, fekk tørka meg litt på beina. Men etter 5min trasking var dei like våte igjen, av myr og bjørkekratt. Søren altso for ein uframkommelig dal!



Jaja, får traske vidare. Det blir telt ikveld. Eg må rekke å komme meg over fjellet. Kanskje det er noke mat å få nede i Skjelbreid, over Brandsfjellet, seint i mårå kveld.

Jammen møtte eg på ei dame frå Australia som såg rimelig molefonken ut. Med capsen trygt langt ned på panna, og fokuset ned i GPS’en sin, såg ho etter noken måte å komme seg ned Almsdalen. Eg fekk vist ho korleis eg hadde gått, og ho kunne faktisk fortelle meg at ho hadde gått i over tolv tima, frå Skjelbreid den dagen. Æsj det er langt, tenkte eg. MEN! so fortalde ho at det var ein liten matbutikk der!



Å steike det! Eg holdt på å dette i hop då ho sa det! Eg kjende plutselig eit håp! Tenk å i mårå kveld kunne gå inn på den butikken og få kjøpt seg mat! Det er samma ka dei har! Dei kan ha ris for den saks skuld, berre eg får mat!

Eg kjende at energien kom tilbake. Humøret også! Eg gjekk frå å gå i ørska, til å gje på litt, vere på alert, og eg kjendte meg skikkelig GLAD! Og for eit fantastisk landskap!



Fekk satt opp telte ut på kvelden, etter å ha gått gjennom Kjørskardet. Tok av meg dei våte kleda, og kom meg inn i den tørre soveposen. Det var herlig, men det blei ikkje mykje søvn. Fraus veldig. Hadde eg vore god og mett, hadde eg ikkje frøse. Det er eg sikker på. Eg har jo vore so varm at eg har måtta låge kun i bokseren dei andre netten i telt. No fryse eg sjølv om eg har på meg strekkegensaren og stilongs! Kroppen har vel ikkje nok energi til å halde varmen. Eg vetta søren, det kjendes i allefall sånn ut. Eg kjenne at eg er hulen i kjakane og sixpacken vise som aldri før! Hah, det her trur eg er endå mindre sunt enn sånn modellane leve. I allefall ikkje noke ideal for min del!


So begynte eg å tenke på mat igjen. drøyme meg til Holmedal, på kjøkenet til bestefar, der han steike egga på steikepanna på omnen, akkurat passe stekt. Lempa det så over på ei skjeve med nok smør på og eit par sursildbita attåt. Eller hos Marit i sandalen, med ei stor raspekake laga på gamlemåten, godt med flesk i, som renn utover tallerkenen i det ein skjære ho opp…

Dagen etter blei det mykje multer. Fy søren so mykje multer eg åt. Energien var faktisk ikkje so verst, men eg var ganske svimmel etter lite søvn og næring. Likevel kom eg meg framover. Eit steg i gangen. Syra kom veldig i oppoverbakkane. Herlig var det då, å vere på toppen av Brandsfjellet, og kunne sjå ned til Skjelstad.

Den elva her vakje lett å krysse! Måtte fakitsk ta av buksa i tillegg til skoa, for å ikkje blei søkkvåt på ho.


Etterkvart fekk eg dekning også. Sjekka mobilen om det faktisk var ein butikk der i området. Joda det var det. Matkroken. Nydelig. Det skal bli so ufattelig bra. So sjekka eg kor langt ut på kvelden den var open. Det stod stengt. Koffor stengt no? Det e jo på dagtid. E folk på ferie?



Jamen, hæ? Det er søndag! Det er jo heilt utrulig! Det er søndag! SØNDAG! Litt synd kanskje å ikkje vite at det er søndag, på ein søndag, men har vore litt i ørska dei siste dagane. Fy søren det er søndag…


Litt mismodig, kom eg meg endeleg ned til riksvegen. Der var ein restavfallsdunk for hyttefolk. Der planta eg fiskestanga mi. Med sveiva og det heile. Gjekk vidare uten noken ettertanke.


Det var ein campingplass der nede. Alt fullt. Flott. Gjekk vidare. Eg må komme meg til ei DNT hytte langt oppe på fjellet, men det rekke eg ikkje før langt ut i dagen etter. Det blir kjipt med enda ei kald natt med lite søvn…

Det var ikkje mange hus her, men eit par gardar faktisk. Og der var det eit par hunda som dreiv å bjeffa so voldsomt! Eg trur eg gjekk litt i svime, fordi eg gjekk bort til hundane og berre såg på det. Så gjekk eg vidare.

«Hei! Var det noke du lurte på?» Spurde ein artig kar med ein litt røff caps. Han kom småjoggande ned frå skogen. Han snakka ikkje heilt same dialekta som ho greie dama eg nettopp hadde fått brød av, for han var nemlig frå Belgia. Han hadde budd her i ti år og livnærte seg på å jakte og litt forskjellig med eller for turista. Han jakta elg. Høns hadde han også. Faktisk sånne små høns og, som han sa namnet på, men eg ikkje klarte å uttale, og heller hugsa eg ikkje no i skrivande stund ka det var.


Vi pratte litt. So kom eg til matdelen. Å fy so han lo! Han lo frå eg fortalde det med knekt fiskestang, til mus i hus og til at dagen i dag var søndag. Han gliste godt og sa at han kunne hjelpe meg om eg ville ha mat! Eg sa ingenting om at eg nettopp hadde fått mat. So etter å ha vore inne i huset sitt ei lita stund, kom han ut med elgesteig, fjellaure, og eit stort brett med både store og små egg. Det der var visst det han kalla mat. Eg kunne ikkje vore meir einig. Nei no meina eg ikkje at brød og nudla ikkje var mat altso! Men dåke skjøna nok ka eg meina her.

Med tåre i augene klarte eg ikkje anna enn å sjå på råvarene. Eg takka han veldig, og vippsa no litt også, for det her var noko av det største eg har fått i heile mitt liv!

Sekken blei enda litt fullare i det eg fekk det på toppen, og gjekk så vidare.

«Skal du langt?!» Spurde ein stram kar midt i førtiåra med ein caps der det stod Lierne jakt, eller noke i den dur. Rune Busch heitte han. «Jaa, jooo». So forklarte eg han situasjonen også, og vi blei pratande ei god stund. Også her endte det med kjøt. Jammen kom han ut att med rypebryst, indrefilet av hjort, Vestlandslevse og ein pakke smør. Rype har eg jo aldri smakt før! Og smøøør! Søren so eg har drøymt om smør dei siste dagane. Og blande det med indrefileten skal bli ein draum! So også her måtte eg tørke tårene, for no hadde eg sikkert mat nok til å fylle lagra mine og vel so det, for å komme meg over fjella og ned att til neste dal, nemlig Skorovass.

For eit kunstverk!


Skorovass Gruber er vel den mest kjend for, som ei nedlagt kobber og sinkgruve. Ho var i drift frå 1952 til 1984. Ho kunne visst by på 7-8 milliona tonn malm og var tom då produksjonen blei avslutta i 1984.

Ogso er det visst ein bar der, som er den baren i Noreg som har mest forskjellig typa øl. So har eg blitt fortalt i allefall. Det er jo veldig få folk som bur der, so dei må då vere rimelig glad i øl!

Men tilbake til kjøt, for det var ikkje øl eg var fysen på. Og no hadde eg godt med kjøt i sekken so den blei litt tyngre, men det skulle jammen ikkje vare lenge!

Eg gjekk eit godt stykke vidare, etter å ha fått ein god del gode tips om neste etappe. Å gå rundt, som var gjort tidlegare, meinte han kunne vere litt kjipt, grunna all myra. Det var visst ein ny sti som var nyoppmerka no av DNT, somgjekk over fjella. Då sleppe eg myra og kan gå meir rett på.

«Men ver god og mett! Fordi alle desse ryggane, både store og små, er på tvers, så stien går mykje opp og ned, rundt og forbi. Det er eit blytungt terreng å gå i!».


Jaja, det brydde eg meg ikkje om no. No var det maten som stod i haue på meg. Eg gjekk eit lite stykke til på veg, forbi Ågarden, før eg snudde 90 grader og gjekk rett ut i skogen. Der fann eg meg ein god plass og fyrte meg eit stort bål. Her skulle det bli gourmet måltid! I eit voldsomt fokus på å få igong det bålet, hadde eg ingen andre tanka. Trur eg vil hugse det der til minste detalj, resten av livet mitt.



Halvparten av egga gjekk rett i panna og blei etne med skei som eggerøregraut. Eg brann meg litt på tunga, klarte ikkje heilt å motstå fristelsen til å berre få det i meg trass at eg brann meg meir og meir på tunga.

Klarte å stoppe opp litt og nyte. So var det berre kullet igjen. Då rulla eg auren i det, so det blei ei sprø skårpe utanpå og saftig konsistens, fordi eg ikkje lot ho ligge lenger enn toppen eit minutt. Raud i kjøtet var ho og feit og god.

Men eg var ikkje halvmett eingong. Ville berre ha meir. So eg hadde på begge rypebrysta på glørne, på same viset som auren. So delte eg den opp i gryta, og blanda ho med smør. Å DET! Det trur eg må vere den største matopplevelsen eg har hatt i heile mitt liv. Det var so mørt og saftig, og det gjorde so godt! Det var som om dagen gjekk frå natt til dag! Frå mørke til lys! Eg fekk so mykje energi og humør, og gledde meg so veldig til å fortsette eventyret! Eg blei so veldig fornøgd med alt, der eg satt ilag med bålet!


Eg forstår jo at magen må fordøye maten før eg får energi av den, men det skjedde nok noke mentalt, som om hjernen forstod no at eg hadde tilgong på mat igjen, og derfor ikkje lenger trengde å vere i sparemodus. Eg var jo fortsatt svolten, men tenkte at det får vere nok, det er dumt å forete seg.



Gjekk vidare eit par tima, opp mot stølen ved Klingervatnet. Då var eg fortsatt so svolten, at eg åt litt av brødet. Og fy søren so godt kneip brød er, då! Eg tok neven inn i brødet og røska ut eit stort stykke og åt det som om det skulle ha vore sukkerspinn. Betre sukkerspinn hakje eg smakt i allefall. Der gjekk det brødet tomt. Kveldsmåltidet i telet sitt, det! Sov godt den natta, for å seie det sånn.



Morningen etter var det å ta til på siste etappen. Eg såg at om eg virkelig gav på, kunne eg rekke å komme meg heilt til Skorovass allerede idag. Men det skulle bli tøft. Lagde meg faktisk då eit stort nuddelmåltid på primus med resten av egga, som var kjempe godt, for å ha ekstra drivstoff å gå på. Eg tok orda til han Rune på alvor. Og det er eg glad for at eg gjorde! For å lage mat etterpå, var ikkje nubbesjans.



Det var so mykje vind då eg kom opp i høgda at eg fleire gonga måtte halde meg fast i stein og legge meg ned inntil berga! Og regnet hagla vassrett rett inn i kleda mine!



Skal eg vere heilt ærlig, so var eg faktisk litt redd der eg gjekk. Eg forflytta meg so veldig seint, og fraus, sjølv om eg gjekk på so pulsen var travelt høg! Eg skjønte jo at eg ikkje kunne fortsette sånn so lenge, det vil berre slite meg heilt ut! Følte på eit veldig stress. Prøvde å roe ned mentalt, ved å puste ned i magen. Det kan jo ikkje vere bra å vere so i adrenalin ein heil dag.



Etter to tima gåing måtte eg skifte heilt ned til bokseren, og det er ikkje so deilig når ein ikkje finne ein einaste plass i ly for vinden! Den vestavinden han meterologen hadde snakka om, var ikkje noke underdrivelse, at den var ugunstig! For den blåste alltid på tvers av alle ryggane eg skulle over og skara eg skulle gjennom! Og steike det so mykje opp og ned! Eg sjekka jo gps’en av og til for å få motivasjon, men den blei dårlegare kvar gong, fordi eg forflytta meg kjempeseint grunna all klyvinga.

Kanskje ikkje heilt sånn ruta mi gjekk, men det var jammen ikkje langt ifrå!

Og det e jo ikkje veldig motivarende å klyve med tung sekk, når du veit du skal ned att rett etterpå! For ikkje å snakke om alle elvene eg måtte krysse og vatna eg måtte gå rundt! Det blei av og til å ta av og på skoa igjen, sokkane også, for å ikkje bli altfor våt på beina. Ikkje var det lett då å knytte skoreimane med so kalde fingra.

Mykje klaging her, men søren det der var surt!



Noke eg virkelig fekk erfare her oppe, var kor godt ull er. Sjølv om eg var våt igjen, gjennom nye ytteklede og ull, so holdt eg likevel godt på varmen. Stilongs, ullunderskjorte og den tjukke heimestrikka ullgensaren holdt meg varm, trass alt vatnet det holdt på.

