
Legen gav meg klarsignal på at infeksjonen var ute av kroppen! Meinte kanskje at eit par daga til med kvile hadde vore lurt, men ettersom at kroppen er so full av adrenalin og stress, for den er so gira på å starte, so tenke eg det er betre å komme igong og gå av seg stresset.
So då var det å ta første buss morningen etter. Då blei det enda meir stress, masse organisering. Og sjukt stress blei det rett før bussen for idag, for eg hadde pakka pulken på loftet, og den var altfor tung til å bærast ned trappa. kasta den nesten ut vinduet for å spare tid, men blei heller å pakke ut igjen alt. Rakk bussen, men gløymde tannkosten.
Blei ufyselig kvalm på bussturen. Vil ikkje skulde på vaflene, men kronglete køyring, for vaffel e aldri feil, spesielt ikkje med blåbærsylte i ein buss tjukt med folk. Her får Tine reklamen sin, men må sei at røros tjukkmjelka e mykje betre! (Kanskje det var mjelka som gjorde meg kvalm?) Nei, no får det vere nok reklame for Tine!
Blei Innbyttarpuls på bussbyttet i oslo der bussjåføren og eg sprang fire runder kvar med utstyr! Han var ganske stressa og spurte litt oppgitt om eg skulle gå norge på langs grunna alt utstyret. Då eg sa ja, såg han egentlig berre enda meir oppgitt ut og sendte meg bak i bussen.
No skal eg snart få treffe turkameraten min Ruben, som blir knall! Istedenfor å overnatte med han der i kristiansand, køyre vi heller eit stykke mot Lindesnes no, for so å overnatte ute i telt. På den måten får vi starta ein time eller to tidlegare. Kan vere heilt avgjerande, for å kunne nå Nordkapp om tre til fire måneda.
No må eg slutte å skrive før eg spyr!