Dag 55-58: Alvdal – Røros

Jobba hardt for å få tatt det bilete her utan å få folk med!

Først vil eg slenge ut ein varm anbefaling av Tronsvangen Seter i Alvdal der eg overnatta. Hyggelig betjening, og ein god samtale med ein av dei førte til slutt til at skia mine fekk bli igjen der, so sendte han dei med bussen då eg ankom Røros. Dei gode samtalene verdsette man nok vel so mykje som naturopplevelsane på ein sånn tur…

Tilbake til den lange gåturen på veg!

Variert tur det her! For no blei det plutselig joggesko med tung sekk på asfalt! Men akkurat det ekje mykje variert i seg sjølv… Gjekk langs fylkesvegen og etterkvart riksvegen opp til Røros.

Blei litt kjedelig, so då lagde eg konkurranse om ka hus eller tun som hadde dei finaste postkassestativa, og det blei mange gode kandidata! Dei fleste gjekk for byggeskikk av tømmer med torvtak, som eg felle veldig for. Nokre gjek for meir utradisjonell byggestil.

Men ikkje langt frå røros, dukka det opp eit med påmontert vindu! Ikkje berre var det flott og unikt, men genialt i den forstand at då kan ein stå ved stativet og ha kontroll på ka naboane drive med, mens ein i tillegg oppdatera seg i lokalavisa. Og ser naboen tilbake, ja då er det berre å dra for gardina, so late som ingenting.

Dyr har eg også fått sett, noke som har vore lite på turen generelt. Her var det storfe sau og hest. Falt for fristelsen og spurte ho som dreiv hestegarden, om eg kunne låne den eine for å ri til Røros grunna lite snø! Ho sa overraskande nok ja, so då blei eg heller litt skremt og tusla vidare på mine eigne bein. Tryggast sånn!

Lagt merke til at dei tørka ved på ein anna måte her enn heime. Eller so e det vanligvis so kaldt her, at dei må legge opp tømmerla, og fyre med det! Mens vi legge opp vedla. Og fyre med ved…

Litt spesielt med den breie elva som rann ved meg heile vegen. Glomma e ho kalt og Alvdal oppkalt etter ho (ikkje alv). Ofte var det flotte gardar på begge sidene. Og her kan det ikkje vere mykje nabokrangel, då ein neppe høyre ka dei seie på andre sida av elva!

Spesielt med tanke på toget som stadig køyrde forbi med ein skrikande høg tutelyd om at her kjem det eit tog! Som om ein ikkje hadde høyrt det utan den tutinga…

Køyretøy har anten vore i form av traktor, rånebil eller Tesla. Og tungtransport. Ingen joggarar! E nok ikkje tradisjon for det her, for anten er det gardsarbeid, eller so e det ski. Eller rånebil. Glad eg slapp det. Ikkje at eg er i mot at folk jogga, men berre ved tanken, skreik hoftene mine enda meir. So å sjå den bevegelsen hadde nok ført til låsning eller i allefall streik i maskina.

Mat har ikkje vore vanskeleg å oppdrive då det har vore butikka minst ein gong i døgnet. So sjølv om det stride i mot sankarinnstinkta mine, har eg greidd å kjøpe dagsrasjona, ikkje mat for ti daga i slengen! Og for kvar butikk blei det tjukkmjølk attpåtil. Vonde vana e vanskelige å snu.

Spurte også her eit dumt spørsmål til ei som jobba i kassa, at ho måtte prøve sånn tjukkmjølk frå Rørosmeieriet. Ho var ei stolt dame, og svarte heller litt fornerma med trønderdialekt at sånn mælk hadde hu voks opp’å, sjø! Kom it hær og kom hær nei! (Det siste sa ho egentlig ikkje, men eg såg ho tenkte det).

Gjekk gjennom Tynset, Tolga og Os. Tynset hadde den store sparken som ikkje verka veldig brukarvennlig for oss kortvokste vestlendinga. Tolga bydde på ein bensinstasjon full i kara som såg ut til å køyre Volvo, og Os ei flott Kyrkje. Forresten var det hoppbakke i Tolga, og røroskjøt på Os.

