Etterord

Får prøve meg på sånn «etterord» til slutt, som forfattara har i bøkene sine. Skal ikkje skrive mykje! Eller jo, det blir nok eindel!

For eg ville i utgangspunktet ikkje dele turen over nettet, men eg var so heldig å få bruke same nettside til ein gjeng som hadde gått turen tidlegare. Slapp då å bruke sosiale medie med likes og kommentarar som sikkert hadde blitt eit distraherande fokus. Det blei heller fint å kunne reflektere gjennom å sette ord på litt av det eg opplevde. Ikkje alt, men mykje nok!

Då er det veldig kjekt at andre som ikkje var i bobla mi, likevel synes det har vore interessant å lese. Då følte eg vi var fleire. Blitt lange innlegg etterkvart, for det har vore vanskelig å begrense seg, då det ofte var ti dagar mellom kvart innlegg. Men kanskje då meir givande å lese, for den som faktisk har tatt seg tida til det. Det sette eg veldig pris på, so tusen takk for følget!

Men eg hadde nok ikkje følt meg einsom utan innlegga, heller. Har jo møtt på utrulig mange artige og kjekke folk undervegs! Både I hyttene, tettstedane og husa eg har banka på når eg har trengt det som mest.

Stort sett når eg har gått I fjella, har det vore lite, og spesielt i år I Sverige og Finland var det nokså tomt for tobeinte som gjekk. Men nok av scooterkøyrarar! So det var langt fleire skituristar nede i sør enn siste del, då eg gjekk i nord.

Og kun han australienaren eg gjekk med litt i fjor, som hadde samme opplegget som meg. Han som ofte var døden nær. So norge på langs er definitivt eit prosjekt dei fleste gjer på sommaren!

Og tru det eller ei, men ein har igrunn nok med seg sjølv og eigne behov når ein slår seg til ro på kvelden etter ein fin og strabasiøs dag ute.

Men siste veka, då eg var usikker på om kroppen ville holde ut siste dagane, følte eg meg veldig sårbar, og mentalt utsleten av all spenninga og valga eg stod i åleine. Då var eg nok litt einsom.

Vil jo tru at opplegget hadde vore veldig kjekt å delt ilag med fleire, men jammen er det mange situasjona der eg har tenkt at det har vore greit å kun ha seg sjølv å tenke på og ta hensyn til. Man kjem lettare i kontakt med andre. Men det er nok lurt å venne seg av no!

Skal ein følge draumen sin, er det veldig liten sjanse for at andre som har same tankane, har tid akkurat når ein sjølv har det. Ein blir fort inntukla i samfunnet ein leve i, so å skulle bryte opp fleire måneda er nokså uaktuelt for dei fleste. So eg er kjempe takknemlig for at eg fekk sjansen, greip den, og at det heile blei ein langt rikare opplevelse for meg enn det eg hadde drøymt om.

For det er vel litt mot strømmen, eller forventninga, å skulle vere utan inntekt over ein lenger periode, for å gjere noke so primitivt måned etter måned. Hadde ein huleboar sett alle hjelpemidla vi har i dagens samfunn, so hadde han vel lurt på opplegget. Slite seg ut I veir og vind, for ingenting anna enn opplevelsen. Ikkje kjenne på progresjon i verken utdanning, familie, rikdom eller vennskap.

So I utgangspunktet, blei jo då det litt av poenget, å tillate seg til å gjere noke heilt anna, heilt «unødvendig» og meiningslaust over ein lenger periode.

Då har eg vore veldig overraska over kor meiningsfyllt det har vore! So fort som eg kom inn i den bobla, der kroppen og haue begynte å innstille seg på at dette var livet no, å forflytte seg nordover. Ja då blei det veldig lett å sjå meining i alt eg gjorde undervegs. Lett å forstå grunnen til å gjere tinga eg gjorde. Og på den andre sida, at ein får virkelig kjenne konsekvensen raskt, om ein vel å droppe å gjere tiltak når problem dukka opp.

Kanskje noke mange kjenne mindre på, i jobbkvardagen. Og kanskje av og til i livet generelt? Ein gjer jo mykje på autopilot. Berre å trykke på knappa, eller touch, so gjer maskinene jobben. Eller so er det til og med sensora som skrur på lyset! Og likevel, sjølv om vi alltid kjøpe nye hjelpemidla og andre ting, stressa vi, for tida ikkje strekk til.

Men koffor gidde å eksponere seg for alle desse tiltaka då? Ein kan tenke seg at folk som gjer noke sånt, må like å ha det vondt. Men tvert i mot meina eg det er mykje vondare å ikkje av og til utsette kroppen for litt ubehag. For eg føle meg betre i kropp og sinn om eg av og til går utanfor komfortsona. Det kjende eg veldig på i det prosjektet her, tilværelsen blei veldig herlig og levande.

Eg kjende på ei anna mestringsfølelse og. Når ein oppleve at ein blir flinkare på dei forskjellige sidene ved å leve so primitivt. Men då trur eg nok ein må gi det nokre dagar, kanskje veker, for å få den følelsen. Det blir som sagt veldig primært, så då handla dagen mykje om å dekke dei primære behova, som gjev ein so ufattelig stor tilfredsstillelse å få til. Ein kjenner på ein heilt anna måte at ein leve. At ein leve på den måten vi er designa? Istedenfor å leve i det komfortable velferdssamfunnet vi sjølv prøva å skape?

Når ein då oppå det heile, praktisera det «enkle livet» ute i den flotte naturen vi har i Noreg, so er det kanskje ikkje so rart likevel, at eg har følt so mykje godt undervegs.

I det daglige er jo det nesten eit tiltak å tilbringe so lite som ein time ute! Mens her har eg vore ute omtrent heile tida. Kunne oppleve morning til kveld, med måne, sol, vind, stjerne, regn, sludd, Nordlys og skye. Alt det i ein varierande natur til forskjellige årstider, dyr og folk, so blir også kvar ein dag eit eventyr for seg sjølv.

For jammen er det ikkje mykje der ute, som er likt. Til og med på vinteren, då dei fleste meina det kun er kvitt og kjedelig, vil ein også der legge merke til so mange forskjellige detalja naturen byr på. Istedenfor ei blokk med fire vegga av gips malt kvitt alt i hop. Og likevel, føle eg ikkje at naturen er eit einaste rot! For det kan huset føles, om nokre av tinga ikkje ligge på sin faste plass.

Men det her tar som sagt nokre dagar kanskje enda lenger før ein legge merke til. Ein kan kanskje samanlikne det med bra musikk mot musikk som er fengande første gong ein høyre det. Det som virkelig er mesterverk, kreve ofte tid å like. Og då kan ein høyre det mange gonga og oppdage nye ting med den ettersom tida går, og den blir betre og betre. Songen som var litt fengande ved første lytting derimot, blir ein fort lei av. Veldig lei. Kanskje derfor ein kan få melodi grand prix langt opp i halsen!

Klart at ein kan merke mykje bra på kortare tura også, so kort som ein halvtimes tur ut i skogen. Men eg blir i allefall ikkje like fascinert av naturen på småtura, som eg blei over tid på dette opplegget. Trea fekk personlighet, fjella blei brutale, steinane blei troll og elvene ein fryd å høyre. Til og med dyrespor, dyra og fuglane ute i deira habitat, blei ein heilt annan opplevelse enn eg trudde eg skulle bry meg om. Men eg kom ikkje der til at eg synes blomstra var interessant. Lite av det på vinteren, so eg skulda på det.

Det her handla nok mykje om det er lettare å tømme haue her ute for tanka og mas. Ein er vel litt overstimulert med i samfunnet vi leve i idag. Hamsterhjulet. For ikkje å snakke om alle dei tusenvis av valga ein må ta stilling til kvar dag. Ein gir plass til nye inntrykk, som i utgangspunktet kanskje er mindre stimulerande enn ein mobilskjerm eller sånt noke. Men som sagt, inntrykka i naturen blir noke heilt anna enn inntrykka frå den skjermen, om ein gir det tid.

Då blei også det å komme fram til ein plass, som Røros, eller ei hytte, eller ein kamerat, ein heilt anna opplevelse, enn om eg hadde tatt fly dit og vore der etter ein tre timers lang podcast på øyret. Eg forstår at om ein ynskje å ha eit par veke i Kina for eksempel, og oppleve det. Ja då kan ein ikkje legge ut på ei reise der ein går dit og padla over hava! Då kjem ein seg vel ikkje fram før Kina har verdensherredømme! So alt med måte.

No har nok eg gitt inntrykk for stress i mange av innlegga. Men stort sett har eg verkeleg fått slappa av mentalt og tømt haue. Første dagane følte eg at lydbok eller podcast måtte vere litt på øyret, spesielt om eg gjekk på eit større isvatn i fleire timar. Litt fordi eg følte eg måtte vere produktiv. Hørye ting for å lære eller oppdatere meg i verden. Men den samvittigheten eller ka eg skal kalle det, forsvann fort, og eg synes det blei mykje meir givande og fint å eventyret i mi boble, uten input utanfrå.

Eg følte fort at eventyret eg opplevde var vel so bra om ikkje meir spennande enn kvar ein podcast eller lydbok eg kunne ha høyrt på undervegs. (Sjølv om ringenes herre og harry potter var eit fint selskap i soveposen). Og det samme galdt det med å kjede seg. At å gå langs ein veg eller isvatn var kjedelig dei første dagane, men det og blei interessant etterkvart. So resten av landskapet eg bevegde meg gjennom og utfordringane som dukka opp, blei heilt klart nok stimuli etterkvart!

Tida og blei veldig annleis enn heime. Der ein skal rekke ting, var det her meir flytande. Fulgte dagslyset og kroppen. Dagane flaug, og vekene. Opplevde jo utrulig mykje forskjellig, og eg føle omtrent alt er veldig sterkt i minne enda, men likevel at heile prosjektet, gjekk ufattelig fort. Og det er litt artig korleis eg no føle at ein tre timers skitur er lite. På turen hadde eg vel ikkje ete frukost eingong, etter tre timers tur. So 10-12 timar per dag med skigåing blei ein veldig fin og omtrent selvfølgelig vane.

Eg synes det er litt vanskelig å roe ned mentalt I karusellen som ein kjapt henge seg på i samfunnet, og det kan fort vere tankekøyr frå ein står opp til ein legge seg. Også når eg skal sove, går hjernen på høggir, som gjere til at søvnen tar litt tid å få. Det følte eg ikkje på der ute. Vagusnerven er visst noke som er i fokus no for dei som har høyrt eit par helse podkastar. Kroppens «ro-knapp» eller ein nøkkel til å håndtere stress og angst. Den har fått stor oppmerksomhet fordi den fungere som vegen inn i det parasympatiske nervesystemet, som hjelpe kroppen med å helbrede seg sjølv.

Det som kjem først på lista over korleis ein stimulera det, er pust, kuldeeksponering, bevegelse, natur og ro. Hehe, ja eg kan nok krysse av alle desse ila «arbeidsdagen» der ute på marsjane. Fascinerande at alt dette var ting eg måtte gjere for å forflytte meg nordover. Helseeffektane kom automatisk.

Det kjem nok ikkje like lettvint med levesettet vi fleste leve til det daglige. Må heller sette av tid til det i kvardagen, om ein ønske å oppnå den tilstanden. So er eigentleg utviklinga vi har heilt rett retning, om ein skal tenke på befolkningas mentale og fysiske helse?

For ikkje å snakke om overlevelse. Det kjente eg faktisk mykje på der ute, at det var ofte eg måtte vere skikkelig påskrudd, for å overleve. Gjere dei rette tiltaka. Livsviktige tiltak.

Det er i allefall veldig annleis i dagens kvardag.

Ingen rovdyr som jakta oss, veiret skjerma vi med dei overdimensjonerte husa, og bilen tar oss frå A – B, kleda kan ein bestille på nett og får henta dei på joker på same tid som ein har gått ei runde med handlekorga for å skaffe seg innpakka mat.

Artig å sette ting på spissen, men blei litt provosert sjølv der.

Og takk so mykje for at vi har det so godt som vi har det! Leve i eit velferdssamfunn utan krig eller svolt.

Og eg meina sjølvsagt ikkje at alle skal gå tusen år tilbake i tid, eller leve ute i naturen utan å bidra i samfunnet alle er ein del av! Men eg vil prøve å få fram litt av grunnen til at eit slikt prosjekt som eg har fått oppleve, ikkje har vore kjedelig og meiningslaust! Og so levande.

I ein viss periode… For det tar på å skulle leve sånn over tid. Mykje adrenalin og dopamin. Eg kjende veldig på slutten av prosjektet, at det hadde gått frå positivt til negativt stress. Kroppen fekk ikkje henta seg inn igjen, og det heile blei nokså stusselig etterkvart.

Å sovne på kveldane var sjelden eit problem. Sikkert mykje grunna all aktiviteten, inntrykka og dagslyset ein har frå morning til kveld.

Og då eg blei vandt med det, sov eg betre i teltet, enn I hyttene. Spesielt dei to nettene på hotell. Fyameg! Kjempehett, altfor mjuk seng og elendig luftkvalitet! For ikkje å snakke om all støyen utanfor vindauget! Hah! So var det fleire gongar at eg var på besøk til folk i hus, åt kvelds og frukost inne med dei. Men sov heller i teltet ute i hagen, for der sov eg betre.

For eg blei utrulig glad i telt. Faktisk også det å sette det opp og pakke ned. Det gjekk etterkvart fortare enn å rydde seg ut av ei hyttene!

For det blei fort til at eg fulgte rutinar, og kom inn i ei rytme, måten eg la opp dagen. Og fornøgd når eg la meg i posen på kvelden.

For det følte eg veldig på stort sett heile tida, spesielt på kvelden, fornøgd. Tilfreds. Takknemlig over det kjekke og spennande eg fekk oppleve.

Kunne anten ligge å tenke på det i posen, eller etterkvart ha på ei lydbok på øyret med ein herlig kjensle av ein sliten kropp, som var glad for å kunne hente seg inn igjen. Sikkert derfor eg elska teltet mitt. At eg assosiera det med ein god kvil på kvelden og eit godt måltid. Ikkje kun teltet I seg sjølv.

Blir ikkje heilt det samme om ein kun har prøvd telting ute i hagen eller på ein todagers tur… Og det samme med hytte.

For å kvile ein dag eller to på ei hytte undervegs i prosjektet, føltes ut som eit paradis! Eller å komme fram til ho på kvelden i storm og få fyrt i omnen, for å få varmen i seg og tørka ting.

Ein kan fort ta dårlege valg, om ein er veldig sliten. Noke eg kan skrive under på, men var nok heldig med englevakt. Eller naturlige makter, som eg høyrde Monsen snakka om på ein podkast. Han meina det er forskjellige krefter rundt i naturen, at han kan kjenne det. Samane meina det samme, og det gjere nok fleire som er mykje ute i naturen. Eg tenkte ikkje på det undervegs, sjølv om eg var veldig glad på somme plassar, og veldig lei meg på andre. Kunne vore interessant å vore meir open for det undervegs. Meeen so snakka han og eindel om gjenferd, so eg er glad for at eg ikkje høyrde podcasten før eg var ferdig med turen!

Og eg synes det har vore fascinerande, at når eg virkelig har vore godt utanfor komfortsona, so har tankane gått heim og tilbake i tid, til eg var liten og leika anten med kameratar eller fekk omsorg frå familie. Sikkert hjernen sin forsvarsmekanisme, som skal skåne meg for å bli alt for stressa. Finurlig system vi har. Må sei det har fungert bra!

Over på noke heilt anna, nemlig dyr! Mykje meir av det i Nord. Såg ofte 40 rype i samme kulla, og 100-150 ryper kvar dag var ikkje uvanlig. Elg har eg fått sett, hare, fjellrev(!), reinsdyr(tam…) og jerv.

Neida. Dessverre såg eg ikkje jerv. Men såg mykje jervespor, spesielt nede i Sirdalsheiane i fjor. Ingen bjørn eller ulv heller. Sikkert det vanligaste spørsmålet eg får… Har ikkje vore redd for det heller. Men det handla vel meir om at eg ikkje tenkte so langt. Lykkeleg uvitande der og, som med mykje anna.

Blei mykje bålfyring! Kan koste litt tid og krefter, men gir mykje glede og ro i retur. Ogso er det fint å få tørka ting og grille maten sin til ein variasjon. Ikkje feil å lukte litt bål og, når ein likevel er ute. Sikkert betre enn svette.

So det blei ikkje berre gåing. Men isfiske gjorde eg ikkje. Målet var vel eigentlig forflytting, so då kan fisking bli litt mykje. Og koffor dragse rundt på utstyr, når eg heller kan få både fisk frå isfiskara eg passerte, rype frå rypejegera og elgsteik frå elgjegera? Ooog reinsdyrkjøtt frå samane! Har vore flittig der, å fått tak i lokal mat, direkte frå bonden, eller jegeren! Og givandes er det! So får butikkane ha so godt med måten dei operera på.

So var det den pemikanen eg valde å bruke som drivstoff gjennom turen. Går litt i detalj her, so det er no berre å skumlese for dei som ikkje er interessert. Eller fortsette å skumlese, for dei som har skumme seg ned hit allereie 😉

Gjekk rundt 90kg av det, fordelt på 140 dagar. Bærekraftig, då det var av beitedyr og hjort lokalt. Spekket frå grasfora storfe lokalt, som hadde blitt kasta om ikkje eg hadde brukt det. So jess, eg håpa på meir beitedyr i Noregs land, spesielt vestlandet, og at det då er greit å ete litt kjøt, istedenfor å importere masse greier og sjå skogane gro igjen rundt oss.

Nok politikk.

Å lage pemikan sjølv, blei rundt ti gongar billigare enn real turmat, og mykje sunnare (etter mi meining). Følte meg veldig bra på det, og det gav ein jamn energi gjennom dagen. Det kan passe bra med pulk i eit fint terreng.

Gledde meg til kvart eit pemikanmåltid. Smakte betre og betre for kvar dag som gjekk, blei aldri lei. Svolten er den beste kokken, men ikkje berre det, for eg blei ikkje like tilfreds av å ete havregrynsgraut eller ris, og kanskje ikkje real turmat heller, som pemikan, fordi pemikan var mykje meir næringstett uten alt dette fiberet som fylle magen som den må jobbe med uten å få so mykje energi av det.

Slapp å gå so mykje på do og, for kroppen tar opp omtrent 100% av fettet og kjøtet, uten forstoppelse. God og mett på pemikan, men svolten og stappfull i magen på havregrynsgraut. Men det e jo fordi ein forbrenne kanskje 8000 kaloria om dagen, altso tre til fire gonga meir enn dei fleste gjere på ein normal kvardag. So ein må tenke litt annleis enn heime. Havregrynsgraut er fint det, på kortare turar.

Men når det er sagt, er ein stor del av grunnen til at det har fungert so bra for min del, fordi eg har vore på ein lavkarbo diett i fem år. Igrunn nesten ingen karbohydrata til det daglige, grunna eg ville fikse ein irritabel tarm osv. Det går vi sjølvsagt ikkje meir inn på. Poenget er at dei aller fleste er vandt til å bruke karbohydrata i kosten, so då ville ikkje kun pemikan fungert, då kroppen måtte ha lært seg å bruke fett som drivstoff, som fort kan ta eit heilt år å effektivisere heilt. So pemikan hadde vore fint, men ein måtte då ha hatt masse karbohydrata i tillegg, som potetmos, ris, havregrynsgraut og tørka frukt.

Ein kjem i tilstanden ketose ved kun å bruke feitt som drivstoff. ketona som blir laga i leveren frå feittet ein ete eller har på kroppen. Jamn energi. Og fordi kroppen omgjere eindel av det til glukose, har ein også eksplosiv energi til dei tøffe taka, som for eksempel oppoverbakkane, laussnø eller klabbing.

So ja, det fungerte supert, og eg kjende på ein indre ro av å vere i konstant fettforbrenning, uten desse blodsukkersvingingane. Og ingen ubehag i magen, som eg fort får av mykje fiberrik mat. At kjøtet var frå dyr som har hatt det bra og ete som dei er skapt til ute i naturen, betyr nok litt.

Spesielt proteinen ein får i seg, som kan vere vanskelig om ein ikkje har med seg litt kjøt/fisk. Kroppen kreve mykje meir av det på slike lange ekspedisjonar, enn om ein skulle vore ute ei veke eller mindre. Den må ha byggeklossa for å reparere seg sjølv, elles blir ein svakare for kvar dag som går, istedenfor å bli sterkare. Kosttilskudd går jo å ta i tillegg, men det gjorde ikkje eg, og blodprøvene var likevel fine etterpå. Eller eg brukte elektrolytta til vatnet eg drakk, og magnesium kvar kveld. Og av og til vitamin C, skal innrømme det.

Men når det er sagt, so skulle eg nok hatt meir karbohydrat spesielt til kveldsmåltidet.. Greia er at ketose, fylle ikkje glykogenlagra i musklane like kjapt som karbohydrat gjere, eller reint sukker (som potet igrunnen er for kroppen). Sjølv om ein har ein kropp som er tilpassa fettforbrenning. So eg følte meg veldig bra på dagar som ikkje var so intense, men beina føltes etterkvart tunge og til og med psyken blei dårlegare om det var periodar der eg gjekk tungt dag etter dag. So det trur eg er litt av grunnen til at eg var sopass nedtrykt psykisk og fysisk dei siste to vekene.

At eg tømte glykogenlagra heilt gjennom dagen utan å fylle på med sukker, var veldig negativt i ein sånn ekstrem kvardag der eg forbrente som mykje. Gjekk ned 8kg, vog faktisk kun 69kg då eg kom heim. Det var ekstremt lite feitt på kroppen, der musklane og beina viste altfor godt. Eg er jo 186 høg.

For å holde blodsukkeret stabilt når glykogenet er tomt, må kroppen skru opp produksjonen av stresshormonet kortisol. Kanskje derfor eg mangla følelsen av indre ro siste to vekene. Å gå i den stresstilstanden over tid, kan ikkje vere bra. Følelsane går over til angst. Eg følte meg igrunn fanga der eg gjekk. Fakitsk kan det gå so langt at hjernen ikkje lenger klare å skille mellom trygt og livsfarlig…

Og med so lite feitt på kroppen min, vil den nok spare på fettet den har, og heller forbrenne musklane for å få kjapp energi. Det frigjer stoff som kan føre til systemisk inflammasjon. Negativt for både immunforsvar og nervesystem. Som kan føles ut som mild depresjon.

Og at eg blei utmatta nokre år tilbake gjennom å presse meg over lenger tid i Forsvaret med kyssesjuka og lungebetennelse, so kan det vere at kroppen min kjenne igjen signala på total utmattelse. Då blei nok den tunge sinnstemninga mi, kroppens siste forsvarsmekanisme for å få meg til å stoppe før det var for seint.

Ja, mykje personlig synsing der, men eg synes det er greit å ta med. Fascinerande korleis kropp og sinn henge i hop.

Alt det her er nokså normalt på lange ekspedisjona. I allefall å gå ned i vekt. Veldig få klare nok å få i seg nok kaloria ila dagane, sjølv om ein ete masse karbohydrata og. For problemet med karbohydrata, er at ein må ete so enorme mengde mat, for å få i seg samme energi som når ein ete fett. Det har også ofte mykje fiber, som gjer ein mett lenge før ein har fått i seg nok. Metabolismen er rett og slett ikkje kjapp nok, og magesekken blir fortare full enn behovet for energi.

Er nok lite bærekraftig å drive eit sånt hardkøyr på kroppen over tid, sjølv om det lenge kjennes so bra.


Då er det kanskje ein grei overgang å fortelle litt om korleis det var å komme heim, for det blei annleis enn eg hadde trudd. Tenkte på førehand at eg skulle føle meg i toppform og superglad med sprudlande energi.

Men nei. Det blei mykje soving. Følte meg nesten sjuk, og nokså utmatta. Utilstrekkelig, svak. Sosialt var det også veldig annleis, for eg ville helst vere for meg sjølv, og faktisk, sjølv om det var kjekt å treffe igjen og vere med familie og vene, so føltes det ut som ein frihetsfølelse å kunne trekke seg tilbake for å vere åleine, etter eit par timar.

Til og med alle valga som følge med i kvardagen kjendes ut som eit stress som eg helst ikkje ville ta stilling til. Blei mykje å berre ligge og tenke gjennom det eg hadde fått oppleve. Gode og dårlege opplevelsa.

Sov dårlig første to nettene, men etter det blei det ni timar kvar natt i kanskje to til tre veker. No som det er fem veker etter, har eg jobba eindel og vore sosial og alt det har følt fint ut, men eg trur nok det fort vil ta ein måned til, kanskje to, før eg er 100% meg sjølv igjen, og fått lagt på meg kiloane eg trenge.


Følte meg tom og. Ikkje «ka skal eg gjere no i livet», men tom. Det er visst heilt naturlig, fordi kroppen er vandt med so høg adrenalin kvar dag der ute, so påskrudd og masse dopamin. Når ein då kjem seg heim i eit trygt hus og familie, vil nok kroppen lade opp igjen og ein kjenne då kor sliten ein faktisk er.


Men eg kan innrømme at når energien begynte å komme tilbake, og eg gjorde ting igjen uten at det kosta so mykje energi, savna eg litt det rushet eg kjende på det daglige der ute. Sjølv eg er heldig å ha mykje givande i kvardagen, so føles den «flatare» enn der ute. Eg kjenne ikkje like mykje at eg leve.

Ogso litt frustrerande, fordi no som eg har opplevd livet der ute på ein so fantastisk måte, so kjenne eg på eit sakn. Og for eksempel å ete middag inne vil føles bortkasta, når eg egentlig heller vil ete den ute på eit bål i naturen. Eller at eg ikkje har roa inne, åleine eller med folk, om veiret er nokonlunde fint ute. Då vil eg berre ut, gjerne med teltet i sekken på tur… Men det går seg nok til. Ein er heldigvis tilpasningsdyktige den andre vegen og:)


Når det er sagt, er eg veldig fornøgd med å no vere tilbake igjen i samfunnet med det som følge der. So kan eg heller leve på eventyret eg har fått hatt, i lang lang tid framover.

Tusen takk for følget! Og all støtte, spesielt til pappa som har fulgt veldig med undervegs med veivalg, veir og vind, og sending av matrasjonane mine. Tåva strikkelue frå mamma, og våttar og gensar frå Mia, tjukkegensar frå storesøster og råvarene frå bøndene og jegerane eg har fått brukt til pemikan. Alle folk eg har møtt på undervegs, støtta og samvær med dei, spesielt Mats Jørgen og Co på Altervatn med hytte og utstyr, bussjåføren i Mo i Rana der eg fekk fiksa skibindingane, det eldre ekteparet der, oppholdet på Lungsdalshytta i fire daga storm, og alle som har gitt meg gode råvare av mat undervegs, alle som drive med DNT og fjellstover. Alle scooterspora og skiløypene…

Veldig takknemlig for at eg har hatt helsa til å gjere det, anledning at folk rundt meg har vore so positive til prosjektet.

So eg sitte igjen med mange inntrykk, men mest av alt, ei stor følelse av takksemd!

Takk for meg.

So til slutt, litt utstyr.

Brynje skalljakke og bukse fungerte kjempebra. Holdt veiret stort sett ute, etter å ha impregnert det, og god passform. Tålte mykje også og gode luftevunksjona. Det var skall, liknande goretex. Ventile haddde fungert dårlig då det skifta mellom kulde og varmegrader, mens då det var jamnt 15 minusgrader, hadde nok det vore meir behagelig og pustande.

Pelslua brukte eg nesten heile tida, om det var 30 minus eller 5 pluss og regn. Vedlig behagelig, sattt godt på haue og holdt både kulde, veir og vind ute. Ogso følte ein at ein gjorde noke litt meir enn ein kort fjelltur når ein gjekk med pelslue, enn med ei vanleg lue…

Tåva strikkevotta til vindvotta var kjempeviktig då det var so kaldt. Gjekk ofte med det og, men då var det viktig å lufte fingrane av og til, so ikkje ulla blei våt av svette. Brukte hanska når det var varmt nok til det.

Hodelykt hadde eg først ei knalldyr lupine som lyste ufattelig langt. Den solgte eg fort på finn igjen, og gjekk heller for ei lita lett lykt, for på vinteren trenge ein ikkje store lysstyrken for å kunne sjå nok der ein går.

Veldig nøgd med primusen som var MSR dragonfly. Den var solid i vind og fordi ein kan justere styrken på varmen, gjekk det fint å steike mat, uten at det berre brant seg i panna. Liten funfact der, so kan eg sei at eg kun brukte 4l bensin på to månedar denne vinteren. Brukte nok ikkje noke meir forrige vinter, fordi eg lagde bål eindel, og av og til hytter til å smelte snø for vatn. Og lunsjane der eg nesten kvar dag brukte primus, og middag, so var det ikkje store skvetten som skulle til for å varme pemikanen.

I fjor gjekk eg dei to månadane der med Camelbak på magen under jakka, for å alltid ha tilgong på drikkevatn. Praktiserte også det å putte snø i den i pausane, so det smelta og eg alltid hadde påfyll av vatn. Det fungerte greit, men litt irriterande å alltid ha camelbak på kropp (hadde slangen ut armen under jakka), og i år då eg kun brukte termos og primus, so blei det ikkje mykje meir bensinbruk på snøsmelting likevel. Og digg med lunka eller varmt vatn, istedenfor iskaldt!

Faktisk spurte eg Fjellsport, og det kom fram i Podkasten dei har, so ein ekspert fekk svare på om ein brukte meir energi på å smelte snøen på kropp, og derfor må ha med meir mat, enn å ha med meir bensin til å smelte snøen med primus. Haha, han lurte visst på ka ein kunne oppnå med den camelbaken på kropp, at det var langt meir effektivt å bruke primus og bensin. Einig i det!

Brukte alfa skisko først, men fordi dei er so aggressive på hælen og trange framme, gjekk eg heller for crispi. Dei passa foten min mykje betre.

Sleit aldri med gnagsår, men litt trykksmerte i hel med alfa første del av turen. Ingenting med crispi.

Pulken, fjellpulken 168, syns eg fungerte veldig bra. Eg har ikkje testa noke anna, men eglikte at den var sopass lang for å kunne fordele vekta lågare til bakken. Hadde den vore kortare, hadde eg måtte stabla ting oppå kvarandre meir. Gjekk fint, når det ikkje var folk i hyttene, å berre løfte heile pulken inn. Og når eg sov i telt, berre hadde eg den utanfor teltet.

Hadde beddingsystem på pulken, altso oppblåst liggeunderlag (exped 9cm), sovepose (dun -25), gjervenduk, pute og andre ting liggande i det beddingtrekket klart. So når eg hadde fått opp teltet, var det berre å slenge inn det beddingsystemet, so var det meste klart.

Brukte fuktsperrer på føtene, altso tynne sokka innerst mot hud, ei fuktsperre frå exped (kan bruke plastpose), ogso ein tjukkesokk utanpå der. Då må ein ha skisko ein størrelse større. Fungerte kjempebra då eg svetta lett på føtene og blir då kald. Men fordi foten ikkje svetta meir når den merka at den tynne sokken innerst er våt nok, so helde ein fint varmen fordi tjukkesokken og skoa er tørre. Har ein derimot ikkje fuktsperre, vil ein svette heilt til heile skoen er våt! Men veldig viktig her, om ein skal gå i vekesvis, å fleire gonga ila dagen lufte beina. Ikkje når det snør eller regna, men stort sett er det opphold gjennom dagen der ein kan gi føtene luft i eit par tre minutt, for å hindre fotsopp og skyttergravsfot.

Store snøplugga er veldig bra å ha, då kortare ikkje fungera når snøen er som sukker.

Skia var åsnes fritjof nansen, dei kvite. Kjempenøgd, knakk aldri. Brukte heilfeller heile tida, som klabba av og til når det skifta mellom pluss og minusgrader. Prøvde å impregnere fellene før start på morningen. Fungerte av og til. Og forresten spurte eg åsnes om dei anbefalte BC bindingar eller Expliore bindingar til turen. Dei anbefalte ikkje Explore, då dei ville nok ise seg i låst posisjon. Det skjedde med australienaren stadig vekk, so det var ofte at han måtte gå i sokkelsta inn i teltet sitt, mens skoa han fast i bindingae…

Å ha ein sekk bakerst i pulken som er fyllt av ting som vege litt, var veldig fint i bratte terreng. Då kunne eg ta den på meg og klyve opp bakkane lettare enn om all vekta låg i pulken. Det var også fint, so ein kunne bruke kun sekken når ein handla på tettstadane eller om ein hadde det ein trengde i sekken, so ein snartur innom i hytte med å ete lunsj, so var det berre å ta på seg sekken og gå inn å kokkelere.

Netting innerst på kropp brukte eg heile tida. Brynje og devold. Varmt sjølv om ein er litt svett, og det tørka fort. Genialt det der. Men då det var 15 minus og kaldare, klarte eg stort sett å unngå å svette. Då det var nede på null, var det nesten umuilig å ikkje svette. Men då var det heller ikkje krise å bli litt våt. Soveposen på kvelden var jo stort sett tørr. Og når ein går helde man i allefall varmen. Ullboxer!

Ei tjukk dunjakke som eg kunne ta utanpå jakka eg allereie gjekk med, lett tilgjengelig i pulken var veldig fint. For i pausane eller då eg satt opp telt og pakka ned, var det kjapt å ta den på seg. Fint til dei korte pausane og, so ein slapp å begynne å fryse med det samme.

Solkrem brukte eg aldri. To dagar der eg skulle ha gjort det, elles gjekk det fint.

Solbrille, eller brebriller var veldig fint å ha. Snøbriller hadde eg med, men brukte aldri, fordi dei trykte sånn på nasa, so eg ikkje fekk puste med den. Eg pusta igrunn kun med nasa, so det var ubehagelig. Då var det fint å ha skikkelige brebriller med beskyttelse på sidene.

Kuldemaske brukte eg nesten heile tida frå morning til kveld då det var kaldare enn ti minus. Hadde gått fint å ikkje brukt det for nokre daga, men er ein so mykje ute og pusta so mykje, var det velidg fordel. Då det bikka tjue minusgrader var det fordel uansett. Litt irriterande med isen som blei, men det fekk eg heller tåle.

Gjekk for dun då soveposen nesten er tørr heile tida. Eg svetta som oftast ikkje på natta. Fiberpose tar mykje meir plass og vege meir…

snøspade er viktig. Ein som tåle litt.

Tok med ein ekstra skistav tilfelle ein av dei eg brukte knakk, men det blei det ikkje bruk for.

Sysaker kom godt med.

Ekstra bindinga til skia hadde vore lurt.

To hovudlykte. Ei til å gå med og ei til å lese og gjere andre ting med, på kvelden, som er velidg lita.

GPS brukte eg første dagane, men gjekk fort over til å bruke app på mobilen med GPS, for e har bra atteritid på mobilen min (ulefone armor 20). GPS (GPS maps 67i) berre slutta å fungere då det bikka 20 minusgrader. Vanskelig å navigere med den og mobilen slo den på alle pounkt synes eg. So eg brukte heller inreach mini 2 for å sende inreach meldinga og sporing.

Kart brukte eg ikkje. Skreiv ut 160 kartsider og laminerte dei, men fann fort ut at det tok altfor lang tid å navigere seg, når ein heller kan berre bruke gps… Det får dei gjere dei som går tur for navigeringa sin skuld! Kompass brukte eg flittig, fordi eg har elendig retningssans og appen eg brukte (topogps) ikkje alltid viste rett retning.

Ei kjele til snøsmelding og ein mindre kjele til matlaging. Trengde ikkje meir. Gjekk fint å steike fisk på den uten å ha steikepanne, for det var berre å ha nok fett i kjela. Hadde og brukte kun skei som gjekk heilt fint,.

Ein skikkelig kniv som kan køyve ved er viktig syns eg.

Og eit kamera som er lett å hendig og tåle veir og vind.

Og som ein ser på biletet, kom sekken veldig godt med siste dagen, då eg heller kunne bruke den, istedenfor heile pulken. For då hadde eg nok ikkje kome fram…

Snipp snapp snute, so var det eventyret ute:)

Dag 136-139 (56-59): Nordkapp

Hei! Då er det faktisk siste innspurt på eventyret… Veiret er flott, men heise med vind og klabben bite. Sliten, men sov godt. Og no lata vi som at det kun er tre daga igjen, so køyre vi på! Og dagens etappe må ende ved ei nødbu som heite Stohpojohka. Ting blir nok vått ila dagen, so å få tørka ting og sleppe å vere i telt i den sterke vinden, blir viktig. Men det er langt dit, so vi får komme oss avgårde!

Blei litt knoting i starten der eg gjekk opp gjennom byggefelta med pulken i asfalten. Valde å satse på ei langrennsløype då eg kom opp i høgda. Ifølge ei rute til to andre som gjekk for eit par år sida, gjekk denne til kveldens mål. Mykje kjappare enn den opprinnelige scooterløypa over fjella.

Mange flotte hus her oppe! Velstelt rundt omkring og, men det er kanskje ikkje so vanskelig når snøen skjule alt.

Vurderte å vippse 200kr til løypekøyrerane, for eg var so takknemlig. Men den gjekk søren ikkje lenger enn 4km! So då måtte eg snu. Lot vere å vippse! Mista masse tid og krefte.

So ser eg eit skilt, Nordkapp 150km. Hah, ja, tre daga du liksom… Vi får vel heller satse oss inn på fem…

Og soklart valde eg ikkje å gå heilt tilbake, for å ta scooterspora over fjellet. Nei, eg såg på kartet at eg kunne krysse over fjella eit stykke før. Det såg då ikkje soo longt ut. Og der er det eit scooterspor! Supert!

Men etter å ha slete meg opp der, so snur spora i Usving, og køyre nedover igjen. Og eg var ikkje komen meir enn ein femtedel mot den opprinnelege ruta. Typisk. So etter det blei det klabbing og gjennomslag. Men sikta og veiret var heldigvis fint:)

Må sjå meg litt tilbake av og til, for å sjå om det faktisk går framover det her…

Tulla!

Då eg kom meg enda meir opp i høgda, ja då braka det laus! Eller GPS’en min gjorde det. Den peip! Stormvarsel, stod det på skjermen! Mørke skye kom som julekvelden på kjerringa! Og i neste øyeblikk var det mykje vind og full sludd…

Då blei eg våt, og pulken som hadde fått god tørk på Motell-rommet, hadde allereie sugd til seg ein alt for stor slurk.

Ufattelig kor fort veiret kjem her ute på kysten, eller nord. Eg er vande med at bygene regna frå seg før dei går vidare, eller er tomme når dei blese over fjella til oss! Då er det lettare at veiret kjem som pinseaften på tremenningen, som Almaas sa.

Søren for ein elendig start. Og faktisk dreiv eg å bekymra meg om at eg faktisk hadde nok mat. Eg tok jo høgde for tre daga! Men 150km er meir enn det i klabbeføre og terreng! Er det mulig?! Elendig vurderingsevne no som eg er trøtt og sliten. Ville jo spare litt vekt, der eg stod i mellom kjølediskane og vurderte fram og tilbake, nede i Skaidi, om eg egentlig trengde all den herlege maten eg såg på.

Men det går no litt framover, og etter seks timar, kom eg meg tilbake igjen på scootersporet. Skulle sjølvsagt gått det frå start… Jaja, man leve so lenge man lære!

Og jammen var det scooterspor vestanfor den eigentlege løypa også, så eg fekk tatt ein god snarveg! Og ein times tid etter, når eg begynte å komme inn på den faktiske scootertraseen, fekk eg auge på dei som hadde køyrd opp spora.

Det var to tøffe damer med skikkeleg nordadialekt. Dei lo godt då eg kom heseblesande og til slutt hang etter stavane. Eg sa eg måtte berre stikke innom og takke for spora! Dei meinte at det var jo mykje kjappare å ta den ruta der, så fekk dei heller betale 30 000 kr i bot, den sjeldne gongen politiet var her oppe å kontrollerte…


Eg var i allefall ingen politi. Eg skulle no heller gitt dei penga for ruta. Men etter ein god prat med dei og ein stor og sterk kar til, som også kom med scooter, var det heller dei som skulle gi meg noke. Joda, vi kom jo inn på det med mat. So då fekk eg masse aure, eller var det røye, og to burgera som var stekt på panna morningen før! Då var dei bekymringane ute av sinn, og eg kunne rekke Nordkapp før svolten ville tatt meg igjen! Artig korleis maten som regel ordna seg her ute. Ja, for det skulle eg ikkje hatt på meg, at eg måtte bryte grunna for lite mat!

Passerte faktisk fleire som valde å bruke laurdagen på å isfiske her oppe. Må vere ein flott hobby! Sitte der med scooteren og få fisk mens ein prata over eit varmande ved-bål. Veiret hadde jo snudd heilt tilbake igjen og, so det her begynte å bli bra!

Gjekk ikkje lange tida før eg fekk brukt ein del av «fangsten». Feit og god var den! Eller – alt smøret den kokte i, gjorde den feit og god.

So begynte det å mørkne og eg hadde eit godt stykke igjen. Det skulle sjølvsagt dra seg veldig til på kvelden med sterk vind og sludd. So eg var litt stressa der eg gjekk. Litt dumt å legge det opp slik at det heile blei eit stress no på slutten. Var jo egentlig veldig fin natur, men eg kjende eg var veldig gira på å komme heim til påske, no som eg ser at det er fullt mulig…

Skoa mine tålte tydeligvis ikkje vatn.

Fekk kryssa vegen. Strake vegar her! Glad eg ikkje skal gå langs der.

Siste timen starta uveiret, akkurat då pappa hadde sendt melding i forkant, at det ville starte. Eg hadde ein time igjen og rakk å bli våt igjen. So jammen blei eg glad då eg såg hytta eg skulle få overnatte på! Tenk å få fyre i omnen! Få tørke skoa som var søkk blaute av å gå gjennom overvannssørpe og kleda som blir bra svette no som det er so mildt. Lettare å holde seg svettefri i femten minusgrader og fin før, enn ei plussgrad og klabbeføre! Og viktig å få tørka fellene, så det kunne vore ein sjanse å sleppe klabbing dagen etter…

Sterk vind, sjølv om det ikkje ser sann ut.

Men. Kor er pipa? Ingen pipe?!

I alle dage? Denne hytta ser ikkje ut til å ha vore i bruk på mange år?!

Å fy søren, vinden går jo rett gjennom her! Og for ei fuktig luft? Eller er den det? Eg føle den er det. Boka ein skrive i er jo ikkje akkurat gjennomblaut, men det er jammen ikkje mykje bra inneklima her, sjølv om vinden går rett gjennom.

Best ventilasjon ved døra, so eg fyrte primusen der. For det blei i allfall bra. Maten. Det var ei gryte av potetmos og smør som base, og so hadde eg oppi fisken og burgerane so det heile blei som ei suppe. Skamlaust, men det får vere lov her.

Norskeflagget passa jo bra inn, men det var vel eit av dei få lyspunkta eg kjende på no. Kan innrømme at her starta eg å lente veldig heim. Følte meg ensom og litt motlaus. Å gå i klabb er so heise tungt, og eg visste at dagen etter ville handle om det, og masse vind, og sikkert dårleg sikt… So at eg i tillegg skulle prøve å sove i denne våte hytta, såg eg litt mørkt på.

Det her er sånn som har vore artig tidlegare på turen, tatt det med eit smil. Men no har eg visst ikkje overskot til å glede meg. Ser visst heller mørkt på det meste. Ei god natt søvn er ikkje lenger nok til å hente seg inn igjen. Nei, eg er nok langt meir sliten enn eg trur.

Men får prøve å gjere det beste ut av situasjonen. Og ytterdøra som eg ikkje fekk igjen frå innsida, stroppe eg, for det funka litt. Men den meistringsfølelsen forsvann fort då eg såg etter måltidet, at snøen blei blåst inn i ein fei allikavel.

Og dagen etter var det jammen nesten vanskelig å komme seg ut!

Men det var ikkje det verste, for då eg vakna, hadde eg skikkelig ildt i halsen og følte meg sjuk. Forkjøla… Det skulle jo berre mangle. Å presse seg med infeksjon, har eg jo lova meg å ikkje gjere meir. Ta helsa på alvor! Men eg kan ikkje bli på dinna hytta i vinden heller!

Alt var blitt vått over natta. Soveposen, fellene (som eg prøvde å tørke med stearinlys kvelden før), kleda som eg lot vere å ha i vanntett pose fordi dei var utsvetta, og faktisk ytterkleda og! Og skoa hadde i allefall ikkje blitt noke tørrare… Til og med kniven frå Kautekeino hadde rusta over natta! Lungene mine har vel rusta og, sånn som halsen kjennes ut.

Det her er useriøst! Burde vel ledd der eg stod, men eg såg vel heller mørkare på tilværelsen her ute.

Og ute var det sjølvsagt blindeføre og masse vind.

Klokka var åtte på morningen no, og har fire til fem mil å ta idag, som kan bli utfordrande nok i seg sjølv. Eg må komme meg i le for vinden til å kunne sette opp telt, nede ved Kåfjorddalen. Der ser det ut til å vere bratte nok skråninga som forhåpentligvis skjerme meg mot vinden. Men då må eg virkelig gå på!

Det første steget eg tok, so satte snøen seg fast, og det tiande steget eg tok, so var det allereie 5cm tung klabb på skia. Skjønte fort at det her og kom til å bli ein dag eg gjekk mot klokka. Følte meg som ein hamster i hjulet med alt for høg fart som aldri stoppa.

Scooterspor var det heller ikkje. Eg gjekk på kompasskurs, som ikkje er veldig effektivt.

Norge på langs har vore mykje meir spennande enn eg hadde trudd på førehand. Spenning er jo gøy det, men over tid merka eg at det har vore tøft å bære seg gjennom det på eigenhand. Ta beslutningane sjølv og ikkje kunne dele opp og nedturane med andre. Eg trur nok at også her er ein sterkare i eit team på tur. Stresset som alltid låg der, verka no heller nedbrytande enn skjerpande.

Prøvde å tørke klede på pulken då sola kom fram, men vinden som blåste snøen konstant på pulken, gjorde berre kleda våte, når snøen smelta på dei.

Etterkavrt letta det opp, og eg prøvde og å tørke fellene i vinden, for so å impregnere dei. Det funka i 1,5 minutt, før det var like ille igjen.

Jaja, det gjekk no framover. Og eg såg meir og meir av havet. Det var jo eigentleg veldig flott natur. Arktisk, storslått og for det meste trelause viddelandskap. Og ein skal ikkje opp på store høgda for å få utsikt.  

Mange vatn og elver passerte eg og, som sikkert kunne bydd på mykje god fisk, om det var det som var målet. Måtte vere obs, for mange elveutløp var allereie begynt med vårløysinga…

Då mørket kom på kvelden var det langt igjen. Kjende so utkøyrd og sliten psykisk at tårene satt laust. Naturen virka so brutal no. Og eg tok av og til dårlege veivalg, med kompasset i mørket. Naturen var so stor og altoppslukande. Følte meg åleine her ute, ikkje på ein god måte. Heile eventyret har jo vore so ufatteg spennande og kjekt! Ikkje einsom i stundene eg har hatt åleine. Følt meg so bra! Utfordringane har blitt tatt med glede og iver og eventyrlysten har sprudla. Mange gode minner.

Men det her, eg syns det var heilt forferdelig. Sett i ettertid, synes eg det er rart, men eg hugsa godt at alt verka so vanskelig. Det var ikkje dekning heller, men ut på kvelden blei det eit par streka, so eg fekk ringt pappa. Det hjalp det lille dekninga holdt.

Våt og kald i vinden. Har jo omtrent ikkje feitt igjen på kroppen, lite isolasjon, og sikkert lite energi til å produsere varme. Såg meg sist i spegelen på Skaidi. Alt av bein og muskla var utrulig markerte på overkroppen. Kjempe tynn. Stusselige greier. Skrøpelig! Gått ned 8kg.

Men landskapet, ja det var virkelig nydelig. Prøvde å fokusere på det og finne roa. Tok faktisk på rolig musikk og, men sjølv den roligaste filmmusikken stressa meg meir enn å gå kun med vinden på øyret.

Men so begynte det å snu. Det blei medvind. Og eg kunne sjå på GPS’en at eg var komen ut på ryggen i Skåfjorddalen. Hodelykta lyste ikkje lenger enn nokre meter foran meg, so fulgte godt med på kompasset, so eg ikkje tok av ned fjella ned i dalen for tidleg. Blei nokre kilometer. Hadde gått i 14 timar, Klokka bikka ni på kvelden.

Og siste halvitmen i nordlys. For ein ufattelig opplevelse. So utrulig store inntrykka blir!

Dessverre følte eg vel heller at vinden blei sterkare etterkvart som eg kom meg lenger ned i dalen. Eg trudde jo det var bratte og høge fjell her, men dalen hadde heller snille høgder som ikkje skjerma. Det blei ein kamp å få opp teltet. Fy søren, det er jo ingen ende på det her! Følte at alt gjekk mot meg. Vurderte faktisk å gå ned til Kåfjord og sjå om det var eit hus å banke på og få overnatte i. Men nei no var klokka over ti, so e jo litt sein kveld å forstyrre på.

Teltet flagra i vinden der eg prøvde å få det opp. Og inni blafra det. Men det var herleg å komme seg ned i soveposen. Fekk varmen og koste meg med måltidet. Men eg klarte ikkje å la vere å bekymre over at det kom til å bli dårlig søvn no. Blir vel berre meir sjuk til dagen etter…

Hmm. Det kan vere eg må sette prosjektet på vent i mårå. Ta buss til Honningsvåg og fortsette om nokre daga.

Proppa øyreproppane langt inn i øyra og drog opp glidelåsen på posen og høyrde på blafringa.

Eg føle meg ikkje åleine lenger. Nordlyset som holdt meg med selskap mens eg satt opp teltet hjalp, og eg føle at vinden begynne å roe ned. Då fekk eg eg og roa ned, og klare å distansere meg frå det eg stod i.

So får eg melding frå storebror. Var tydeligvis dekning, so svarte han kort. Og eg begynte å tenke på det som venta heime i påskeferien.

Då skal eg få oppleve å sjå eit nytt bitte lite menneske, på berre nokre få måneda som eg er so heldig å få vere onkel til.

Tenk for ein ufattelig kontrast, å kunne vere med familien og løfte veslejenta, ha ho i armane og sjå ho djupt inn i augene, mens ho ser djupt inn i mine.

Kjenne på å vere i lag. Ting ein fort kan ta for gitt i ein kvardagen. Eg begynte å få ein god og varm følelse om at dette kjem til å gå bra.

So sovna eg, og vakna like so kjapt. Klokka var to på natta.

Halsen var betre, og psyken! Plutselig var eg kjempeglad der eg låg! Og alt virka so lett! Eg følte meg nesten litt uovervinnelig! To timar søvn i gode tanka gjorde susen! For eg var begynt å lure på noke som gav meg enorm energi!

Sjekka ut kartet, og såg at det var kanskje 5 mil til Nordkapp! Eg kan jo fakitsk klare å gå dit i dag, om eg starta allereie no! Pakka eg ned teltet, so kan eg starte kl 4 på morningen, og gå, ja, la oss sei 16 timar, so er eg der kanskje til kvelden! Tenk på det! Eg sleppe då å sove ein natt til ute i sterk vind! Eg kan stå på Nordkapp idag!

So full av adrenalin av den oppfatninga der, at eg ikkje kjende på verken utmattelsen eller smertene, og ja, beina var voldsomt tunge og syren kom fort, men eg følte meg ikkje sliten likevel! Det var kjemperart!

So eg fekk pakka ned, smelta isen som var danna seg på skia og fekk på fellene som eg hadde fått tørka i teltet, grunna den sterke vinden gjennom teltet i kombinasjon med kroppsvarmen min.

So for eg avsted ned mot Kåfjord. Ingen klabbing!

Meeen so passerte eit skilt der det stod Nordkapp 58km. Fy søren, det var like før ballongen sprakk. 58km?! Eg begynte å miste motet, men prøvde å ikkje tenke. Men ja, eg kan ikkje overnatte i telt der ute i den sterke vinden… For ein elendig ide det her er.

Men vi prøva! Det får briste eller bære!

So etter ein time på vegen med pulken skrikande bak, kjem eg meg altso til den berømte tunnellen…

Ka i all verden gjer eg her? klokka e halv seks på morningen, so buss gå jo ikkje. Då rekke eg i alle fall ikkje Nordkapp idag.

Ringde taxi. 1800kr ville han ha. Nei det kjem ikkje på tale, tenkte eg. Men tenk om det er forskjellen om eg når norkapp i dag! Å gå gjennom den tunnellen her som sikkert tar to timar og er kjempetung med friksjon på pulken, vil kanskje vippe meg av pinnen so eg må droppe Nordkapp… Eg kan jo ta buss til Honningsvåg og legge meg inn på hotell ein dag eller to. Men då tippa eg på at kroppen vil gå i dvalemodus og forkjølelsen bryte heilt ut… Nei, eg må gjere det no! Svi mens jernet er varmt! Eller smi.

So då blei det sånn. Eller blei det eigentleg det? Det var nemlig mykje tyngre enn eg hadde trudd. Pulken kjendes ut til å holde meg igjen, og er det kanskje farleg å trekke inn dinna lufta i to timar? Tenk om eg utvikla forkjølelsen til lungebetannelse. Tåke i tunnell stod det på skiltet.

Eg stoppa opp. Ka er det eg egentlig drive med her… Trenge ein liten realitetssjekk her… Gå gjennom ein tunnell i to timar under sjøen. Prøvde å tenke rasjonelt, men haue jobba seint.

So kjem det jammen meg ein bil. EIN CAMPERVAN!! Fantastisk! So eg får stoppa han, og jada, han vil gi meg skyss gjennom tunnellen! Eg takka han so tårene mine rann!

Men. I det vi skulle ha pulken bak i bagasjerommet, og eg hadde lagt trekk over madrassa hans, fallt det litt grus ned på trekket mitt frå pulken… Han snudde heilt om! Heilt uaktuelt meinte han! Pulken din er skitten!


Eg sa pliis mange gonga, for han var ein aggressiv austeruopear, eller i allefall aggressiv aksant på engelsken sin. Men det nytta ikkje. Han slemra igjen døra og for.

Fy. Eg kjende eg hata ansiktet hans, hah! Hadde det vore ein person med pulk som kom, er eg sikker på at han hadde tatt både pulken og meg oppå pulken sin! Der har dåke forskjellen på slappe egoistiske campervanfolk og rause skifolk!

Hehe neida. Men var ikkje so imponert.

Fekk snudd raseriet mitt til oppbyggande energi, so eg tok på meg pulkdraget og gjekk bastant nedover tunnelen. Og det gjekk fort! Ogso gjekk det sakte igjen. Blei veldig fort tungt.

Det var utrulig rart å gå nedover der. Og enda meir nedover, og enda lenger ned. Det einaste eg høyrde var ekkoet frå stega mine og pulken som blei dradd på asfalten. Og då eg kom enda lenger ned, var det dråpa som traff meg frå taket. Det lukta saltvatn. Og gongane eg stoppa opp, høyrde eg kun ekko frå dråpane og pusten min. Kor langt nede under havnivået er eg egentlig? Ka hadde skjedd om tunnellen hadde begynt å leke? Oppbyggande tankesett her eg går!


So begynte det å flate ut, og eg hadde passert to «snuplass»-skilt. Nei, eg skulle ikkje snu. I allefall ikkje her, det ville jo vore litt dumt. So eg fortsatte, og no blei det mykje tyngre, for no var det motbakke. Då blei det å ta eit steg i gangen. Komme fram til eit tempo som eg klarte å holde over tid. Veldig seint. Eit steg i gangen. Det går framover. Eg er snart på Nordkapp. Eg er faktisk snart på Nordkapp. Snart ligge eg i senga på Airbnb i Honningsvåg. Eg er snart heime og ligge i eiga seng. Snart heime til familie og vene. Snart nådd målet, draumen eg har hatt i mange år. Reisa som har vore heilt fantastisk bra, kan avsluttast no i dag!

Eit steg i gongen.

Ein sving vart synleg der oppe. Men den såg eg i sikkert i ein halv time før eg kom fram til den. So begynte det å lysne! Lyset i tunnellen! Eller nei, det var eit vogntog som hadde lys på… Enda ein luretopp…

Men der! Ja, lyset i tunnellen!

Ikkje mykje som gjekk gjennom haue mitt der. Berre å tygge, sjå inn i tunnellveggen og kjenne smaken av maten. I nuet heile tida no…

Pemikanpause. Og so kom eg på ein brilliant ide.

Eg la frå meg pulken rett ut for tunnellen! For eg trenge jo ikkje den vidare til Nordkapp! Eg kan heller hente den med taxi då eg kjem meg ned att! Eg vil jo fly bortover snøen no som eg ikkje må dragse på pulk!!

Og det gjorde eg.

So sjølv om eg sikkert var på felgane, strakk reservane til, og etappen frå tunnellen blei surrealistisk, men ein knallsterk og fantastisk opplevelse.

Opp fjella sa sjølvsagt både beina og lungene i frå, at no tar vi ut det siste, men eg visste at det ville gå.

Med dårleg retningssans, blei eg kjempeletta då eg såg globusen i det fjerne. Men også dette var ein luretopp, eller lureglobus. Det var mot Honningsvåg… Eller eg trur det, gadd ikkje sjekke.

Og nokre timar etterpå, kryssa eg vegen, og no følte eg meg endeleg trygg. No skulle eg berre følge vegen heilt til Nordkapp. Valde å gå på snøen med ski, for då slapp eg å bære skia, og jammen var det ikkje klabbing heller. I dag, ja idag går alt på skinner! Og jammen var eg ikkje åleine lenger. Titalls bussa for til og frå Nordkapp mens eg gjekk der, og mange artige bila som sikkert hadde både madrass og dass bak i.

So etterkvart som det spissa seg til i den sterke vinden, blei det brutale landskapet meir og meir dekka av hav.

Gjekk jo først ganske mange høgdemeter, for å komme opp på fjella. Men so var det gradvis nedover langs vegen. So var det oppatt like mange høgdemeter.

Og veiret blei surare og surare, med sludd i kasta.

Men no var det ikkje langt igjen!

Det var heilt rart. Eg hadde ingen tanka, var heilt tilstede i bobla. Og alt gjekk so fort, so sjølv 12 timar føltes kjappare enn å stå å vente ti minutt på ein buss. Eg var so oppslukt i det eg opplevde. Inntrykka raste inn i haue, kvart eit øyeblikk blei sugd inn, og dei forsvinne nok ikkje før eg sitte på gamleheimen og ser inn i veggen! Eg planla ingenting. Var heilt tilstede. Stor befrielse, som eg ikkje kjenne på i kvardagen der hjernen alltid er i planleggingsmodus for neste gjeremål.

So då eg kom meg over den siste høgda, og såg bussane som stod der laina opp ved eit senter, var eg der, 100%.

Og jammen var det mange folk! Mange snudde seg og lo og spurte om eg hadde gått heilt frå Honningsvåg på ski! Dei spurte på engelsk med tysk aksant. Då var det litt artig å kunne sei at ikkje for å skryte, men eg kjem frå botn av Norge! Eg kjende det var litt vanskelig å ikkje virke kry der eg kom kjempesliten og glad. Då blei dei so overraska, at å bli tatt bilde av ved globusen blei ikkje noke flaut å spørre om. Heller ikkje at eg sklei og fallt i vinden, so tok likeso godt biletet sånn, for eit bilete seie meir enn 1000 ord. Utmatta. Ferdig. Målet var nådd.

Nei, ikkje heilt enda, kan ikkje sovne her! Eg skulle jo ha bestilt taxi! Det hadde eg utsatt litt.

Eg spurde fleire sure sjåføra, og sjølv om dei inni bussen smilte og spurte meg i eit køyr om eg faktisk hadde gått hit, for det såg vel sånn ut, so var ikkje sjåførane like begeistra og slapp meg ikkje inn. Dei fleste campervan folka skulle overnatte eller vere her oppe i fleire timar, men so såg eg eit yngre par som hoppa inn i bubilen sin, og eg sprang etter.

Då fekk dei auge på meg gjennom ruta, og han i passasjersida gjekk ut og lo og sa på tysk englesken sin, at ja! Hopp inn, vi stikke!

Det var eit veldig kjekt ungt par der praten gjekk i eitt, og dei fortalde blant anna om mange uhell dei hadde hatt på turen sin frå Tyskland, so det hjalp ikkje akkurat på den uvante følelsen av å sitte på i eit motorisert køyretøy!

So då blei det ein skummel tur nedover mot Honningsvåg der eg følte vi kom til å skli ut av vegen for kvar sving vi tok. Skulle tru eg satt på med Solan Gundersen på veg ned frå Flåklypa!

Men det gjekk bra, god sjåfør! Og dei køyrde meg heilt til airbnb’en, gratis! Og eg som vurderte å bestille drosje for 2500kr…

Og der inne delte eg kjøkken med eit nyforelska tysk par eg delte fleire måltid med dei neste to dagane. Tredjehjulet på vogna, men det er greit! Dei køyrde meg til tunnellen for å hente pulken (vi køyrde nesten heilt opp til nordkapp først, fordi verken eg eller dei hadde mykje til retningssans, der vi pratte i eitt sett på kvelden, blant anna om meininga med dusken på luene her oppe i nord).

Tok buss til Alta to daga etter. Fly til oslo, med ein heisen pris på overlasta på pulken, som den stressa vakta hadde problem med å løfte. So fly til førde. Blei henta av mamma og pappa med norgesflagg og klem, og køyrd heim til huset mitt og eg kunne lande pladask i mi eiga seng og sove dei neste dagane, før alle kom heim til påskeferie.

Då var det slutt!

Nei, eg trur vi må ha eit lite innlegg om ei veke eller to, der eg vil takke for følget, skrive nokre refleksjona og følelsa eg sitte igjen med etter turen. Reaksjona og korleis det var å komme heim, men også vekene etter i forhold til både det fysiske og psykiske. For det e fort å undervurdere.

Og litt kort til slutt om ka eg anbefala andre, og ikkje anbefala i forhold til utstyr og sånn. Kan vere fint for dei som ynskje å gjere noko liknande ein gong i framtida. Dei skal få gjere sine tabba dei og, men det skada ikkje med nokre få tips. Og bittelitt om mat på slutten so klart.

Men vil kjapt skrive også her, at den største følelsen eg satt igjen med der eg låg i senga i Honningsvåg, varm, mett og utmatta.

Ja det var rein GLEDE OG TAKKNEMLIGHET!

Dag 132-136 (52-56): Lahpoluoppal – Stabbursdalen (Finnmarksvidda og Stabbursdalen nasjonalpark)

Sov so godt at eg gjekk grytidleg forbi huset til han rause 86-åringen, sikkert før han hadde stått opp. Litt dårleg samvet for å bryte opp uten eit so lite som farvel. Men sånn er det, hadde vel brukt nokre år om eg hadde blitt lenger med kvar ein person eg satte pris på. Ser jo litt no at eg faktisk kan rekke å vere heime til påske, som hadde vore veldig fint. Men eg har mange daga igjen enda, og med ein gong ein begynne å nemne ordet rekke Nordkapp, ja då er magien vekke, so viktig å fortsatt ta dag for dag og leve eventyret i nuet.

Ganske so lite innholdsrik dag igrunn, so då trenge eg ikkje skrive stort om den. Men kan jo nemne at eg no befinne meg på Finnmarksvidda, og dagens mål var neste fjellstove, Suossjavri. Scooterspor heile vegen, so lett tur, var berre å gå. Og ja, skal innrømme at magien faktisk var litt vekke, at eg beygnte å rekne på det, om eg kunne rekke å komme heim til påske… Hah! Jaja, tenke det skal bli mykje forskjellig å bryne seg på før eg står der ved igloen, med ein turist som fotograf, so blir nok dradd innatt i bobla igjen.

Fårikål, eller Villsau-i-kål på Primus! Det var lunsjen sin det!

Yr meldte mykje vind dei neste to kveldane. Derfor fohandsbooka eg både med han 86-åringen, og på Suossjavri. Men det blei jo heilt stille, skyfri himmel og nyedeleg telteveir med nordlys på kvelden. Og telt i nordlys på Finnarksvidda er jo ein ting å ha på lista si. So litt irritert over det, gjekk eg for enda ei fjellstoveovernatting. So er det jo noke med det å oppleve litt kultur også. Fint det og. For Suossjavri blei også eit veldig fint opphold då eg kom der so tidleg som klokka fire.

Der var det to vennepar på min alder som også nettopp hadde komt. Kjekt det. Men eg var heilt kokt då eg ankom hytta. Hadde ikkje smurt meg, so sikkert solbrent i kinna med eit sprengt ansiktsuttrykk. Blei masse sprørsmål både frå vertane og dei, mens eg kjende at eg egentlig helst ville ha litt ro til å komme meg før det sosiale slo til. Og like kjapt kom husmora inn med ei kokande gryte, og dei serverte ein kjend samisk tradisjonsrett, Bidos.


I det vi fekk servert gryta, som var omlag samme temperatur som det kokande ansiktet mitt, begynte venneparet å gi kvarandre gåva rundt bordet. Snakk om å vere femte hjul på kjerra! Eller bilen… Nei! Meir ubekvem der eg satt har eg vel nesten aldri følt meg, og eg skulle liksom nyte samisk tradisjonsmat. Er det noke eg lika mindre enn ein tom tallerken, so er det å ete den tom mens ein fortstatt er stressa!


I det eg skulle forsyne meg, og kona stod der so fint å var spent på om maten smakte, røyste eg meg brått og, ja, hah. Ikkje lenge etterpå, sov eg på rommet mitt i eit anna bygg, til det var begynt å mørkne. La merke til at det var to andre soverom i det bygget, so med kanskje litt utviklande sosial angst her ute, for om det kom til å bli ein lang kveld med det venneparet der, gjekk eg til bygget der maten blei servert. Men som ein ny person og kjempesvolten, for som dåke sikkert skjønte, fekk eg utsatt middagen eit par timar, kom eg innatt i stova. Der var ikkje lenger venneparet, for dei skulle berre ete middag, ikkje overnatte, og husmore gjekk for å varme oppatt gryta til meg. For ein lettelse å kjende på då. Hah! Eg skulda på at eg er sliten. Er jo egentlig glad i folk! Med stearinlys i vindauga og nordlys ute, sat ho seg med meg og vi pratte lenge, mens eg åt so ho måtte fylle på serveringsgryta både ein og to gongar.

So bidos-måltidet kunne ikkje blitt noke betre enn det blei. Av og til lønna det seg å røyse seg brått, og berre seie rett ut ka ein føle og ynskje, so ordna det seg!

Bidos var forøvrig ei gryte av langtidskokt reinsdyrkjøtt med poteter, grønsaker og kjøtkraft. Navnet Biđos ein av nordsamisk språk. Heilt ufatteleg god smak. Sikker grunna krafta er av kokt bein.

Eg såg såvidt prisen på tavla, og vi konkluderte begge med at fordi ho hadde fyllt oppatt gryta fleire gongar, hadde dei ikkje akkurat gått i pluss på dinna apetetitten min. Heldigvis for dei, skulle eg overnatte og, ikkje kun ha middag.


Praten gjekk i forskjellige greier, men spesielt interessant var at ho kom der i frå, og både mora og bestemora hadde drevet denne fjellstova, sikkert fleire ledd bakover og, om eg hugsa det rett. Ho kunne fortsatt hugse då ho var lita, at dei hadde litt kyr for mjelking og sau, som var eindel av maten til dei som kom. Og dei som var innom, var som oftast sama som dreiv med reinsdyr og måtte ha ei natt eller fem ly før dei reiste vidare.


Og lillebroren henna dreiv fjellstova som var lenger nord, som heite Mollisjok fjellstue, så det var reine familiebedrifta i fjellstovene her oppe!

Ho derimot, klarte å holde meg igjen på morningen før eg gjekk, so full i kaffi, bar det nordover på den isbelagte elva som kom frå den store innsjøen Lesjavri lenger nord.

Kanskje ikkje heilt isbelagt…

Det var også ein nokså fin og behageleg rute nordover. Og fordi yr meldte mindre vind denne kvelden, og det hadde vore roleg kveldane før, så sikta eg meg inn på teltovernatting litt forbi den store innsjøen.

Det kom ein scooter nedover elva som skulle til å passere meg. Eg helste og han stoppa, so eg spurde like so godt med ein gong om han tilfeldigvis var broren til ho som dreiv Suossjavri , og joda, det var det. Då blei eg bedd inn på fjellstua som var nokre timar der i frå. Han lovde meg bål til lunsjen.


So nokre timar seinare, ankom eg Mollisjok fjellstue, og lunsjen blei god av både det eine og det andre.

Og nederst på biletet, kan ein også sjå desse blodballane eg fekk i Kautokeino, Gumppus. So det blei ikkje veldig lange praten eg hadde med han broren, eller kanskje ein times tid, før eg køyrde på vidare, for kroppen hadde fått bra påfyll. Var like før eg skreiv under på ein sommarjobb-kontrakt som gjekk ut på å vere skogsarbeidar her oppe for å sanke inn ved til både hytte og badstue. So lurt å gå vidare før eg blei verandes! Det er fort å romantisere både det eine og det andre her ein går!


Men før vi går over innsjøen Jesavri, vil eg fortelle bittelitt historie om fjellstovene. For denne, Mollisjok fjellstova, om eg forstår ditta rett då… er faktisk historisk, med at ho er ein av dei tre statlige fjellstovene som er siste rest av eit 900 år gammalt statlig fjellstovesystem.

Det har seg slik (ifølge google)

«en av de norske kongesagaene, Morkinnskinna, etablerte kong Øystein fjellstuene og fjellstueoppsitteren som et statlig ansvar i år 1115.

Kong Øystein var norsk konge i 20 år og regjerte sammen med sin bror Sigurd.

I slaget på Stiklestad i år 1030, tok høvdingen Tore Hund livet av kong Olav Haraldsson. Da Olav ble hellig, startet det pilgrimsvandring til Nidarosdomen. I Norge var det ikke losji i fjellet den gang, slik som i Alpene, og enkelte pilgrimer frøs i hjel på sin ferd over Dovrefjell.

Det tok Kong Øystein konsekvensen av, og etablerte fjellstuer på Dovre. Fjellstuene ble et nødvendig skjul for vær og vind, og hindret folk fra å fryse i hjelp på sin ferd til Nidaros.

Frem til år 1400 ble det etablert fjellstuer over store deler av landet.

Nord i landet var sikkerhet for reindrifta et mål med fjellstuene. Fjellstuene hadde alle en «folkestue». Det var reindriftas stue. Der kunne reingjeterne komme i seg i le, tørke sennegras og tilberede mat.

Etter hvert som snøscooteren ble tatt i bruk utover på 1970 og 80-tallet avtok reindriftas behov for losj og det blei etterkvart «allemannseie».

So med det kan vi komme oss tilbake på sporet, og vandre vidare. Eindel snøscootera passerte meg, men faktisk var det slik at han som drive på Mollisjok, helst ønskte skifolk, ikkje scooterfolk. Han miena at skifolk legge seg tidlegare og er lettare å ha med å gjere, enn scooterfolka som kanskje har litt meir overskot og andre planer for kvelden der, enn å ta det med ro og ganske tidleg slokne på puta. Og han hadde visst nok av skifolk gjennom vinteren. Om dei er kjekkare enn scooterfolk kan ein heller bedømme sjølv.

Då har vi fått sjå ku og!


Han fekk frista meg til å overnatte der grunna den sterke vinden som plutseleg dukka opp på meldingane (som forandra seg kvar 6. time). Vind vind vind! Søren eg er so lei av det ordet. Må alltid ta hensyn til den hersens vinden som ikkje har noke særleg til motstand her ute på den flate vidda. Då eg skulle til å gå ut på isen, med den tilsynskua på stolpen, blei vinden sterkare og sterkare. Og etterkvart som dei 10 kilometerane blei unnagjort og eg kom meg over på den andre sida, såg det jammen dårleg ut med le. Han meinte jo at eg ville finne det her!

Det begynte å mørkne, og eg som har litt trauma likte ikkje situasjonen. Dinna leen fann eg ikkje, og det var begynt bli over leggetid. Gjekk forbi ein stor stein som såg litt lovandes ut, og bak den var det faktisk litt «le».

Eg brukte vel tjue til tretti minutt for å grave til ein god plass til teltet bak steinen, men hadde ikkje heilt trua. Då eg prøvde å sette det opp, skjønte eg at det var tapsprosjekt. Med elendig feste i grunnen, gruna berget steinen stod på, og snøen ikkje var god å pakke hard nok rundt pluggane, måtte eg innsjå at slaget var tapt. Pakka i hop og gjekk vidare.

Fann ikkje le, so det blei å sette det opp i sterk vind ute på vidda. Steike det altso! Den natta eg skal sove i telt, ja då skal det sjølvsagt vere vind! Kjende eg var litt fortvila der eg balte med teltet. Men mestringsfølelsen av å sette det opp skikkeleg, gjere ting solid og rett. Ja, den er god å kjenne på når ein har kome seg inn i soveposen. Favorittpemikanen, lam frå Holmedal, kom på kok, blanda med elgesteiken og diverse grønsake, smør og potetmos.

Det er av og til i slike situasjona, at eg lure på om eg har fått smaken på noke litt meir ekstremt. At det å bruke sopass mykje krefte på å tilfredsstille noke so elementert som ly, varme og mat, at det faktisk gir ein so utrulig stor både meiningsfølelse og tilfredshet, som eg ikkje klare å komme fram til i samfunnet vi leve i idag. Ein skulle jo tru at å sleppe å tenke på desse elementære behova, førte til eit lykkelegare og betre liv. Nei! Det der er ikkje til å bli klok på!

Men skal innrømme at det ikkje blei so god søvn. So dagen etter blei ein litt trøtt dag. Kom meg etter nokre timar til neste fjellstove, Joatkajavri, som også var kjempefin. Der var det ganske mange folk, og dei var i full gong med buffetfrukosten. Eg derimot var litt usikker på ka eg skulle gjere, grunna dei dårlege meldingane yr viste.

Eg pratte med husmora der som eigentleg var meir opptatt av å få egga perfekt kokte, enn å snakke om veivalg vidare over vidda. So då prøvde eg heller å prate med nokre guidar som var der for ei mindre gruppe. Dei hadde aldri gått lenger nord, so dei visste ikkje, men anbefalte ikkje å gå desse kommande dagane.


Fekk så nummeret til ein kar i kommunen som hadde god peiling. Dessverre var det ikkje meir scooterspor vidare, gjennom Stabbursdalen. So å vabbe i djup laussnø ville bli heise tungt. Men viss eg klarte å holde høgda, opp på fjelltoppane, så skulle eg kunne gå oppå snøen, for der hadde vinden gjort den hard. Uansvarleg var det ikkje å gå vidare meinte han, men heise utrivelig.


Eg valde då å gå vidare.

Etter nokre timar, kryssa eg ned mot ei DNT hytte, Bojobæskihytta, og klokka var då blitt tre. Der blei det eit godt måltid, og grunna klabbinga og den kjempetunge snøen å gå i, tenkte eg å slå meg til ro der. Fekk så melding frå pappa, at anten måtte eg komme meg til ei gamme i enden av Stabbursdalen i mårå kveld, og bli der ein dag, eller so måtte eg bli på denne DNT hytta i tre dagar. For vinden gjorde det uaktuelt å ferdast ute på dag to. Vanskelig å henge med her!

Trøtt og sleten, so gjekk for det siste. Sjekka boka, og ja, det er jo folk på denne hytta ein gong pr 14- dag. Sjansane er kjempesmå for at eg må dele denne lissje bua her med nokon andre, og eg kan sikkert legge meg so tidleg som klokka åtte! Høyre på lydbok og roleg musikk og la inntrykka synke inn… Det hadde vore utrulig deilig.

Men midt i pemikanmåltidet, banka det på døra, og fem stk frå Alta univiersitet, fulle av energi og jubel for å komme seg inn i hytta, skulle vere der til dagen etter. Då ombestemte eg meg på brøkdelen av eit sekund, og fekk pakka ned alt og tatt oppvasken mens vi pratte høglydt ilag og lo av forskjellige ting eg egentlig ikkje hadde heilt overskot til å le av. Hadde heldigvis fått tørka fellene mine, so dei klabba ikkje då eg begynte å gå vidare.

Det virka som kjempe kjekke folk altso, dei som skulle vere der. Men eg kjende meg so trøtt. Skal innrømme at det gjekk utover eventyrlysta også. Eg skulle nok ha tatt meg nokre dagar pause, for å få tilbake energien og iveren etter å vere på eventyr, for no sat eg meir pris på ro og fred, enn spenninga som alltid kom.


Men fekk faktisk godfølelsen der eg gjekk på kvelden, og då eg kom i enden av det store vatnet før dalen starta, gjekk det tre skispor til høgre for elva og inn i skogen. So etter nokre strabasiøse tak i djup snø med elendige spor, satt eg opp teltet nede i le, bak denne store skavlen eg holdt på å falle ned, ute i mørket.

Pulken er bra forsøkskanin.

Såg på kartet at vestsida av elva hadde vore mykje betre å gå, grunna fjellformasjonane. Får prøve å krysse elva i mårå, tenkte eg før eg sovna med skia som selskap, for å minke sjansane for klabb. (Hindre ising på fellene).

Morningen etter gjekk eg so tidleg som halv seks ned til elva for å krysse. Men nei, det var ikkje sterk nok is. Prøvde litt lenger nede og oppe, men eg turde ikkje krysse når store dela av elva var fri for is… So då blei det austsida!
(Sett tilbake, skulle eg heller berre gått heilt tilbake og kryssa isen på vatnet for å komme over til vestsida…)

Kom meg opp i høgda etter å ha vabba lenge i den djupe snøen. Skispora frå dagen før gjekk rett aust, mot Lakselv, so med mindre eg hadde lyst innom der og gå mykje på veg, så var det ikkje vits å følge dei lenger.

Heldigvis klabba det ikkje, og oppe i høgda på toppen av fjella, var det sopass avblese at snøen bar meg. Men vinden var der enda, veldig tilstede i dei harde kasta, so pulken blei flippa kanskje tjue gongar. Drit lei av det, prøvde eg å ha all vekta på høgresida av pulken, men det hjalp ingenting.

Skar som dette møtte eg også på, der eg måtte gå store omvega i djup snø for å komme vidare.

Stabbursdalen er faktisk ein nasjonalpark i seg sjølv. Den har veldig interessant kvartærgeologi som vise innlandsisens bevegelsa og arbeid i siste istid. Derfor mange spesielle formasjona. So etter åtte tima med kriging mot vind oppe i høgda, valde eg å ta ned igjen under skoggrensa for å sikte meg inn på gamma som var målet.

Skal innrømme at kreftene var sopass oppbrukt at denne dagen var det meir frustrasjon og utmattelse eg kjende på, enn godfølelse og optimisme. For kvart vindkast som flippa pulken, dårleg veivalg, pisking i ansiktet, blindeføre og trynings på knallhard skare, so eg kjende smerte frå halebeinet langt opp i ganen, ja då var det sinnet som bygde seg opp, ikkje galgenhumoren.


Men å renne nedover dette usikre juvet eg fann, som eg håpte på ville føre meg til gamma, blei hakket meir spennande enn ønska. Det hadde sikkert vore veldig artig, hadde eg hatt meir krefte, men no handla det meir om å halde ut.

Og mange dristige valg blei tatt for å komme seg ned i terrenget. Snøen verka solid i skavlane og dei bratte henga, so dumdristig var det ikkje.

Lenger nede blei det mindre og mindre snø, og elva var begynt å opne seg, fri for is. So etterkvart blei det slalom på snøbruene og dei karakteristiske berga.

Sola kom også, og vinden var ikkje like sterk her nede, so det var nesten so godhumøret kom tilbake og!

Veldig spesiell opplevelse, å ta seg gjennom terrenget her nede. Eg kjende alltid på ei spenning for ka som venta rundt neste sving, og eg brukte fraktisk to timar på å komme meg vidare gjennom desse juva, Aldojohka til Njahkajohka.

Fossefall var noke av det som var verst å møte på. Det var fleire av dei, og spesielt ein, der eg følte litt på roen og gleden i forkant, men den forsvann fort då eg såg at det var fem meter ned til neste nivå.

Pulken er alltid førstemann i sånne parti. Går det bra å sende den ned, ja då rende eg utfor eg og. Sånt er artig på topptur, med ein god kameratgjeng på skikkeleg utstyr. Her var det ikkje artig.

Men det er fort å gløyme at det alltid kan bli verre når ein drive på sånn. For då det omsider hadde begynt å flata ut, vart det enda mindre snø. Det var ikkje lenger is på elva som hadde blitt breiare.

Til slutt måtte eg bite i det sure eplet, og rett og slett gå over fjellhøgda Suolovarri, som var bart, rett ned på lyngen. So var eg endå ikkje komen i kjellaren, vil eg påstå at eg kunne kjenne lukta av ho då, for det blei eit par tunge timar drakamp med pulken til steinar og vegetasjon som friksjon.

So då tenkte eg at no begynne virkelig eventyret å miste sin sjarm. Det her er reint slit! Nei, no vil eg faktisk berre komme meg fram til Nordkapp, for å kunne vakne opp i mi eiga seng, etter ti døgn med søvn.

Over på andre sida var det litt meir snø, og eg kunne sjå på kartet at det kun var 8km igjen til gamma i det fjerne. Men for å komme dit, måtte eg krysse den store elva, Rautusjoki, eller Stabburselva på norsk. Den var jo open lenger nede, so spenninga var stor, om eg måtte flyte over med pulken som båt, eller om det var trygg is der.

Og som vist på biletet nedanfor, var det heldivis is. Men voldsomme berg på andre sida, som ville vore veldig vanskeleg å klatre i, gjorde til at eg måtte gå langt lenger sørover.

Luretopp er eit vanleg fenomen på topptur. Luretopp er for snilt til denne dagen. Den var full av svik! Svik frå naturen! Eg blei ikkje å le av at den lurte meg gong på gong.

Og etterkvart som berga blei lågare, blei det mindre is også. Motet mitt starta å gå frå meg, og eg lurte på om eg måtte slå telt der på den sida, og heller krysse lenger oppe dagen etter. Men det skulle jo bli storm då, so eg måtte komme meg til gamma!

Eg tok faktisk ikkje bilete der eg kom meg ned for å krysse elva. Kanskje for å ikkje ha minne til kor uklokt det var, men eg kom meg faktisk over, og opp på andre sida, sjølv om det var heise bratt og eg var usikker på om eg fekk kroppen til å bestemme seg for å ta dei siste stega.

So då eg kom meg opp på høgda på vestsida av elva, og såg gamma eg skulle få overnatte i. Datt eg faktisk i hop og grein av lettelse. Sjølv om eg var letta for å vere komen fram, var eg so utmatta at gleden først kom dagen etter då eg tok ein kviledag i blesten.

Og sjå på det her. Det er ufattelig kult. Norge på Langs har so utrulig mykje forskjellig å by på. Ja, eg kjenne i allefall at eg leve, både i ein berg og dalbane i følelsa og i det eg får oppleve.

Fekk fyr i ovnen og ting på tørk.

Og måltidet blei ein draum, som fortsette i det eg la meg på liggeunderlaget på eine benken som var i grei høgde, opp frå det kalde gulvet som heilt sikkert ikkje hadde varmekaplar.

Å ligge der inne i den kjempespesielle gamma mens vinden ula ute, kjendes heilt utrulig. Det var ikkje eit einaste vindkast inne i gamma, som var isolert med torva på veggane og taket med desse stokkane som underlag. Heilt nydelig, sjølv om eg kjende meg sårbar der ute heilt åleine.

For ensomhet har eg ikkje kjendt noke særleg på, men då eg var so sleten som det der, og det ikkje var dekning der oppe, kjende eg meg faktisk litt åleine under kviledagen.

Eg merka det til og med i måten eg skrive på, at eg ikkje er like munter, vil berre få skrevet ka eg følte, uten å gidde å skrive noke ironisk attmed.

So hah, eg kan like so godt berre fortsette i det leiet, for veden som eg kappa av den store haugen på utsida, og kløyvde med øksa var ikkje mykje tørr!

So det blei mykje flisespikking, for å få til noke fyr. Og brennverdien var ikkje veldig å skryte av.

Det var litt trist å forlate Bastinggammen, gamma som er goahti på samisk, men veiret var nokså gunstig å til å gå vidare.

Og siste dagen av dette innlegget, oppsummera eg berre med å skrive at det var god medvind! Fortsatt sliten og litt støl i kroppen, men det bar seg framover. Etterkvart blei det scooterspor også, og Skaidi dukka opp i det fjerne, etter ein åtte-ti timers marsj.

Og i det fjerne kunne eg skimte havet for første gong, kanskje på heile Norge på langs? Bortsett frå Lindesnes då…

Nede igjen i sivilisasjonen var det berre å skaffe seg nøkkel til rommet på motellet, og kjøpe seg noke kvit fisk og smør på butikken, for pemikan kunne vente til siste innspurt av det her som eg etterkvart skjøna er eit spinnvilt opplegg…

Då er det kun tre til åtte dagar igjen til Nordkapp, alt ettersom hehe. Det blir i allefall kun eit innlegg til, så får håpe enden er god. Kanskje eg burde ta nokre dagar kvile her på Skaidi før eg tar siste etappe, for det er meldt so heise mykje vind dei kommande dagane, og ikkje minst klabbeføre. Men å dette sammen her inne på dette rommet no nokre dagar, gjere kanskje til at adrenalinet som kroppen min er full av no, roa ned, og det bryte ut både sjukdom og utmattelse om ein lar kroppen få gå inn i dvalemoduset for tidleg.

Siste innspurt blir nok spesiell uansett, men den blir nok endå sterkare om ein føle seg sliten og svak. Emosjonelle kjensle kan vel forsterke enden på det heile, og sette ekstra spor i minna i åra framover, so eg landa nok på å gå vidare, so får det heller briste eller bære.

God natt. Og fortsatt takk for følget! No er vi snart ved enden!

Dag 128-131 (48-51): Hirvasvupio-Kautokeino


Nesten i Kautokeino no! Litt artig å ha gått dit! Og det var ei so veldig fin scooterløype, so det skulle gå fint.

Fekk rydda meg ut av den flotte tømmerkoia, spente på meg skia og bar ut på den flotte løypa som skulle ta meg ut av Finland igjen. Virkelig ein ro å vandre i ditta frie landskapet, so flatt at ein kan sjå longt av sted. Og blikket kan kvile på det kvite udetaljerte snødekket.



Og eindel koselege små, men sikkert gamle bjørke som kler snøen. Rekna med det er reinen, vinden og kulden som helde den litt i sjakk, so det ikkje blir skog overalt.

Etter to-tre tima gåing, sjekka eg gps’en der eg sette meg ned på pulken og hadde ein so fin ro. Hæ?! Nei føy! Her har eg jo fulgt det einaste scootersporet som var å følge! Eg har jo faktisk gått sørover nedover Finland! Litt stressa går eg rett ut i terrenget for å avskjære mot Kautokeino, men snøen er 80cm sukker rett ned til lyngen, so det var uaktuelt å gå utan løype. Gjekk derfor tilbake igjen. Hah! Nei, må alltid vere påskrudd her, so ein kjem seg framover. Eller i allefall ikkje heilt avskrudd!

Men det verste var at då eg kom tilbake eit par tima etter, nermare rundt lunsj, so var det altso kun det her sporet. So eg ringde dei i på Airbnb’en eg hadde leigd i Kautokeino, om det ikkje var noke scooterspor til dei, frå Hirvasvupio! Nei det hadde dei ikkje peiling på. Men eg fekk nummer til ein kjentmann. Han gav meg igjen nummeret til ein norsk same som dreiv med reinsdyr lengst vest mot Finland. Og han fekk eg faktisk tak i. «Ney, der er det ingen scooterløypa, ney. Vi trenger ikke det, vi driver ikke reinen inn i Finland…»

Trøstefyring etter 10min sukkesnø vabbing.


Kjende det romantiske med å gå i urørt natur mista fort sin sjarm då kvart steg blei som å gå på åtte tjukkesar i gymsalen so du seig so langt ned at låra skreik i syre. 1-2km/t mot 6km/t på scooterløype. Jaja, eg har jo ingen tidsfrist på meg, so tid er relativt her oppe. Derfor fyrte eg eit bål og lunsj, før blodsukkeret sank like lavt som skia i sukkersnøen.

Hah, var no litt aritg og. Det å vabba i sukkersnø for meg sjølv, frå Finland til Noreg. Ut på tur der ingen ferdes! Den stipla sommarruta var jo ikkje noko meir nedtrakka enn resten av terrenget, so kanskje var det ingen som hadde gått her heile vinteren. So no følte eg virkelig eg var i villmark! Definisjonen på villmark er visst 5km uten menneskelig inngrep i form av infrastruktur. 5km er ikkje mykje. Likevel er det berre 10% av Noreg som faktisk kan kallast villmark. Og for hundre år sidan var det heile 50%! So det er berre å nytte på mens ein kan! No gjekk eg forøvrig i Finland då…

Og eit godt stykke ut på dag kom eg jammen meg ein gul varde som ein ikkje kunne ta feil av.

Og sjå der! Riksgrensegjerde! Då var eg komen til Noreg!

Og etter litt kom eg på nokre reinsdyrspor og faktisk scooterløyper, men etter litt gåing utan å sjå på kompasset, hadde spora tatt meg langt sørover igjen… Frustrerande greier. Retningssansen likna jo ein sau her eg går uten referansepunkt. Eller mykje verre enn sau. Trur faktisk dei har god retningssans, når eg tenke meg om…


Blei eindel hit og dit. Men so såg eg opp på himmelen, at eit fly tok ein skikkelig u-sving. So det var ikkje berre eg som streva med retningsansen her ute.

Og ved hyttene på Goahteluoppal, so var det altso scooterløyper resten til Kautokeino. Det hadde forsåvidt samen informert meg om på telefonen. So eg var ikkje heilt utan håp.

Det var begynt å mørkne då eg ankom den stølen eller fjellgarden, so primusmiddagen eg åt her blei litt kjapp, for den hytta som vist på biletet blei berre skumlare og skumlare etterkvart som mørket tok over… Nei! Komme seg vidare før det enda med at gjenferd kjem ut og vil ha noke middag, dei og!

Litt flott scootertrasking i solnedgong før eg sat opp teltet mitt i sporet på eit vatn, for der var det godt feste for pluggane.

Dagen etter var det meir grått, men godt å komme i gong. kl 6 var eg faktisk i farta, tilfelle det skulle komme ein heil flokk med rensdyr og sama. Eg ville ikkje vere til bry for den slags! Og faktisk såg eg eindel reinsdyr etterkvart der eg gjekk. Flotte dyr.


Presenninga og kle som hang opp på løypene. Det fekk eg vite seinare var for å senke farten på reinsdyra som gjekk altfor fort på scooterløypene. Ikkje eit forsøk på å tørke klesvasken på vidda.


Og då var det ei stor elv eg hadde gått den siste timen på, som tok meg gjennom tettstedet Kautokeino. 3000 folk bur det her. Det er ikkje stort. Eller jo forresten. Kautokeino kommune, er den største kommunen i heile Noreg! So kom ikkje her og fortell at Kautokeino er lite! Og jammen er det ikkje alle som kan sei at dei har ei elv som hovedgate! Sikkert lite vedlikehold og.



Airbnb’en eg hadde leigd to overnattinga på, hadde villsau. Var derfor eg valde den. So eg speida etter nokre brekande ullskikkelsa der eg gjekk på isen. Og joda, der var heimen, og jammen var det scooterspor heilt opp til døra. Trur scooter blir meir brukt her enn bil!



Får innrømme at det var godt å komme seg inn i ein liten hybel. Dusj, klesvask og ting til tørk var ikkje feil. Det har jo vore eit veirskifte no heilt sida eg kom opp til Troms, altso mykje mildare. Derfor trenge eg ikkje å bry meg med å unngå dusj for å opprettholde feittlaget mot kulda, som var i første delen av turen. Men noko finare blei eg ikkje. Det skeivtvoksande skjegget og håret utan fasong, forandra seg ikkje stort.


So var det jammen ein TV der, med MAX innlogga. Hmm, Knight of the Seven Kingdoms… Kunne vore god avkopling… Men nei! Den skal sjåast heime med skikkelig lyd, og Kautokeino skulle sjekkast ut!

Men det var igrunn ikkje so mykje å sjekke ut faktisk. Tettstaden var ikkje store biten å rekke over, sjølv med pulk på slep. Eg trudde jo det var eit stort senter eller i det minste eit telt der eg kunne få kjøpt noko lokal mat! Og spesielt om det hadde vore noke klesplagg eller sko, sydd av ei koseleg samisk dame som hadde lært handverket av mora eller bestemora si. Men nei, til og med knivfabrikken der var nedlagt!


Jaja, eg skal ikkje klage. Eg vil jo ikkje ha masse turistgreier heime der eg bur, so då kan eg ikkje forvente at det skal vere reine disneyland her oppe heller. Og det var no litt forskjellig, som gullsmed og sånn. Men når ein er singel, sleppe ein å gå inn på sånne dyre butikka. Og sportsbutikken var god der eg fekk kjøpt meg ein ordentleg samekniv, laga i Karasjok, i ein litt mindre skala enn dei store for å spare vekt. Hadde jo nettopp knekt den eg hadde, so det passa bra. Men no fekk eg jo nettopp ein fin samekniv heime frå speidargruppa, men den var so tung, at ein mindre var å foretrekke her på tur. So fekk pulken fekk seg ein oppskeining av sjefen sjølv.

Raud kyrkje dei operera med her. Det er jo snø her heile tida, so raudt er nok betre enn kvitt ja.


So var det litt artig, for eg ønskte jo å handle noko lokalt reinsdyrkjøt. Men det var ikkje enkelt. Søkte eindel på nett og spurde folk på gata, men nei. Dei meinte at her har alle reinskjøt i frysen sin, so den som ville prøve å selge det, ville nok ikkje få solgt anna enn frysen sin!

Gav litt opp det prosjektet, kunne jo kjøpe eit stykke på Rema, sjølv om eg syns det er mykje meir spesielt å kjøpe direkte no som eg faktisk er her oppe.

Stakk innom ein byggbutikk for å kjøpe ein ny ladekabel til mobilen min. Fekk auge på ein kar som såg veldig ut som ein bergensar grunna bykledene og byfrisyren. Hah! Då han kom bort i kassa snakka han faktisk bergensar. Søren so lang tid han bruka. Eg skal jo berre ha den ladekabelen her… Då det endeleg var min tur, nemnte eg det med reinskjøt til dei i kassa. Nei, dei har vel noke nede på rema 1000 sa dei litt uinteressert. Men trur dåke ikkje at han bergensaren derimot, stoppa i døra og snudde seg og gliste?! «Skarru ha rrreeinskjøt?» Spurte han på innbarka bergensardialekt.

Og før eg visste ordet av det, so sat eg på i bilen hans og vi køyrde eit stykke opp i feltet. Han var turnuslege her oppe. Eg takka han veldig for at han gjorde dette, og då svarte han veldig enkelt «Neeei, eg hadde dagen frrri, så å hjelpe nomaaadarr med å skaffe seg rreeeinskjøt, varr jo ein grrrei måte å få tiden til å gå på». Vi lo begge to.

Vi parkerte ved eit hus der det stod ei samisk dame som jammen meg tok oss med inn og opna ein frysar som var full av reinskjøt. Kjøpe rett frå bonden, det er meir min stil, ikkje Rema 1000. Då sleppe ein dessa mellomledda, og ho var ei koseleg dame som var stolt over det ho viste fram. Dei hadde drevet med rein i generasjona. So her var det både kokekjøt, skav, røyka og speke, og litt vel salt reinsrull!

reinsdyr, villsau, pemikan og tørka frukt. Sees på nordpolen!


Der kjøpte eg litt mykje, so med tanke på at eg i tillegg henta ut ny 9kg pemikanpakke frå posten, tilsendt frå pappa heime, blei pulken i tyngste laget då eg skulle gå vidare. Hadde jo kjøpt litt andre ting og, og hadde rukke å fyllt kjøleskåpet med frukt og grønsake den dagen, so ja, plutselig vog nok maten i pulken meir enn alt det andre til saman.


kom i prat med dei eg leigde airbnb’en med også. Ho var frå samisk opphav og dei hadde drevet med reinsdyr i generasjona dei og, og eg trur det var helga etter, so skulle dei jammen temme ein rein for å bruke den til å dra slede. So det var litt synd det ikkje var den helga eg var der. Men so skulle det vere samisk melodi grand prix her i kautokeino samme helga, so tenke det var greit det ikkje var den helga eg var der likevel.

Dei fekk litt fenalår frå meg og eg fekk villsau kokekjøt frå dei. Og gumppus, samisk tradisjonsmat, som fekk hedersplass i pulken. Det var nokre ballar, laga av blod og talg og sånn. Var visst vanleg å ete det med tyttebær, for då auka inntaket av jernet frå blodet. Ikkje rart desse samane har hatt utholdenhet til å gå på ski etter rensdyrflokkane sine opp gjennom åra!

På kvelden var eg igrunn nokså køyrd, og kvapp til i det telefonen ringde. Det var bussjåføren frå Mo i Rana som dreiv radio. Og då var det ikkje lenge før eg blei intervjua der, litt lenger denne gongen. For det var so mange som hadde spurt han både på bussen og i gata om han hadde høyrt noke frå han som gjekk Norge på Langs med ei ski! Artig det. Meir fornøgd med dette intervjuet.

Der har vi den nye kniven. Stolt. Dyr var den og. Og det blei kokt reinskjøt ilag med ein heil pose kokt beinmarg, som blei sugd ut i rein satisfaction.

Fekk lese litt om Kautokeino før eg sovna. Og heller ikkje det har vore eit unntak frå den tragiske historia. Eg har stor respekt for samisk kultur, bl a grunna deira tradisjona for å leve av naturen.

Eg tar derfor å lime inn rett frå google, for eg syns det er greit å bli påminnt om litt historie.

På 1800-tallet ble arbeidet for å «sivilisere» samene gjennom en blanding av fornorskning og religiøs oppdragelse, der målet var å innlemme dem i den norske stat. 

Innføringen av kristendommen i Kautokeino skjedde over lang tid, ofte gjennom tvang fra statens side. Samisk religion (sjamanisme) ble aktivt motarbeidet, og noaider (samiske sjamaner) ble forfulgt, inkludert beslagleggelse av sjamantrommer.

Den første kirken i Kautokeino ble bygget rundt 1650, og en ny kirke ble reist i 1701–1703 med svenske midler, noe som gjenspeilet datidens grenseoverskridende svenske ambisjoner i området.

  • Kautokeino-opprøret (1852): Dette er et av de mørkeste kapitlene i samisk historie. Opprøret var en reaksjon på sosial undertrykkelse, kulturell forakt og en streng, statlig kirkelig forvaltning.
  • Vekkelse og fanatisme: En sterk læstadiansk vekkelse preget området på 1850-tallet. En gruppe samer utviklet en radikal form for denne troen, som førte til at de gjorde opprør mot lokale autoriteter.
  • Tragisk utfall: Opprøret endte med at to personer (handelsmannen og presten) ble drept, og flere ble skadet. De ansvarlige samiske opprørerne ble straffet hardt, to ble henrettet ved halshugging i 1854, noe som understreker det tragiske aspektet.

    Synd at menneske skal utnytte religion til å få meir makt og rikdom.

Anbefala filmen «Kautokeino-opprøret».


Med det kan vi legge Kautokeino bak oss, og ta fatt på den 4 mil lange dagen som skulle for det meste gå på den delvis isbelagte elva nordover.

Og det var på ein laurdag. Over 100 scootera køyrde der, fordi det var ein årleg, eller vekeleg greie, ikkje veit eg kor ofte dei hadde det. Men dei kalte det Pokerrun. Noken stasjona ute langs elva, var noke kortspelgreier, og på kvelden var det premieutdeling og sikkert noke fest. Det blei mykje helsing! Nesten overbelastning i skuldrane mine til slutt!

Om ein ser dei to spora der, so tok eg til høgre, for det var slutt på is. Etter 20min gåing oppover, kom det to scootera. «Nu tur æ du har gått feyl!» Haha vi lo godt. Det var nokre samar som skulle opp å sjå til ein skada reinskalv oppe på vidda. Det skulle vore artig å vore med tenkte eg, men er jo greit å nå fram til den fjellgarden eg skal overnatte på, før det blir altfor seint.

Så eg gjekk tilbake og ut att på isen. Klare jammen meg å gå feil når eg skal gå på ei elv i fire mil også…

Dei traff på meg seinare også desse to samane som heller såg til dyra sine enn å vere med på pokerrun. Reinskalven var friskmeldt så det blei ingen slakting heldigvis. Voldsomt flotte den sleden dei hadde. Den hadde vart i fleire generasjona. Og kikkertetuiet av skinn, sikkert laga sjølv.

So passerte eg nokre hus som såg ut til å trenge ein snekker.

Og eit anna, som såg ut til å prøve å gjømme seg bak tre tre.

Høyres kjedeleg ut å gå på ei elv fire mil, tok jo meg 12 timar. Men nei, det var heilt nydeleg. Traff på tre stk som gjekk på Alta folkehøgskule. Dei gjekk frå karasjok, over finnmarksvidda og ned til kautokeino. Han eine skulle faktisk prøve seg på norge på langs på sommarstid, allerede veka etter skuleslutt. Eg spurde om han ville gjere det med andre. Nei! Åleine! Sa han og dei to andre lo.

Og litt ut på dag stoppa eg opp for å ete. Faktisk frå eg var i fart og stoppa, til reinsdyrkjøtet med 200g smør og litt grønsake var ferdig stekt, på primusen, hadde det berre gått 3,5 minutt! Fy søren! Eg har blitt so effektiv med denne primusfyringa at det ryke lang veg! «Oi norge på langs! Du må vere i knallform!» «å det veit eg ikkje, men eg har blitt ein reser på primus!»

Vått vart det etterkvart også. Off, mykje betre med 20 minus enn plussgrader…

Løypa tok meg til slutt opp på vidda,

So flott å gå der, at det er ikkje til å beskrive.

Og eg kom til slutt ned ved vegen til fjellgarden, som var over 100 år gammal. Lahpoluoppal, heitte plassen med kanskje fem hus.

Der var det ein 86 åring som dreiv plassen. Han hadde gjort det i mange mange år. Var oppsynsmann også då han var yngre, så han kjende naturen her betre enn bukselomma si. Og her kan dåke sjå at han var i full gong med å måke snøen uttafor utedassen, til meg. Det hadde visst ikkje vore folk der å overnatta på fleire månedar.

Følte meg som ein konge der eg fekk alt servert på sølvfat.

Og eg som hadde kjøpt litt for mykje reinsdyrkjøt, fekk bytta til meg noko elgkjøt med han, for han skaut jammen fortsatt elg i alder av 86 år. Som vist på biletet, fallt både den litt vel salta reinsrullen og pemikanen i smak, so det blei gjort ein god deal for begge to.

Han lo godt då eg i tillegg sat gryta på kok med villsau. Eg ville koke det i tre tima, for å kunne ha mange porsjona i pulken klar til å varmast opp ute på tur.

Alle som har vore her opp gjennom åra som går desse turane, ja dei har styra med desse posane sine, sa han på den nordnorske dialekta si. Du derimot, du har pulken full av tørka og kokt kjøt! Sa han, nokså begeistra, for han gjorde det samme, til alle jaktturane sine på vidda. Dei sov som regel i telt då ei var på elgejakt. DET er jakt det. Fleire overnattingar, og til slutt få skutt elgen, for so å partere den og bære den heim i rammesekkane sine. Han lo godt då eg nemnde termisk bøjakt med traktoren klar. Termisk hadde han ikkje, og skulle aldri ha det heller. Og sånn real turmat eller toro grønsakssuppe hadde han visst prøvd ein gong, men då blei han lei før posen var tom, og like svolten, men oppblåst gjekk han ufornøgd vidare.

Det blei mykje prating! Og han viste meg bilete av elgejakt blant anna, og han kunne faktisk fortelle meg at den Hirvasvupio hytta eg overnatta på, altso den tømmerkoia hadde vore ein heim for lenge sida, til sama som dreiv reinsdyr. Og kona gjekk ofte til Kautokeino på ski for å handle varer. Dessverre førte spriten ho av og til fekk i bytte med varene sine, til ein trist slutt, for to av herrane skaut kvarandre i drukkenskap, so det endte i tragedie og plassen blei etterkvart fråflytta. Kan ikkje sei at spriten har noko konstruktiv historie her oppe i nord.

Holde seg til mat isteden!

Krevst koking. Men etterpå, digg oppvarmingsmat til primus.

Nei, no tar vi like so godt påskeferie. Neste innlegg kjem tysdagen over påska. Då blir det over Finnmarksvidda, innom fjellgardar, gjennom ein dal som gav meg mareritt i ei ufatteleg kul gamme eg overnatta to netter i, grunna stormen som ula ute, men ikkje klarte å trenge gjennom den trygge og solide torva.
Og det blir siste innlegg før Nordkapp! Berre to igjen!

God påske!

Dag 122-127 (42-47): Altervatn til Hirvasvupio (Øvre Dividal og Vadvetjåkka nasjonlapark)

Med pulken baktung av nye 9kg pemikan og litt elgkjøtt og røye frå Mats Jørgen, legg eg igjen ut på nye eventyr.

Altervatnet er langt. Faktisk 45km. Ligge i Øvre Dividal nasjonalpark, ein av dei flottare i norge, både sommar og vinter, etter mi meining i allefall.

Mykje flott og makestetisk natur, men noke som scora høgt er det ville dyrelivet som er mykje rikare enn nede i sør. Kryr av rype, hare elg, og ikkje minst all den gode fisken, som store røyer og ørret.

Det kan gjere friluftslivet her oppe meir innholdsrikt, om ein er interessert i å leve litt på det naturen har å by på ei veke ute, som rype og fisk ilag med potetmosen og smøret. Istedenfor kun multe og blåbær nede i sørnorge. Bra det og! Men metta ikkje so mykje kanskje hehe.

Ein lunsj, som faktisk kun tok 30min, fekk eg primusen på fyr, vatn på kok og delte opp røya eg fekk og lot ho trekke nokre minutt med litt potetmos, spekk, gulrot og salt og pepper. Fastfood kan ein sei, fordi det går fort å lage. Eller superfood, fordi det er skikeleg råvare

Med gode scooterspor og vinden bak, gjekk det lett framover på isen.

Det er nokre scootera som køyre forbi. Dei helse. Det er midt i vinterferien, som desse nordlendingane har så seint.

Ein scooter stoppa, far og sønn. Eg får ein kvikklunsj som etterkvart blir eten opp, mens vi prata. Han vesle Lias hadde fått fire fiska på isen, og påstod at den eine hadde han ete opp. «Hullet er der fortsatt, så du kan bare fiske du å!» Seie han då eg sa han var heldig som hadde ein far som tok han med på fisketur på hytta. Far vise kor det er lurt å gå, for å treffe moreneryggane etter Altervatn.

Og der går eg til det mørkna, opp politiodden og oppå ryggane. Det er tung snø, temperaturen har gått opp til to varmegrader. Men heldigvis er det eit skispor der.

Eit stykke opp i høgda, møte eg på han som hadde laga spora. Ein kar i tjue åra som hadde på ein stor sekk og pulk på slep. Der hadde han isbor og ei skutt rype. Han hadde vore her ute ei veke. Fiska og jakta. Ein dag til skulle han vere her, men valgte å snu grunna det dårlege veiret som var meldt. Eg får ein uggen følelse.

«Men du går vel likevel, du som ska til Nordkapp?» Joda, seie eg. Det er ei hytte langt nord som er opa, så eg kan rekke den i mårå kveld før uveiret slår til for fullt. «Ta rypa, du treng den mer enn mæ».

Og ikkje vond å be, tok eg den og gjekk fornøgd vidare. Det begynte å regne mykje, so eg satt opp teltet, og kom meg i inn. Mitt hus nr to, som eg blir meir og meir glad i. Der gjorde eg som han sa: «du bare røske ut brystan, og kommer hjertet å, ja så koke du det å!».

Eg forklarte jo han at eg aldri hadde ete rype for vel, og i allefall ikkje sløygd eller vomma ut, eller ka ein seie til småvilt. Men det gjekk igrunn bra. Litt elgkjøtt og kom ned i gryta og potetmos, spekk, salt og pepper. Blei heilt drøyt bra faktisk. Overraskande mykje viltsmak på rypa, men veldig mørt. Også her, fastfood på nydelige råvare. Skal ikkje stå på lokalmaten!

Gode måltid ser sjelden delekat ut

Dagen etter var det mykje meir vind. Og is hadde komme på telt og utstyr. Bra eg lot skia få ligge i innerteltet med meg, for isbelagte feller ekje noke å satse på.

For å gjere dagen mindre langfatta, so gjekk eg altso 15 timar den for å rekke fram til hytta.

Gjennomslagsføre har ingen positive sider med seg.

Hadde gått over på svensk side igjen og kom meg inn på scooter spor, via vatnet Giepanjahvri. Det blir vel i Vadvetjåkka nasjonlapark.

Vinden var veldig sterk og eg hadde blitt våt grunna hagl frå sida. Dei siste fire timane gjekk eg i mørket, men etter gode stikker.

soklart ryke draget på pulken også. Og eg som nettopp hadde eit par daga i hytte på Altevatn! Viktig å sjå over utstyr! Fekk fiksa det med skolisse i snøføyken, enn so lenge.

Hytta var ute på ei øy, so siste 20 minutta gjekk eg på is. Såg nesten ingenting grunna snøføyken.

Du kan tru eg blei glad då eg kom fram til hytta i ti tida. Der skulle eg bli heile dagen etter også, for det skulle ta seg virkelig opp til storm…

Eg gravde fram døra og skulle til å ta tak i håndtaket, so ser eg at det henge ein stor hengelås på den.

Det kan ikkje vere sant tenkte eg. Prøvde alt mulig for å opne den. So ser eg på døra eit notis på svensk: hytta er nedlagt.

Eg får panikk og fryse meir no, og ser meg ikring. Det er ei mindre hytte 10 meter attmed. Grave fram døra der og. Nei, også låst. Til og med utedoen var låst! Tok faktisk å prøvde å bryte opp døra, på det minste bygget, men då ser eg at det er berre eit lite rom på 1,5 meter fullt i snøfokk…

Ser på kartet igjen, er eg komt rett? Ja, samme symbol som på alle dei andre hyttene eg har vore til i Sverige, og eg er jo akkurat der!

Heilt fortvila prøva eg å grave fram ein plass bak hytta der det er litt le, så eg får satt opp teltet. Det blafra og eg var redd for å miste det der på mørke natta.

Her var det å stramme inn ventilasjonsluka før det blåste inn altfor mykje snø

Eg fekk det opp og kom meg i den våte soveposen. Det meste hadde blitt vått etter dagens etappe. Hadde ikkje gjort tiltak, for eg skulle jo på hytte… Fekk varmen i meg, men det blafra so mykje at eg ikkje sovna.

Kl 3 på natta går eg ut for å tisse. Då hadde det blitt betre sikt. Og jammen! Der er det tre hytter 80 meter lenger borte! Koffor såg eg ikkje dei på kartet?! Kanskje det var dei!

Eg heiv på meg den våte dunjakka, tok med spaden og gjekk ut. Burde eg ta med noke meir? Nei eg skal jo berre grave fram døra. Kjem tilbake etterpå og henta resten.

Vinden nermast kasta meg bortover mot hyttene. Eg gravde fram og var kjempe letta. So glad!

Men nei. Den og var låst. Dei to andre og. Då kjende eg tårene begynne å komme. Ka skal eg gjere i mårå når det blir enda sterkare vind?

Eg snudde og gjekk i motvind mot teltet. Men kor er det?

Eg prøvde å gå i same retning som eg hadde kome frå. Kom aldri til det. Snudde meg og såg, men ingenting! Gjekk litt rundt, men nei! Prøvde å ikkje få panikk…

Heldigvis klarte eg å finne tilbake til dei tre nye hyttene. Tok ut ein ny kurs. Nei fann ikkje teltet. Fann tilbake og gjorde det samme enda ein gong, og heldigvis, der var plutselig det raude teltet mitt bak den vesle hytta. Fekk ikkje auge på det før eg var nokre meter i frå..

Kraup ned i soveposen og merka at det her er alt for spennande. Eg er langt utanfor komfortsona og kjenne ingen glede av det. Begynne å lengte heim. Men fekk heldigvis sove eit par tima før sola kom fram.

Vakna kl 5 og lurte på ka eg skulle gjere. Det er 3 mil til neste hytte. Eg kan klare det trass vinden…

Fiksa døra igjen, berre for å få det på det reine

Pakka i hop teltet i den sterke vinden. Har på ekstra med klede, for jakka og buksa er våte. Ting blir utrulig fort vått i sterk vind som har med seg masse snø som smelta fort i sola.

Etter kun 10 min gåing har det klabba so mykje på fellene at dei er blytunge. Grunna den heftige dagsetappen i går, og omtrent ingen søvn, ser eg at eg ikkje vil klare å gå med den klabben i tre mil i storm.

So eg bestemme meg for å sette opp att teltet og blir der til kvelden, for då var det meldt kaldare. Prøve å tørke fellene i soveposen og behandle dei. Har to par, men begge klabba. Både mohair og nylon.

So der ligge eg heile dagen og høyre på vinden. Det er so spennande at eg ikkje klare å høyre på lydbok eller rolig musikk. Eg er so bekymra over at vinden skal reise med teltet. Berre at eg fekk det opp, syns eg igrunn var godt gjort. Prøvde å spa til ein vindmur, men jo lenger eg var ute, jo våtare blei kleda, av den penetrerende sludden, so den blei ikkje mykje til hjelp.

I sånne mørke stunder virka det som at det skjer noke med tankesettet. Ingenting blir interessant, anna enn å komme seg levande frå situasjonen. Tankane bære meg heim til trygge omgivelsa, til gode minner.

Ogso drømme seg om å vere komen fram til neste hytte. Plis, det må ikkje klabbe! Og et må ha energi til å rekke fram!

Åt og drakk godt, men hadde skikkelig hodepine grunna lite søvn.

Eg vil berre at det her skal gå!

Tok til og med fram eit bilete av bestefar, noke eg har hatt i sekken heile denne og turen i fjor vinter, som eg har tatt fram i veldig utfordrande stunde om eg har vore i teltet. Han steike speilegg til meg på vedomnen på kjøkkenet sitt. Eit artig og koselig bilde som får tankane til å roe seg litt.

Og klokka fem på ettermiddagen, hadde det blitt kaldare. Eg pakka i hop, og starta å gå. Det klabba Ikkje. Hadde fått fellene tørre. So begynte det å mørkne, og vinden gav seg. Gjekk med hodelykt og det bar eindel oppover. Det var ikkje mykje eg såg.

Noke som var veldig rart, var at eg følte eg gjekk heime på bøen. Akkurat som at haue mitt ville eg skulle tru at eg var liten gutt og drog på rattkjelka opp den lange bøen, for å renne fort ned att. Eg lot meg drømme vidare, såg for meg vennane mine som små, der vi akte nedover so snøen fauk inni dei nedglidde snødressane våre.

Merka at også her er det viktig, at ein får ha ein trygg oppvekst. Eit trygt og solid fundament som bære ein gjennom vanskelige situasjona seinare i livet.

Fekk på pemikangryte etter nokre timar, litt for trøsta si skuld. Eg har mange gode venna her ute! Primus, kniven, teltet, pulken osv

Etter sju timar marsj, var eg komen ned under skoggrensa, nerme Keinovopio. Utrulig nok var det Ikkje hytte her heller, kun airbnb som eg var i seinaste laget å bestille. Hadde vel ikkje bestilt likevel, var litt dyre. Men eg var nede under skoggrensa og vinden hadde gitt seg. I rein lykke, slo eg opp teltet, kom meg i soveposen eitt på natta, pemmikangryte på kok og eg kjende meg trygg. Eg var verdens lykkelegaste person. Eg hadde greidd det. Ufattelig tilfredshet. Tilstedeværelse.

Uttafor komfortsona skal visst vere bra, og eg kjende på ei enorm lette og mestringsfølelse etterpå. Takknemlighet og. Men det her hadde gått altfor langt, det sette nok meir negative spor enn positive. Litt trauma. Kjem tilbake til det etterpå. Men lærdommen, at ein må gjere meir research, om ein går i uveir fordi ein stola på at det er hytte på kvelden, e jo greit å ha med seg.

Og alt er relativt. For meg, sikkert sliten og trøtt etter mange veke ute, verka det her veldig sterkt inn på meg, som ikkje har opplevd sånt før. Og at inntrykka blir større her ute, som eg har nemnt tidlegare. Og det er verre når ein er åleine.

Ein utkvilt person som har vore borti sånt mange gonga før, hadde nok beholdt roa og ikkje kjent på verken redsle eller ubehag. Men det her blir jo korleis eg opplevde det, frå mine forutsetninga.

Heilt i ørska, for eg vakna kl seks igjen, so gjekk eg like so godt vidare. Det var sol og litt vind, so eg fekk faktisk tørka alt på pulken, ved å bitte det fast til tørk.

Møtte på Sveriges nordligaste fastbunde der i Keinovuopio, ein liten plass på sikkert berre nokre frå fastbuande. Eg gjekk altso ikkje heilt ned dit natta før.

Fekk meg kaffi. Såg sikkert ut som at eg trengde det. Og vi pratte. Men eg merka at orda var vanskelig å finne, for eg var so trøtt. Eg spurte om han kunne finsk, og, for han snakka norsk og kunne svensk. Jaja, samisk også! Og jeg snakker bedre norsk enn det du gjør, sa han med glimt i auget.

Han lurte på om eg ville ha whisky i kaffen. Helst ikkje sa eg uten å verke uhøflig. Men i beskjedenhet, sa eg at viss du har noke frukt, hadde det vore herleg!

Litt forfjamsa sa han at han hadde ei banan liggande. Eg fekk den.

Det irriterte meg resten av dagen. Koffor i all verdens namn og rike, spurte eg etter frukt?! Ein av dei store draumane her i nord, er jo å få reinsdyrkjøtt frå ein ekte same! Og eg spør etter frukt, og får ei banan!

Gløymde jo og å seie kry at eg hadde laga pemmikan og levde på det nordover, so frukt hadde vore godt når det er spekk og hjortekjøtt det går i… Han trudde vel at pulken min var full av frukt!

Jaja det seie vel litt kor trøtt eg var.

Han meinte det gjekk scooterspor langs grensaelva paralellt med Finske grensa sørover. So eg fulgte den.

Det var faktisk herlig å gå. Eg kjende meg so letta over å vere i trygge omgivelsa, og visste at det ville bli ei god natt søvn i teltet i tørr sovepose i natt.

Saarikoski
Inn i Finland!

På kvelden hadde eg altso passert Saarikoski og var kom meg inn i Finland. Søren so kult! Og det var nydelig her! Nesten heilt flatt, og øde… Masse små bjørkeskog. Heilt stille.

Koste meg med å sette opp teltet slavisk etter ein framgangsmåte eg har kome fram til, og sov ti nydelige timar.

Primustørking!

Herlege scooterløyper tok meg gjennom Finland. Etter min smak, til eit sånt prosjekt, elska eg scooterspor.

Eindel scootera passerte meg. Dei ser jo ut som tøffe motorsykla, skinande i forskjellige røffe farga. Det er sikkert litt status her å ha ein heftig scooter tenkte eg. Litt tøffare var dei med hjelm og skibrille, enn meg med pelslue og pulk. Men dei fleste helste!

Det var lett terreng å gå i. Litt artig, fordi på kartet kunne det sjå ut som at eg skulle gå over høge fjell, men ja, eg vil vel heller sei små høgder på toppen femti høgdemeter å ta. Trengde det no. Blei fort glad i det faktisk, sjølv om at fjell er kult.

I følge kartet som var på tavla ved Saarikoski, var det ei SURVIVAL HUT, på ein liten plass som heitte Hirvasvupio. Det kunne då ikkje mistolkast! Gjekk også den dagen til det var mørkt, over tolv timar, og vinden tok seg opp med nedbør.

Eg kjende at eg var livredd for at også denne var låst. So her kjeme det eg nemnde tidlegare, at eg har nok fått litt trauma etter den forrige opplevelsen… kjende meg veldig stressa og det øydela litt for gåinga på kvelden. Det er jo egentlig veldig fint å gå kveldstur. Men eg kjem nok til å forbinde det med utrygghet ei stund framover…

Med klump i magen sjekka eg. Og det var nesten so tårene pressa seg fram.

Den var heldigvis ikkje låst, og ein flott omn med ved ved sida, var klar til å opererast. Å tusen hjertelig takk. Eg var so letta.

Kniven knakk dessverre til slutt… får sende den heimatt og få til nytt blad.
Nesten like reint kjøkken som heime!

Der blei eg ein dag til. Kviledag. Ikkje mykje anna skjedde i denne flotte reindyrka tømmerhytta, enn at eg låg ganske flat og tenkte på det eg hadde oppleve.

Men so kom det seks scootera, og like fort braste dørs inn og han som stod der, søkte hytta med eit like kjapt blikk og vendinga som når ein soldat undersøke om eit rom er trygt for trusla i eit krigsområde!

Eg såg på han med synåla i munnen og selen på fanget. Han var i førtiåra, om finnara har sann ca samme aldringsprosess som det vi nordmenn har.

Givande arbeid!

Han såg meg og at det var ting overalt. Sa noke på finsk og gjekk ut att like fort som han kom inn.

Hyttebok på finsk. Ikkje eit einaste ord forstod eg.

Då eg kjem ut, har dei fått fyr på nokre vedkubba der ute, og eg sa først på norsk, so på engelsk, at eg hadde rydda og at dei måtte berre bruke hytta! Neida det gjekk fint. Dei skulle berre ha lunsj, so vidare.

Ikkje var dei sama heller. Tydeligvis e ikkje alle på scooter sama. Dei lo då eg spurte om dei skulle sjå etter reinsdyra sine, og meinte dei dreiv ikkje med den slags, og snudde seg kjapt til bålet igjen. Eg skjønte fort at dei ikkje var so gira på å snakke engelsk med ein friluftsgutt av ein normann, so eg gjekk inn att i hytta.

So høyrde eg at scooterane starta opp att og det banka på døra. Ein av dei sa noke på finsk med eit fint smil og gav dei meg to finske kjøttpølser og sennep på tube. Då fekk han vridd inntrykket mitt til finnara frå dårleg til supre likevel.

Eg hadde nett ete ein stor lunsj, men prøvde å steike den eine på bålet som var litt kull igjen frå. Sennepen i kombinasjonen med pølsa var so god at den andre gjekk ned den og, og eg la meg inn igjen på liggeunderlaget, og såg i taket på den gamle tømmerhytta dagdrøymandes, med litt sennep rundt barten og ein god følelse i magen.

Neste innlegg kjem om fem daga og blir herifrå til Kautokeino og eit stykke lenger nord. Fortsatt takk for følget!

Dag 115-121 (35-41): Kungsleden til Altervatn (Abisko nasjonalpark)

Var koselig opphold i denne lissje hytta her på Hukejaurestugan, so eg lagde klart fliser til neste som skal fyre kjapt i omnen. Den kniven der får gjennomgå! Det får kroppen og, so kjende meg nokså sliten idag. Har nok gått for mykje på, og det haglet igår var vel ikkje heilt gunstig. Fort å bli for ivrig!

Men jammen var det flott å starte dagen med tur likevel! Padjelanta nasjonalpark levere kvar dag. Sikkert nydelig på sommaren og.

Veiret drog seg plutselig til med hagl i vindkasta, men jammen har Brynje ekspedisjons kleda holdt ute det meste eg har vore borti til no, so langt meir fornøgd med desse enn klattermusen i fjor.

Sveriges høgste fjell, Kebnakaise, såg eg kanskje i det fjerne der. Eg går no berre og nyte det eg ser. Det står jo ikkje namn på fjella der ein går heller! So då kan ein plutseleg gå glipp av sånt!

No har det jo blitt nokre dagar utan folk, so kan sei eg blei overraska av å sjå at det var bevegelse framme ved hyttene på Salkastugorna! Nordkalottleden som eg dei siste dagane har fulgt, tok meg idag inn i ein ny dal. Kungsleden som går opp til Abisko. Eg hadde ikkje høyrt om den før, men det er visst ein verdskjent dal som blir enormt mykje besøkt av turistar.

No var det altso 54 stk her, til 53 sengeplassar, fullt altso. Det var kun franskmenn og belgiske, for det var fleire reisebyrå som hadde arrangert tur. Og faktisk skulle det no vere 17 belgara i 17 dagar framover, som går i gruppe heilt nordfrå gjennom denne dalen. Det er fem dagar, og dei overnatta ilag på desse hyttene som er på ein avstand 20km der ikring. Han som dreiv hytta her kunne trygt sei at det var fullt på alle hyttene i lang tid framover, so bra eg hadde telt!

Det var ein anna kar på min alder som også hadde telt, ein tyskar. Og dei som dreiv her likte at det endeleg var nokon her uavhengig av kommersiell reisebyrå, og gav oss lov til å bruke ei lita avstengd hytte til tørking, for det kan ein sei det blei bruk for!

For då mørket tok til, såg vi nemlig ein gjeng som dreiv å saga opp store stokkar og kløyvde dei. Litt spesiell måte å halde øksa på, om eg trenge å nemne det.

Vi gjekk bort og spurte ka dei trengde so mykje ved til, dei er jo ikkje så store desse hyttene, og stappfulle av folk, som sikkert produsera meir varme enn denne beinfryste veden kunne gjere!

ja for det vil eg kjapt nemne, at scootera kjem med lass av fire meter lange bjørkestokkar til hyttene. So blir dei sagde og kløyvde av betjeninga og oss turistane. Dei er vel litt tørka dissa stokkane, men kan ikkje vere mykje, for jammen osa det godt i omnen av vassdamp når ein fyre her, so får håpe at feiaren ofte er innom!

Tilbake til den stilfulle vedkøyvinga…

Nei den skulle brukast til badstue. Badstue?! Ja, badstue. So tyskaren og eg fekk ræva i gir og sagde og kløyvde som berre juling, vi og, med sikkert ikkje mykje betre stil, for jammen blir ein ikkje vedakløyvar av å gå med pulk kvar dag!

So då gjekk eg frå å ikkje sjå folk om dagane, til å sitte splitter naken i ei vedfyrt badstue ilag med turistane i alle aldra og kjønn. Damene første timen på kvelden, herrane timen etter, og ein miks siste timen. Vi valde den siste timen.

Etter so mykje frysing og å oppholde seg i kaldt veir, var det heilt ufattelig herleg å sitte i den badstua. At det var miksa skjønn kunne ein ikkje sjå, for dei heldte på so mykje vatn, so den tette dampen kunne skjule både troll og fe!

So ut å rulle seg i snøen so den smelta rundt på kroppen kjappare enn smør på steikepanna. So inn att. So ut att og inn att. Ein og ein halv time dreiv vi på, for det her skulle nyttast! Og eg som streba etter å ikkje bli dehydrert om dagane. Den rauk idag!

Å berre stå ute i den majestetiske naturen, heilt stille, berre vere, og kjenne blodet suse rundt kroppen mellom slaga inne i badstua. Hah, ja det var vel noke ein kan kalle ein god rus. Kan virkelig kjenne at ein leve. So det leve i nuet prosjektet her, vil eg tørre å påstå går rette vegen.

So fekk eg litt av kaffen brygga på denne finurlige dingsen han tyskaren hadde med, mens han fekk smake litt pemmikan av meg. Eg ville egentlig Ikkje ha kaffi, og han ville nok helst kun ete den store spinat suppa si, men det kan vel vere greit å utvide horisonten. Kosa oss gjorde vi i allefall!

Han hadde mykje greier med seg! Som den boksen der som ser ut som ein detonator til ei bombe! Det var powerbanken hans. Han hadde drone, stort kamera og masse anna som krevde mykje straum. Eg derimot går jo rundt med ein bitte liten powerbank, men skal vel heller ikkje ha straum til meir enn hodelykta og mobilen so eg kan høyre litt på lydbok i soveposen, heller.

Men eg hadde mykje større telt enn han!

Det nydelige veiret berre fortsatte, so det gjorde eg og. Kjende meg langt betre. Fekk sikkert svetta ut både groms og grams!

Må vere balsam for sjela å vandre her. Lett terreng. Nei ein trenge verkeleg ikkje å gå på desse toppane! Å gå i dalane vel so bra!

Traff på neste gruppe, etter å ha komt meg opp på ei høgd. Dei stod på toppen og tukla med fellene sine. Eg blei litt overraska, for dei skal vel ikkje renne nedover fjellet med pulk utan feller når dei for vel har hatt ski på beina før? Kunne vore eit artig syn. Men eg gjekk vidare til neste hytte.

Der var det enda tomt, so eg fekk ein god og lang prat med dei som dreiv det. Ein blir populær der, når dei kan snakke svensk til meg, og ikkje engelsk til desse kommersielle reisebyrå gruppene.

seks veker er dei der på vinteren. 4000kr får dei, so det er jo berre ein symbolsk sum. Penga er ikkje alt her i livet. Jammen var det travelt! Men veldig kjekt og givande meinte dei.

Fekk fire koppa varm solbærsaft, so eg flaug med vinden mot neste hytte.

Då eg nerma meg, såg eg at det var eit stykke å gå opp til dei, og eg visste at det var fullt, so eg gjekk like godt forbi. Finne vel ein plass ut på kvelden i le.

Det gjorde eg ikkje, so då var det å praktisere noke eg trente eit par gonga på heime. Å sette opp teltet i sterk vind. Då er det fullt fokus! Vil ikkje at teltet skal flyge av gårde! Då står ein der i tussmørket!

Det gjekk knirkefritt, og eg kom meg inn i teltet, pemikangryta på kok og varmen i soveposen. Å fyyy søren det er litt av ein godfølelse! Mestring, men og so takknemlig for at ein har eit bunnsolid telt! For det å knote ute i vinden, til å komme inn i ly, av eit syltynt lag, er ein fascinerande følelse.

Vinden gav seg litt, so eg sov godt med øyreproppa på. Hadde den vore veldig sterk, so hadde det nok ikkje blitt so mykje av den søvnen. So hytte e jo å foretrekke om det er veldig sterk vind soklart. Ein skal ha respekt.

Gjorde det faktisk med vindvotta, meget kry. Blir ekstra knoting, men når det er 15 minus vil eg heller bruke litt lenger tid med votta enn å fryse fingrane av meg med hanska. Sterk vind i 15 minus e ikkje hanskeveir. Men no etter tre måneda, gjekk den eine i oppløysing, so eg må få tilsendt eit nytt par i neste pemikanpakke. Har virkelig gjort nytten, Tante Mia!

So er det jo alltid like spennande på morningen å titte ut for teltet korleis landskapet og veiret er. Og her mot slutten av Kungsleden var det fortsatt like vilt og mektig.

Så det blei cruising ned mot Abisko nasjonalpark, ut av kungsleden denne føremiddagen. Det er altso frå Abisko den starta.

Traff på ein gjeng på sikkert førti stk som var på veg oppover i motsatt retning. Ikkje alle verka like motiverte eller fornøgde der dei gjekk. Men eg tenke dei fekk flotte daga framover.

Naturen kunne dei i allefall ikkje klage på. Dei ville nok sjå nordlys, og fekk det og. Faktisk er denne plassen eit av dei beste plassane i verden for å sjå nordlys, grunna dei høge fjella som dekke dalen. Det gjer den til Lapplands tørraste plass, altso ofte skyfri himmel, optimalt for nordlys.

So då var det ned bakkane med pulken hompande bak meg, og ein lunsj tur innom hyttene ved start punktet. Den blei drevet av bl a ei midt i seksti åra som nettopp hadde gjennomført Iron man. Skal ikkje stå på formen til dei som jobba her.

So var eg altso kome fram til målet for dette kapittelet, Abisko.

Der tenkte eg å overnatte inne eit par netter for å ha kviledag, for eg var virkelig sliten. Mange lange etappa har det vore no elleve daga etter kvarandre og nesten kun telt. Men for eit eventyr!

Det første eg såg då eg ankom tettstedet, var ein elg nedanfor gangfeltet inn i ein skog. Bra teltplass, der den har trakka klart og le for vinden. Men eg skal ikkje ligge i telt ikveld!

gjekk so opp til Turistsenteret i håp om å leige rom. Tjukt i asiatiske folk var det, og jepp, heilt fullbooka mange daga framover.

gjekk då ned i sentrum eit par kilometer, og sjekka ut både hotell, motell, hostell, airbnb, hytter og ja til og med ein sjaman som tilbydde overnatting med spåing av framtida attpåtil, men alt var fullt i vekevis framover.

Endte opp med å gå opp igjen, sette opp telt der eg hadde sett elgen beita. Sånn kan det gå! Drøyt unødvendig å bruke heile tre tima på å finne ein dyr plass å sove, når ein kan ligge i telt, hæ?

Nei, so då blei det heller til at eg utsette kvilen eit par daga, til eg kom til Altervatn, over til Norge. Der skulle eg få overnatte på hytte med ein kamerat frå troppen eg var i førstegangstjenesten med. Det skal bli herlig det…

Kjøpte nok litt vel mykje greier på den godisbutikken

Han meinte eg kunne gå til nordvest sida av vatnet Tornetrask. For då er det ein fin tur over fjella, via ei flott DNT hytte, og so ned til Altervatn.

Det skulle i allefall ikkje stå på utmattelsesfølelse då eg ankom Altervatn to dagar etter. For over fjella gjekk det stort sett i 1km/t i kjempe djup laussnø heilt urørt, og opp bratte bakka, so eg gjekk på kne store delar. Å gå på beina var tyngre, då eg gjekk til snø opp til navlen.

Dnt hytta, Lappjordhytta, eg ankom halvveis var jo fin den, men det var ikkje mykje energi til å nyte den anna enn å ete masse mat og sove.

apropos det, so var skåpa fulle av tysk mat som nettopp hadde blitt lagt inn. Det hadde seg nemlig slik at eit tysk ektepar hadde planlagt tur i over fire måneder som skulle starte i Abisko og avslutte ti dagar lenger nord.

dei brukte to dagar til denne DNT hytta for det var so tunge forhold. Dei tok like so godt å gav opp heile prosjektet. La igjen all maten på hytta og gjekk tilbake. Møtte meg dagen etter og var nokså sure og skuffa. Skulle ta første fly heimatt. Trist saker!

Det tunge fortsatte dagen etter, og då eg kom opp i fjella, blei det ingen sikt, so gps og kompass blei hyppig brukt. Berre passe på skavlane!

men etter å ha gått over fem timar slik, kom eg meg ned for skådda, og det opna seg. Også føre blei lettare med meir vindpåvirka snø.

So nokre timar seinare i lett terreng, so lenge ein traff bra på moreneryggane og skogfeltet, kunne eg endeleg sjå Altervatn. Og også Bardu, mot Setermoen.

Der tjenestegjorde eg, so det var spesielt å vere tilbake her. Eg blei jo veldig sjuk andre året, grunna kyssesjuka og valde å seie opp som soldat til hensyn for helsa. So at eg no står her for eiga maskin, frisk og glad, var eit spesielt øyeblikk for meg. Viska vekk det eg hugsa igjen av sjukdommen her oppe, og fyllte hjernebarken med dei friske kjekke minna igjen.

Og då eg ankom Altervatn, blei eg tatt kjempe godt i mot av foreldra til han Mats Jørgen, inn i deira hytteheim, som var so flott at det var eit eventyr for seg sjølv.

Nydelig middag av sjølvfiska aure, eller røye, bakt i omnen, og masse godt tilbehør åt vi med det samme, for dei her har vore høgt opp i skiskyttarsporten begge to, so dei visste at det var mat som var mest ønskelig. Også fekk eg velge mellom å sove i eit heimesnekra aneks eller ei eldre koie. Virkelig kjekke folk! Og fotte detalja på håndverker. Sjølvgjort er velgjort her oppe!

Eg valde anekset, til respekt for Mats Jørgen som sikkert ville sove i koia. Han kom dagen etter.

So då han kom, blei Ruteplanlegging, utstyrssjekk og matforberedning blei unnagjort først. For dei hadde vore kjempe greie å henta ut pemikan pakken og kjøpt noke nytt utstyr på Bardusporten.

So var det berre masse prat, mat og avslapping med kvar vår fantasibok i to daga til. Bokarsenalet der var virkelig herlig med masse kjente fantasi titla. Kan vere at eventyrara har ein tendens til å like fantasi literatur. Han har forøvrig gått Norge på langs for nokre år sida.

Vi hadde jo tenkt å isfiske, men det var faktisk meir fristande å slappe av. Og storsankar som han er til det daglige av både fisk, rype, hare og elg, so klarte han og fint å slappe av inne mens vi høyrde blesten ta i veggane.

Kunne virkelig ikkje hatt betre opplading for dei kommande dagane, der eg skal gå over til Sverige igjen, gjennom litt av Finland ogso til Kautokeino.

Dag 108-114 (28-34): Ny sulitjelma til Hukejaurestugan (padjelanta nasjonalpark)

Då reise vi frå Sulis. Trur eg skrudde av tankevirksomheten der eg gjekk opp i mørket til ut på kveld i bratta, for plutselig var eg på toppen! Og der venta Ny Sulitjelma DNT hytte til ei god natt søvn. Synes ikkje ho var so spesiell, anna enn at den var veldig stor og innlagt varme og straum. Praktisk, men mindre koselig. Gjorde nytten.

Noke av gruvedrifta dreiv på seint 1800 talet her. Hanken heitte plassen, som betyr tverrbratt, eller utover hengande bergvegg.

Tok fatt dagen etter med friskt mot. Det stadsnamnet kan ikkje bety so mykje tenkte eg og såg at det ikkje var lange beten til kveldens nye hyttemål nerme svenskegrensa.

Der tok eg feil. Eg vil påstå at det her, var den tyngste etappen på prosjekt hittil, ikkje den bakken igår, som bussjåføren mente. Og faktisk tyngre enn då eg gjekk i Jotunheimen på kne.

På kartet gjekk det ein veg opp, men den va no heilt vekke i den bratte knallharde snøen, so korleis dei har laga den på sommarstid, sikkert eit par, tre generasjona tilbake, ja det skjøna Ikkje eg!

Der kom eg frå, so ned til Sulis, so opp hit

Lempa sekken full av pemikan for å fordele vekta, men eg syns pulken var blytung opp bakkane likevel. Blei ikkje det typisk Sunnfjord sporet (som går rett opp) kan ein sei, for den travarseringa eg måtte gjere her, var pinlig tversgåande. Såg sikkert ut som eit brett frå stigespillet, der ein går fram og tilbake heilt til ein til slutt er på toppen. Og tru meg! Her var det fleire ruter som førte meg tilbake i den skareharde snøen… og terningen viste aldri meir enn ein.

Men då eg kom opp, opna landskapet seg so praktfull at smertene var gløymt. Noke meir storslått skal man leite lenge etter. Heilt urørt natur også. Ingen spor.

Ein kan sjå Stortoppen (kreativt namn), Kokedaltinden og sist men ikkje minst, Suliskongen.

Greit at det var kjempe tungt å gå i dinna snøen, og pulken som eg har gjort baktung, for å flyte på snøen, brøyta heller seg gjennon som ein ubåt i ukjent farvann… Men at det er heilt urørt utan spor, får ein til å føle seg enda lenger ut i villmarka. Sjølv om eg nettopp var i Fauske…

Blei eindel bratt her også, so brunsjen på toppen her blei dubbel porsjon, og eg følte meg fortsatt svolten.

Faktisk var det begynt å mørkne då eg kom ned til Sorjushytta. Men nydeleg nedkjøring som til og med pulken kunne sjå ut til å like, han gav iallfall ingen lyd frå seg mens vi cruisa nedover fjellet til Bajep som eg trur vatnet heite.

Sikkert fisk her og, for i boda var det både isbor og fiskestenger. Men eg hadde nok med å slappe av og ete pulken lettare, kjende eg. Og det må den ha blitt, for gjekk faktisk rundt 9000 kaloria idag. Altso to pemikana på 4500. Og den energien blei definitivt brukt, for lite går ut, for dei som skulle lure på det!

Blei ein nydelig kveld her oppe, heilt åleine, stjernehimmel og heilt stilt. Og ingen dekning. Gjere mykje det.

Dagen etter derimot, var det so sterk vind at å komme seg til utedoen var aktivitet nok til at dagen nesten ikkje kunne kallast kviledag! Og eg fekk igrunn nok å gjere, for her måtte ein sage og kløyve veden sjølv. Og arbeidsglad som eg tør påstår at eg er, blei eg hekta på å sjå at ved stabelen blei større og større, so eg trur nok at det er mange besøk her i ettertid som sleppe å kløyve noke ved, for å få hytta varm!

Denne dagen gjorde godt for haue og kropp kjende eg, eit lite avbrekk frå tur, for tur kan vere travelt det og!

Men fint med balanse, so dagen etter hadde vinden roa seg, og eg gjekk over det Bajep vatnet og inn i Sverige. Sverige gitt! Eg følge Norkalottruta no, so då bære det inn her, sikkert av praktiske grunna som å sleppe å gå over voldsomt høge fjell i norge eller gå langs veg.

Lite sikt her i Sverige! Om eg faktisk går rett retning då…


Og i Sverige blir det heilt opp til Altervatn, mellom fem og ti dagar etter. Ingen dekning. Ingen strøm. Kanskje ikkje hytte og kanskje ikkje folk. I allefall ikkje norske!

Første møte med samisk skilt.

Det gjekk frå tung nysnø, til nesten ingen snø i det heile tatt her inne i Sverige. Kan ikkje ha fått mykje av snøen som kom, kun vind. Derfor gjekk eg for det meste nedover elva.

Og det gjekk igrunn bra, og var veldig kul opplevelse, for det var so mange forskjellige tøffe isskulptura! Og eindel platå nedover å renne, so jammen var det ikkje lett å halde seg skadefri! Skal ikkje tulle med kvass is, men ein kan jo alltids bruke den som rutsjebane, for det er i allefall effektivt energimessig!

Landskapet, forma av den siste innlandsisen med tydelige isstripe. Berggrunnen består i stor grad av kalkstein, noke som gir opphav til ein frodig flora, inkludert kalkkrevande fjellsippeenger. (Ifølge Google)

Det her er altso ein nasjonalpark som heite noke so artig som Padjelanta. Og er ikkje mindre enn Sveriges største nasjonalpark…


Parken er hovedsakelig eit høgfjellsplatå rundt sjøane Vastenjaure og Virihaure. Om sommaren driv samane reindrift ved Stáloluokta og Árasluokta. Veldig bra beite for reinen, som tidlegare nemnt.

Kom innom Staddahjåkå, litt sånn DNT opplegg der ein kan få seg mat og overnatting, men fordi det ikkje hadde opna for sesongen enda, var det ein nødbu ein kunne bruke. Der var det ingen vedfyringsovn, men gass, som eg ikkje syns er like koselig.

Det er visst slik at dei brukte det før, men det gjekk so heise med skog, so dei slutta med det. Lenger inn i Sverige derimot, blei det heldigvis fyring. Men det kjem vi tilbake til. Trur desse hyttene er samisk drevet, ikkje den svenske turistforening. Jaja ikkje so nøye!

Blei kun ein lunsj her, for eg ville til neste hytte, på søraust enden av den store innsjøen Virihaure.

So då blei det ned enda ei lang elv, so ut på innsjøen. Det var blitt sopass mørkt, og eg var so sliten, so eg håpte på ei hytte for meg sjølv. Og idet eg kryssa sundet, var det jammen meg lys der borte. Det var jo laurdag, so klart var der folk… Søren, skal eg sette opp telt her på sundet? Nei eg må få påfyll med vatn og, det går no sikkert bra. Svensk e no ikkje so vanskelig å prate.

Mens eg gjekk bortover isen og fantaserte om folka var greie eller slemme, ankom eg til slutt hytta.

Der var det mange snøscootera og to hunda som bjeffa. Svarten eg er igrunn klar for å legge meg med det samme omtrent! Ekje gira på noke kalas!

I det eg satte frå meg pulken , kom det ei dame ut lurte på ka eg lurte på! Nei, eg tenkte å overnatte her, for nødhytta er vel opa? Nei, den turisthytta er 500 meter lenger sør, den vegen!
Ho virka ikkje veldig blid.
Å! Ja, det ser eg no ja! Sa eg medan eg såg på kartappen.

Litt flau og irritert på meg sjølv, gjekk eg i den retninga og ankom hyttene. Den var tom, og klar for tørking av klede, matlaging og soving. Perfekt!

Dagen etter stod eg over for to alternativ. Gå over eit fjell, 30km, eller gå på innsjøen, og opp nokre elver til eg kom over på andre sida 38km. Gå på is er jo kjapt og behagelig. Har vore litt strabasiøst dei siste dagane. Eg går for skånsom benymringsfri is.

Idet eg nerma meg elveutløpet, begynte magen å rumle etter mykje flat gåing, so eg skulle til å smelle på pemikangryta på primusen. Men so ropa det ein kar i det fjerne. Med irriterande lågt blodsukker ser eg meg ikring litt overraska. Får til slutt auge på ein fargerik type med hund og pulk. Ja?! Han sa noke som svar, men eg sa at eg ikkje høyre noke på dinna avstanden. So ropte han igjen. I come to you! Sa eg enda meir irritert.
Vi starta å gå mot kvarandre.

15 minutt tok det før vi endeleg var so nerme at vi helste. Faktisk hadde eg hatt tid til å fyrt opp primusen, fått pemikangryta på kok og nøte eit herleg måltid og attpåtil pakka ned att, hadde eg berre vore iro her. For 30minutt pleie eg å bruke på, rutinert som har blitt her ute. Men det hadde kanskje vore litt egoistisk. Han kunne vel blitt provosert av den slags opplegg.

Han skulle vere ein franskmann, ikkje italiensk for dei som lurte på det. Han såg på meg med store auge som tydeligvis hadde gjennomgått noke traumatisk…

Han hadde tenkt å gjere det samme som meg, so han gav det eit forsøk dagen før. Men i det han nerma seg elveutløpet, braka det laust og han gjekk faktisk gjennom isen…

Vatnet kom heilt opp til ansiktet! Heldigvis fallt ikkje verken hunden eller pulken oppi, og han kom seg oppatt ved å bruke skistavene som piggar! Han kom seg til land og fekk opp teltet, der han kom seg inn i soveposen og fekk etterkvart varmen i seg. Vrei kleda og tørka dei på primusen. I dag gjekk han i sola for å tørka oppatt ytterkleda. Går greit det so lenge ein sjølv er varm. Det var 15-20 minusgrader, so er ikkje heilt lett situasjon å falle ned i, kan ein sei…

No valde han altso å gå over fjellet istaden. Han anbefalte sjølvsagt det same til meg, mens eg såg bort på elveutløpet.

Vi diskuterte litt på gebrokkent engelsk, og eg kom til slutt fram til å prøve å gå på land, på oppsida av elva. Han meinte det var altfor kuppert, med berg osv, men eg kunne vere no prøve.

No var eg jo allereie på god veg, og litt kjedelig å gå ekstra for i tillegg krysse eit fjell med tung pulk likevel, so eg ville gje det eit forsøk.

Vi skilde lag. Det e jo kjekt å gå med folk, men å prate gebrokkent engelsk med ein voldsomt energisk franskmann som nettopp har vore nær døden, ja det kan bli litt travelt der vi går ilag i timesvis på is…

So då var det berre ein ting å gjere, nemlig å komme seg på land, fyre opp primusen og nyte ein god frukost, for det var på høg tid, og so ta fatt på utfordringa.

Lika egentlig å ete etter å ha klart slike utfordringa, ikkje rett før. For då nyte ein jo ikkje måltidet! Men svolten vann, og av og til funka det å «ete fyst», for joda, dei blei litt opp og ned, skrått og bæring av pulk opp berghyller, men det gjekk fint! Og eg såg 30 ryper! Og isen eg kom ned på var trygg! Det ordna seg for snille gutter, eller som eg skulle ha sagt til han: slapp heilt av. Eg er normann… Hehe nei so ovenpå er det ikkje fint å vere.

So var det isgåing til kvelden tok til, so eg fekk tid nok til å fundere på om ein blir meir audmjuk av å vere ute på ekspedisjona, ja, eller mindre…

Men den etterkvart treige tankevirksomheita blei plutselig avbrutt med ein rakett på den stjerneklare himmelen!

Jammen flaug det ein rakett til andre sida av fjellet! Og ned i den retninga franskmannen sa han skulle sette opp telt! Å fya meg, uheldige mann! Tenk om teltet hans blei truffe! Først går ein gjennom isen i tjue minus, so dagen etter brenne teltet opp av ein rakett!

Men over til mitt ståsted her! Den blei skutt opp frå der eg hadde tenkt å sove på turisthytte, inne i bukta! Typisk min flaks, so er det sikkert ein militær øvelse her!

Steike det altso! Nei her må eg få fart på sakene! eg valde å heller gå litt opp mot fjellet, før dei såg meg, for eg hadde ikkje runda sundet skikkelig enda, og hadde ikkje brukt hodelykt. So eg gjekk eit stykke opp, for å komme meg litt over den kalde fryseboksen nede på isen og satt opp telt ved nokre reinsdyrpor. Smarte hjerna tenke likt.

Nok ein kveld med nordlys og stjerne. Ja og måne, berre for å toppe det heile. Jammen er eg heldig med veiret.

Hmm, koselig. Og no har eg ein og ein halv time avslapping i posen etter måltidet før eg sikkert er sovna. Skal sjå om lydbøkene blei fullført nedlasta frå Sulis. Nei hæ?! Verken lars monsen Canada på tvers, femte bok av Edvard Hoem eller den nye harry potter boka som er no i år innspelt med over 200 forskjellige stemme og lyda som gir ein ufattelig bra opplevelse å høyre på her ute, har blitt lasta ned! Ja altso har ikkje blitt lasta ned!

Men ka e det her? «jeg overlevde Auschwitz». So den blei fullført ja! Den eg kom bort i ved eit uhell der i bussen! Og eg som ikkje får dekning før på mange dagar… Det blei ein litt mørk kveld med nedbrytande lytting på øyret og muligens krigsøving like ved.

Ingen raketta hadde slått ned ved teltet, eller besøk av soldata, so blei ei god natt søvn. Men søren so mykje rim her inne i teltet! Og uff so kaldt! Eg fekk på kleda og kom meg ut for å tisse, so ser jo det ut som at eg er på ein heilt anna planet!

Blei stilige bilete, men jammen upraktisk å starte dagen med nedfryst utstyr! Må vere kjempe rå luft i tillegg til kulden her oppe og!

Månen i det fjerne. Eller er det jorda vi ser?

Og idet eg kom ned på isen igjen var det virkelig som at kulden gjekk tvers gjennom marg og bein.

Ull er gull

Ikkje hjalp det på trygghetsfølelsen at isen buldra noke so heise mykje der eg gjekk! Og det var faktisk eit par gongar der eg følte at isen sakk 2 cm og buldringa var rett ikring meg… Då tok et to steg tilbake, venta, og gjekk på igjen. Skjedde tre gongar. Såg sikkert veldig profesjonelt ut.

Det er vel spenningar som skjer, ved at kulden sprenge ut isen, men jammen var det ingen harmonisk start på dagen.

Men so kom sola opp frå fjella i det fjerne, og malte det gråe kalde landskapet, til smørgult, varmt og trygt. Sola varma nok ikkje mykje, men gav meg likevel ein heit og trygg følelse, som var veldig spesielt å kjenne på. Naturen er virkelig mektig, og det er stort å kunne leve litt nermare den for ein periode. Og eg trur ein oppleve det sterkare ved å vere langt vekke frå folk over lenger tid. Og foruten om Auschwitz boka kvelden før, e det lite anna som fylle haue der eg går.

Det kan kanskje høyres kjedelig og drøyt ut, men når ein kjem inn i bobla, føle eg ikkje behov for all den stimulien eg er avhengig av i det kvardagslige for å ikkje bli rastlaus.

Tom for is!

kan nett nemne at isen på begge vatna var rundt 40cm tjukk, i felta der snøen ikkje låg på isen. So ikkje var den berre trygg for meg, men sikkert heile Brigade Nord, med sine stridsvogne, og vel so det. So dåke ikkje trur eg er heilt uansvarleg der eg går. Og elveutløp går eg aldri til, for dei kan vere farlege sjølv om isen er so tjukk so nerme som 100 meter i frå.

Ofte er det at det er den som går der ute, som har best forutsetning for vurdering av situasjonen.

So det. Nok ein fin dag blei det, gjennom mykje tung laussnø og vill natur.

Satt opp telt ved enden av Kutjaure.

Berre to dagar igjen no. Skal få runda av!

Endeleg scooter spor!

Dagen etter bar det gjennom dalen med desse flotte fjella å sjå på,

eg trenge vel igrunn ikkje nemne dei med namn, for dåke har nok ikkje høyrt om dei. Gjekk over isen Ahkkajaure, og eg ankom Ritsem. Fjellet heitte forresten Ahkka.

Der på Ritsem var det jammen tjukt med soldata, frå USA og Spania. Dei hadde hatt øvelse her i området dei siste dagane. Altso då var det ein rakett eg såg hin kvelden! Tydeligvis god kamuflasje på teltet mitt!

Eg spurte om det var greit at eg telta oppe i dalen no ut på kveld. Ja han visste ikkje, so han viste meg inn i hovedkvarteret til sjefen for øvelsen. Søren tør eg det, tenkte eg. So utstyrte som dei her er, kan dei vere hardbarska spesialjegera! Og då e vel sjefen ein hardnakka spanjol! Men då eg kom inn i kvarteret, stod det ein koseleg kar der i kiosken som eg fekk ein gøyal prat på svensk med. Bra sjef.

Fornøgd kom eg ut, sparka på att skia, tok på selen til pulken og gjekk gjennom massen av soldatane som stod der og glante, med det tekniske utstyret deira. Mens eg nikka til dei, iført strikkegensaren min, pelslua godt trykt ned på panna og ein kjærlighet på pinne som eg hadde kjøpt i kiosken. Den gav meg nok enda større bollekjaka enn kulden her ute allerede har stimulert kroppen til å utvikle.

Akkajaure og ahkka

Siste dagen i innlegget starta raudt. Fantastisk. Å vakne opp på ny plass kvar morning i vakker natur. Det kjem eg virkelig til å savne…

Faktisk ikkje redigert!

Men knall sterk vind idag! Den blåste meg kjapt gjennom dalen, over isen og heilt opp til hytta sitastaurostugorna.

so tidleg som kl 12 var eg der, berre fem timar, so eg åt ein frukost bestående av rundt 400g smelta hjortefeitt og litt spekekjøtt, for det var begynt å minke på pemikanen, so eg ville rasjonere litt. Ikkje tom altso, men det er enda langt igjen til altervatn!

Jepp, brann hull i den eine dyre tynne sokken
det her blir passe feitt og godt tenke eg

Det gav meg ein so god følelse at å gå til neste hytte, 6t marsj i sterk vind frå sida, faktisk gjekk ganske greit. Men steike det, ein kan bli irritert på den vinden som aldri gir seg, og gjer at ein må ha ekstra vekt på eine sida for å ikkje falle over ende. Kun oppover var det også…

Kjedelig med briller som dugga. Enda kjedeligare når dugget frys!

Når det begynne å mørkne, i kombinasjon med at ein er sliten og trøtt, blir inntrykka store og spenninga i kroppen stige. Veivalg blir kritiske på samme tid som at vurderingsevna blir svakare. Heldigvis var det eit scooterspor på isen eg valde etterkvart å gå på, og eg kom meg til slutt fram til hytta i tussmørket med kun haglet mot trynet mitt som sikt. Det er so herlig følelse. Å komme fram altso. Ikkje hagl i trynet.

Hytta Hukejaurestugan, hadde omn so eg fekk kløyvd til noke vedaskier med kniven, og fekk fyr i omnen, for her var det mulighet for det, det her er svensk turistforeningshytter. So nyte eit herleg måltid innanfor fire veggar som gav meg ly for vinden.

Neste innlegg går inn på den kjente Kungsleden, og meir enn som så. På gjensyn!

Dag 23-27 (103-107): Saltfjellet til Sulitjelma

Hei, då blei det nokre ekstra daga sidan sist, grunna lite dekning her ute. Kven skulle trudd. Men for den med godt minne, so går det jo å hente oppatt tråden frå der vi slapp sist, nemlig Saltfjellet.

Og Saltfjelletappen blei jo flott! Såg for meg å gå tre mil langs E6 med vogntog susande forbi, men nei faktisk blei det heller å gå på isbelagt elv og snø belagt gammalvei!

Gamlevegen litt høgre i terrenget enn E6, kom eg inn på sikkert etter ein kilometer etter å ha starta. Men det stod skilt som eg tolka at her var det ulovelig å ferdast. Eg såg rundt meg. Ingen å sjå. So eg gjekk på.

Pang, poff! To skåt høyrde eg frå rett over E6! Eg dukka fort med haue og stoppa opp nokre sekund. Søren altso, har ikkje politiet betre å gjere her enn å vakte denne gamlevegen? Men so blei det stille igjen og eg såg ingen. Kanskje det var rypejegera eg høyrde, so eg traska på vidare.

Kryssa polar sirkelen oppi der, so feira med pemikan. Merka igrunn ingen forskjell då eg tok steget nord for sirkelen. Men er vel ein milepæl på eit vis.

Ca halvvegs såg eg to med pulk langt der nede. Hmm kanskje dei er på langtur og har nokre tips? Eg pilte nedover nokså fort! Det blei sånn fordi det var nedoverbakke, so dei lurte vel på ka eg absolutt skulle ned til dei etter. Men då eg nerma meg dei, snudde dei og gjekk fort mot meg, dei og, so vi nermast kolliderte der nede!

Det var eit artig møte med to på min alder, eller kanskje eindel yngre. Han hadde tjukt litt lenger hår, minnte meg litt om han i filmen Into the wild, og ho var litt lågare, stavanger dialekt, mens han knota so eg er usikker på hans. Fint par, tenkte eg. Dei smilte godt! Dei hadde vore ute å gått i eit halvt år! Starta ved grensa mot Russland heilt nord og har fulgt norskegrensa nedover, om eg forstod dei rett. Skulle visst bruke eit år på å komme seg sørover.

Kan sei det er eit heilt anna prosjekt enn det eg drive med, men jammen hadde vi mykje å prate om! Og omtrent alt vi kom over, so hadde vi dei samme meiningane og oppfatningane. Blir vel litt likasinna her ein går! Bortsett frå at dei var kjempe matleie! Til og med sjokolade gjekk nesten ikkje ned. So nei, der var vi ikkje akkurat like. For matlei blir eg vel ikkje før eg ligge i grava.

Apropos mat vart han heilt henrykt av at det var pemikan eg brukte. Ho smilte. Han hadde ein kamerat som gjekk til Sydpolen med pemikan som mat. Han hadde visst først brukt pelikan til å lage det, for det e det som er originalen. Men det var visst so pyton at han gjekk over til hjort. Då blei det so godt at han blei heller ikkje lei, som også er min erfaring so langt. Blir berre betre og betre.

den her for eksempel, laga eg av storfe frå ein dyktig lovande ung bonde heime i Jølster, ved namn Bertel Årdal, som eg er sikker på vise meir omsyn til dyra sine enn seg sjølv. Dei får gå heile sommaren i dal og fjell.

Noke eg kjem til å angre på resten av turen, er at eg faktisk sa noke so utrulig at eg skulle gjerne ha delt med dei, men eg hadde litt lite igjen for å nå Sulitjelma, og pulken hadde eg lagt frå meg lenger borte! Hah, dei lo no berre og meinte eg trengde det meir enn dei.

Det der syns eg har vore vanskelig stort sett heile opplegget norge på langs. For folk blir so interesserte i den pemikanen, når vi ete ilag på hyttene, i allefall etter min vante forklaring i forhold til Amundsen, og energitetthet osv, men grunna at det er so heise feitt, so antar eg at dei fleste vil syns det er kvalmande eller vere redde for å krepere på plassen av for høge kolesterol verdia. Det e i alle fall det mange har gitt uttrykk for.
Og då blir det jo dumt å spørre om dei vil ha, for då kan dei føle at dei må seie ja, for å ikkje verke uhøflige! Har skjedd flere gongar! Søren då har eg mista dyrebar pemikan og dei går gjennom ein traumatisk opplevelse.

Nei det der syns eg er vanskelig. Veldig greit var det med rypejegerane. Dei ville ha og syns det var supert. Også han karen med den fine strikkegensaren på Bolna. For han sa rett ut at han ikkje ville ha, mens han grein på nasa.

So det har vore lettare her oppe i nord. Dei seie det som det er, rett frå levra, og ferdig med det! Enkelt å forholde seg til! Sånn, der fekk eg blåst ut ein stor bekymring her ute! Godt var det.

Vi skilte til slutt lag etter mykje artig prat for vi holdt på å fryse fast der vi stod på den isbelagte elva!

Eg valde å gå i deira spor resten av kvelden. Gjekk også der dei hadde gått gjennom isen, so eg og gjekk gjennom isen… Klabb fekk eg oppleve då. Rart, for utifrå deira spor, so såg det ut som at dei hadde berre gått vidare uten å ane ka som hadde skjedd! Mens eg stoppa no opp og prøvde å skrape av den isande klabben og slo skia ned i isen og hoppa bortover etter å ha fått på att skia, for å få av den ufattelig irriterande klabben! Eg knakk jo nesten isen enda ein gong, der eg gjekk og trampa meg bortover! Må fatte tiltak!

Eg gjekk ikkje heilt til dnt hytta Lønsstua på Lønsdal, for paret eg møtte hadde vore sjuke der ei vekes tid. So paranoide meg ville ikkje få samme smitta! Då blei det telt nedfor kanten av E6 litt ut i skauen. Måtte berre rulle ned frå den 20 meter høge vegskrenten, for å komme meg dit først. For eg hadde gått litt langs veg siste strekket. Pulken rulla med, og er alltid like glad. Eg også. For å sette opp telt i nordlys, komme seg ned i soveposen og gryta på kok. Ja. Då er det ingenting meir eg trenge for å kjenne på den største tilfreds.

Dagen etter blei det rutsjebane ned elva omtrent,

so gjennom ein flott skog eg vurderte å fyre bål til lunsjen min. Passerte heldigvis eit skilt der det stod at det var ein av dei få urskogane vi hadde att i norge… Då blei det heller primus, som og er bra!

Gjekk over fjellet ved junkerdalen og kom då til slutt ned til Graddis.

Ser vel ut som ein bavian med den maska, men luftvegane elska den. Då gjer eg det og.

Jammen var det mange flotte fjellparti! Junkerdalen levere. Addjektinden og Ørfjellet i bakgrunnen der trur eg.

Las på hytta at den gamle telegrafruta som bandt nord og sør ilag so tidleg som i 1860 åra, ved at dei bygde sånt telegraf nett, går gjennom saltfjellet, men på den andre sida. Fordi eg gjekk paralellt med den syns eg det var litt interessant. På sommaren er det visst mange flotte tura å gå der, hytte til hytte. Og desse hyttene har reinholdera, sama, brukt flittig opp gjennom åra, når dei har flytta rein. Budde gjerne fleire veker der oppe og hadde matlager og greier. Høyres ut som eit fint liv!

Tilbake til junkerdalen, for vi er ferdige med saltfjellet no.

For eg kan sei at eg såg eindel rype, men ingen jerv, noke han into the wild karen hadde sett her. Men eg såg to reinsdyr! Dei var nede på isen på Viskisvatnan.

Eg såg dei før eg gjekk ned på isen. So forsvann dei då eg gjekk over isen. So kom dei tilbake på isen, då eg hadde gått eit stykke vekk frå isen… Koffor dei so absolutt måtte vere på den isen, forstår eg ikkje. Ka mat har dei å oppdrive der?!

Kanskje det er so sjeldan det er is her, at det er ein sensasjon når den først er trygg. Sånn er det i allefall heime no, med is på Jølstravatnet, so heile bygda må ut på den, for det er vel ikkje kvart skåtår det er tilfellet.

Jaja. Graddis ja. Der var eg klar for ei vaffel om ikkje anna, so eg gjekk no inn i denne sjarmerande koia. Etter å ha kjempa meg nedover lia med ein velteglad pulk…

Der var det veldig tomt, faktisk heilt tomt. Kun oppvasken igjen, med ein skvett vaffelrøre i eine bollen. Gjekk skuffa ut og møtte på eit par som skulle til å køyre derifrå i ein fei. Kor skal eg gå for å komme meg til Trygvebu, spurde eg. Du følge den dnt løypa der! God tur! Dei hadde det visst travelt. Skulle sikket rekke å komme heim for å sjå OL, eller noke sånt. Eller var det VM?

Ja eg tok no rådet for god fisk og gjekk ut i skogen i djup laussø. Ingen hadde gått der før, men jaja. Eller Neinei! Den kilometeren tok meir krefte enn heile turen til Graddis omtrent, for det var IKKJE ein pulk vennlig vintersti! Eg måtte jo somme plassa bære pulken loddrett! Strekk fekk eg og! Luskestrekk, so eg nermast drog venstrefoten etter meg, då eg ankom E6! Eg fulgte heller den oppover mot Stor graddis fjellet. På kartet kan det ofte sjå kjappare ut å gå rett på målet. Det er sjelden tilfellet.

Det starta å mørkne og strekken blei verre, men ingen problem for ein uteliggar som eg begynne å bli! Då var det rett ut for vegen og opp med teltet. Like fornøgd som sist. Bortsett frå at det kom ein stor bulldosar av eit slag og fresa snø utover heile teltet… Han blei sikkert like irritert som meg, som eg på han, på at eg telta akkurat der.

Men fekk ei god natt søvn, og strekken var vekke dagen etter. Å sove ute gjer underverker!

Ned mot Trygvebu fekk eg for det meste renne på veg uten feller, so det gjekk som det suste! Bra det var lite trafikk der på ein grytidlig morning i det kalde veiret. Gjekk faktisk so fort at eg gløymde å ta av vegen nedover mot Trygvebu! Det er ei dnt hytte ved elva Skieiddehjåkhå. Naturlig namn på ei elv, kan ein vel sei.

Ser ut til at denne lille plassen er drevet av raude eldre traktora.

Då blei det til at eg heller rennde ned skrenta her. Det er jo eit tap å gå tilbake tenkte eg. Men her var det ingen spor, kun masse laussnø og bjørk. Ka gjer ein ikkje for urørt natur, tenkte eg mens eg deisa nedover dei altfor bratte bakkane. Blei mange tryn. Uhorvelig vanskelig snø å drive utfor i! Pulken fortsatt ikkje knekt.

Stakk innom Trygvebu for å tine litt vatn før eg fulgte elva oppover. Ja, du hugsa vel namnet, men om ikkje: Skieiddehjåkhå. Til eg endeleg ankom dagens mål: Argaladhytta.

Argalad! Høyr korleis det kunne ha vore ein festning eller ein landsby i sagaen Ringenes Herre! «Their taking the hobbits to Argalad!»

Men neida, ingen orka eller hobbita var det å sjå der eg traska oppover elva. Men flotte høge fjell og isformasjona! Men tung snø å vabbe i, so godt å endeleg komme fram nokre timar etter.

Der fekk eg ro i sjela altso. Det var en liten plass i en smal dal, der ingen skulle tru at det ikkje var rasfare… Og i samme stil som beliggenheten, var og dei to hyttene koselig små. Ja, det var ein liten plass akkurat passe stor nok for meg, hehe.

Fekk følelsen av å vere 10 år gammel igjen, heime på gutterommet på loftet, for hytta var ikkje mykje større, og ingen bekymringa nådde meg her. Ikkje tok det lang tid å få opp varmen i hytta heller, so jammen er det praktisk med små hus.

Og himmelen dansa runddans til langt ut på kveld, so den boka i hylla eg hadde sett, forblei urørt, for då eg til slutt la meg på puta, ja då sovna eg før klokkevisaren hadde landa på talet ni.

Kunne forsåvidt avslutta i den rolige tonen der, men eg ville komme meg til Sulitjelma, eller Sulis som dei kallar det dei som bur der.

greit med grinder som har sopass enkel konstruksjon

Hei hoo! Ropte eg i dalen so ekkoet gav gjenklang langt bortover og isberga raste kring meg! Nei. Det gjorde eg ikkje. Men eg var klar for nye eventyr, for eg hadde sove i heile ti timar!

So då var det først ein dagsetappe gjennom dalen, som var nokså tung grunna nysnøen som hadde komt, før eg tinte vatn og åt frukost i ballvasshytta, ei flott DNT hytte ved ballvatnet.

Litt vanskelig å komme seg ned på Ballvatnet frå hytta, med magen full av mat! Valgte å renne rett ned gjennom skogen og ut på eit snøbelagt isberg, so eg deisa rett bak på rygg og pulken kasta seg over meg og vi endte begge to paddeflate ned på isen. Ikkje som bambi, men som eit snøras…

Ingen konstruksjon eller bein knekt, so vi trava etterkvart bortover isen. Då kunne eg skimte Årfottjårro i det fjerne, inn i Sverige. Eller var det Gabsjetjåhkkå?

Då eg hadde beseira tre timar med isvandring, som kan bli like mykje ein kamp mot kjedsomhet, som mot rare tankar, gjekk eg på nedsnødd veg, som faktisk var so skravlete at pulken velta ikkje berre ein gong! Men ankom til slutt Tjoarvihytta. Kor eg skulle tilbringe kvelden.

Der blei eg ganske so skuffa over kor lite koselig det var. Stort og kaldt! Eg trenge ikkje det!

Men etter å ha tatt ei runde, kom eg fram til ei gammal lukka dør. Ein høg knirkelyd kom det då eg opna den. Innfor døra, opna det seg ei gammal lita hytte. Det var mørkt so eg skrudde på hodelykta. Å du verden!

Tømmervegga! Og den var lita! Og ein herleg god ovn! Og kjøkken, alt i eitt rom! Virkelig sjarmerande. Kanskje topp fem?

Blei ein god kveld med bra fyr i omnen, der eg las om ei som dreiv fangst på Svalbard tidleg 1900 talet, av alle ting. Hm. Litt vel barskt det der, men kvar sin smak!

Her er det jo slike tanka som kjem inn. At koffor ikkje berre bli nokre daga når eg kjenne på ein so god ro i både kropp og sinn? Det er vel eit indre driv som vil vidare mot målet i det fjerne. Eg syns igrunn det er greit. Det er kjekt å vere på farten når eg først drive på her ute, og det føles som at eventyrlysten vil ha meir og meir, den eine dagen etter den andre.

Sjekka bussrutene til Fauske, for eg ville dit frå Sulis. Til Fauske for å kjøpe noken skisko som passa foten min betre enn Alfa. Eg har gått med pappa sine sko heilt frå vi var ferdige med Børgefjell, fordi mine var blitt for trange. Men no syns eg desse var blitt for store, dei e jo størrelse 47! So eg bruka tre par sokka! Eit dagsverk å ta på på morningen! So ja, eg trur nok at Crispi passa betre til foten min då dei er breiare framme i tærna og eg kan heller gå ned ein størrelse. Kan spare peng på sokka då.

So eg reiste avgårde så tidleg som halv sju på morningen, og gjekk på utan stopp. 11.55 gjekk bussen. Den einaste den dagen. Sånn er det jo på slike plassar… Eg var på plass 11.48. So etter å ha gått over fem timar, rakk eg det med sju minutt. Bra beregning. Eller blei kanskje litt stress.

Men eg fekk likevel nyte det å komme ned til Sulis, i skådde. Det e jo ein gammal gruvedrifts kommune. No er det snøscooter og hytter eg ser, for det er ganske unike muligheta for flotte turområder her. Trur eg talde over hundre scootera og kanskje åtte bila.

I 1895 var bergverket Sulitjelma størst i landet med 608 mann i gruvene. Og i 1913 var bedrifta nest størst i landet med heile 1737 ansatte. Det var nok ingen kjære mor å arbeide her på den tid. Det er laga ein film av dette, som heite Sulis 1907, i typisk norsk krigsfilm stil. Ganske ny. Eg hakje sett den, men søkte opp Sulis på youtube kvelden før, og fann meg i å bruke ein halvtime på å sjå på gamle opptak frå 1960 mens den enda var i drift… Hadde nok ikkje gitt meg tid til det heime…

Var forøvrig innom Sulitjelma turistsenter henta pakken med både 10kg pemikan og dei to thermosane. Dei her drive stort og legge til rette for folk som går tur, so det der var han vandt til. Eg vippsa no litt for at dei ordna med det og kjøpte noke i den døgnopne kiosken han hadde etablert. Sulitjelma er eit typisk mål både på Nordlandsruta, som mange går spesielt på sommaren. Også for dei som vil gå frå Sulis og inn i Sverige gjennom Kungsleden, som er kjent over heile verda.

Påfyll! For eit syn. Men måtte kjøpe med litt ekstra mat, for det er ingenting no på ti dagar.

Fauske blei superstress for eg skulle rekke litt forskjellig i forskjellige dela av byen, før eg tok bussen tilbake til Sulis. Litt artig då eg skulle sende dei gamle skiskoa heim, etter å ha kjøpt nye, so var det ein utlending som skulle hjelpe meg med sendinga. Han forstod ikkje ka eg sa. Han ba meg skrive ned adressa isteden, men den handskrifta var visst ikkje meir forståelig, so han røska til slutt til seg tastaturet so ledningen nesten rauk, og rakte den over kassen og bort til meg. So snudde han skjermen, so alle tinga på pulten fallt ned på gulvet, mens køa bak meg bygde seg opp. Han var visst litt stressa han og.

Då eg omsider skulle tilbake til Sulis og lempa pulken innatt på bussen, spurte sjåføren om eg skulle til hytta oppe på fjellet. Ja, det e jo berre 4km, so det går vel fint sjølv om pulken har blitt 13kg tyngre, sa eg og lo. Då lo han og og sa at nu må du berre slappe helt av, for den etappen der e den verste etappen av hele Norge på langs!

Med klump i halsen såg eg på kartet at det var heile 500 høgdemeter, og det kjennes med pulk…

Åt resten av eplene og appelsina eg hadde kjøpt, i håp om å fordele vekta meir effektivt, og tok fatt på oppstigninga.

Den starta ved kyrkja, so eg kunne like godt ta eg ei bønn om at eg kom meg opp uten for mykje strev, der eg dåg såg opp til toppen av fjellet.

Etter fem minutt gåing hadde eg allereie rukke å bli nokså anpusten og heit. Og fellene glei ofte bakover, for dei holdt ikkje grep grunna bratta. So såg eg ein mann som kom i møte. Ein eldre kar med litt markerte augebryn og hule kinn so kjevepartiet viste lang veg.


Ikkje spør, Øyvind, ikkje spør! Tenkte eg, men det var jo godt med ein pause.

Emm du! Hei, er det langt opp?

Plis sei noke som hjelpe på psyken min, tenkte eg…

Åpp? Kor langt skal du?
Nei til DNT hytta der oppe.
Å, skal du helt dit åpp?! Nei så langt pleie æ ikke gå. Æ går ca halvvegs, det er godt nukk for mæ.
Mm Javel ja. Men er det brøyta heilt opp?
Om det er brøyta nei? Nei dette scootersporet stoppa rett opp i høgget der, så resten er bare mine spor. Og kordann det er vidar opp, det tørj æ itte si dæ. Æ trur det kun e æ, som går her så tidlig på året. Ka du skal dit opp så sent på kveld?
Nei eg er på langtur…
Å! Du e en av dem ja! Ja du må passe dæ, det er is, du må gå ut i kanten, sånn som det her! Sa han og heiv armane i veiret, for å vise sin balansekunst i sikkert alder av 80.

Og etter kanskje ti minutt instruks om korleis eg skulle ferdast og kor eg skulle gå der oppe, so var eg begynt å fryse og meinte at det går nok bra.

Jo, ja, jo det gjør vel det. Sa han mens han drog på orda og tok seg på det snaue skjegget han hadde, og såg bak på pulken min, so tilbake på meg. Eg og såg bak på pulken min, so på han.

Men du får ha god tur da! Håpe du har hodeløkt!

Ja. Den fekk eg bruk for.

Neste etappe blir gjennom sverige, sikkert ti dagar, langt ut i villmarka med mykje natur og etterkvart inn på Kungsleden tjukt i utenlandske turista. Blir ein spennande etappe uten straum eller dekning, hytte eller veg. Knekkande is og franskmann i livsnød! Korleis det gjekk kjem i neste innlegg!

Dag 19-22 (99-102): Mo i Rana og Bolna

Ja då vil eg starte med å seie tusen takk til det ekteparet, og bussjåførane, og sportsfolka på sportsbutikken på Mo. Alt gjekk på skinner.

For då eg ankom kvelden heilt utsliten til det eldre ekteparet, tok dei meg inn i den varme og fine stova. Dei såg på OL, eller VM, eg veit faktisk ikkje ka som går føre seg no, og eg kjente at eg ikkje kunne brydd meg mindre. Eg var utsliten. No var det å planlegge korleis eg skulle få ordna bindingane.

Men først masse hyggelig prat i ørska og kvelds. Før eg fekk reise til Mo i Rana, polarsirkelbyen. Byen ligge rett sør for polarsirkelen, so snart har eg kryssa den!

Han hadde sine kontakter. So etter ei god natt søvn ute i teltet, sjølv om dei insisterte på at eg måtte ligge på loftet deira, ja då køyrde han meg eit godt stykke til ein buss, der bussjåføren køyrde meg gratis heilt ned til Mo i Rana, og heilt inn til sportsbutikken. Der var det fire kjappe, men avslappande ranværinga som var klare til å fikse bindinga mi, som når ein formel 1 bil køyre inn på depot for å bytte dekk!

Han som verka barskast av dei meinte det var urutinert å ikkje ha med ekstra binding på eit slikt prosjekt! Og enda lenger i ansiktet blei han då eg nemnde at skia og bindingane kjøpte eg for konfirmasjonspengane mine på ungdomsskulen! Men ho eine lo og sa at «no må du huske! han e no ikke like gammel som dæ!

Storhandel blei det! Lengre teltplugga, enklare hodelykt, super praktiske fotposa, dyr Stanley thermos, drit dyre sokka til å ha innanfor tjukkesokkane, nye filter til kuldemaska og fellelim. Og etter ein times prat over ein pappkopp med utrulig sterk peppermintete, gjekk eg strålande fornøgd mot ein matbutikk eg hadde sett meg ut i forkant.

Det var nemlig ein gourmet butikk som hadde noke som ein utruleg nok ikkje finne i vanlege butikka, nemlig spekk. Her frå Angus storfe. Klart at det beste spekket er frå sau eller vilt som har vore ute. Men det får duge. Og litt frotsing i frukt og grønt, no som eg hadde tilgong på det. Det e vel godt for noke sjølv om energi mengda igrunn er minus trass vekta og plassen det tar.

Datt over for å kjøpe masse torskerogn på ein ferskvare butikk for sjømat og, for fy søren, stekt rogn i masse spekk. Utrulig godt, det.

Og eg som fekk kritikk fordi eg brukte heile tre farga på mitt hus!

So var det å ta buss tilbake att til ekteparet, og då fekk eg igjen gratis billett, for han som køyrde, jobba i den lokale radioen, radio rana! Han ville ha meg på direkten, fredagen, for han likte prosjektet mitt.

So over igjen til den andre bussen som køyrde meg heilt inn til huset til det eldre ekteparet. Han hadde vore politimann i 35 år her, veldig snill i følge andre, og fortsatt veldig snill, no som bussjåfør. Og jammen fekk eg lokalt reinsdyrkjøtt og spekk med på turen vidare av den eldre karen! Dei her opp i nord veit ka som trengs!

Såg berre sånn ut første kvelden altso. Ryddig resten av oppholdet!

Bolnastua var berre ein 7km gåtur langs veg, og der blei eg heilt til fredagen, for eg kjende dei neste to dagane at luftvegane trengde å bli friske. Var litt vondt å puste inn, so då er det lurt å lytte til kroppen.

Fotbad, få ting til tørk, skadeforebyggende øvelsa på matta og masse god mat og eindel telefonsamtala var virkelig medisin

Apetitten for feitt er skammelig stor.

Etter to fine dagar i den nye, flytta eg ned til den gamle, ca 20 meter. For idag er det fredag. Og då kan eg risikere at det kjeme småbarnsfamilia på besøk. Hyggelig det altso, men lite slår å ha ei hytte for seg sjølv. Blir god på flytting etterkvart.

Hadde også ein liten røyskatt rundt hytta. Fekk litt mat den og.

Også eindel bra lesestoff der. Fekk i allefall ikkje tid til å kjede meg

Spesielt interessant ei bok om eit par som tilbringte to år ilag med inuitta på 90 talet. Kulturforskjell frå levesettet i norge! Spesielt når det kjem til storfamilien. Men alt har vel sine fordela og ulemper.

Må sei eg blei litt nervøs då det nerma seg det radio intervjuet. So det hjalp at det kom ein sprek kar i førtiåra, eller femti, inn døra med ein stor hund, då det nerma seg kvelden. Eg blei litt stressa, hadde jo ting overalt! Til og med Disney puzzlespel av Frost. Han lo då eg sa eg hadde flytta frå nyehytta til den gamle tilfelle det skulle komme masse folk i den nye. Han kunne då opplyse meg om at heile gamlehytta igrunn var fullbooka denne kvelden grunna eit arrangement. Men det hadde blitt avlyst, so det blei kun han og den snille hunden. Puh!

Praten gjekk i eitt og jammen blei det grandis, trass eg trudde eg hadde ete nok for kvelden. Plutselig ringde telefonen og eg var på intervju.

Då kom spørsmåla etter kvarandre. Eg må no sei eg hadde forventa litt meir interessante spørsmål, eigentleg. veiret, og om eg hadde truffe noken folk på vegen, sett noken dyr og korleis eg skal komme meg heim att frå nordkapp. Nei det hadde no ikkje eg tenkt på, sa eg. Ogso har eg no hatt samme veir som resten av norge, flott men kaldt. Ja, sett noke elg og rype. Truffe folk? Klart eg har truffe folk, det e jo ikkje Nordpolen eg går. Treffe no folk stadig vekk, både på hyttene og i bygdene eg er innom.

Men so kom spørsmålet om mat, og eg tenkte at det her kunne no bli artig, so eg starta med å nemne at eg får tilsendt 10kg pakka med mat eg har laga. Blanding av hjortekjøtt og storfespekk! Ja då var han visst fornøgd med det, og spurte so om drikke. Drikke?! Eg hadde no mykje meir å seie om maten! Nei drikke? Det e no vatn det, då. Må smelte snø. Hæ? Smelta du snø? Spurde han veldig overraska. Ja klart eg smelta snø, alt er jo fryst her ute! Ka med monster, drikk du det? Monster? Spurte eg. Energidrikk. Sånn dere Redbull. Redubull?! Nei det hadde no fryst! Og det hadde tatt all plassen i pulken, for ikkje å snakke om vekta! Og energidrikk er no berre noke nedbrytande dyrt juggel! (Ikkje at e sa det, men skulle gjort det) Nei vatn, det helde det.

Grønsåpe 20min, viktig med god fot hygiene

So lurte han til slutt på kortid eg er på nordkapp. Nei det har eg ikkje snøring på.

Han var veldig fornøgd med intervjuet, ditta hadde visst gått veldig bra.

Hmm. Ingen refleksjonsspørsmål i det heile. Ka med koffor i all verda velge å frivillig bruke fire måneda på å gå norge på langs?

Greit, det e vel litt sånn det er med radio. Kort og konsist. Folk skal ha svaret med ein gong, lettfatta, so dei kan kjapt hoppe over til neste tema. Han andre som blei intervjua, spurte om eg hadde lagt ut turen på Tik Tok. Laga ein seks sekunders film om at eg går norge på langs. Då lo eg litt oppgitt. Nei, tenkte eg, då har ein misforstått konseptet totalt…

Jaja det er greit. Neste innlegg skal bestå av ka veir, dyr folk og drikke eg har hatt denne gongen. Og alt det skal eg fortelle med kun åtte ord! Elles hoppa vel dei fleste av, til fordel for neste ting å konsumere.

Hehe tvila på eg klara det.

Neste delmål blir Sulitjelma, og starta med å gå over Saltfjellet. Tippa eg er der om åtte ni daga. Der tar eg buss til Fauske for å hente ny 10kg pakke med pemikan, som passa bra, for eg har mat til ca sju dagar til.

Dag 13-18 (93-98): Spjeldfjelldalen-Virvassdalen

Fint opphold på Steikvasselva. Som hotell var senga oppreidd og dusjen klar. Men langt betre enn hotell fordi det var kjøkken og vedovn der. Kjekke folk, veldig rimeleg oppht og mykje lesestoff gjorde til at eg kunne fint vore der mange daga til. Men eg kjende meg klar til å gå vidare. Har igrunn ikkje vore veldig tungt å vandra over is og veg. No var eg gira på å komme meg opp i fjella igjen. Endelig!

Men Stanley thermosen eg kjøpte på bruktbutikk for ei stund tilbake, fraus berre gjennom natta i telt, so faktisk bytta eg den ut med ein dei hadde. God deal frå mi side, og raust frå deira. Bruktbutikk e ikkje alltid like bra.

Kom meg litt seint avsted, for her var det wifi! Då var det å planlegge dei neste dagsetappane, neste 10kg pakkesending og ei lita bestilling på fjellsport av fuel til primusen og to utrulig dyre Stanley thermosa som eg kan hente i Sulis når eg er komen so langt.

Etter litt administrasjon, god samtale med eigaren og ein tilfeldig spasserar i samedrakt som eg påstår er første følelse av å vere komen litt nordover, kunne eg begynne oppstigninga mot Spjeltfjelldalen.

Heilt fantastisk å komme seg opp og vandre i fin natur. Det var minst motstand å gå i eit opptrakka skispor, so eg fulgte dei. Men det var nok frå ein rypejegar. So mens eg ville rett fram, gjekk han hit og dit og opp og ned! Kryssa sikkert elva seks gongar før eg heller gjekk mi eiga løype i laussnø.

Skulle bli enda fleire elendige veivalg idag, litt ufokusert, spesielt på slutten då det var ein time igjen til DNT hytta ved Gressvatnet. For på kartet var det kortare å gå over sundet enn rundt på is. Snarvei lønna seg sjelden! For eg blei gåande i djup snø i skrått terreng med tjukk bjørkeskog i sikkert ein time ekstra… Samen meinte eg måtte klare det på fire timar. Eg brukte nok heller sju. Trur forresten det er samenes nasjonaldag idag. So gratulerer so mykje!

Rakk å bli bra sliten og trøtt før eg såg hytta. Eg hadde gleda meg til ein roleg kveld, for eg hadde ikkje sove godt på tre netter. Då blei eg jammen skuffa då eg såg at det var fullt lys i hytta. Og for å gni det inn, høyrde eg at røykvarslaren gjekk, og gutta midt i tjue åra som banna oppgitt på nordadialekt…

Røyken osa ut av døra og eg vurderte sterkt å gå litt vidare å sette opp teltet. Noke fest orka eg ikkje no. Men eg valde å ta ein sjanse på at eg kvikna til litt med innhalering av røyken som osa ut frå døra, og at det blei ein bra kveld. Det blei det!

Det var to bondesøne som skulle tilbringe helga der på hytta for å jakte ryper! Og dei var midt i oppvarminga av hytta for dei var nett komne.

Det her var arbeidskarar, det merka eg lang veg. Dei hadde sydd eigne vottar i seleskinn og pelsluer av fjellrev! Og mens eg stod å pratte, rullerte dei på å fyre i alt som gjekk å fyre i, hang ting til tørk, la dynene foran omnen for det var tjue minus inne på soveromma, og jammen meg bårte hull i isen for å hente 40 liter med vatn! Og det gjekk forresten ikkje, so dei hogg heller laus med øksa og kom inn med fulle vanndunkar. So tok det vel fort eit par timar før eg fatta tiltak sjølv og fekk hengt vottane mine opp til tørk.

Og mens eg fortsette å prate utover med dei, og satte besjedent pemikangryta mi til oppvarming i den lissje stormkjøken panna mi, starta eit forrykandes show frå deira part!

Stekte grønsake, saftige elg og hjortefiletar, bernaisesaus av krafta og jammen meg pommes frites i vedovnen!

Det var nett som å sjå Arne Brimi på gutta på tur, men i haretempo! Ganske rått å sjå på. Og han her stekte ikkje filetane tørre! Det var sprøtt på utsida og raudt inni. Mørt og saftig. Etter mi meining, langt betre enn tørrstekt. So når eg i tillegg fekk ha det oppi pemikangryta mi, so det blei feitt i tillegg! Ja, då var det top notch.

Dei var forresten veldig begeistra over pemikanen min. Syns det var kjempe godt og praktisk. Kjende eg hadde behov for å nemne det etter alt det dei laga. Ogso måtte eg vise kniven min som er laga av hjortegevir. Ikkje av meg, men av ei tøff jente ned i sør. Den blei godkjent.

Etter eit nydelig og langt måltid og jakt, mat og bondeprat foran omnen, blei det endeleg ei natt med ni timar god søvn.

Fekk forøvrig tilbud om å bli ein dag til og vere med på jakt. Men eg tenkte dei kunne nyte brødre helga sjølv, og eg var spent på ka som venta i neste etappe til Umbukta. So mens eg gjekk der over Gressvatnet i soloppgang, dagdrøymde eg om at eg blei med dei på jakt. Effektivt å ha litt livlig fantasi! Då får ein vere fleire plassar på same tid.

Synes igrunn ikkje mykje om rypejakt sjølv, for heime vil eg at rypene vi har skal få leve. Vi har litt få. Men her oppe telle eg tretti til førti kvar ein dag, so sann går det sikkert fint.

I enden av Gresvatnet, over på svensk side, var det ei høgde eg skulle over. Slike parti i naturen har sikkert eit uttrykk eller namn, men ein skjøna vel biletet.

Faktisk var det scooter spor der, men ja, dei gjekk jo omtrent opp loddrett!

Trenge ikkje gå meir inn på det, enn at det tok fort ein time eller to, uhorvelig med krefte og eindel frustrasjon å komme seg over til det andre vatnet. Har ein liten sekk i pulken som eg fyllte med dei tyngste tinga. På den måten blei eg tyngre og pulken lettare i dei brutale oppoverbakkane. Fungerte bra.

Men humøret var på topp då eg ankom toppen, og feirte med ein god frukost av pemikan mens eg skuva utover landskapet eg skulle gå i. Godfølelse.

Valde å ta ein snarveg. Umbukta var stengt. For tidleg på sesongen. Derfor gjekk eg heller lenger inn i Sverige på is, over eit skar eller dal (må lære meg slike begrep) og so ned att til neste DNT hytte, Kvitsteindalstunet. Dalen veit eg ikkje kva heitte, for eg har ikkje detaljert kart over sverige, so gjekk litt i blinde.

Det gjekk igrunn bra, og eg traff på ein rein.. reinbonde? Søren ka kalla man det då? Reinholdara? Same? Køyre scooter etter reinsdyra sine, med reinsdyrskinn som underlag og sikkert heimesydd pelslue. Eg skraut over både antrekk og scootertrekk. Han takka og skraut over hanskane mine. Takk for det, smilte eg, og lo då eg såg han hadde heilt likeins.

Han hadde aldri sett nokon gå her over før på ski, og han hadde drevet med rein lenge! Han anbefalte meg å telte før eg kom meg opp i høgda for det var so mykje vind der oppe.

Slike har eg respekt for, so teltet blei huset inatt, istedenfor å gå til langt på natt for å rekke DNT hytta i motvind.

Blir ikkje siste gong eg nemne det. Å sette opp telt, komme seg i soveposen og ha pemikangryta på kok, e so utrulig god slutt på dagen. Kroppen og haue e so fornøgde begge to etter å ha gått ein heil dag! So då er noke so enkelt som å ligge i teltet… nei. Nei ditta må eg tenke på. Skal ha ei god forklaring seinare!

Og denne kvelden var heller ikkje so kald, berre 20minus, heh, so då fekk eg lese ut boka eg hadde med heimafrå, av ein forfattar i Førde. Kjærleikens pris. Interessant utvandrar historie om ei jente og ein gut frå Førde som reiste til Amerika i mellomkrigsstida. Berre å kontakte Vidar Fossen, so får du sikkert eit eksemplar du og. Tok 40min å lese.

eventuelt ligge ho her i denne hytta, der eg tok ein kjapp pause som blei to timar med vedfyring, tørking og matlaging. Kvitsteindlastunet.

So skjedde det altso. Tre steg frå hytta, knakk stålet i eine bindinga… Aj.

Gå tilbake, haike frå Sverige til Mo i rana for å fikse det? Nei det e litt kjedeleg.

eg valde å gå mot neste DNT hytte, virvasshytta. Satse på at det er hardt nok underlag. Då kjem eg meg vidare nord. Frå den hytta var det då å gå vidare til Bolna. So ta buss til Mo i Rana.

gjekk forsåvidt greit første dagen. Fulgte scooterspor, for dei var harde nok å gå på. Å gå utenom, var blytungt då ein berre trakka gjennom skaren.

Men det frustrerende var at scooterspora gjekk hit og dit, og ofte snudde. So eg gjekk sikkert dubbelt so langt gjennom den sokalla Kvepsendalen, og anstrengte meg kanskje i meste laget.

Blindeføre i hytta

Valde å overnatte i kvepsekoia, og valde også å fyre opp. Det var nok mykje snø ned i pipa for dei første tjue minutta var det badstue der inne med tanke på sikta. Og det begynte å drype frå taket so utstyret mitt og eg blei våte. Men so blei det varmt og tørt. Og koselig. Mi første koieovernatting! Hadde sikkert vore langt mindre styr å sove i telt, men var litt artig.

Den siste dagen i dette innlegget, var brutal. Scooterspora blei det etterkvart slutt på, i allefall i den retninga eg ville gå so det blei tungt kvart eit steg.

Valde etterkvart å følge ei elv, for der hadde eg litt fastere underlag, Borågelva, til eg kom meg ned til Virvassdalen der det var scooterspor til E6. Droppa altso Virvasshytta.

Gjekk 3-4 mil den dagen i gjennomslag føre, og elva var jo ikkje akkurat rett linje nedover. Jogga store dela av nedoverbakkane i virvassdalen for å rekke ned, so eg anstrengte meg nok altfor hardt. Må jo ikkje gløyme at eg drege på pulk! Og det var kaldt for luftveiane!

Gamasja, er gode å ha når eg vassa i snø

Og siste del var det veg i nedoverbakke, so eg sat meg på pulken og rennde. Søren det gjekk altfor fort og det var vanskelig å svinge! Suste nedover, forbi ein raud telefonkiosk med ein nisse i, og endte ut i grøfta. Litt for spennande affære, so det var betre å gå eller jogge.

Men enden blei god, langt ut på kveld, for heilt nede ved vegen, var det eit hus med eit eldre ektepar i. Dei såg meg idet eg gjekk inn på tunet, men ka som skjedde då, blir i neste innlegg!