Og fordi eg holdt varmen med ullet, kunne eg sakke tempoet og puste rolegare, for å komme ut av den voldsomme stresstilstanden. Faktisk klarte eg etterkvart å nyte turen, rett og slett fordi eg var varm! Det var ein heilt fantastisk følelse. Eg følte meg rett og slett redda, fordi eg følte meg varm. Ull er virkelig gull.



Siste kilometerane gjekk nokså fort, for då kom eg innpå den opprinnelige stien. Ruta eg hadde gått var bra merka, for all del, men det var ja, veldig kronglete terreng. Og veldig vakkert var det, å komme so langt, at eg såg ned mot Skorovass.

Hadde forresten nettopp passert gruva også, men orka ikkje gå opp til ho. Og jammen opna skydekket seg, så eg fekk sjå ut mot nokre vatn. Det var virkelig flott. Og eg kjende på ein seier. Seier av å ha kome meg over fjella.

Søren altso for ein godfølelse å gå ned mot sivilisajonen, skal innrømme det. Og den traktoren der, no er alt artig og bra.

Då eg tilslutt hadde kome meg heilt ned til hytta, og den var tom, reiv eg av meg alle kleda so nær som bokseren, og tømte sekken for alt som var vått. Fekk fort fyr i omen og hang alt sammen til tørk. Den fyr-i-omnen opplevelsen var til å ta på. For ein godfølelse. Det blei å sjå inn i omnen på flammane i sikkert ein halvtime mens eg og kleda tørka, og kjenne på det voldsomme endorfinrushet som strauma rundt i kroppen, for no var eg virkelig sliten.



Ei stund etterpå fekk eg stekt inderefileten av hjort og elgesteiken på ei steikepanne godt med smør på, og hadde det i ein ei gryte med nudlane. Eg skulle ha gått til den lokale butikken her for å kjøpe noke godt å ha i gryta, men eg kunne jo ikkje gå ut i bokseren då det var det einaste plagget som var tørt! Då hadde nok dei lokale innbyggarane lurt på kor mykje forskjellig øl eg hadde fått i meg, der eg sprada rundt i underbuksa! So det blei med det. Godt nok var det likevel.

Sorry for all matpraten, må då vere veldig irriterande å lese, men når ein er so svoltne! Ja då blir jo det litt i fokus.


Snipp snapp snute, so var det eventyret ute.



Då blir det å fortsette til vinteren igjen, prøve å fullføre prosjektet, å ende opp på Nordkapp.

Og no har eg skrevet so uhorveleg mykje her på pc’en, at det får vere nok. Men det er fristande å nemne sovidt at fiskinga blir for min del litt unødvendig å ha i det prosjektet her. Det blir ein stressfaktor at eg ikkje berre skal komme meg frå A til B, før det er altofr seint på kveld, men at eg i tillegg skal fiske også! Ogso har eg begynt å forstå at skal ein fiske for å få nok mat til å kunne gå langt, dag etter dag, ja då må du nok fiske mange tima kvar dag. Og sjølv då kan det vere at du ikkje får eit einaste napp, og då står du der med skjegget i postkassa, eller multene opp i halsen, for min del.

Og skal eg vere heilt ærlig, som eg egentlig heile tida er i desse innlegga, so lika eg vinteren mykje betre enn sommaren for å få langt. Då sleppe eg å krysse elver ved å ta av og på sko og sokka, kan gå på vatna for det er jo is! Kan gli på skia, istedenfor å måtte fokusere heile tida på kor eg sette foten min henne, for å ikkje trakke skeivt osv. So faktisk finne eg ein mykje større ro der eg går på vinteren. Regnet sleppe ein, ting er ikkje vått, det er mørkt so ein får sjå stjerne, måne og ikkje minst nordlys. Kosen på hytta på kvelden blir ein heilt anna grunna mørket ute, så det blir koselig inne med fyr i peisen og fyr i stearinlysa, og ein kjenne at den varme hytta har ein funksjon for det er so kaldt ute. Bålet får også ein funksjon med varmen og lyset.

Så for å seie det sånn, så trenge ein mørket, for å lettare sette pris på og legge merke til lyset! Og ute i nasjonalparkane, ser ein jo virkelig stjernene, for lysforureininga som stort sett er der det er sivilisasjon, spesielt i byane, er ikkje ute i naturen. Alt blir so klårt og mektig.

Ogso sleppe ein myggen på vinteren, oooog maten står seg mykje betre, så ein kan ha eit heilt lager i pulken der ein går, så ein ikkje trenge å måtte fiske maten sin. Det er jo kult å vere sjølvforsynt om ein fiska og får fisk, men eg syns jammen at den pemmicanen eg har med, er å vere nokså sjølvforsynt også, då den er heimelaga av eige slakt.

So er det ein positiv ting på sommaren, so er det vel multene. Dei steike gode multene, som eg eigentleg er ganske lei av no, men tusen takk, dei redda meg nok ein god del. Dei og han lissje gutten som gav meg dei to real turmatane som eg blei å ete ganske so radig.

Nei! No får eg avrunde her. Eg vil sei det var suksess, for eg kom heilberga frå det. Hehe. Neida det var veldig fint. Verkeleg flott natur eg har gått gjennom. Skjækerfjella og Lierne. Visstnok veldig store nasjonalparka, men då om ein tenke på at dei går langt inn i Sverige.

Og igjen, veldig takknemlig for at eg både har helse og ressursa til å gjere dette. Det er verkeleg noke som er fint når ein har vore der ute ei stund. Merka veldig på rastlausheten dei første dagane, men den gjekk over og eg kunne begynne å nyte nuet, berre vere til stede. Men spennande blei det, ting har jo ein tendens til å balle på seg, hehe.

Gjekk dessverre ned 7kg, såg eg på vekta då eg kom heim, men å ete det opp igjen, blir no heller leikandes lett no som eg har tilgong på god mat. So igjen! Jammen er vi heldige som har både hus og varme, mat og herlige folk rundt oss. Og jammen er det viktig å ha skikkelig næringsrik mat, kvar ein dag, skal ein gå slike tura, for elles ryke ein ned i vekt. Joda, blir kvitt eindel fett, men kroppen tære nok dessverre både på muskla og beinstruktur også, om den stadig går i underskot av kaloria.

Og utstyrmessig, er eg veldig fornøgd med alt, bortsett frå at eg var so fjern å faktisk tok sjansen på desse fjellskoa som har sånn primitivt barfotpreg over seg. Det er herlig å gå med, men dei var alltid våte og bruka ein evighet for å tørke. Hadde eg skulle gått Trøndelag områda igjen, som er full av myr, so hadde eg definitivt tatt nokre høgre fjellstøvla som tørka fort, som for eksempel dei M/77 para ein bruka i Forsvaret. Dei er geniale med at dei helde godt vatnet ute, og tørka velidg fort, om ein so må gjere det. Med andre, sunt norsk bondevett! Ikkje idealistisk moderne tull.

Og sekken so kanskje berre er 900gram, holdt vatnet fint ute, det at den er so primitiv, med at ein ikkje kan ustere den skikkelig og sånn, gjer at den blei ubehagelig på ryggen i lengda. Men har ikkje fått noke smerte, kjente berre at det var ganske so anspent der oppe på bussturen heimatt. So hadde eg valgt på nytt der, hadde eg nok gått for ein litt tyngre sekk, med eit betre bæresystem. Og fiskestanga; kjøpe seg heller ei dyr og god ei, enn ei som knekke berre eg tar i ho.

Tusen takk for følget denne gong, so tar vi det igjen til vinteren, tippa februar, og det tar nok ca 2 måneda å gå resten, som eg gler meg kjempemasse til! :)))

Dag 5-11 (68-74): Skjækerfjella

Hei då blei det dekning igjen, på ein liten fjelltop, so eit lite innlegg står for tur. Kjenne roen har fallt seg her ute og takknemligheten for å kunne ferdast i mektig natur er på veg tilbake. Er ikkje lenger like rastlaus, og tilstedeværelsen er på plass.

Hah, bortsett frå den dagen eg gjekk på eit einslig reinsdyr! Seint på kvelden holdt eg på å gå det ned, mens eg vandra i mine eigne tankar, for eg var sliten etter dagen. Traff nemlig på det akkurat i det eg besteig ein liten holme. Og då blei det eg som kvapp mest!

Rype har også kvuppe meg stadig vekk, so noke jeger på tur, kan eg ikkje sei eg er. Ogso e det ein fugl som skrike veldig triste tona, strandgåsa, som er ganske vanlig her oppe i myrland. Fugla e det mykje av, nettopp fordi det er mykje innsekt i myrene.

Oppvask med kull. Bål altso.

Det var nok det meste av dyr, anna enn sau og kyr. Veiret har vel vore upåklagelig. Eg hugsa som regel kun dei fine dagane likevel.

Blåfjella/Skjekerfjella e jo faktisk ein av nord europas største verneområde, der naturen variera frå høgfjell til meir lavliggande dala, lie og myrområde.

Mykje furu og gran, og eindel bjørk. Det har vore veldig flott. Eg trur at jo lenger ein er ute, desto meir får ein tømt haue til å gje plass til å legge merke til kor fin naturen er.

Fascinasjon for det meste kjem sigande. Til og med for myrene eg drive å sige ned i, finne eg interessante no. Visste dåke at den fungera som eit vassmagssin for heile Trøndelag, fordi den helde på vatnet under store nedbørsmengde, og gir frå seg vatn litt og litt etterkvart under tørre perioda? Praktisk! Men det gjer og til at ein alltid er litt våt på beina når ein traska her. Det har vore nokre elve også, som eg har vada over med glatte steina som underlag.

Tatt av meg skoa då, sjølv om dei var som regel våte nok likevel. Det e vel det farligaste eg har gjort til no, berre for å nemne farlige ting. Ikkje noke verre enn det, for bjørn har eg ikkje truffe på, sjølv om eg ikkje går rundt å prata med meg sjølv, som er anbefalt for å skremme bjørnen. Og som eg har lese i donaldpocketen, har eg lært å heilgradere meg mot den.

Å! Må takke Torun som gav meg to nye sokka, fordi eg greidde å brenne mine i forsøk på å tørke dei. Behjelpelige fjellfolk!

Kroppen er bra, ingen vondta, anna enn av og til litt irritert i magen, sikkert grunna altfor mykje multar og blåbær. Eg gjekk jo tom for pemmican i forrige innlegg. Med andre ord, tom for mat. Då blir bæra ekstra gode.

So eg har vore eindel svolten. Går nok mykje ned i vekt. Spesielt herlig var det då å tilfeldigvis treffe på ei som plukka sopp inni ein skog! Ikkje at ho hadde sopp til meg, men ho lurte på om det var eg som gjekk Norge på langs og hadde eit matlager borte i loven eg skulle plukke opp? Fristelsen var stor for å seie at jepp! Det er meg! For då hadde eg jo fått fyllt opp sekken igjen. Sikkert med real turmat.

Men neida. Eg sa eg heller at eg var ein svolten gut som skal leve på fiske ørret dei neste ti dagane, mens eg går nordover. Då lo ho godt, og eg fekk bli med ho til gards! Den har faktisk vore med i «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», i ein av dei tidlegaste sesongane. Den garden med flystripa i Gaundalen.

Nydelig plass der dei drive med sau. Arelamessig er det ein av dei største gardane i heile MidtNorge! Seks tima gjekk det å gå over fjella frå Snåsa då dei dreiv med mjelkeproduksjon heilt frå 1600 talet. Men etter Tsjernobyl ulykka måtte dei slakte buskapen, grunna beckuerel i mjelka.

Ho tok meg inn på eit koselig litt eldre kjøken, og eg fekk heimelaga potetkake med masse smør og ost! Fy steike, det smakte! Eg trur ho blei glad for responsen, for eg fekk heimelaga rundstykker av cottage cheese og egg også, som var virkelig saftige og gode! Sikkert fulle av proteina, som kjem godt med når eg no leve på multer og blåbær. Men eg ville berre ta ein, kunne jo ikkje ta heile posen! Dei skal jo ha mat dei og, som var avløysar på denne garden no. Men etter ein god prat, gjekk eg avgårde med heile posen, og den blei tom, timen etterpå oppe mot Heggsjøfjellet.

Eg var nemlig på veg over fjellet, til Holden fjellgard.Då eg åt rundstykka med multer attåt, kom det jammen meg reinsdyr heilt bort til meg! Eg skjønte ingenting, og tok bilde i hytt og pine! For ein opplevelse, tenkte eg. Reinsdyr er veldig skjærre dyr! So la eg etterkvart merke til halsbanda. Som sagt, ikkje noke til jeger, for eg trudde jo dissa her var villrein! Ikkje rart at dei var so tamme… Det galdt sikkert den eg traff på dagen før og. Det blir nok vanlig med tamrein jo lenger nord eg kjem.

eg kom meg over fjella, mellom Heggsjøfjellet og Nordskardklumpen. Fantastisk å sjå dei andre fjella i det fjerne. Og nede att i neste dal, kom eg meg omsider til den siste DNT hytta før det er langt nord til neste.

På Holden fjellgard, som er den einaste fjellgarden som har eit fint stort fiskevatn med seg. For i perle. Her kan ein leige tømmerhus til å bu i og få seterrømme laga av mjelka frå kyrene. For tre kyr var der og! Og ein kalv.

DNT hytta var kanskje den mest sjarmerande hytta av alle på norge på langs prosjektet hit til.

Gamle tømmervegga med mykje historie, og ovn i steinmur.

Lita var ho og, so her blei det fort hett!

Her ville eg ha min første kviledag. Men mykje kviling blei det ikkje, for eg ville jo få fisk! Svolten var større enn behovet for kvile! So eg rodde tappert rundt omkring og fiska. Ikkje eit napp. Og spesielt irriterande var det når ein lokal helt som gjekk forbi, og skulle fiske i fjella lenger oppe, peika på plassane han hadde fått stor fisk før. Eg prøvde alle. Ikkje eit napp på noken av dei seks slukane eg hadde med.

Heldigvis var det ris på DNT hytta. God ris. Eg åt masse ris. Ris er egentlig veldig godt, det. Eg forstår at dei ete ris i Asia. Ris altso.

Midt på dagen kom det eit vannfly, eller ka vi kalla det, og landa på vatnet.

Det var bonden sjølv, som kom for å mjelke kyra. Han fann også fram havregryn eg kunne ha med vidare på turen, ettersom han ikkje hadde heilt tru på mataukprosjektet mitt. Bra kar! Han bur her eigentleg, men måtte til bygda i gravferd og blei vekke eit par dagar. So han flaug avgårde igjen.

Den dagen fiska eg enda meir. Til slutt satt sveiva so laust, mens eg fiska frå båten, at plutselig, plopp! So var ho i botnen av Holderenvatnet… Fy steike svarten! Der gjekk heile fiskeeventyret i vasken! Eg kan jo ikkje fiske uten sveiv! Prøvde litt, men det var so ineffektiv, at det frista meir med ris.

Eg tok faktisk å ringde bonden og fortalde situasjonen. Og jammen skulle han komme med ny fiskestang til meg, men då måtte eg vente nokre daga. Ja, det finnes jo verre plassa å vente på, tenkte eg. Og eg må ha fungerande fiskestang! Sosånn blei det!

Eg kan jo mjelke kyra, so ho sleppe å ha so mykje mjelk i jura når du er vekke, tilbaud eg meg. Eg er godt vande med å mjelke kyr på setra heime, sa eg. Det e jo løgn. Har gjort det nokre gonger på ei seter i heimbygda, men det med mjelkeapparat og fastlåste dyr! Men eg var skikkelig gira på den mjelka! Og joda, fint om eg kunne prøve det, sa han. Men då vil eg ha litt av mjelka sjølv, til å drikke, sa eg. Joda, eg kunne berre ta heile bøtta om eg so ville.

Hah! Snakk om eventyr! Leve oppe på ei seter og leve på mjelk rett frå kyra! Men eventyr går kun i eventyr. Å mjelke ei ukjende kyr, uten verken kraftfor eller noken måta på å binde ho fast på, var mykje lettare sagt enn gjort. Eg prøvde fleire gonga om dagen. Ikkje tale om å komme nerme jura henna!

Til slutt tok eg å brukte eindel av havregrynet eg egentlig skulle ha som nødproviant dei neste dagane. Det i kombinasjon med rosiner, fungerte bra som lokkemiddel til kyra! Fann eit tau som eg fekk festa til bandet ho hadde rundt halsen, med ein karabinkrok. Batt ho fast i ei bjørk på beitet, og jammen fekk eg mjelka ho!

Eg mjelka med god teknikk om eg skal sei det sjølv, men fekk berre pressa ut mjelk ein gong før ho gjekk ei runde rundt treet. So enda eit spenepress. Fekk tilslutt ca 0,5dl mjelk etter å ha prøvd sikkert i 20minutt. So braut ho seg laus ved å bøye den sterke karabinkroken… Sterk ku!

I den skvetten eg fekk ut frå alle fire jura, var det like mykje fluge og kyrehår som mjelk, so nei, romantiseringa av seterlivet fekk ei brå vending.

Då blei det ris/linser. Eg blir jo ikkje mett på risen heller! Ja eg blir full i magen, men kroppen vil likevel ha meir energi og byggeklossa. Eg var allereie lei. Pemmican med masse fett blei eg ikkje lei av sjølv, etter å ha ete den kvar dag i to måna på vinterturen! Ris e eg no lei av etter to daga.

So kom redninga. To Svenska i pensjoniståra viste seg plutselig ute på vatnet. Dei kom frå Sverige i båt! Med oter fisking og det heile! Den andre enden av dette vatnet er nemlig i Sverige.

Dei hadde fått tre fiska! Då lyste auga mine opp. «Hei! Dåke må ta meg ut i båten og fiske!»So direkte var eg ikkje, men det var jammen ikkje langt ifrå! Og joda, dagen etter skulle eg få bli med. men då måtte eg ro!

Med to Svenska bak i båten, rodde eg til den store gullmedaljen. Eg fekk fiska litt og, men fekk ikkje eit napp. Dei derimot, fekk både store og små ørreta. Harr og. Dei var veldig fornøgde med fem 600g fiska. Eg fekk dei tre ørretane som var for små til å ta vare på. Og ein harr, for den e visst ikkje so god. So sånn blei mitt første fiskemåltid til her ute i fjellheimen.

Ved å vere rogutt for svenskane, og ta det dei ikkje ville ha. Den stoltheten svelge eg lett. Fisken også, for den blei stekt med ein gong eg kom på land att, med smør og salt på. Og ris. Litt av ein matopplevelse, sjølv omn eg klarte å steike fisken tørr. Og meir god og mett hadde eg ikkje vore på fleire daga. Sovna.

Og dagen etter der att, kom bonden i fly. Landa på vatnet og kom springande med fiskestang og eit heilt mjølkespsnn av fersk setermjelk! Gav det til meg i fart, som om det skulle vore ein vekslepinne i ein stafett, og eg la på sprang vidare nordover! Heh, nei. Eg fekk ei sveiv han fann, som eg fekk over på stanga mi. Håpa det funka. Han måtte ut i båt for å hente noken gjester. Ingen mjelk på meg.

Etter ein lang konspirator prat om litt forskjellig med ein nederlendar som hadde kome frå sverige over fjella med heimelaga terrengsykkel, gjekk eg omsider vidare nordover.

Då blir det vel ingen hytter heretter, eller matpåfyll, so eg håpa fiskelykka snur, eller at multene eg går over metta betre enn risen.

Fekk baconfrukost med harr, siste dagen, av dei to supre karane her! Dei var på lang fisketur med kano dei bar på. Her trengde ein ikkje vere beskjeden på å smøre fettet frå panna med skivene ein åt! Gode greier.

dag 4 (67): Veresstua

Urovekkande støl i leggane. Men det går seg vel til. Det e asfalt som gir betennelsa, ikkje terreng. Trur det blir lite veg framover.

Første timen blei asfalt. Typisk. Eg gjekk forbi ein gjeng som hadde parkert ved vegen og stod og hoia. «God tur!» Lo dei til meg idet eg passerte dei på riksvegen. «Hehe jo takk!» svarte eg høflig. Kor var dei på veg hen? Rett inn i myra? Det e eg som kan le. Snart har eg ein nystekt ørret ved bålet i solnedgangen!

Ei stund etterpå fekk eg melding på telefonen igjen. «Velkommen til sverige!» Hm, kan det stemme? Sjekka gps. Jamen for svarten då! No har eg gått feil igjen, havna eg i Sverige igjen!

Skal eg ta å ligge her inatt? Nei.

Skjerpings! Ta å fokuser på det du gjer! Hjernen e på høggir på å planlegge ting heime og fabulere over livet. Men det e vel naturlig. Det tar nokre daga før hjernen får lagt frå seg alt heime, og finne roen i å berre vere til stede her ute.

Sjækerfjella i det fjerne

Roen eg hadde på vinterturen va heilt unik. Eg var tilstede i nuet. Inntrykka blei store og naturen blei spennande og interessant. Dei små gledene og konstant takknemlighet og fornøgd. Nytt eventyr kvar ein dag.

Ull e gull.

Eg skal nok komme meg dit no og.

Vakkert syn. Men leggane ville helst hatt myr.

Tilbake til riksveggåinga. Heldigvis var ikkje folka der, då eg kom tilbake. Dei hadde jo stått der eg og skulle ta av frå vegen, inn i myra. Tenke dei hadde ledd godt hadde dei fortsatt vore her… Men nei! Det vakje myr! Heller plankekøyring! I allefall ei stund.

Høge kneløft

Etterkvart blei det myr. Og meir myr. Faktisk so mykje myr at det å bli våt opp til beina blei ein vane. Fare for vatn i knea her ute!

Meir multer. Masse blåbær. Jammen til slutt bringebær og krekling og. Fem om dagen seie dei. har eg nr fem? Jepp – pemmican.

Alltid verdt å varme opp lunsjen. Svarten! Brent i botnen!

No kjenne eg roen senka seg litt. Veldig fint landskap. Ein kan sjå langt her! Minna meg om Skotland, sjølv om eg aldri har vore der.

Blei lenger tid å traske her enn eg hadde trudd. 15km i vått putete terreng, e tungt!

Prøvde meg på selfie i myr. Det blir den siste.

Ogso gjekk eg jo eindel feil når det begynte å nerme seg. Var havna alt for langt aust. Mot Sverige.. Retningssans. Sverige. Må tømme haue. Burde vere eit fag på grunnskulen. Hauetømming. istedenfor å fylle den heile tida. Det e jo fullt. Overfyllt. Overstimulert.

møtte på ein turgåar for første gong! Kvapp nesten. Ho var lokal og gjekk i støvla.

Enda fort opp i Sverige her. Valgte å bruke kompass.

Då eg nerma meg, kom eg ut på veg igjen. Bila stod parkert. Bondegård. Enda ein bondegård. Kvar gong eg tenke at no e eg endelig ute i villmarka, langt vekke frå folk, so sprekke den lille bobla eg har klart å blåse opp.

Men du og du for ei DNT hytte eg til slutt ankom!

Tømmervegga! Gitar! Skotørkar! Livet smiler.

Nei, no får det bli slutt på daglige innlegg, for no begynne villmarka!

Sjækerfjella står for tur, og etterkvart Børgefjell. Blir nesten kun telt, for hyttene blir det slutt på. Har kun ein pemmican igjen i sekken også, so om to daga, må eg fiske maten! Og forresten har pemmican fungert supert! Sjølv om det er varmt ute, forderva den ikkje. Magen og energien på topp!

Takk for følget til no, so ser vi om nokre daga! Der rauk dekninga gitt

dag 3 (66): Bellingstua

Tar tilbake det eg sa igår om sommarfriluftslivet, for jammen har det sine utfordringa det og.

Blei ikkje mykje søvn inatt, heller rockekonsert nonstop, striregnet i eitt sett med blafrande vind mintes i alle fall om det. Bra eg har proppa dytta langt inn i øyra med bøff til støtte, elles hadde eg nok låge i fare for høyrselsskade!

Men skal sei det har sin sjarm. Eg stod opp kl 4 for å gå ut å pisse, og berre det var ein kamp! Herlig å gå innatt i teltet. Det e jo fascinerande at ein helde seg tørr inni der, oppi fjellheimen i dårleg ver!

Då eg tok ned teltet morningen etter, hadde det samla seg ein dam under meg, so no har eg fått prøve vannseng! Og utanfor rundt teltet var det ei dyne av multer, so frukosten blei tidleg idag. Og multemåltidet varte heile dagen.

Multer. Ekstra gode er dei med regndropa på, for då blir dei saftige. Idag hadde alle dråpar på. For fy søren so det regna! Eg hadde på regnklede utanpå friluftsbuksa og fjellrevenjakka som er impregnert med g1000. Ca 1t 37min holdt det før eg var gjennomvåt. Regnklede kan det kallast ja, for eg bruka det i regn. Waterproof? Nope!

Skoa e forsåvidt eit risikabelt valg. Barfotsko. Eller det e fjellsko i form av barfotsko.

Det e altså ingen demping, men flat såle. Ideologien er at en då vil gå som dei gjorde før. Alt var jo betre før. Og no e dei so søkkandes våte, som tok 7minutt oppe i myra, at eg har sikkert konstant jording til jordas magnetisme, om det e ein greie også. Supersunt må det her vere. For ikkje å snakke skiløparane som skryte av å gå eit par tima i myra på sommaren for å halde seg i form. Her går eg dagesvis i myra. Med tung sekk.

Hmm. Det seies at ferie e å gjere noke heilt anna enn heime. Det gjere eg no. Kven går vel på fjellet i striregn til vanleg. I myra.

Dei e visst lengdehoppara her oppe. Ikkje eg.

Det blei åtte tima i myra. Ein time lenger enn medrekna. Det var fordi eg blei ført på villspor av multer. Fekk plutselig melding på mobilen. «Velkommen til Sverige!» Så eg sjekka kartet. Jammen var eg i Sverige. Pussig. Var komen 1km lenger aust for stien. Hadde nok vore lurt å gå same veg tilbake til stien. Tatt toppen 10min. Men matematisk blir det mindre distanse å gå skrått og treffe innpå stien lenger nord. Eg valde heller det. Det blei ein tung time i våt myr. Men eg sparte nokre høgdemeter!

Fleire multer. No smaka det ikkje godt lenger. Magen har sikkert fått nok. Eg ete litt til. Må nytte på! Multer vekse ikkje på tre!

Halve stien heitte karl johans gate. Eg hakje gått mykje i oslo, men det kan eg sei, at det der var ikkje karl johans gate!

Då eg omsider kom fram til overnattinga og var so våt at det ikkje gjekk å bli meir våt, var alt låst. E ikkje ditta DNT?! Eg er kald! Sorry det eg sa om at hytte ikkje har funksjon på sommaren! Det har det so absolutt!! Gje meg fyringsomn og stearinlys!

Sjekka kartet. Ditta va jo ikkje DNT, men noke turistgreier. Men snakk om flaks! 40min trasking langs veg til neste DNT hytte! Der fekk eg fyr i omnen leikande lett med donaldsider og oppflisa vedkubber av superkniven.

Då blei eg ståande ein god halvtime og berre såg at alt eg hadde hengt opp, tørka. Eg og tørka. Takk, DNT.

dag 2 (65): Ferslia

Pang! Litt av ei vekkerklokke dei har her oppe i Meråker skauen! Det viste seg at eg hadde satt opp teltet rett ved sida av ei skytebane…

Faktisk gjekk eg ned att til Meråker, uten sekk soklart, for å sende høyretelefon etuiet som og fungera som ladar, heimatt i posten. Blir for dumt å dragse det med seg vidare! Fekk og tak i batteri til lykta, for den løysinga med mobil fungerte dårlig.

Eg kasta også den store rømmeboksen, for den var allereie begynt å lukte fælt frå middagen igår, sjølv om eg vaska den iherdig etterpå med såpe og ganske hett vatn. Trur nok å ha fisk i den for niste seinare, ville laga eit uhyre av bakteria oppi der, som hadde knust bakteriefloraen i magen min, enklare enn Bonaparte vann bl a slaget ved Austerlitz i 1805.

Nei takk. Eg har pemmican.

Litt synd, for den boksen var eit minne frå Røros på skituren i vinter, men det får vere greitt! Kan ikkje gråte over spilt mjelk! Eller rømme.

Herlig å endeleg starte å traske. Litt monotont å gå på grusveg, men det har nok haue godt av. I alle fall minutta før stillheten rauk, for eg tok å ringde eit par telefona. Fortsatt dekning. Tar nok eit par daga før haue får vent seg til meir ro. Uten å skulle friste det til å bryte roen med ein gong den oppstår.

Etter trasking på traktorveg, forbi to store fine vatn og mange flotte hytte, eller hus, som eg egentlig vil kalle dei, kom e fram til DNT-hytta Ferslia.

Der las eg ei tjukk bok om meråker brug, eit par side rettare sagt, som lærte meg at dei dreiv med skoghogst her hundre år tilbake i tid og sikkert fram til idag. Det kunne eg forsåvidt skjønt, for det e jo kun skog her. 5000kr i året hadde dei. Det seie meg egentlig ingenting. Fekk nyte eit varmt pemmican måltid også.

Holdt meg unna matlageret til hytta, for eg vil heller ete sekken lettare. Og pemmican e enestående godt. Har nesten savna det.

Fann ei tysk regnjakke her! Ser ut til at eg kan bruke ho som regntrekk til sekken! Danke schøn!

Nei, kroppen hadde nok hatt godt av å bli på hytta til i mårå, men eg ville gå vidare. åt litt vel mykje pemmican, so litt for mykje energi til å sitte i ro, og teltet eg bære på er til for å brukast! Og skal eg vere heilt ærleg, so forsvinne sjarmen med hyttekos på sommaren. Ikkje e det vits å fyre i omnen, det e jo altfor hett frå før! Og stearinlys har ingen virkning anna enn dårleg inneluft, og å tine snø på omnen e i allefall unødvendig no som eg kan helle vatn rett frå elva! Nei, eg kan like godt traske vidare.

Glad for det, for det var fint veir og natur å gå i. Lett terreng. Og jammen blei det molte og blåbær til kvelds. Og kveldsen varte i tre tima, for eg åt stort sett kontuerlig mens eg gjekk.

Alltid like spennande på slutten av dagen, det å finne teltplass. Mykje vind og mange myrer gjorde det litt vanskelig. Men fann meg ein ok spot som ikkje var altfor våt. Vind var det overalt. Eg måtte faktisk ete store dela av plassen tom for multer, før eg kunne sette opp teltet. Luksusproblem.

teltet var oppe på null komma niks, og kroppen kjennes veldig bra. Søren, det her blir jo for lett! Sommar friluftsliv kan ta seg ein bolle. Meir spennande på vinteren!

God natt!

Dag 63-64, eller 0-1: starten på sommarendelen – Meråker

Heisann! Då vende vi tilbake til «villmarka»! Dinna gongen sommar og fisk, istadenfor vinter og ski. Sjølv om eg foretrekke vinteren, og sommaren som regel har nok program, kan kanskje vandringa vidare nordover vere spennande nok på dinna tida av året og!

det blir frå der eg slutta i vinter, Meråker. So seg kor langt eg kjem på ei veke eller to eller tre. Alt etter som. Kanskje eg rekke opp til Børgefjell?

Kor mange har vel ikkje såtte i sofaen og sett Lars Monsen iherdig drege inn fjellørret etter fisk, leikandes lett med eit forrykandes engasjement, so til og med måltidet hans etter å ha banka fisken i haue, fortsatt er underholdande. Eg ekje noke fiskar sjølv, og har igrunn ikkje tolmodighet til å vente meir enn fire minutt på at fisken skal bite på kroken, før eg begynne å tenke på ka eg heller burde gjort. Men! Når svolten kjem snikandes her ute, og eg ikkje har stort meir i sekken enn smør, so vil nok fiskeinteressen komme med stormsteg! Vil jo ikkje ende opp som smørbukk!

So når sekken har blitt pakka, og eg er akkurat passe lei tett program og folk gjennom sommaren, frista det virkelig å fortsette eventyret.

Terskelen er jo igrunn stor til å skulle gjere noke sånt, når det e so mykje anna ein heller kunne gjort, men når haue har fått aklimatisert seg der ute til langt mindre stimuli enn dagens hamsterkøyr, tippa eg på at det ein går glipp av heime i sivilisasjonen, ikkje blir sett på so noke stort offer likevel.

Sånn! Då har eg gjort eit forsøk på å forsvare trangen til å fortsette prosjektet, o vi kan starte på igjen eventyret!:))

Har forresten invistert i lettare utstyr. Sekken e so liten og lett at den kun har plass til halvparten av tinga, so kun det mest nødvendige e med, og eindel ekstra festa sekken… Soveposen e ikkje ein pose, men ei dyne av soveposestoff, for å spare vekt og plass. Teltet er akkurat stort nok til meg liggande, og sekken, liggande, og tannkosten har eg knekt i to. Rømmeboksen frå turen i vinter har eg med for å kunne lagre fiska ørret i, so eg kan ha niste dagen etter. Lurt, sjølv om det ikkje ser so profesjonelt ut. Men Ingenting av det her ser profesjonelt ut, so då e det vel greit. Kniven derimot, e forresten heimelaga av ei råtøff jente i sør, laga av hjortetevir og slire av ei gammal skinnvæske frå bestefar. Og strikkegensaren er strikka av den gode bondetanta. Skal ikkje stå på verken utstyr eller bekledning!

Smil til kamera. Obligatorisk å ha bilde av seg sjølv visstnok.

Tenkte eg ikkje skulle skrive noke særlig i starten. Blir sikkert lite spennande som skjer.

Joda. Trondheim blei spennande. Eg tok buss oppatt til Meråker, som blei ein pangstart på å venne seg til mindre stimuli. For då eg sat meg godt tilbake og skulle nyte 12 t med buss, legge alt av stress og program til sides, og leve meg inn ringenes herre lydbok på øyret, var jammen søren øyrepropp etuiet eg hadde med, tomt for øyreproppa! E det mulig?!

Eg greidde to tima å sjå ut i lufta og på det tyskaren i setet foran meg spelte på mobilen, før eg fann fram min eigen mobil og pressa det inntil det eine øyret, og hadde på høgtalar so det blei litt skurrete lydbok lytting av og på resten av turen.

Måtte vente ein times tid i Trondheim. Jamen då kan eg få kjøpt fiskestang, det e faktisk ganske viktig. Eg fekk jo egentlig låne ei knallgod ei frå ein veldig fiskeentusiast heime, men lot vere å ta ho med, for eg syns den var for lang på sekken. Stakk jo ein meter over hode mitt! Får heller kjøpe ei proff ei sjølv som eg kan teleskopere heilt ned, tenkte eg. Gass måtte eg også kjøpe, for å ha gode måltid framover, for sushi e ikkje min stil. Regntrekk til sekken e sikkert ikkje dumt, og jammen søren må eg hugse å kjøpe høyreretelefona so eg kan lytte til litt lydbok og musikk på kveldane framover, om det skulle bli eit behov. Det e jo kos.

Sikkert fort gjort det her, det e jo trondheim. Dei har vel alt på ein butikk.

Sportsbutikken i Trondheim, altso ein av dei fem, hadde kun sykla og kle. Sportsbutikk to, var stengt og nr tre dukka plutselig ikkje opp på google maps lenger. So etter å ha jogga litt mot den fjerde, innsåg eg at eg ikkje kom til å rekke den og bussen. Då endte det med sport outlet.

Det blei å hive med seg ei rimelig fiskestang, der dama som jobba der ikkje forvel visste ka ei fiskestang var. Den eg fann duger vel. Den var faktisk litt kortare på sekken enn den eg valde å legge igjen heime. Supert. Gass såg eg tilfeldigvis, so eg hugsa på det i farten, men regntrekk hadde dei ikkje. Litt krise faktisk. Vi tar ein sjans! Sekken e litt vanntett. Det var vel alt?

På veg til bussen som eg var seint ute til allereie, kom eg på høyretelefona. Det MÅ eg ha! Sprang gjennom sentrum med den kompakte dinglesekken der rømmeboksen sikkert ikkje var diskret. Rakk elkjøp butikken sovidt, to minutt før stengetid, og kjøpte eit sett høyretelefona med ledning for 200kr, for eg har jo eit dyrt eit heime.

Sprang deretter for å rekke bussen… Deilig med by, at uansett kor rart ein opptrer, blende man likevel inn i mengda, og ingen bryr seg. Eg bryr meg i allefall ikkje.

So var det å rekke bussen! Narvesen var på veg dit, og ettersom at eg måtte fylle vatn, tok eg ein sjanse på å kjapt stikke innom. Der kom eg utfor å sjå Donald Duck pocket. Fekk plutselig ein veldig trang til å kjøpe, sjølv om eg ikkje har plass i sekken, og pocketen har ikkje karabinkrokfeste for å feste utanpå. Eg får bære ho der ute i villmarka. Eg kan jo rive ut sidene etterkvart eg har lese dei, og bruke som opptenning til dei framtidige båla mine.

rakk bussen på håret, Med eit godt grep om pocketboka.

Harry potter då eg gjekk i vinter. Donald Duck denne gongen. Kor vil ditta ende? Til mitt forsvar har eg ikkje lese Donald sida sjuande klasse. Og barnsligheten i meg kjem smygande på slike friluftsprosjekt.

Fekk gått eit stykke nordover frå Meråker langt nok vekk frå hus og trafikk, før eg ved midnatt fann ein god teltplass.

Det var so mørkt at eg måtte bruke hodelykt. Den var tom for batteri. Ekstra AAA batteri tok eg ikkje med. Søren so utgjort, den hadde sikkert vore påskrudd i sekken. Festa derfor mobilen på hodelykta. Funka, berre sjukt irriterande.

Då eg til slutt skulle få lagt meg i teltet syns eg eg høyrde risling i lyngen. Tenkte på bjørn, so eg snakka litt med meg sjølv for å skremme den. Då begynte ein hund å gjøye som berre juling! Og eg fekk plutselig auge på eit hus rett ved sida av teltplassen, for no hadde naboen vakna og skrudd på alle lysa…

God natt! Skal bli bra å komme seg vekk frå sivilisasjonen.

tomt for dekning og. Sjåast om nokre daga.