Dag 4: eikerabben – ljosland

Vakna kl 5 og venta med kriblande mage på frukosten som opna rundt 8. Sikkert litt samme følelsa som ein unge som skal opne pakka første juledag. Følte meg etterpå som ein skuffa bortskjemt unge då eg kom ned til matsalongen. Utvalget var kjøpebrød med skinke og syltetøy. Eg snudde like godt i døra og håpte på at det var litt julefett igjen på kroppen som ville holde til ljosland idag. Men det er jo tre mil med tung sekk, så eg burde vel egentlig ha noke.

Holdt på å krasje i ein litt kortvekst eldre kar, i det eg snudde for å hente sekken. Han hadde eit snilt ansikt og var kledd i svart vest, mørk dressbukse og kvit skjorte. Han hadde berre ei hand ettersom at den andre var gått av i ei arbeidsulykke då han hadde vore entreprenør i 50 år.

«E du ighe sulten?» spurte han meg med koselig Sørlands dialekt. Og etter forklaringa mi, på kor svolten eg egentlig var, så smilte han lurt og gjekk bak i «spisskammerset». Det var kun eg og to andre på heile hotellet, så han ville først høyre ka eg ville ha. Då eg føreslo surmelk, litt forsiktig, henta han fram flatbrød som søstra hans hadde baka i nabohuset, honning frå ein lokal birøkter og masse kvitost og kulturmjelk frå Tine. Kem trenge hotellfrukost med masse fancy greier, når man kan ete maule Ost med honning og flatbrød på?

Eg meinte det var langt til Ljosland, og stengde butikka, so han skjønte ka eg hinta til. Han smilte lurt igjen, og henta meg flatbrød, og lurte på om eg ville ha smør til. Njjaa, sa eg idet eg såg at det kun var plantesmør ned i korga… «Edde meierismør du ser ætter» sa han med skarreerrane sine. Ja! Sa eg og var strålande fornøgd! Då har eg nok drivstoffet som skal til for å gå til Ljosland, tenke eg!

Då var magen full, og eg kan forklare koffor sekken også er so stappfull. Har nemlig med det eg trenge for å kunne fint sove ute i 10-20 minus, masse klede og eindel utstyr. At eg ikkje har brukt det ein einaste gong, får det jo til å virke som bortkasta slit. Meeen man veit jo aldri.

So då hjalp det ikkje at eg henta ut ei klokke på butikken første kvelden, der eg kom på at eg må då ta vare på det tunge store klokkeetuiet! (Kan ikkje kaste det!) Fekk nemleg litt god tid då eg låg med luftveisinfeksjon før turen, og kom fram til at ei analog klokke som tåle veir og vind, kunne vore lurt. Det var berre 365000 klokker å velge i, på finn.no, så det var først då eg var begynt å bli frisk og klar for avreise, at eg hadde bestemt meg, og sa til han som sendte klokka, at eg kunne plukke den opp i Lyngdal, for eg hadde ikkje tid til å vente på at ho skulle komme i posten heime!

Blei ei som visstnok e identisk til dei klokkene britnae brukte under første og andre verdskrig, so det skakje stå på klokka! Litt seinare på dagen, passerte Ruben meg i bil, for han var på veg opp til Ljosland med pulken og alt utstyret. Då fekk eg lagt inn det etuiet, og fekk litt cottage cheese og headset i bytte. Øyreproppane mine hadde nemmelig streika første dagen. Så då blei det lars Mytting, søsterklokkene på øyret, ettersom eg gjekk gjennom kyrkjebygda. Gudstenesta va over for fire timar sidan idet eg passerte kyrkja, så eg traska vidare mot målet.

Då eg hadde gått gjennom den kjempelonge dalen, stoppa eg for å kose meg med flatbrøda. Men dei var so knuste at eg heiv dei like godt på primusen med masse smør og tømde etterkvart flatsmørgrauten ned i cottage cheesen eg fekk av Ruben. Mykje som kan vere godt ilag!

Har faktisk unngått gnagsår. Bruka «barfotsko» (men ser ut som vanlige fjellsko!) som betyr at hælen ikkje er høgre enn resten av sålen, og det er ingen demping, for fotbladet skal vere så inntil underlaget som mulig. Tanken bak, er at man får ein meir naturleg gange som er betre for kroppen. No e det jo ikkje naturlig å skulle gå fleire daga på asfalt med 20kg sekk, so sann sett sikkert betre med demping, men har brukt dei dei siste tre åra, så då e dei vel bra inngåtte og det redusera sjansen mot gnagsår..

På kvelden kom eg endelig fram til Ljosland, det første delmålet, før eg kan starte det skikkelige friluftseventyret. Hadde vel håpa på å få kunne kjøpe middag, men det var ingenting, fordi det var søndag! Så det blei pemmican og heimelaga pølse, som eg fann ned i pulken min, og heiv det på primusen.

Men no e eg veldig sliten og går eg som ei kråke, so det blir kviledag i mårå, med bok og dårlig mobildekning. Herleg. Forhåpentligvis gå vidare tysdag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *