Dag 50-54: Rondane og Alvdal Vestfjell

blei eit langt innlegg det her. Skal skjerpe meg!

Utkvilt etter besøket og sekken fyllt opp med pemmican brunost og potetlefse, sleit eg meg opp frå den snøfattige bygda, Otta. Bra med snø oppe i fjella sa dei der nede.

Optimistisk til sinns håpte eg på tre fine daga i Rondane.

Ut på ettermiddagen, etter å ha gått mest med ski på sekken, kunne eg endelig trykke skoa fast i bindingene og gli bortover løypene som faktisk gjekk til kvar ei hytte eg passerte. Det skulle bli ein fin kveld.

Då sola gjekk ned og himmelen blei raud, blei det kladare og middagslukta frå dei titalls hyttene, lysa frå glasa og røyken frå pipene, fekk meg til å føle meg litt stusselig der eg etterkvart prøvde å finne ein eigna plass for det lissje teltet mitt inni ein skog.

Mysuseter ville eg ikkje overnatte på for det var sikkert stappfullt med folk. For anten er det vinterferie her i landet, eller so e det helg. Denne gongen var det helg. Tok derfor ein litt anna retning enn det som sikkert er vanleg.

Og då eg langt inn i skauen, fekk til eit svært bål og månen steig opp frå fjella, følte eg ikkje so synd i meg likevel! For ei fin stemning! Utrulig kor mykje selskap det e i eit bål, og ikkje minst varme.

Etterpå fann eg ikkje noken eigna plass å sette opp teltet grunna dårlig snø, so eg satte det like so greit opp, midt i langrennsløypa. Perfekt underlag! Vurderte å sette opp eit skilt der det stod «vis hensyn, mann sover!». Men det blei med tanken, for det var kun månen som holdt meg med selskap den kvelden.

Dagen etter såg eg på kartet at eg hadde gått litt vekk frå rondvassbu. Traff på ei lokal dame som tydelig hadde gått i fjellet før, på dei kjappe og tynne Åsnes skia sine. Eg spurde om det kunne vore ein ide å gå gjennom musvolddalen for å komme meg til dagens mål: Bjørnhollia. Då kunne eg spare distansen til Rondvassbu. Ho syns ikkje ideen var altfor dum, men blei kanskje litt betenksom. Eg tok sjansen.

Litt tullete å gå i skog når man er i Rondane, men sånn blei det no. Har gått Rondslottet før, so kunne jo prøve noke nytt .

Då var det først gjennom Glitterdalen, som ikkje glitra so mykje. Men etter å ha fått igong lunsjbålet, knitra det i allefall! Og ny favorittkombinasjon har blitt oppdaga: smelta brunost i potetlefse dyppa i pemmicangryte. Kalla den for «brun lefsegryte». Mat for Mons!

God og mett gjekk eg over skavlete snø i fleire timar. Ingen spor her nei! Og etterkvart skifta det til sand, isete skavlsnø eller rein is. Då eg var komme til Musvolddalen, var det so lite snø at eg tenkte det var lurt å holde høgda.

Det viste seg etterkvart å i allefall ikkje vere lurt, for det blei kun brattare og meir is. Prøvde derfor å renne raskaste veg ned til botnen av dalen. Ned fjellsida.

I bratt terreng med turski, hardt underlag og ein vind i storm styrke som brukte sekken min som segl, gjorde til at det blei mange knall og fall for å komme seg ned! Utrulig at brillene aldri knuste, men nasa måtte blø. Skal visst vere bra for kroppen å fornye blodet av og til, so eg klarte endå å holde meg positiv.

Dalen var lang og kreftene og kvelden var begynt å dra på. Tenkte det kun var ein time igjen, for det var berre tre kilometer luftlinje. Timen blei heller til tre eller fire, for det viste seg at eg hadde rota meg inn i verdens mest uframkommelige dal! I allefall Rondanes.

Juva var so bratte og steinete at eg måtte til å klatre! Snøbrue over elvene var heller ikkje lett å finne. Etter mykje kriging, kom eg meg faktisk ikkje vidare. Slaget var tapt mot dei kvartærgeologiske formene. (Håpa eg traff der). Det endte med at eg måtte gå tilbake eit stykke og klatre opp fjellsida igjen med bjørkene til hjelp. Etter mange tak, nådde eg til slutt toppen og skimta hytta.

Det var ein ganske so fortvila, mørbanka og sliten gutt som til slutt ankom Bjørnhollia ut på kvelden. Flott tømmerhytte! Der var det tre studenta frå Frankrike og Sveits, som sprudlande og glade prata på og serverte lokalt spekekjøt og ost. Praten gjekk mykje i kor elendig snø det e her oppe Norge og kor mykje betre frankrike er på ost enn ja, Norge. Heldigvis kunne eg skyte inn at vi nesten ikkje har gondola i fjella her til lands, i motsetning til det nede i alpane… Det var jammen ikkje lenge eg haldt ut og sa til slutt veldig trøtt»this is very nice, but hell of a day. I go to bed».

Då tenkte eg å ikkje skrive meir, for innlegget har blitt altfor langt allerede. Og dei neste dagane ville vel berre gå knirkefritt? Men nei.

Starta med å å gå i fleire tima i nesten ingen snø, men masse vind! Tok sikkert av og på skia åtte gonga i timen! Og vinden fellte meg over ende fleire gonga enn den hadde styrke i km/t. (/10) Og det virkelig kjipe var at isen over Atna soklart ikkje var tjukk, so eg måtte gå ein lang asfaltomveg. Men voldsomt flotte omgivelsa!

Og du og du for ein nydelig skog ned mot struambu! Kombinasjon med daue furutre og bjørk. Perfekt bålfyringskog. Men den er nok finare om man lar den vere i fred. Fyrte heller på andre sida av dalen, der bilane berre køyrde rett forbi likevel.

Då eg endelig, etter seks tima trasking, kunne ta til på sjølve oppstigninga til dagens mål: Breisjøseter, var vinden virkelig tatt seg opp og haue og kropp egentlig heller klar for køya etter gårsdagens kamp. Men det her blir nok ein lett match.

Vinden blei sterkare og sterkare og var mot meg heile tida mens eg gjekk oppover scootersporet. Måtte gå veldig framoverlendt for å ha rett moment opp bakkane. Følte meg som ei okse i arbeid på åkeren! Passerte til og med eit skilt der det stod «Blåsten», som eg var ganske so einig i.

Stormen var so sterk at det var håplaust å stoppe for å ta på meir klede, so eg gjekk som juling for å holde varmen!

Sikta forsvann og, men betydde ingenting, for det verste var at strikkelua mi, alltid trengde seg nedom auga mine, fordi hetta måtte strammast grunna vinden! Såg aldri meir enn to meter foran meg! For eit kav! Snøkav faktisk, for harde snøfnugg prella på dei frostige kinna mine, som eg lurte på var i ferd med frostskade. Triveligt!

Snakk om nedsnødd figur

Halvtimen blei til timen og timen til to eller tre. Søren so treigt tida går når du stressa deg so fort du kan med blikket rett foran nasa di! Men også dette hadde ein ende, for til slutt letta veiret, og eg såg hytta i det fjerne.

Lettelsen kunne jammen kjennast på kroppen og! Endelig kunne eg velte inn hyttedøra, som var kjempe fin, uten folk. Fekk fyr i omnen og sovna tvert i ein lykkerus so sterk at eg morningen etter, ikkje såg vits i å gå lenger enn til sofaen ved ovnen, og låg like so greit heile den dagen og.

No var det faktisk to veke sidan forrige kviledag, so kroppen trengde det. Fekk lest ei heil bok der eg fekk lært at her ikring heite det Alvdal Vestfjell. Viktig å nemne so ikkje Rondane får all æra her for storslått natur.

Mykje god lesnad om seterdrifta og, og korleis feltrasjona til spesialoperatørane som opererte her under andre verdenskrig blei sleppte ned frå fly med ein liten fallskjerm for dempe fallet. Sølnkletten som har fått namnet sitt fordi fjellet ligna på ein sadel, var visst lett å sjå frå fly og blei dermed brukt mykje som referansepunkt.

Skulle hatt meg eit sånt flyslepp sjølv, for no e eg tom for pemmican! Men satsa på at ettersendingar med posten er like so effektivt. Og håpa dei neste tettstadane har rikelig med Rørosmeieri produkt, for no nerma Røros seg med stormskritt!

Turen ned frå Breisjøseter, forbi stor og veslsølnkletten og Frank setra var heilt ærlig dritt! Flott natur altso, men motvind, is og skare og stein som nesten knakk framskia kvar gong eg køyrde ho i dei. Og tryna kvar gong.

Ser det dumt ut? Føltes ikkje betre

Av og på med ski so mange gonga at eg føle det er oppsummeringa. For eg leita faktisk etter snø. Defor spora mine på den GPS trackeren er på kryss og tvers der oppe i fjella. Og det var kokvarmt so skia klabba! DET SKAL IKKJE VERE SANN I MARS! DRITTVINTER!

Men då eg tilslutt kom fram til vegen, var det jammen isbelagt grusveg. So fordi eg var so lut lei, berre rennde eg skamfort nedover lia! Det gjekk knallfort med vinden i ryggen! Mange knall og fall, men det begynne eg å bli vandt med, og eg ville ned! Dei to -tre mila gjekk i rekordfart.

For å ende det heile i ei positiv retning, var det veldig fint å endelig ankomme Alvdal. Utrulig kor rørt man blir av alt ein ser, når man faktisk går til plassane… Aukrust monument!

Fekk kjøpt meg joggesko hos ein kjempe grei halvt Alvdøl i den lokale sportsbutikken, og jammen køyrde han meg heilt opp til Tronsvangen Seter der eg skal overnatte før asfalt veg opp til røros står for tur. (Skal gå ifrå der han starta å køyre meg altso).

Då har eg nok brukt opp skrivekvota for ei god stund. Tippa ei veke eller to! Eller eit heilt år! Lure faktisk på om det er fornuftig å utsette resten av turen til neste vinter. FOR EG TRENGE SNØ! Har betre ting å gjere på enn å ta av og på ski! Får sjå når eg er komme meg til Røros.

Rondane og Alvdal Vestfjell bydde sjølvsagt på fantastisk natur. Anbefalast soklart, men kanskje ikkje akkurat no…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *