
Finse til Geiterygghytta gjekk jo veldig fint med sjokoladekaka som bensin. Sat opp teltet faktisk ein kilometer før hytta på kvelden, for eg tenkte det var stappfullt der.

Litt rart å gjere det med mykje vind etter ein lang dag når eg skimta lysa i hytta lenger ut av dalen. Bra eg ikkje kunne lukte middagen! Angra litt då eg ikkje fekk sove so mykje grunna vinden som tok seg opp…Angra enda meir då eg ankom hytta, morningen etter, for der va det få gjeste, eit stort frukostbord av lokalprodusert mat og ei kjekk betjening!

Eg gjekk fort vidare, for pappa var so veldig grei å blei med på ein etappe der opp til kongshelleren, i sterk vind. Det blei lett etappe for meg, for han ville dra pulk. Han hadde med diverse greier til meg, som nye kart og mat. Deriblant ørret og surmjelk frå Kjøsnes matauk som ikkje fekk vere lenge på fjellet før ho var tom. Men mest pemmican.

Vi skildes etter ein god pause på kongshelleren, ogso rennde eg vidare mot målet før uveiret skulle ta til for fullt. Det var sopass sterk vind mot Lungshytta, at dei lange nedoverbakkene utan sikt blei ein skrekk og gru å renne i. So her fekk stormen nemlig ein kar til med i koret sitt, i det eg rennde fortare og fortare nedover ein lang bakke utan sikt! Plutselig flata det ut, og jammen sto eg!

Kry gjekk eg nokre få meter til etterpå, og då fallt eg plutseleg ned ein skavl, so pulken kom liksom oppå, og draget stakk hull både på jakka, buksa og nettingen! Og det eine staget knakk, og festa sleit av selen… Då blei det ekko i fjella igjen!

Kjipe greier, men eg fekk fiksa det midlertidig med strips og teip, og heldigvis var eg like heil! Ikkje heilt greit å tilkalle nødetata i dette uveiret om staget hadde spidda låret mitt isteden!

Tok igjen Keylen ettersom at han fortsatt trur han står på brett, sidelengs nedover bakkane. Då vi på kvelden omsider ankom Lungshytta, var det nok same følelsen som å komme til himmelen.

Kjempe kjekk betjening, dusj med såpe, skifta til tørre klede, ogso like etter var det tre retters middag med rømmegraut til forrett, i veldig godt selskap deriblant raude kors. Dei som drive hytta her har kyr på sommaren, so rømma var lokal. Heilt i mi gate det her, eller my cup of tea, e vel rettare sagt, for det va britar der og.

Her blei vi faktisk i fire daga, vi fire som ikkje var utstyrte med snøscooter, for dei for morningen etter trass stormen. Vinden som haldt oss veirfaste, var so sterk at ytterdøra ikkje kunne haldast open lenger enn for å kunne kjapt smette seg ut for å gå på do! Og dobesøk til utedassen var alltid ein ekspedisjon i seg sjølv i fare for å bli tatt av vinden. Vi prøvde og å gå ein liten tur for å lufte oss på dag tre, men måtte gå fiskebein på flatmark for å ha framdrift. 43 m/s viste vindmåleren og orkan, som er den sterkaste eininga, er på 32 m/s.

Men fire daga inne i hytta gjekk stormande fint. Maten forstår dåke nok, var eineståande. (All inclusive va liksom litt vanlig ettersom at å stå på rommet sitt med primus ikkje akkurat er noke som er prisgitt). Vi åt nok over deira budsjett! Og vi fekk ny tale for kvar middag av storbonden sjølv, ikledd strikegensar uansett temperatur, som fortalte på god og underholdande hallingdialekt om korleis det hadde vore der i tidlegare tider. Han kunne ikkje passa betre der oppe, og det kunne ikkje resten av betjeninga heller, som førte til eit eventyrlig og kjekt opphold!

Vi som var gjesta fann tonen sopass bra og, at den tunge boka eg har dragse med meg heile turen, la eg tilslutt igjen. Blei ingen lesing der heller. Full i nye inntrykk heile tida, gir ikkje akkurat rom til bok! Jammen blir det gode samtala uten dekning, og latteren sitte laust. Men monopol vakje like gøy, der eg tapte so det sang.

Jarle som han eine eigaren heite, henta ei fiskestang som vi kløyvde med ein sløv kjøkenkniv. Smatt den på det knekte staget til draget på pulken. Og etter strips og teip, var draget so godt som nytt! Sydd og teipa kleda mine fekk eg gjort og. Tørka klede og strekt kroppen både på langs og på tvers. So her fekk både kropp, sjel og utstyr resetta seg for nye eventyr som venta etter at stormen hadde gitt seg litt.

Siste dagen tok kaelen avsted i den sterke vinden og regnet, for han meinte han måtte vidare, men eg ville vente til morningen etter. På kvelden var det nemlig ribbe so god at eg nesten vurderte å bli ein dag til, men nei, no kalla vinden på meg, og det sosiale batteriet var ganske so tomt, so fordi det kom ein veldig pratande brite kvelden før, drog eg avsted før frukost morningen etter for å rekke å gå to hytte i eit strekk. Neida. (Joda).

Då tok eg igjen kaelen allerede på første hytta, for han hadde visst nesten dødd enda ein gong i høljregnet og storm som infiltrerte fukt gjennom kvar ei pore både på kle og på hud. So han måtte fyre heile natta for å få seg sjølv og ting tørt igjen.

Då vi ankom hytte nr to, Skarvheimen, var den såpass luksus at det var dusj der og. Eg tok ein, men vatnet lukta so ekkelt at eg trur den gjorde kroppslukta verre. Og vi sov på verandaen for å spare litt penga, etter oppholdet på Lungshytta. Men før det, eit godt måltid av stekt aure!

Den siste dagen var faktisk veldig tung med sugande føre og mange høgdemeter og kilometer. Pressa oss altfor hardt. So då eg kom over fjellet, og ned til hyttefeltet i Tyin, gjennom skitrekket med ein pressande pulk på slep, var eg so sleten, at eg ringde den sokalla lokale Fjellstova, som eg trudde var eit rimeleg opphold.

Då gjekk den økonomiske vinninga opp i spinninga, for det hotellet var dyrt! Og søren so eg måtte dra pulken etter grusen for å komme meg dit! Hjerteskjærande! Heldigvis dukka det opp ein veldig grei danske som hjalp meg å bære den til hotellet, med dansk dialog som eg ikkje skjønte eit kvekk av. Og kaelen luringen, telta gratis ved sida av den lokale Jokeren.

Litt oppgitt av svidd lommebok og nedbrutt kropp, sovna eg etterkvart i eit altfor heitt hotellrom som kroppen virkelig ikkje var aklimatisert for. Eventyrlig flott hotell, for all del, men den sprakk fort friluftsbobla mi. Sovna til slutt, og drøymde om teltlivet eg hadde hatt på Hardangervidda.

Men va litt digg med dusj og herlig frukost der eg kanskje fekk valuta for pengane likevel…