Eg hadde jo sett ut Røroskjøtt på Os i forkant, og blei jammen skuffa då eg kom dit kjempe svolten og fann ut at det kun var eit kjøt mottak…

Då blei det trøsteeting på ein flottare restaruant. Fint det, men eg føretrekke nok rimeleg enkel mat på primusen i veikanten, eller på bål under stjernene. For då kan porsjsonen vere stor nok til å bli mett!

For bål blei det då eg sov ute i telt ut i furuskogen den eine natta. Nordlys var det og, men fordi verken kameraet el mobilen min er av den fancye typen, får eg heller vise biletet Kaelen sendte meg frå det dei hadde sett den kvelden. Dei slite på sin måte der dei er. Kanskje vi møtast på Røros!

I allefall ein her som var begeistra over prosjektet mitt. Får trøste meg til troll.

Då eg ankom Røros, etter åtte mil langs veg (på to daga som var lite lurt for beina eller psyken), blei det mange følelsa å kjenne på. Sliten og full av forventninga som har fått bygd seg opp dei siste vekene på tur, gjorde at det blei lett å bli rørt! Berre for å leike litt med følelsesregisteret, satte eg på jul i Blåfjell songa på øyra idet eg gjekk gjennom gatene. Husa og kyrkja var jo faktisk heilt like som på barnetv’et.

Fekk overnatta i ei lita leilighet i ei skjønn gate nerme sentrum, som fekk tankane tilbake til då eg sat trygt og godt med familien og såg Jul i Blåfjell på kveldane, i ein bekymringslaus alder av seks. Og presse i meg enda ein klementin, heil, sjølv om magen meinte at ein kunne jo heller fordele dei i båtar, so mengden blei mindre feil!

Flott når ein har utsikt over fjell og hav, men utsikten her gav heimefølelse som kjendest trygg. Godt iblant det og.

Dagen etter blei det nok å ta seg til med, so sjølv om GPS trackeren låg iro, fekk ikkje beina samme kvilen. For Rørosmeieriet måtte besøkast mange nok gonga til å bli stamkunde på ein dag, og rehabiliteringssenteret som eg sov i natta etter, hadde både boblebad, gym og badstue. Klart eg må ha rehabilitering! Føle meg som ein tjueniåring som nettopp har gått land og fjell for å komme seg hit! Og kvar ein krik og krok skulle studerast i dei sjarmerande gågatene rundt dei gamle husa med treski til tørk.

Det e so flott atte, men som nemnt e det anten ferie eller helg når eg e på tur, og denne gongen helg. So gatene var fulle! Konditoriet var meir stappa med folk enn bakst, so eg snudde i døra, og kafeane var meir bråkete av all plapringa enn biltrafikken. Nei, komme seg til fjells igjen snart!

Etter meieribesøket, gjekk sekken frå tung til feit, for her greidde eg ikkje stå mot instinkta. Då dei forsøkte å selge yoghurt som var nedsatt pris, blei det 3kg av det, 2kg ekstra feit seterrømme, og 1kg ostehøvel. Neida, den vog ikkje meir enn at den fekk lov å vere med vidare på reisa som einaste suvenir. Høg bruksverdi og, ved å fungere både på ost og smør. Ostesmørhøvel.

Bra butikken var stengt laurdagen, elles hadde eg nok kjøpt med 3kg rømmegraut som var nedsatt og. Hadde eg hatt bil, ville nok resten av meieriutsalget gått med.

Attpå det heile, fekk eg henta ut ny ladning med nokre kilo pemmican i posten. So no må eg gå anten det er snø eller ikkje, for elles enda turen opp med at kleda heime blir for små!

Australienarane dukka opp ja! So blei farvel på busstasjonen, for dei tar to veke pause til fordel for andre ting, og skal starte på igjen herifrå. Då skal det litt til at vi treffe på kvarandre igjen på turen…

Heldigvis hadde eg besøkt koppergruvemuseumet før, so eg slapp å rekke over det og.

Spennande om dei vil ha nok snø til det. For eg slite jo allerede med det. Får sjå ka midtnorge har å by på, no som eg er ferdig med sør!

Knekke tannkosten for å spare vekt, men…

Eg må nok ha nokre netter til her på rehabiliterings senteret etter turen er ferdig, for avrusning mot rørosmeieriprodukt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *