Vi låg på liggeunderlag, så dei skulle sleppe å vaske sengeklede. Kom meg nesten ikkje opp frå liggeunderlaget på gulvet, for beina var mykje stølare frå igår, enn forventa! Leggane og hoftene skrike! Forstår no fordelen med at senge vanligvis er litt opp frå gulvet.. men eit bad i sjøen med månen som skein i all ro og stillhet, fekk fart på maskineriet i beina.

Vi fekk vite både historie og idrettsfakta til byen Lyngdal, og omvisning frå bilkøyringa om kor ting var henne då han køyrde oss tilbake igjen til punktet dei henta oss frå igår (for leiligheten var nokre kilometer i feil retning). Så no trur eg eg kan eg meir om Lyngdal, enn om min eigen kommune.

Isbading kan hjelpe for so mangt, men gnagsår er seige greier. Vi prøvde både eit og to par sokka, forskjellige teipa, og faktisk skosålane blei til slutt klipte til, for å gnage mindre. Til slutt såg vi det meir fornuftig i å heller gi seg no, og ta andre etpappa seinare. Det her e jo ein idiotisk prinsippsak, å gå her. Det e kun transportetappe, før ein kan begynne friluftsliv eventyret frå Ljosland, som er nokre daga gange frå Lindesnes. Veldig kjedelig, men lurt å bryte. Ruben tok avskjed med meg over ein kopp kakao, før den veldig kjekke mora kom med bil, og plukka han opp.
Då blei det å traske åleine litt tidlegare enn forventa. Trudde ikkje at eg skulle føle meg so åleine so fort! Begynne å tvile? Så det gjekk ikkje lenger enn ein time før eg brukte eit kort som eg tenke må vere innanfor no som eg enda ikkje går i naturen. Skrudde nemlig på harry potter på lydbok i øyreproppa, der eg gjekk langs vegen med alle bilane som passerte… Nesten so det kom ei tåre idet eg fekk det på, sikkert litt barnslig, men dei kjærlige følelsane eg fekk av det, hjalp meg fint resten av dagen.
Tilbake til den kakaoen! Som den søte jenta bak kassa sa, so var kakaoen dei hadde der, verdens beste. skulle jo tru eg hadde lært frå igår, om bolla, men kjøpte likevel eit par nystekte, som eg skjønte var ho som hadde laga. Kjempe gode! Men søren, også no blei det vondt i magen nokre tima etterpå. Om det skuldast bollane, eller den utgått på dato-fløyta der som hadde klompa i seg, hardare enn cottage cheese, er heller uvisst…
Då det hadde begynt å mørkne, prøvde eg å finne ut kor eg kunne slå opp telt, men visste at kvilen ville bli mykje betre, med ei overnatting inne. Kjenne tendensa til trykksmerte og kanskje gnagsår eg og, under eine foten, so å sove ute i fuktig veir, der fotsoppen får gro på føtene, er ikkje veldig lurt. Skal eg klare dette, må eg faktisk tenke litt rasjonelt, ikkje berre idealistisk… og igjen, det her ekje friluftsliv uansett, so telt e igrunn ikkje poeng.
Problemet var at det var ingen airbnb overnattinga før på fleire mil. So då eg fekk auge på eit gammal tømmerhus, med nokre få stearinlys i vindauga, såg eg mitt snitt. Det var masse mat på kjøkkenbenken, og litt forskjellig greier overalt. Ikkje rotete, men veldig koselig! Den snillaste personen eg kjenne, med mest omsorg og hjerterom, har det litt sånn. So eg banka på, og jepp! Ut kom det ein smilande kar med langt kvitt skjegg og hår, som snakka mykje artig! Han viste meg ned til eit gammalt hønsehus eg kunne bruke. No hadde dei fiksa det opp for fem år sida, og brukt det i sesongen som utleige. So eg skulle ikkje vere redd for fugleinfluensa!

Etter å ha prata lenge med han om laust og fast, kom kona som eg egentlig var finsk og vi fekk prata mykje og. Veldig koselige folk. Omsider for vi til vårt, så eg fekk eg god fyr i omnen, tok eit raskt bad i elva ved sida av, og la beina so høgt eg berre kunne inne i varmen, mens eg las ei bok eg fekk låne på biblioteket. Aaaj, kunne ikkje vore betreee!
Faktisk var det eik eg fyrte med. Tenke bestefar hadde meint det var for råflott, heller bruke den til material og møbla, men var visst det dei hadde her i skogen.

Reine avhandlinga, men blir forhåpentligvis mindre for dåke å lese, etterkvart som det bllr mindre inntrykk her ute på turen!