Dag 59-62: Røros – Meråker

Jess, med sekken full av meieriprodukt, og magen like stappa, grunna den varierte frukosten på rehabiliteringssenteret, kunne eg spenne på skia i nypreparerte skiløyper frå Røros.

Mangla berre smøret.

Det var ei god runde eg fulgte nordover, som eg benytta halve delen av. Fordi det var ein solrik søndag, suste det nok av folk forbi meg i elegant lanngrennstil. Merka etterkvart at gruppene såg like ut med samme kleskode. Samkøyrde dissa rørosarane, tenkte eg. So skjønte eg at det var dei samme folka som tok meg igjen, runde etter runde. Følte meg derfor meir som David frå Aidensfield programmet, enn «Dæhlie» i skisporet langt der framme! 

Men i nedoverbakkene med den store runde svarte sekken min, med eit lyst liggeunderlag, tok eg dei igjen. Dei bremsa ofte idet eg nerma meg. Om det var grunna redsel for bakken, eller at dei merka ei svær rullande svart biljardkule (åttaren) mot dei, får heller vere uvisst.

Bra med snø faktisk, og etter lanngrennløypene gjekk det over til beltevognspor under høgspentlinjene som sikkert var etter ei Forsvarsøving der dei trente på å køyre kamuflert til fjells. Kor mykje skjul det er under høgspentlinjene lurte no eg litt på. So blei det om til scooterspor som og var gode å gå i. Dei hadde køyrd litt meir taktisk, eg berre skjønna ikkje korleis dei greidde å hoppe over den kløfta her! For der måtte i allefall eg gå rundt…


Første natta blei det telt, det var jo stjerneklart og flott. Sukkersnø, so også her telta eg midt ute i skiløypa, som eg fann seinare på kvelden. Skal ikkje vere lett når man er vandt med gulv som er rett! Lagde ein mur rundt, for å dempe vinden. At folk må gå om snøborga seinare, får dei heller tåle. Min gode søvn trumfa alt! 

Dagen etter skjedde det ikkje stort, anna enn gåing i sludd/regn, so eg skyte inn at yoghurten gjekk som tørstedrikk den første dagen og rømma blei blanda med alt det andre dei to neste, (brunost i rømme? Aai! Kriminelt godt). So sekken blei fort lettare. Veiret derimot hadde tenkt seg å bli tyngre.

Barske meg skulle ligge ute i telt alle desse dagane og få tørka meg på bål. Det blei ingen bål, og då eg i våte klede såg ei hytte på kvelden, langt oppe på fjellet, gjekk automatisk beina mine bort, opna den nylåste døra og slengte sekken foran ovnen. Eg visste at den var der, grunna ein lokalmann frå Røros. So eg vil ikkje kalle det latskap, når eg heller prata meg til lokal kunnskap!

Nedatt frå fjellet til Tydalen måtte gå fort. For eg hadde tenkt meg vidare opp til Schultzhytta samme dagen, som igrunn er ei dagsetappe i seg sjølv. Over fjellet gjekk det bra, for der stod det kun på vilja og formen. Men då eg kom ned i skogsfeltet blei det verre.

Stor sekk eg bære på, for den er jo på størrelse med fjella der! Berget likna på fjell, altso. Det som var poenget her.

Eg gadd ikkje bruke kompass, men gps appen på mobilen. Det var so utrulig mange rute der nede som gjekk i alle retninga! Skogen gjorde meg soppass retningslaus at eg stolte blindt på appen. Etter å ha tulla mykje fram og tilbake, merka eg at elvene eg paserte var på veg oppover fjellet! Eller ifølge den dritt appen var dei det. Fann då ut at den lure mobilen min viste at nord var sør. So viste den at nord var vest… Drit! Kart og kompass e nok ofte best.

Få referansepunkt her.

Lenger nede i høgget gjekk det frå snø til rotten snø. So til myr. Og so til rotten snø med myr under seg. Av og på med ski. Av og på med ski. Blei lei av å repetere den øvelsen, so gjekk til slutt kun i skiskoa, og den råtne snøen holdt meg ikkje oppe. DET VAR DRIT DET!

Før all gjørmetrakk. Var ikkje i humør til å ta bilete etterpå…

Og apropos drit, so har eg ein sånn lur dofunksjon på buksa mi. For eg kan kneppe ho av bak. Den funksjonen blei aldri brukt, men kvar einaste gong eg satt meg ned på huk for å ta av skia, kneppa den seg ned av seg sjølv. På slutten av gjørmekavet var det vel eit par gonga eg ikkje brydde meg med å kneppe ho oppatt, so med brune bein frå gjørma og nedknept bukse hadde eg vel kunne skremt av dei fleste Tydølara på tur. Bra det var dagen før eg traff desse hyggelige damene, og ikkje tjukt inni skogen med brungjørma på.

Livet er lett her ute.

«Nei, nu har æ aldri! Kor du sjæmm du frå då?!» Hadde dei vel spurt med sine skrekkelige uttrykk. So hadde nok eg svart i ein uskyldig og lystig tone: «Hæ? Meg? Hmm, trur det var i går eg overnatta på Røros rehabiliteringssenter?» 

Kult tre.

Veldig fristande å gi seg nede i Tydalen og ta bussen heim, men prøve litt til! Derfor, langt på overtid, nullstilte eg meg og tok til på samme viset i sludd og null sikt, opp frå Tydalen litt ut på ettermiddagen. Han såg litt rart på meg, Tydølaren som produserte villmarkspanel der eg tok til oppover bøen med skia på ryggen. Spesielt å gå opp mot fjellet der det var heilt kvitt. Då snøen starta, kunne eg gå frå stikke til stikke, i håp om at etter stikka, dukka det opp ei ny stikke. Har kompass, men man tape mot den kvite sikta og går seg fort vill, om man mista stikkene der oppe. So eg blei glad i stikke!

Kvar stikke har liksom sin eigen personlighet.

Skal innrømme at etter tre tima, leita eg fram øyretelefonane og sat på litt ringenes herre musikk for å beitre moralen. Trengde ikkje meir enn eit par tre sanga, før det hjalp. So var det å fortsette med kun vinden som støy. Etter nokre våte timar til, ankom eg den flotte Schultzhytta ut på kvelden.

Der var det tre brita i sytti og åtti åra som hadde for tradisjon å gå nokre daga i den norske fjellheimen, hytte til hytte. Dei meinte det kun er fagre Noreg som har det tilbudet vinterstid. Litt stolt då over å vere normann, og ydmyk mot deira alder og postivitet, la eg bak meg den tunge dagen med gjørme og elendighet. Blei sjølvsagt ein koselig britisk kveld i den tyskmann-oppkalte hytta, med middag og te.

Dagen etter var samme visa, ut i vind og sludd. Men med 20cm nysnø, som ville hekte seg på skia. Så eg fekk dra på den og, over fjella. Etter nokre tima, sliten og svolten, fann eg ly bak ein skavl, og plutselig! Det lysna opp! og blei heilt stille…

Ei heilt spesiell ro eg fekk oppleve då, både i natur og sinn. Ingenting i heile verda betydde noke. Ingenting kunne distrahere nuet…
I eit minutt i allefall! Må jo nytte anledningen til å lage frukost! Fyre opp primusen og få gryta på kok!

Inni måltidet fekk eg sludden som selskap igjen, og gryta blei utvatna av smelta snø. Nei, pakke i hop, og komme seg vidare over fjella med snøen på slep.

Balansetrening på høgt nivå når skia bygge 10cm grunna klabben…

Nedkøyringa av fjellet skulle bli veldig krevande, med sånt sugeføre og ingen sikt. Men også her letta det opp og sola skinte gjennom skyene, akkurat i det eg skulle gjere meg klar for nedkøyringa! Eg blei so lettandes glad for den gode sikta som blei, at for å feire det heile, leita eg fram øyreproppane igjen og skrudde på den finske eurovision songen som burde ha vunne heile showet i 2023, Käärijä – Cha Cha Cha

Eller dinna spotify linken går å bruke om ein har spotify på mobilen.
https://open.spotify.com/track/5RX8T3EoTuXcybAxe6oPAw?si=xcPMegyxSLuC2cEVS_OnLw&context=spotify%3Atrack%3A5RX8T3EoTuXcybAxe6oPAw

So for dei som tør å trykke på den youtube filmen der, og klare å komme seg tilbake til den nettsida her mens YouTube songen går, kan lese om nedkøyringa, som ein song! Teit prosjekt som var artig for min del å skrive. Vise i allefall at eg hadde det gøy nedover bakkane!

Då kan ein starte å lese når han begynne den finske vokalen sin!



«På med skibrillene, korte inn stavane, zip opp glidlåsane! dinndindinndinndinndinndiiiinnn
skifellene må av, for vi skal fly som gåsane!
dinndindinndinndinndinndiiiinnn
Plutselig letta det tre ryper lenger nede i lia.
dinndindinndinndinndinndiiiinnn
Pust djupt ned i magen, og ikkje tenk på tida!
dinndindinndinndinndinndiiiinnn

Stak, stak, stak! So suse vi nedover lia!
Chachachachachachachaaa!
Mellom bjørkekratt og steinrøys, som knekke begge skia!
Chachachachachachachaa!
Den våte snøen starta å suge seg fast i underlaget!
Chachachachachachachaa!
So eg plutselig stoppa, og stupe ubehagelig…
Dinndindindindjuum


Neste fem timane på brøytekantane, veldig interessert.
dinndindinndinndinndinndiiiinnn.
Når til og med det var gøy, var eg neppe overstimulert!
dinndindinndinndinndinndiiiinnn.

Tre alternativ for nedfart her: elv, snø eller grus. Valgte snø.

Leigde meg inn i ein nyetablert campingplass
der taket på hytta hadde fløge av,
so taktekkinga var presenning!
Men dei som jobba der, hadde
Harry potter boka på hylla,
so då endte det heile godt med litt trygg spenning!

Neeei, av med musikken! Komme seg ned på jorda igjen. Og ut av den teite bobla som er fantastisk behagelig å leve i:)

Tusen takk til alle som har fulgt med, all støtta frå folk, og dei gode samtalane med dei eg har truffe.
DNT hyttene som står ute i fjellheimen, og dei som helde dei gåande. Som skrevet, er nok Noreg ein av dei få landa i heile verda som har det tilbudet her med ubetjente hytte som basera seg på folks tillit.

Takk til alt det gode veiret og forholda. Alle scooter og lanngrennsløypespor. Og at vi i Noregs land kan sette opp telt omtrent kor som helst der ute, og at vi kan gå fritt i den flotte og varierte naturen, for ikkje å snakke om fred…



Dåke forstår nok, at det ikkje er i myr eg ønske å bevege meg vidare nordover. På og av med ski og klabbing so det blir meir frustrerande balansetrening enn skigåing. So no tar eg bussen heim!

Kanskje eit par veke på seinsommaren blir det å gå vidare, for å få litt bålfyring og eigenfiska ørret på steik.

Uansett fortsette eg turen neste vinter, ut i februar, om det er komen nok snø til då. So kan det jo vere eg skrive litt vidare, om det felle seg naturlig:)

Har fått mykje meir ut av det her enn eg hadde trudd. Langt meir spennande og innholdsrikt. Har vore kjekt å formidla litt her, so takk til dåke som har fulgt med.

Fekk igrunn ikkje tid til å tenke so mykje over livet, men fekk gjere det eg hadde planlagt: Å leve i nuet. Superheldig som har fått vore frisk og hatt energi, og kunne tatt meg friheita til å bryte opp kvardagen.

Skal eg ta med ein ting vidare som eg har lært av å vore der ute over litt lenger tid, so er det at naturen gjere oss godt.

Sesong slutt.

Takk for no:)

Dag 55-58: Alvdal – Røros

Jobba hardt for å få tatt det bilete her utan å få folk med!

Først vil eg slenge ut ein varm anbefaling av Tronsvangen Seter i Alvdal der eg overnatta. Hyggelig betjening, og ein god samtale med ein av dei førte til slutt til at skia mine fekk bli igjen der, so sendte han dei med bussen då eg ankom Røros. Dei gode samtalene verdsette man nok vel so mykje som naturopplevelsane på ein sånn tur…

Tilbake til den lange gåturen på veg!

Variert tur det her! For no blei det plutselig joggesko med tung sekk på asfalt! Men akkurat det ekje mykje variert i seg sjølv… Gjekk langs fylkesvegen og etterkvart riksvegen opp til Røros.

Blei litt kjedelig, so då lagde eg konkurranse om ka hus eller tun som hadde dei finaste postkassestativa, og det blei mange gode kandidata! Dei fleste gjekk for byggeskikk av tømmer med torvtak, som eg felle veldig for. Nokre gjek for meir utradisjonell byggestil.

Men ikkje langt frå røros, dukka det opp eit med påmontert vindu! Ikkje berre var det flott og unikt, men genialt i den forstand at då kan ein stå ved stativet og ha kontroll på ka naboane drive med, mens ein i tillegg oppdatera seg i lokalavisa. Og ser naboen tilbake, ja då er det berre å dra for gardina, so late som ingenting.

Dyr har eg også fått sett, noke som har vore lite på turen generelt. Her var det storfe sau og hest. Falt for fristelsen og spurte ho som dreiv hestegarden, om eg kunne låne den eine for å ri til Røros grunna lite snø! Ho sa overraskande nok ja, so då blei eg heller litt skremt og tusla vidare på mine eigne bein. Tryggast sånn!

Lagt merke til at dei tørka ved på ein anna måte her enn heime. Eller so e det vanligvis so kaldt her, at dei må legge opp tømmerla, og fyre med det! Mens vi legge opp vedla. Og fyre med ved…

Litt spesielt med den breie elva som rann ved meg heile vegen. Glomma e ho kalt og Alvdal oppkalt etter ho (ikkje alv). Ofte var det flotte gardar på begge sidene. Og her kan det ikkje vere mykje nabokrangel, då ein neppe høyre ka dei seie på andre sida av elva!

Spesielt med tanke på toget som stadig køyrde forbi med ein skrikande høg tutelyd om at her kjem det eit tog! Som om ein ikkje hadde høyrt det utan den tutinga…

Køyretøy har anten vore i form av traktor, rånebil eller Tesla. Og tungtransport. Ingen joggarar! E nok ikkje tradisjon for det her, for anten er det gardsarbeid, eller so e det ski. Eller rånebil. Glad eg slapp det. Ikkje at eg er i mot at folk jogga, men berre ved tanken, skreik hoftene mine enda meir. So å sjå den bevegelsen hadde nok ført til låsning eller i allefall streik i maskina.

Mat har ikkje vore vanskeleg å oppdrive då det har vore butikka minst ein gong i døgnet. So sjølv om det stride i mot sankarinnstinkta mine, har eg greidd å kjøpe dagsrasjona, ikkje mat for ti daga i slengen! Og for kvar butikk blei det tjukkmjølk attpåtil. Vonde vana e vanskelige å snu.

Spurte også her eit dumt spørsmål til ei som jobba i kassa, at ho måtte prøve sånn tjukkmjølk frå Rørosmeieriet. Ho var ei stolt dame, og svarte heller litt fornerma med trønderdialekt at sånn mælk hadde hu voks opp’å, sjø! Kom it hær og kom hær nei! (Det siste sa ho egentlig ikkje, men eg såg ho tenkte det).

Gjekk gjennom Tynset, Tolga og Os. Tynset hadde den store sparken som ikkje verka veldig brukarvennlig for oss kortvokste vestlendinga. Tolga bydde på ein bensinstasjon full i kara som såg ut til å køyre Volvo, og Os ei flott Kyrkje. Forresten var det hoppbakke i Tolga, og røroskjøt på Os.

Eg hadde jo sett ut Røroskjøtt på Os i forkant, og blei jammen skuffa då eg kom dit kjempe svolten og fann ut at det kun var eit kjøt mottak…

Då blei det trøsteeting på ein flottare restaruant. Fint det, men eg føretrekke nok rimeleg enkel mat på primusen i veikanten, eller på bål under stjernene. For då kan porsjsonen vere stor nok til å bli mett!

For bål blei det då eg sov ute i telt ut i furuskogen den eine natta. Nordlys var det og, men fordi verken kameraet el mobilen min er av den fancye typen, får eg heller vise biletet Kaelen sendte meg frå det dei hadde sett den kvelden. Dei slite på sin måte der dei er. Kanskje vi møtast på Røros!

I allefall ein her som var begeistra over prosjektet mitt. Får trøste meg til troll.

Då eg ankom Røros, etter åtte mil langs veg (på to daga som var lite lurt for beina eller psyken), blei det mange følelsa å kjenne på. Sliten og full av forventninga som har fått bygd seg opp dei siste vekene på tur, gjorde at det blei lett å bli rørt! Berre for å leike litt med følelsesregisteret, satte eg på jul i Blåfjell songa på øyra idet eg gjekk gjennom gatene. Husa og kyrkja var jo faktisk heilt like som på barnetv’et.

Fekk overnatta i ei lita leilighet i ei skjønn gate nerme sentrum, som fekk tankane tilbake til då eg sat trygt og godt med familien og såg Jul i Blåfjell på kveldane, i ein bekymringslaus alder av seks. Og presse i meg enda ein klementin, heil, sjølv om magen meinte at ein kunne jo heller fordele dei i båtar, so mengden blei mindre feil!

Flott når ein har utsikt over fjell og hav, men utsikten her gav heimefølelse som kjendest trygg. Godt iblant det og.

Dagen etter blei det nok å ta seg til med, so sjølv om GPS trackeren låg iro, fekk ikkje beina samme kvilen. For Rørosmeieriet måtte besøkast mange nok gonga til å bli stamkunde på ein dag, og rehabiliteringssenteret som eg sov i natta etter, hadde både boblebad, gym og badstue. Klart eg må ha rehabilitering! Føle meg som ein tjueniåring som nettopp har gått land og fjell for å komme seg hit! Og kvar ein krik og krok skulle studerast i dei sjarmerande gågatene rundt dei gamle husa med treski til tørk.

Det e so flott atte, men som nemnt e det anten ferie eller helg når eg e på tur, og denne gongen helg. So gatene var fulle! Konditoriet var meir stappa med folk enn bakst, so eg snudde i døra, og kafeane var meir bråkete av all plapringa enn biltrafikken. Nei, komme seg til fjells igjen snart!

Etter meieribesøket, gjekk sekken frå tung til feit, for her greidde eg ikkje stå mot instinkta. Då dei forsøkte å selge yoghurt som var nedsatt pris, blei det 3kg av det, 2kg ekstra feit seterrømme, og 1kg ostehøvel. Neida, den vog ikkje meir enn at den fekk lov å vere med vidare på reisa som einaste suvenir. Høg bruksverdi og, ved å fungere både på ost og smør. Ostesmørhøvel.

Bra butikken var stengt laurdagen, elles hadde eg nok kjøpt med 3kg rømmegraut som var nedsatt og. Hadde eg hatt bil, ville nok resten av meieriutsalget gått med.

Attpå det heile, fekk eg henta ut ny ladning med nokre kilo pemmican i posten. So no må eg gå anten det er snø eller ikkje, for elles enda turen opp med at kleda heime blir for små!

Australienarane dukka opp ja! So blei farvel på busstasjonen, for dei tar to veke pause til fordel for andre ting, og skal starte på igjen herifrå. Då skal det litt til at vi treffe på kvarandre igjen på turen…

Heldigvis hadde eg besøkt koppergruvemuseumet før, so eg slapp å rekke over det og.

Spennande om dei vil ha nok snø til det. For eg slite jo allerede med det. Får sjå ka midtnorge har å by på, no som eg er ferdig med sør!

Knekke tannkosten for å spare vekt, men…

Eg må nok ha nokre netter til her på rehabiliterings senteret etter turen er ferdig, for avrusning mot rørosmeieriprodukt.

Dag 50-54: Rondane og Alvdal Vestfjell

blei eit langt innlegg det her. Skal skjerpe meg!

Utkvilt etter besøket og sekken fyllt opp med pemmican brunost og potetlefse, sleit eg meg opp frå den snøfattige bygda, Otta. Bra med snø oppe i fjella sa dei der nede.

Optimistisk til sinns håpte eg på tre fine daga i Rondane.

Ut på ettermiddagen, etter å ha gått mest med ski på sekken, kunne eg endelig trykke skoa fast i bindingene og gli bortover løypene som faktisk gjekk til kvar ei hytte eg passerte. Det skulle bli ein fin kveld.

Då sola gjekk ned og himmelen blei raud, blei det kladare og middagslukta frå dei titalls hyttene, lysa frå glasa og røyken frå pipene, fekk meg til å føle meg litt stusselig der eg etterkvart prøvde å finne ein eigna plass for det lissje teltet mitt inni ein skog.

Mysuseter ville eg ikkje overnatte på for det var sikkert stappfullt med folk. For anten er det vinterferie her i landet, eller so e det helg. Denne gongen var det helg. Tok derfor ein litt anna retning enn det som sikkert er vanleg.

Og då eg langt inn i skauen, fekk til eit svært bål og månen steig opp frå fjella, følte eg ikkje so synd i meg likevel! For ei fin stemning! Utrulig kor mykje selskap det e i eit bål, og ikkje minst varme.

Etterpå fann eg ikkje noken eigna plass å sette opp teltet grunna dårlig snø, so eg satte det like so greit opp, midt i langrennsløypa. Perfekt underlag! Vurderte å sette opp eit skilt der det stod «vis hensyn, mann sover!». Men det blei med tanken, for det var kun månen som holdt meg med selskap den kvelden.

Dagen etter såg eg på kartet at eg hadde gått litt vekk frå rondvassbu. Traff på ei lokal dame som tydelig hadde gått i fjellet før, på dei kjappe og tynne Åsnes skia sine. Eg spurde om det kunne vore ein ide å gå gjennom musvolddalen for å komme meg til dagens mål: Bjørnhollia. Då kunne eg spare distansen til Rondvassbu. Ho syns ikkje ideen var altfor dum, men blei kanskje litt betenksom. Eg tok sjansen.

Litt tullete å gå i skog når man er i Rondane, men sånn blei det no. Har gått Rondslottet før, so kunne jo prøve noke nytt .

Då var det først gjennom Glitterdalen, som ikkje glitra so mykje. Men etter å ha fått igong lunsjbålet, knitra det i allefall! Og ny favorittkombinasjon har blitt oppdaga: smelta brunost i potetlefse dyppa i pemmicangryte. Kalla den for «brun lefsegryte». Mat for Mons!

God og mett gjekk eg over skavlete snø i fleire timar. Ingen spor her nei! Og etterkvart skifta det til sand, isete skavlsnø eller rein is. Då eg var komme til Musvolddalen, var det so lite snø at eg tenkte det var lurt å holde høgda.

Det viste seg etterkvart å i allefall ikkje vere lurt, for det blei kun brattare og meir is. Prøvde derfor å renne raskaste veg ned til botnen av dalen. Ned fjellsida.

I bratt terreng med turski, hardt underlag og ein vind i storm styrke som brukte sekken min som segl, gjorde til at det blei mange knall og fall for å komme seg ned! Utrulig at brillene aldri knuste, men nasa måtte blø. Skal visst vere bra for kroppen å fornye blodet av og til, so eg klarte endå å holde meg positiv.

Dalen var lang og kreftene og kvelden var begynt å dra på. Tenkte det kun var ein time igjen, for det var berre tre kilometer luftlinje. Timen blei heller til tre eller fire, for det viste seg at eg hadde rota meg inn i verdens mest uframkommelige dal! I allefall Rondanes.

Juva var so bratte og steinete at eg måtte til å klatre! Snøbrue over elvene var heller ikkje lett å finne. Etter mykje kriging, kom eg meg faktisk ikkje vidare. Slaget var tapt mot dei kvartærgeologiske formene. (Håpa eg traff der). Det endte med at eg måtte gå tilbake eit stykke og klatre opp fjellsida igjen med bjørkene til hjelp. Etter mange tak, nådde eg til slutt toppen og skimta hytta.

Det var ein ganske so fortvila, mørbanka og sliten gutt som til slutt ankom Bjørnhollia ut på kvelden. Flott tømmerhytte! Der var det tre studenta frå Frankrike og Sveits, som sprudlande og glade prata på og serverte lokalt spekekjøt og ost. Praten gjekk mykje i kor elendig snø det e her oppe Norge og kor mykje betre frankrike er på ost enn ja, Norge. Heldigvis kunne eg skyte inn at vi nesten ikkje har gondola i fjella her til lands, i motsetning til det nede i alpane… Det var jammen ikkje lenge eg haldt ut og sa til slutt veldig trøtt»this is very nice, but hell of a day. I go to bed».

Då tenkte eg å ikkje skrive meir, for innlegget har blitt altfor langt allerede. Og dei neste dagane ville vel berre gå knirkefritt? Men nei.

Starta med å å gå i fleire tima i nesten ingen snø, men masse vind! Tok sikkert av og på skia åtte gonga i timen! Og vinden fellte meg over ende fleire gonga enn den hadde styrke i km/t. (/10) Og det virkelig kjipe var at isen over Atna soklart ikkje var tjukk, so eg måtte gå ein lang asfaltomveg. Men voldsomt flotte omgivelsa!

Og du og du for ein nydelig skog ned mot struambu! Kombinasjon med daue furutre og bjørk. Perfekt bålfyringskog. Men den er nok finare om man lar den vere i fred. Fyrte heller på andre sida av dalen, der bilane berre køyrde rett forbi likevel.

Då eg endelig, etter seks tima trasking, kunne ta til på sjølve oppstigninga til dagens mål: Breisjøseter, var vinden virkelig tatt seg opp og haue og kropp egentlig heller klar for køya etter gårsdagens kamp. Men det her blir nok ein lett match.

Vinden blei sterkare og sterkare og var mot meg heile tida mens eg gjekk oppover scootersporet. Måtte gå veldig framoverlendt for å ha rett moment opp bakkane. Følte meg som ei okse i arbeid på åkeren! Passerte til og med eit skilt der det stod «Blåsten», som eg var ganske so einig i.

Stormen var so sterk at det var håplaust å stoppe for å ta på meir klede, so eg gjekk som juling for å holde varmen!

Sikta forsvann og, men betydde ingenting, for det verste var at strikkelua mi, alltid trengde seg nedom auga mine, fordi hetta måtte strammast grunna vinden! Såg aldri meir enn to meter foran meg! For eit kav! Snøkav faktisk, for harde snøfnugg prella på dei frostige kinna mine, som eg lurte på var i ferd med frostskade. Triveligt!

Snakk om nedsnødd figur

Halvtimen blei til timen og timen til to eller tre. Søren so treigt tida går når du stressa deg so fort du kan med blikket rett foran nasa di! Men også dette hadde ein ende, for til slutt letta veiret, og eg såg hytta i det fjerne.

Lettelsen kunne jammen kjennast på kroppen og! Endelig kunne eg velte inn hyttedøra, som var kjempe fin, uten folk. Fekk fyr i omnen og sovna tvert i ein lykkerus so sterk at eg morningen etter, ikkje såg vits i å gå lenger enn til sofaen ved ovnen, og låg like so greit heile den dagen og.

No var det faktisk to veke sidan forrige kviledag, so kroppen trengde det. Fekk lest ei heil bok der eg fekk lært at her ikring heite det Alvdal Vestfjell. Viktig å nemne so ikkje Rondane får all æra her for storslått natur.

Mykje god lesnad om seterdrifta og, og korleis feltrasjona til spesialoperatørane som opererte her under andre verdenskrig blei sleppte ned frå fly med ein liten fallskjerm for dempe fallet. Sølnkletten som har fått namnet sitt fordi fjellet ligna på ein sadel, var visst lett å sjå frå fly og blei dermed brukt mykje som referansepunkt.

Skulle hatt meg eit sånt flyslepp sjølv, for no e eg tom for pemmican! Men satsa på at ettersendingar med posten er like so effektivt. Og håpa dei neste tettstadane har rikelig med Rørosmeieri produkt, for no nerma Røros seg med stormskritt!

Turen ned frå Breisjøseter, forbi stor og veslsølnkletten og Frank setra var heilt ærlig dritt! Flott natur altso, men motvind, is og skare og stein som nesten knakk framskia kvar gong eg køyrde ho i dei. Og tryna kvar gong.

Ser det dumt ut? Føltes ikkje betre

Av og på med ski so mange gonga at eg føle det er oppsummeringa. For eg leita faktisk etter snø. Defor spora mine på den GPS trackeren er på kryss og tvers der oppe i fjella. Og det var kokvarmt so skia klabba! DET SKAL IKKJE VERE SANN I MARS! DRITTVINTER!

Men då eg tilslutt kom fram til vegen, var det jammen isbelagt grusveg. So fordi eg var so lut lei, berre rennde eg skamfort nedover lia! Det gjekk knallfort med vinden i ryggen! Mange knall og fall, men det begynne eg å bli vandt med, og eg ville ned! Dei to -tre mila gjekk i rekordfart.

For å ende det heile i ei positiv retning, var det veldig fint å endelig ankomme Alvdal. Utrulig kor rørt man blir av alt ein ser, når man faktisk går til plassane… Aukrust monument!

Fekk kjøpt meg joggesko hos ein kjempe grei halvt Alvdøl i den lokale sportsbutikken, og jammen køyrde han meg heilt opp til Tronsvangen Seter der eg skal overnatte før asfalt veg opp til røros står for tur. (Skal gå ifrå der han starta å køyre meg altso).

Då har eg nok brukt opp skrivekvota for ei god stund. Tippa ei veke eller to! Eller eit heilt år! Lure faktisk på om det er fornuftig å utsette resten av turen til neste vinter. FOR EG TRENGE SNØ! Har betre ting å gjere på enn å ta av og på ski! Får sjå når eg er komme meg til Røros.

Rondane og Alvdal Vestfjell bydde sjølvsagt på fantastisk natur. Anbefalast soklart, men kanskje ikkje akkurat no…

Dag 45-49: Sjoadalen

Nytt stadie i turen, bålfyring! Eller som vi kalla det, vi som trur vi er erfarne på fagfeltet: «båling».

Skal jammen ikkje mykje til å lage eit svært eit, so lenge ein har litt bjørkenever i lomma og befinne seg i ein tørr furuskog! Eg blei so hekta at lunsjane etterkvart såg slik ut: Kaelen svara på meldinga grunna alt dramaet som skjer rundt den realityserien han var med i. Branton pussa dei kvite tenna sine, og eg ete mat kokt på bål.

No som vi ikkje går forbi mange dnt hytte lenger og er for gnetne til å sove på hotell, blir det mykje telting. Etter mange døgn, har ting derfor behov for tørking. Då er bål tingen! So no lukta vi meir røyk enn kjøtrøykeriet til Elen oppi Ådala!

Sjoadalen som vi gjekk gjennom var virkelig kjempefin. Kjende det var ein fryd å gå gjennom skog etter gammalt. Og mange flotte tømmerhus, som eg kunne tenkt meg å budd i, i kvart einaste eit!

Mange av områda hadde fine løype so ikkje pulkane blei tunge å dra i nysnøen. Heldigvis hadde det fallt litt snø, for jammen er det lite av det her! So grunna sånn det ser ut, og det blir mindre snø etterkvart og kanskje meir kronglete, gjekk eg over til sekk. (Heldig som har eit trufast støtteappat!)

Då blei det farvel til det store teltet, skeia mi, den varme soveposen, og masse anna. Det hakje eg vist, men har hatt et sånt sovesystem på pulken som gjer at madrassa er oppblåst og soveposen ligge klar i den grønna bagen eg har oppå pulken. Det gjer teltlivet mykje meir effektiv, og eg kan ha andre ting der også som eg bruka kun til teltlivet, som feks pisseflaska eg etablerte av lars monsen flaska mi.

Trekt til seg so mykje feitt at den har blitt nokre gram for tjukk til å vere med vidare på turen.
Her e det viktig å ikkje ta feil!

Men heller klare seg med litt mindre, enn å måtte dra på pulk over elve, gjerde, vegar og gjennom tettstada som kanskje blir litt framover.

Betre brue her enn på Hardangervidda

Vi gjekk nokre daga ilag, men skilde oss rett før Lemonsjøen. Dei ville gå raskaste vegen nordover, nemlig gjennom ein dal i Dovre. Eg ønske jo å få med meg enda ein nasjonalpark, etter å ha høyrt at Lars Monsen drive å går i dei, so eg ville gjennom Rondane, og må derfor gå til Otta.

Siste kvelden ilag med Australienarane fyrte vi eit stort bål i fullmåne. Heilt magisk. (Dei dukka heilt sikkert opp igjen ila turen) Og det er ein veldig frihetsfølelse å ta seg tre tima på kvelden for å gjere det, istedenfor å berre skunde seg vidare nordover. For som allereie skrivet, Nordkapp e ikkje målet, men livet ein leve gjennom turen…

l

l

l

l

Kjipt å gå på bilveg med skisko for å komme seg til Otta, der eg kan starte oppstigninga til Rondane. Men fekk nesten tåre i augekroken då eg såg eit lokalt bakeri som solgte heimelaga potetlefse! Sikkert fire veke sidan forrige butikk, og det het var til og med lokalbaka! Perfekt for ein askeladden langs vegen som meg!

Dei var frosne, so eg festa dei inntil magen mens eg gjekk, so eg fekk ete dei etterkvart som dei blei tinte. Kan vel få frostskade av mindre, men dei var sopass gode at kulden på huda var verdt det. Passerte også eit ysteri som eg fekk kjøpe flott geite brunost av (dessverre berre 10% geit…) som blir å maule ilag med heimelaga potetlefse gjennom heile Rondane! Men fortsatt tru til pemmican altso, berre so det er sagt!

Deilig å kunne passere bilkøa og det raude lyset. Ein fordel må man få lov ha til beins

Fekk også besøkt ein god kamerat her i området, som var veldig fint. Han diska til med alt eg trengde for ein restart før Rondane. Håpa han syns det var like fint, sjølv om eg var aldri so sliten og gira på å få tørka dei nyvaska sokkane mine!

Då var det tilbake til Otta idag, og håpe på at den stappfulle bussen med hostande skuleeleva, eg tok, ikkje bite seg fast i det friske og slitne friluftsimmunforsvaret mitt!

Dag 40-44: Jotunheimen

Kanskje litt feil å kalle innlegget Jotunheimen, for eg va berre sovidt innom. Men fekk sett mange flotte skarpe fjell. ingen klatring! So no er eg blitt gammal: går heller rundt fjella enn oppå. Topptur er ut!

Å gå nede i Tyin med pulk var pyton. Skrapelydane som skreik bak meg, mens eg drog den over grus og asfalt, var meir hjerteskjærande enn dei fleste triste sanga. Vurdera jammen å gå over til sekk no fram til røros og kanskje lenger, grunna lite snø og eindel kupert. Fekk skyss den siste kilometeren. Å ripe ned pulken til felgane, ved å dra den langs veg, e berre idioti. Får vere grense til prinsippsak det her!

I andre enden av det lange vatnet, der dei skarpe Jotun tindane var begynt å vise seg, var det som ein liten landsby. Ein anna planet! Der var bl a den kjende Fondsbu. Eg veit at det er flott å overnatte der, med god mat og ei dame som synge før middagen, eller noke i den dur. Og kvelden var begynt å dra på, so mannen med den karakteristiske dialekta herifrå, som stod å fyllte eit eller anna på den spesielle bilen sin, anbefalte meg ikkje å ta til å gå over fjellet. Han meinte at overvatnet på isen var smelta. Då måtte eg gå rundt, som ville ta timevis. Men no dei siste dagane føle eg at lokalfolk har kun gitt meg dårlige råd, so eg ville gå for magefølelsen dinna gongen. Prøve forsiktig å sjå.

Snøen som skulle komme den kvelden og natta, ville gjere det rasfare å ta seg opp skaret dei neste dagane, so eg ville gå no! (samme visa som sist høyre eg).

Isen var skøyteklar og såpande glatt, so det gjekk sikkert fire gongar fortare enn den estimerte sommartida, so av og til kan man stole på seg sjølv!

Skaret opp til Jotunheimen derimot, var so bratt og tung med at kvart steg gjekk såvidt gjennom skaren, so skia måtte av. Det tok nok heller fire gonga so lang tid, enn det den er oppført sommerstid. Då var det både svette og tåre som blei skilt ut av kroppen, og eg begynte å vurdere å rett og slett kaste mesteparten av maten eg drive å drar på overalt. Dei fleste som går so lang tur, ete vel av det dnt hyttene og butikkane har å tilby. Pulken er tung altso! Kvart steg var ein kamp med syre, og av og til lønnte det seg å heller krype på alle fire.

Men man kjem seg opp til slutt! Hadde brukt so lang tid, at eg la meg i telt lenger ut på kvelden rett før snøkavet slo til. Ufattelig godfølelse i kroppen der eg låg trygt og godt i soveposen oppe i Jotunheimen ilag med Snøholstinden og Slettmarkpiggen, rett før snøkavet slo til.

Teltet var bra nedsnødd då eg vakna på morningen, og mildveiret førte til monsterklabbing. Eller høghelasko-klabbing. 10cm snø som henge på under skia føles sånn ut! Ikkje at eg har prøvd sånne sko, men etter den etappen, konkluderte eg med at eg ikkje vil begynne med det heller!

Då eg til slutt endeleg hadde kara meg ned i dalen, fekk eg ein veldig viking følelse over landskapet.

Fjord og fjell bak lav bjørkeskog som ikkje hadde fått vokse grunna det hardføre klimaet. Det va nesten litt nivst å gå der nede, men det skuldast nok meir at eg var veldig sliten.

Og shit! Det er lite snø! Ka i allverden? Korleis skal eg gå vidare med pulk og ski no? Får håpe isen er trygg, so eg kan bruke den vidare og håpe på meir snø i den andre enden.Etter eit godt pemmican måltid fekk eg kreftene tilbake og såg lysare på tilværelsen.

Sitrusfrukt plakaten på utedoen, fyllte kroppen min med glade vitamin C berre av å glane på den. Den var tysk og. Rart ikkje alle toalett er utstyrt med slike tyske fruktplakata. So då vart dalen plutselig vakker, og traktoren med torvtak virka heller glad enn trist.

Kjende det var deilig med litt åleinetid nokre timar. Har liksom nok med seg sjølv når man er slitne! Då er det ganske so terapi å sette på noke rolig musikk på øyre og tenke gjennom dagane som har vore. So eg skulle til å skru på, men so deisa det inn to stk våte Australienara! Kaelen hadde fått tilflydd ein to meter høg tilfeldig kar frå heimlandet, som skulle gå eit par måneda framover, so då blei det liv på hytta! Eller egentlig ikkje, dei var ganske so tafatte etter dagens marsj over fjellet. Dei hadde visst nesten dødd begge to. Begynne å lure på om det er ein greie med Australienara, det å nesten dø no og då.

Dagen etter var det blitt litt kaldare, men fortsatt mykje vind og snøing. Overvatnet på isen såg ikkje heilt trygt ut enda heller. Eg lot dei gå i førevegen, for eg ville sjå om dei gjekk gjennom isen eller ikkje. Som vist på biletet, so var isen under trygg, men skorpa på overvatnet holdt ikkje alltid.

Eg har aldri vore spesielt glad i magasug og kvepping, so å gå i åtte tima der du dette ned 30cm for kvart sjette steg du tar, ekje heilt for meg.

Eg vendte attende til den trygge hytta, fyrte i omnen og tok harry potter lydboka på øyra. Det var meir likandes spenning for min del den dagen. Og fordi det klabba veldig når fellene blir våte (og skoa!) av overvatnet, so antok eg at dei sleit seg ut på det, mens eg kanskje ville ta dei igjen dagen etter.

Godt inni fantasiverden, dukka det plutselig opp to tyskera på hytta! I sterk vind og snøkav! E det mulig å få ha ei hytte for seg sjølv ein einaste kveld ila denne norgesturen?! Eg blei med dei ei stund, men kjende på at eg då eg likevel ikkje fekk fred, so kunne eg like godt gå vidare. Dei var veldig hyggelige, so eg angra nesten litt, men hadde «a real Norwegian adventurer» som dei kalte meg, tatt valget, so var det for seint snu.

Mørket hadde begynt å komme, og temperaturen hadde fallt til minus ti, so spora på isen Australienarane hadde laga, var fråse, mens dei hadde vabba våte i overvatn i heile åtte tima. Eg fekk solnedgang i fjella og månelys der eg gjekk frå kl 18-22, altso halve tida. Heilt episk opplevelse å gå der gjennom fjorden i stillheten. Fjella rundt virka mektige og eg kjende meg sårbar.

Fekk satt opp teltet ved Gjendesheim langt over leggetid, og jenta i resepsjonen fortalde at det var to stk våte og iskalde kara, der han eine var veldig høg, som nettopp og hadde komt og lagt seg ut i telt, berre eit par tima før meg. Dei måtte tørke alle kleda, sko og ski. So om det her har blitt til eit kappløp, blei det eit strategisk trekk frå mi side denne gongen. Dei hadde visst klabba voldsomt grunna slapsen under oversiden.

Neida, det ekje kappløp, no vil vi gå ilag nokre daga tenke eg. Kjekkare å samarbeide og oppleve opp og nedturane sammen.

Beklager for litt mykje skriving!

Dag 34-39: Finse -Tyin

Pulken ekje alltid so fotogen

Finse til Geiterygghytta gjekk jo veldig fint med sjokoladekaka som bensin. Sat opp teltet faktisk ein kilometer før hytta på kvelden, for eg tenkte det var stappfullt der.

Litt rart å gjere det med mykje vind etter ein lang dag når eg skimta lysa i hytta lenger ut av dalen. Bra eg ikkje kunne lukte middagen! Angra litt då eg ikkje fekk sove so mykje grunna vinden som tok seg opp…Angra enda meir då eg ankom hytta, morningen etter, for der va det få gjeste, eit stort frukostbord av lokalprodusert mat og ei kjekk betjening!

Eg gjekk fort vidare, for pappa var so veldig grei å blei med på ein etappe der opp til kongshelleren, i sterk vind. Det blei lett etappe for meg, for han ville dra pulk. Han hadde med diverse greier til meg, som nye kart og mat. Deriblant ørret og surmjelk frå Kjøsnes matauk som ikkje fekk vere lenge på fjellet før ho var tom. Men mest pemmican.

Vi skildes etter ein god pause på kongshelleren, ogso rennde eg vidare mot målet før uveiret skulle ta til for fullt. Det var sopass sterk vind mot Lungshytta, at dei lange nedoverbakkene utan sikt blei ein skrekk og gru å renne i. So her fekk stormen nemlig ein kar til med i koret sitt, i det eg rennde fortare og fortare nedover ein lang bakke utan sikt! Plutselig flata det ut, og jammen sto eg!

Kry gjekk eg nokre få meter til etterpå, og då fallt eg plutseleg ned ein skavl, so pulken kom liksom oppå, og draget stakk hull både på jakka, buksa og nettingen! Og det eine staget knakk, og festa sleit av selen… Då blei det ekko i fjella igjen!

Kjipe greier, men eg fekk fiksa det midlertidig med strips og teip, og heldigvis var eg like heil! Ikkje heilt greit å tilkalle nødetata i dette uveiret om staget hadde spidda låret mitt isteden!

Tok igjen Keylen ettersom at han fortsatt trur han står på brett, sidelengs nedover bakkane. Då vi på kvelden omsider ankom Lungshytta, var det nok same følelsen som å komme til himmelen.

Kjempe kjekk betjening, dusj med såpe, skifta til tørre klede, ogso like etter var det tre retters middag med rømmegraut til forrett, i veldig godt selskap deriblant raude kors. Dei som drive hytta her har kyr på sommaren, so rømma var lokal. Heilt i mi gate det her, eller my cup of tea, e vel rettare sagt, for det va britar der og.

Her blei vi faktisk i fire daga, vi fire som ikkje var utstyrte med snøscooter, for dei for morningen etter trass stormen. Vinden som haldt oss veirfaste, var so sterk at ytterdøra ikkje kunne haldast open lenger enn for å kunne kjapt smette seg ut for å gå på do! Og dobesøk til utedassen var alltid ein ekspedisjon i seg sjølv i fare for å bli tatt av vinden. Vi prøvde og å gå ein liten tur for å lufte oss på dag tre, men måtte gå fiskebein på flatmark for å ha framdrift. 43 m/s viste vindmåleren og orkan, som er den sterkaste eininga, er på 32 m/s.

Men fire daga inne i hytta gjekk stormande fint. Maten forstår dåke nok, var eineståande. (All inclusive va liksom litt vanlig ettersom at å stå på rommet sitt med primus ikkje akkurat er noke som er prisgitt). Vi åt nok over deira budsjett! Og vi fekk ny tale for kvar middag av storbonden sjølv, ikledd strikegensar uansett temperatur, som fortalte på god og underholdande hallingdialekt om korleis det hadde vore der i tidlegare tider. Han kunne ikkje passa betre der oppe, og det kunne ikkje resten av betjeninga heller, som førte til eit eventyrlig og kjekt opphold!

Vi som var gjesta fann tonen sopass bra og, at den tunge boka eg har dragse med meg heile turen, la eg tilslutt igjen. Blei ingen lesing der heller. Full i nye inntrykk heile tida, gir ikkje akkurat rom til bok! Jammen blir det gode samtala uten dekning, og latteren sitte laust. Men monopol vakje like gøy, der eg tapte so det sang.

Jarle som han eine eigaren heite, henta ei fiskestang som vi kløyvde med ein sløv kjøkenkniv. Smatt den på det knekte staget til draget på pulken. Og etter strips og teip, var draget so godt som nytt! Sydd og teipa kleda mine fekk eg gjort og. Tørka klede og strekt kroppen både på langs og på tvers. So her fekk både kropp, sjel og utstyr resetta seg for nye eventyr som venta etter at stormen hadde gitt seg litt.

Siste dagen tok kaelen avsted i den sterke vinden og regnet, for han meinte han måtte vidare, men eg ville vente til morningen etter. På kvelden var det nemlig ribbe so god at eg nesten vurderte å bli ein dag til, men nei, no kalla vinden på meg, og det sosiale batteriet var ganske so tomt, so fordi det kom ein veldig pratande brite kvelden før, drog eg avsted før frukost morningen etter for å rekke å gå to hytte i eit strekk. Neida. (Joda).

Då tok eg igjen kaelen allerede på første hytta, for han hadde visst nesten dødd enda ein gong i høljregnet og storm som infiltrerte fukt gjennom kvar ei pore både på kle og på hud. So han måtte fyre heile natta for å få seg sjølv og ting tørt igjen.

Bra pulken flyte, for det gjorde ikkje eg

Då vi ankom hytte nr to, Skarvheimen, var den såpass luksus at det var dusj der og. Eg tok ein, men vatnet lukta so ekkelt at eg trur den gjorde kroppslukta verre. Og vi sov på verandaen for å spare litt penga, etter oppholdet på Lungshytta. Men før det, eit godt måltid av stekt aure!

Den siste dagen var faktisk veldig tung med sugande føre og mange høgdemeter og kilometer. Pressa oss altfor hardt. So då eg kom over fjellet, og ned til hyttefeltet i Tyin, gjennom skitrekket med ein pressande pulk på slep, var eg so sleten, at eg ringde den sokalla lokale Fjellstova, som eg trudde var eit rimeleg opphold.

Då gjekk den økonomiske vinninga opp i spinninga, for det hotellet var dyrt! Og søren so eg måtte dra pulken etter grusen for å komme meg dit! Hjerteskjærande! Heldigvis dukka det opp ein veldig grei danske som hjalp meg å bære den til hotellet, med dansk dialog som eg ikkje skjønte eit kvekk av. Og kaelen luringen, telta gratis ved sida av den lokale Jokeren.

Litt oppgitt av svidd lommebok og nedbrutt kropp, sovna eg etterkvart i eit altfor heitt hotellrom som kroppen virkelig ikkje var aklimatisert for. Eventyrlig flott hotell, for all del, men den sprakk fort friluftsbobla mi. Sovna til slutt, og drøymde om teltlivet eg hadde hatt på Hardangervidda.

Men va litt digg med dusj og herlig frukost der eg kanskje fekk valuta for pengane likevel…

Dag 27-33: Hardangervidda

Då var tida komen for å krysse Hardangervidda! Starta litt dårlig med våte klede etter siste marsjen til Haukeliseter. Ikkje veldig imponert over tørkekapasiteten der, so fekk ikkje tørka noke, men elles var alt bra. Frukosten var eigentleg for bra, so monsterbakken opp på vidda blei meir ubehagelig tung for magen enn for beina!

Hah! Allereie nokre tima ut i marsjen, fekk eg auge på ein som likna på australienaren! Då var det fire daga sida sist, so det var kjekt å treffes igjen! Det var tre til der, bergensarar, som skulle øve på å gå med pulk og sove i telt, so vi slo følge. Litt kult å hå gå so mange ilag med pulk, og berre vandre og prate.

Merka at eg ikkje får samme roen då, tar ikkje hensyn til mitt behov for kanskje treigare tempo, og fleire pausa. Glømme litt naturen rundt meg, so den flytsonen blir ikkje like lett å finne. Det hadde nok gått seg til etterkvart, men å gå åleine, og med andre e virkelig to forskjellige ting!

Litt kaos i nedkøyringane

Vi gjekk faktisk heilt til hellevassbu, og låste oss inn med dnt nøkkelen, for å tørke klede. Og ute var det voldsomt sterk vind, so ikkje telting på oss! Keylen som australienaren heite, og eg slappa av i hytta med latteren laust. Bergensarane var ute i stormen og dansa med teltet sitt, som dei på imponerande vis, fekk opp ganske so fort! Dei var jo på treningstur.

Og mens keylen og eg diskuterte kokosnøttdyrking over måltid nummer to, planla dei tur i minste detalj. Dei skal nemlig starte Norge på langs frå nord til sør, ut i mars. Dedikerte og dyktige bergensara! Veldig greie og soklart.

Litt dårlig samvittighet for å ligge over på stengt hytte, men Keylen og eg tok oss den friheita, for å kunne starte med tørre klede og utstyr då fine veiret slo til igjen. Nydelig hytte.

Dei reiste vidare dagen etter, mens eg ville ha kviledag i snøfauken. So eg for først dagen etter, som blei å prøve å gå litt luftlinje mot finse. Meir til dei andre såg eg ikkje, for dei hadde fulgt hyttene.

Går fort frå klart til uklart veir her oppe!

Då eg tenkte å telte ut på ettermiddagen, var eg ganske høgt oppe med mykje vind. Fann ein stor stein som eg tenkte var lurt å utnytte som le.

Gravde all snøen som hadde samla seg opp på le sida, og satt opp teltet der. Men etter ein time i soveposen, hadde vinden sopa i hop all søen oppe på platået rundt, og lempa det på teltet mitt igjen. Kjedelig å måtte flytte teltet i den sterke vinden, so eg fekk bygd ein stor mur som hjalp, heldigvis. skal ikkje kimse av litt snøborgferdigheita!

Telt blei kjekkare og kjekkare å sette opp og ta ned for kvar gong eg gjorde det, sjølv i sterk vind! Men å kave på morningen for å ta på seg klede mens det dryssa rim frå innerteltet vakje like kult. Heller ikkje å ta på seg stivfrosne ytterklede! Men isbading e jo trendy, så då kan jo eg drive med ispåkledning!

Heilt nydelig forresten, å ligge i soveposen inn i det tynne teltlaget som skille meg frå uveiret utanfor. Då trengs ikkje verken bok eller musikk, for atmosfæren e ganske so dekkande!

Fotposa med tåva tøffle e gull i telt

Ogso e eg som regel nokså trøtt når soveposen står for tur. Blir vel bok etterkvart som det her blir vanesak. Har nemlig med meg Da Vinci koden, for den skal visst vere bra. Men den er tung! Ho skal på sikt bli lettare, etterkvart dei lesne sidene blir brende. Foreløpig e ho fortsatt like tung…

Pleie å starte dagen tidleg, for å kunne gå i soloppgang. Heilt utrulige norningstemninga. Og terrenget har vore veldig variert. So dei som meina Hardangervidda er kjedelig, e nok meir vande med TikTok!

Anten var det storslått natur, eller so va det lange vidde, som gav meir ro i sjela og meditasjon enn dei høgste fjella i Nepal! Ikkje at eg har vore der, men har sett på film at det e der mange monka drive med sine rituala. So her trengs ikkje balsam i toalettvæska for å vaske sjela rein!

Apropos rein, so har eg dessverre for min del ikkje truffe på noken. Men gevir e det nok av her oppe! Eg veit om ein heime som sikkert vil eg skal røske med meg alle eg ser, men pulken e dessverre for tung til dragse med på noke meir…

Har lese ei Knallgod bok av jan guillou om då dei bygde brue og togbana over Hardangervidda tidleg 1900 talet. So eg må sei at brubyggarkunsten her oppe har tapt seg med åra!

Blei etterkvart litt intensive og lange daga, ettersom eg prøvde å rekke over fjella rundt kongshelleren, før snøstormen skulle komme. Eg telta før oppstigninga mellom helvetesnutane etter ein lang dagsmarsj, og skulle ta fatt på oppstigninga morningen etter.

Veldig spesielt å ligge i telt i botnen der nede, helvetesnutane skua over meg i stjerneklart veir.

Etter 9 gode tima med søvn i ein rar draum, såg eg kjapt på kartet, og tok til med oppstigninga i morgendiset. Det var voldsomt tungt i laussnø og tung pulk! Eit steg i gongen!

Etter ein god time begynte det å sjå ut til at det var skremmande bratt der oppe, og eg lurte på om eg måtte ta fleire tura med klatring for å få med alt som var i pulken. Den e jo altfor tung å klatre med! Blei ganske so fortvila då eg såg at eg hadde gått opp i feil juv… Då blei det ekko i i helvetesnuten, for å sei det sann! Ein og ein halvtime med blodslit for ingenting.. rennde skamfull nedatt og starta på ny oppstigning lenger vest.

Pulken, eller hulken som eg kalla han, begynne å bli lei

Der var det so bratt at eg måtte ta av skia og få på meg gamasja, og gjekk nesten på alle fire i ein god time, før eg ankom toppen av bakken!

Då var det å helle i seg to pakka med kakaopulver som vinden tok halvparten av, for no skreik kroppen etter sukker! Fysøren so frustrert eg var på veg opp. Dette var nemlig ikkje planen i utgangspunktet. Eg hadde tatt ei anna rute i samarbeid med Keylen, for det såg kjappare ut. Mi opprinnelige rute, gjekk eit par mil lenger aust. Men eg traff jo ikkje på han igjen, so den ruta eg tok no, utan dekning, var heller ikkje ruta han gjekk. Det viste seg seinare at det er INGEN som tar denne ruta på vinteren, fordi det er so bratt. Spesielt ikkje med pulk! So folk lurte fælt då eg omsider rennde ned eit fjell på andre sida og inn på scootersporet til vinterruta før Finse…

Men å gå gjennom fjella der oppe i høgda i tåka var egentlig kjempe spennande! Det e nok ikkje for ingenting at det heite helvetesnutane og helvetesgjelet! Sjølv om det høyres ut som at dei er namngitt av ein tiåring som nettopp har lært seg å banne… Lykkerusen strømma i allefall fritt rundt i kroppen i det eg vandra der oppe med kakaopulver i ansiktet.

Eg syns det e veldig fascinerande, at kroppen og haue vil vidare nordover, og når sånne ting skjer, og ein kjem seg gjennom det, so får man so utrulig godfølelse at ny energi og ståpåvilje liksom berre kjem og kjem. Og her trenge eg ikkje spare energien til kommande jobbveke eller andre ting, for det e jo kun å komme seg nordover eg skal! Oi so herlig enkelt liv for haue! Då e det mykje lettare å takle motgong…

Traff faktisk på tre stk i scootersporet, der to av dei hadde gått norge på langs året før, deriblant tidlegare forsvarskompanjong Borgen. So hei igjen, Borgen!

What more to love?

Og rett før eg ankom finse, tok eg faktisk igjen Keylen, som hadde hatt lette daga i scooterspor i motsetning til meg. Han dreiv å prata med ein polsk eldre kar i sporet, som visstnok hadde vore på sydpolen tre gonga. Han tok meg meir som ein rik skrythals, enn ein inspirerande eventyrar, so vi braut fort opp og gjekk ganske so fort vidare og ankom Finse.

Der var det speseilt! Men røde kors hadde booka dnt hytta, so vi måtte inn på hotellet for å ta ein pust i bakken. Ganske so sliten og prega etter dagsetappen som eg var, falt eg for fristelsen for å kjøpe eit herleg kakestyke.

Men det fekk eg ikkje ete meir enn halvparten av, før vi blei kasta ut grunna dårleg fotlukt! Med ei allereie ganske so kort lunte den dagen, blei eg sopass fornerma at eg pressa resten av kakestykket inn i munnen min, og sa takk for maten, med gomlespråk! La fatet på disken og gjekk rett ut! So med bismak av både Finse og kaka, tok vi oss vidare mot Geiterygghytta. Keylen har fått fotsopp, so eg skulda på han som ein femåring ville gjort. Men eg lukta nok ikkje so bra på beina eg heller.

Eg skulle eigentleg ha posta ditta då vi var der på finse med dekning, og hadde fullført Hardangervidda. Men grunna uveiret som skulle komme, måtte vi vidare for å komme oss over fjella dei to neste dagane. Korleis det gjekk i snøstormen, kjem i neste innlegg!

Følg med i neste episode!

dag 16-26: Sirdalsheiane (Øyuvsbu -Haukeliseter)

skrivande stund, er eg veirfast på siste hytta før målet i denne omgang: Haukelseter! Mens eg ligge her i soveposen på sofaen med ein tilfreds trøtthetsfølelse og høyre på snøstormen ute, tenke eg på kor heldig eg har vore dei siste ti dagane. Syns eg fortente det litt, etter forrige gong med storm og forkjølelse, men det va jo ikkje måte på! Og for eit utrulig liv! Einaste fokuset er å komme seg vidare nordover, og dekke dei primitive behova, som å ete, drikke, kvile og varme. So skjer det likevel so utrulig mykje artig å spennande på turen likevel! Og her blir det ingen distraksjona, som det lett blir heime?

Kjekt å kunne skrive litt om turen over sirdalsheiane/setesdalen her, men ikkje mykje, vil jo ha mest for meg sjølv, og faktisk fekk eg litt senebetennelse, eller hovna i allefall veldig opp i eine handa, då eg skreiv dag for dag i starten av turen, i januar. E jo litt ironisk å få senebetennelse av å skrive på mobil, når ein skal leve friluftsliv og komme seg vekk frå alt det der… Snikskryten får vere at henda mine ikkje e vandt til å bruke mobil til vanleg!

Først vil eg fortelle om ein vanleg dag her oppe, sett vekk frå alle detalja, for det syns eg nemneverdig i seg sjølv!

Vakna som regel 5 eller 6 (for eg pleie å slokne rundt ni, som sikkert høyres kjedelig tidleg ut, men wow, det er undervurdert!) då er det ein halvtimes tid med lydbok, for her e det ingen stress! So kjem eg meg avsted, og fordi eg starta so tidleg å gå, var det måneskin dei to første timane, omtrent kvar morning, som er heilt magisk start på dagen. Tippa på at det hadde vorte slutt på krig i verda, om alle kunne ha starta dagen sånn!

Fordi eg ikkje ete frukost (ekje svolten på morningen, so koffor ete?) so pleie eg å sette meg i ly på ein fjellknuas, hoppe opp i den usynlige fjellduken eg har med, hive i noke pemmican på primusen, og nyte ein kraftig og god frukost I SOLOPPGONG etter eit par tre tima gåing. Dei frukostane/brunsjane e man skikkelig svoltne til, og kven er vel betre til å lage god mat, enn svolten sjølv?

So e det berre å gå vidare, mett og god, i sol, gjennom dagen, i variernade flott natur. Og det har vore lett føre! So det her har gått som ein draum! (Bortsett frå siste dagen, der eg holdt på å klikke!) Ogso e det artig å komme fram til ei ny hytte kvar dag, men det har vore ganske so kaldt, so å ligge i posen inn til ovnen, har vore standard prosedyre. (Heilt til det har komme folk, for då har eg kjapt heve soveposen inn på eit soverom og såtte meg sivilisert på ein sofa, med ei tilfeldig bok frå hytta i fanget).

So får eg gjere litt som i 71 grader nord, nemlig å klage på kor tung sekken har vore, for det har jo ikkje berre vore fryd og gammen! Den trykte skuldrane ned i ribbeina, og ribbeina ned i hoftene, og hoftene ned i beina og beina ned i… Koftene! Neida, men den va ganske so tung i starten, so då eg rende nedover skrentene med småbjørke som slalomstikker, såg det nok meir ut som ei kråke på ski, enn at eg hadde god gli! Ikkje mykje elegant. Iallefall ikkje når eg tryna, for å snu seg på magen, og reise seg oppatt, føles ut som ein to minutters brytekamp mot bakken!

Følte meg som gutten i soria Moria, då eg gjekk til enden der…

Apropos tung oppakning, so møtte eg på ein gladgutt på ca min alder, med sann ca like stor oppakning, allereie første dagen. Joda! Han var frå Australia og hadde også for seg å skulle gå norge på langs. Då gjekk praten i eit banka køyr, so å gå i tillegg, fekk lungekapasiteten testa seg.

Han var nok eindel betre form enn meg, men eg holdt tritt, fordi på unnabakkane rennde eg som regel rett ned, mens han måtte ta det meir varsomt, ettersom at det var surfebrett han var vandt med, ikkje ski… Man kan sjå på spora at han fortsatt trur han står på surfebrett der han trakka sidelengs nedover bakkane… Hehe ikkje meininga å gjere narr av utlendinga på ski!

Ikkje veldig fort å renne på denne måten

Han dreiv på med doktorgrad for å kunne forske på Antarktis, so eg kjende meg ganske so liten der eg tenkte på min tømrarbakgrunn. Ogso hadde han nett vore med i ein australsk realityserie om å overleve ute, ganske kjendt visstnok, so han hadde kun overlevd på kokosnøtte i nokre måneda. Han må ha likt det, for på denne turen er det kokosolje og penaøtte som blir det han skal leve på. Så også han har skjønt at feitt er gull.

Forresten kunne han ikkje sei om han vant pengepremien i den realityserien, (faktisk 500 000 dollar, som er vel fleire milliona norske krone) for då måtte han visst i fengsel ettersom at serien drive å går no. Men eg tenke med meg sjølv at fordi han no går norge på langs, istedenfor å jobbe ved sida av den dyre doktorgrada si, so antar eg at han vant. Men ikkje sei det til noken!

Eg følte meg heller ikkje veldig barsk då han kvar gong, etter at vi hadde prata godt på hyttene på ettermiddagen over litt forskellig god mat, gjekk vidare nokre tima i kveldsmørket, for so å legge seg i telt i tjue minus… Mens eg slokna i ei varm hytte.

Men so tok eg han som regel igjen på føremiddagane, fordi eg starta nokre tima før han på morningen… So litt konkurranse blei det mellom oss gjennom dagane! Og det kunne gå fleire daga mellom kvar gong vi såg kvarandre, for vi tok litt forskjellige veivalg.

Har sett både reinsdyr spor, hare og rype. Men! Har og sett nokre store spor av og til, og den eine gongen var dei heilt inntil eine hytta eg ankom… Gaupe eller bjørn tenkte eg og blei litt redd. Etter å ha streva litt med å ha pressa meg gjennom inngongsdøra til hytta (utfordrande med stor oppakning), var det eit svært bilde av ein brunbjørn i stova!

So eg begynte jo å lure på om det faktisk kunne ha vore bjørnespor eg hadde sett… Då det hadde begynt å mørkne, og eg skulle til å ete, banka det so heise på døra at eg skvatt, og mista skeia mi ned i gryta! Det gav seg ikkje heller, det blei berre meir og meir kaving der ute! Eg blei livredd for at det var bjørnen som ville inn i hytta, og lurte på om det var lange kniva på kjøkkenet! Men før eg fekk snudd meg, BRASA det inn ein hutrande australienar som banna på australsk over kor vanskelig det skal vere presse seg inn ei lita hyttedør! Han var beinfrosen og utmagra, for det hadde visst ikkje gått so bra dei siste døgna for han…

Då blei det enda ei pemmicangryte, og vi koste oss med kvar vår, mens ptaten gjekk i eitt over ka eventyr vi hadde hatt sida forrige treff. Eg tenkte jo at han var milevis foran meg, men her ute kan allting skje…

Når eg er inne på kveldskos med forskjellige folk, so va det litt sann at eg tenkte nesten kvar gong eg ankom hyttene trøtt og sleten at det ville vore herleg med ein rolig kveld med lydbok og kviling for meg sjølv. Men nesten kvar kveld kom det noken brasande inn døra, og det førte alltid til ein kjempe koselig og hyggelig kveld. Veldig kjekke folk! Artige og fine samtala å ta med seg!

Skal ikkje stå på stearinlysa!

Faktisk mest utlendinga. Tyskar (som hata seg sjølv for at han var tysk) belgisk kjærestepar der han var psykolog og ho var søt, og han austrlaske som dukka opp fleire gonga, og ein rypejegar som ankom kl to ei natt. Eg hadde gått ut for å tisse midt på natta, so gjett om eg skvatt då det plutselig var ein jeger foran meg! Ja og forresten, ein småbarnsfamilie og, som blant anna hadde med ein pulksovar på fire år, som var so full i overskudd då dei endelig kom fram til hytta, at han underholdt oss heile kvelden.

Litt fristande å nemne at han i det belgiske kjæresteparet, som forøvrig hadde gått Island på langs, faktisk hadde lese om Roald Amundsen då han var yngre, i Belgia. Han og hadde bete seg merke i pemmican, at Amundsen brukte det, so han blei ganske so opp i det, då eg fortalde at eg baserte provianten til turen på det. Ho lo og meinte at dei var vegetarianarar, men han meinte at det var kun då han var heime, so han ville smake. Han syns det va so godt at han skjønte godt at eg kunne ete det kvar dag her ute. Men det sa han først då ho gjekk ut for å sjå til hunden.

For veldig sosialt e det jo ikkje, å ete ei sånn gryte i den settingen, so vi åt heller linsegryte dei hadde laga og sjokoladekake, som eg skal innrømme var veldig godt, det og.

Forresten, der banka det på døra! fem stk frå Jehovas vitne! Neida, dei kom heller brasnade inn i hytta, klisjvåte etter veiromalaget idag. Også ikveld blei det veldig kjekt, med ein kjempe kjekk gjeng! Og fordi eg allereie har det kristne livssynet, slapp dei arbeidet med det.

Og eg åt faktisk berre ei skål med havregrynsgraut, mens dei åt burger på kvelden. Aiai, the table has turned! Neida, det var heller det at dei to siste dagane var eg tom for pemmican. So eg fann tilfeldigvis ein stor pakke havregryn med dato 25.01.04. Satsa på det var amerikansk dato…

3000 kaloria på eit brunsjmåltid går fint med pemmican, føles kjempe bra, og eg blir ikkje svolten igjen før til kvelds.

Pemmican fungera altso fortsatt heilt supert. Havregrynsgraut, ikkje like bra. havregrynsgraut blir eg so oppblåst og stappmett på lenge før eg egentlig har fått i meg nok energi. So då går eg å e svolten og stappmett på sanme tid! Det gjer eg ikkje med pemmican…

Gjekk uten å ete frukost eller noke før eg ankom Haukeliseter idag, for eg var tom også for grauten igår. Det blei ein våt marsj på nokre tima før eg endelig ankom mitt andre delmål. Og gjett om eg blei glad då den kule jenta bak disken sa eg kunne ete so mykje rømmegraut eg berre ville! Det blei tre store skåle! Og då blei eg mett på ein god måte igjen, for den satt! Faktisk med kjentfolk!

No e det so utrulig mykje meir eg kunne fortalt, det har virkelig vore innholdsrikt, men eg får runde av for denne gong. Og no begynne det å bli ildt i handa!

Då blir neste kapittel pulk og telt over Hardangervidda! Ingen av hyttene er opne grunna reinsdyr kalving. Dei vil ikkje ha so mykje folk der oppe no. So her blir det disiplin for å gjere dei rette tiltaka, so ikkje alt bli vått og kjipt! For i teltet mitt har eg verken omn eller ved!

går utan kviledag på huskelister, for eg vil komme meg opp i høgda før all snøen kjem på måndag. So får eg heller ligge i teltet heile måndagen og lese bok!

Takk for no!

Dag 15: (Fortsette frå der eg slapp: Øyuvsbu)

Hei og hå! No er kroppen snart tilbake igjen på tur, og det blir veldig godt, for haue mitt forlot aldri eventyret, sjølv om luftveisinfeksjonen drog meg heim! Heime har eg jammen isolert meg i huset og oppe i hengekøya, trass for at det skurra fælt i mi sosiale antenne! For no skal eg søren ikkje bli smitta av verken det eine eller det andre. No har eg jo hatt to luftveisinfeksjona på kort tid, og legen meinte eg må ha blitt smitta den andre gongen og. Immunforsvaret er nokså slitent no, og nye infeksjona bryte fort ut då. Det får vere nok helseprat, for man kan vel bli sjuk av det og!

Tilfriskinga går fort når ein får ligge i rett miljø!

Apropos å tenke seg sjuk, so har eg tenkt meg heilt tullerusk på om eg skal gå med sekk eller pulk, fram til haukeliseter. Pulk er ikkje tungt for skuldrane, men å dra på den, gir nok ein større kraftanstrengelse enn sekk, so pulsen blir totaltsett langt høgre gjennom dagane. Ein går og fortare med sekk. Skuldrane får heller skrike, for det er luftvegane eg vil skåne no). Frå Haukeliseter og nordover blir det pulk, når helsa og formen er blitt sterk nok til det. Og eg treffe jo sikkert der mitt i vinterferien, då det er tjukt i folk på hyttene… Då blir det telt!

Når til og med pappa meina sekk, so satsa eg på det. Det blir tung sekk, men letta litt ved å droppe å ha med telt. Då må eg rekke fram til hyttene kvar dag. Eg må gå når det er fint veir, og skulle det komme ein storm, har eg med ein fjellduk eg kan krype inn i. Sovepose og liggeunderlag tar eg med og. Men det er siste utveg.

Blir det plass i sekken??

Prøva å vise dåke «soving i jervenduk» her, men dåke ser nok verken meg eller duken, grunna dens vesentlege kamuflasje. Prøva å titte opp, so dåke kanskje kan skimte siluetten av duken, men det var ikkje so lett. Kamuflasje er lurt, so ikkje bjørn og ulv ser meg om natta. Eg har trua på sove i den med sovepose og liggeunderlag, men det forutsette at det må finnes tre der, for å kunne henge opp dinna usynlige duken. Etter ein rask kartsjekk, ser eg at eg skal bevege meg nesten kun over tregrensa, so eg tenke dette er ein idiotsikker plan. (Håpa ironien går å gjennomskue her…)

Når eg er inne på prioritering av utstyr, kan eg nemne at eg droppa lesestoff, reservegreier, yndlingskniven, kjøkkenopplegget, headset, geiteskinn, ekstra klede, eine ullvotteparet, sokkar, fotpose, broddar, snøbrillene og ekstra boxer. Til og med lykke-legokrigaren min. Og blåbærsylta… Harde bud! Men jammen blei sekken stappa likevel. 29Kg uten vatn, for eg bruka camelbak på magen, for drikking og smeliting av snø. Då sleppe eg som sagt å bruke bensin til det. (5dl for 10-15 daga. Hmmm, det helde vel det?).

– Ja. Det er alltid plass i sekken.

Då laga eg plass til mitt største primærbehov: Mat: pemmican, for eg har fortsatt klokketru på det som drivstoff. Og litt geiteost som tilbehør. Men også ein tredje ting her, for eg var so heldig å få ete heimelaga surdeigsbrød hos familien i kristiansand då eg avbraut turen forrige veke. Det va so godt, og eg tålte det so bra, så eg fekk ein ide! Vaffel.

Mekka ihop ei svær røre med fersk surmjelk, omtrent rett frå jura (Kjøsnes matauk). Ilag med surdeigstartaren eg fekk, speltmjøl og havregryn som eg lot stå over natta å syrne. Då skal i teorien bakteriane ete det magen min ikkje fordøye so bra. Det fiksa bakteriane for meg, og får som premie, av å bli eten opp av meg… Næringskjeda blir komplett, akkurat som når vi ete dyr som beite i utmarksområda! I tillegg til at magen min får masse gode bakteria. Revolusjon! Eller surdeig er visst ein metode som er over 10 000 år gammal. Gøy for det!

Dagen etter, heiv eg i 30 ferske egg frå ørret-etande høns (kjøsnes matauk) og smelta masse storfespekk (grimsbø gard) og eit glass heimelaga ripssyltetøy (meg!). Tilsatte alt det i røra. For ei røre! Den blei til 80stk vaffel, med Emma Watson i bakgrunnen. Det her burde få maskineriet mitt til å gå som eit olja lyn over viddene! Pemmican er grunndrivstoffet, men det kan vere fint med litt variasjon i kosten. Då får eg jammen smugla med litt surmjelk og syltetøy i vaffelform, og. Som dei sa der nede i Kristiansand: Kappløp mellom meg og myglen, om å ete vaflene opp først! (Men eg har ikkje alle 80 vaflene med i denne omgong, altso. Dei blir sendt med posten ilag med alt det andre, i sendingane ettersom kor langt nordover eg kjem.)

Stor kontrast til å gå i snøstorm, vil eg tørre å påstå.


So no som alt burde vere tima og tilrettelagt, har pappa køyrd meg heilt ned att til der eg slapp, så går vi opp til Øyuvsbu, der eg fortsette åleine dagen etter. Tar kanskje ein kviledag, for å orke å gå heile etappen til neste hytte dagen etter. For eg vil prøve å unngå å ligge i den duken av ei usynlighetskappe for einkvar pris, for den natta kan nok bli unødvendig minnerik. So får heller telting, fisking og båling bli prioritert seinare i eventyret, når kroppen er sterk nok til å dra pulk!

Då blir det nytt innlegg ved neste dekningshytte, kanskje om ei vekes tid!

dag 11-14 – Øyuvsbu (luftvegsinfeksjon – braut turen…)

Ja, lese faktisk om termos.

Uveiret har holdt meg inne nokre dagar på DNT hytta Øyuvsbu. Der har eg kosa meg ilag med x antall bøke. Faktisk funne roa veldig, trass stormen utanfor. Var til og med gitar der, og heldigvis ved, so eg slapp å bruke gitaren til det!

Koffor bruke ski når du kan vabbe i djup snø? (Fordi fellene er utstyrt med elendig lim no til dags)

Etappen til Øyuvsbu, var veldig fin. Det var mykje lettare føre, supert veir og drit kul natur! Til og med sola fekk meg nesten til å renne oppi ei elv, fordi ho tok oppmerksomheten, dei sekunda ho gløtta fram. Spennande å ta seg fram med kart og kompass! Dessverre var limen på dei nye fellene mine so elendige at dei begynte å sleppe, so ettersom at teiping ikkje fungerte, gjekk eg over til kortfella.

Men fekk faktisk fiksa dei på hytta, ved å overføre limen frå kortfellene, til langfellene. Bruke varmt jern som smelta limen. Fekk ordna til blakfeste ved å bruke hermetikkboks som vist på bildet. Kry som fy! So at søstra mi lot oss sjå MacGyver då eg var liten, etter skulen, til trass for at ho egentlig heller ville sjå Home and away, var god oppdragelse!

Kry bilde 1

-For MacGyver var jo so kreativ til å lage felle mot kjeltringane, so eg syns det å ordne felle, var ganske so overførbart! Ja altso: felle – skifelle… Søren, dei som enda ikkje har forstått ordspelet her, kan ta seg ein bolle!

Kry bilde 2

Ogso har eg har ein gladnyhet å dele! Kom fram til ein ny favorittkombinasjon! sjokoladeplate, sjøsatt i rømmegraut! Eller som eg heller lika å kalle den: «Søte Kontikis Reise, på dei Sju Mektige Hav!»Dei som ikkje blei med på ordleiken her heller, får berre ha det so godt. Men her er ikkje utfallet på reisa heilt historisk korrekt, for kontikiflåta smelta, går i oppløsysning, så Heyerdahl og co synke, drukna og dør. Med mindre grauten e kald, men då blir dei etne levande, og dør. Himmelsk godt er det uansett, for matrettens etar!

Kry bilde 3

Får unnskylde litt lenger innlegg her, men tok meg friheita, for blir nok ei stund til neste. Og ka e vel ein actionfilm uten litt background og oppbygging? (Marvel og fast n furious)

Det har dessverre ikkje berre vore veiret som har holdt meg lenger på hytta, men luftvegssmerte, og nedsatt allmenntilstand. Det starta allereie då eg gjekk frå gaukhei i storm. Kanskje litt derfor det va litt tungt mentalt då. Årsaken kan vere tilbakefall på coronaen/luftveisinfeksjon eller ny infeksjon. Men eg er redd for at det er litt meir komplisert enn det.

Dei fleste av dåke som har fulgt meg hittil, veit at eg pressa meg altfor lenge med lungebetennelse/kyssesjuka for nokre år sida. Blei sengeliggande eit år, og brukte eigentleg fleire år etterpå på rehabilitering. Legen meinte at eg kunne bl a ha lettare for luftveiskomplikasjona i ettertid.

Koffor i all verden prøve å gjennomføre noke so unødvendig som det her då? Litt av ein måte å takke for helsa eg har fått jobba oppatt!

No trenge eg kanskje ikkje gå noke djupare enn at norge på langs har vore ein drøm i mange år. Men det er litt fristande å synse litt. Trur det bygge seg opp eit stort behov om å kunne i ein periode, leve der det ikkje er helsa som begrensa. Man blir jo drit lei av å ta hensyn. Redd for å bli utmatta på ny.

I dagens samfunn. Viss man har lyst til mykje forskjellig, er det so altfor lett at timeplanen blir altfor full! So sjølv om at det er gøy og givande, blir det helsa og trøttheten/stresset som begrensa. Sjølv om viljen vil meir!

Å gå norge på langs, er jo i prinsippet eit enkelt liv! (sjølv om det på sin måte er veldig spennande og utfordrande). So eg hadde håpa på at kroppen då hadde fått tid til å gradvis bygge seg opp til ein robusthet, som får meg til å føle på den frihetsfølelsen eg følte på før utmattelsen… At det heller er formen som begrensa, og viljen. Ikkje helsa og utmattelsen.

Eg meina jo selvfølgelig at man skal spele på lag med naturen og seg sjølv, man er jo ikkje maskine heller, sjølv om det av og til hadde vore litt enklare å forholde seg til!

Får runde av her, so ikkje noken av vennane, som er psykologa, henta meg inn for ein time eller ti! Hehe

E som sagt takknemlig for helsa eg har, men dåke forstår vel.

Men skal eg få komme meg dit, velge eg å bryte no. Forbanna frustrerande, men fornuftig, om eg skal sei det sjølv. Må bli frisk før eg kan fortsette.

Får komme meg heim. So då får eg starte tidleg på morningen. Gå heile dagen ned til bygda, som eg tenke tar to timar, men tar seks. Anstrenge dei såre luftvegane og spytte grønt. Få heika med ein veldig hyggeleg kar som tilfeldigvis skal ein time i samme retning, som drive med paragliding, og meina eg heller burde fly resten av turen til Nordkapp med det. Slepe pulken inn på ein kafe og ete raspekaker, eller komle som det heite her, mens to eldre damer diskutera gardinene dei har heime. Slepe pulken til nermaste busstopp i sentrum med null snø, men mykje ripeeffektiv sand. Ta bussen til Kristiansand, som tar 10min å betale for, fordi man må laste ned ein app. Overnatte med eine søskenbarnet i kristiansand m/koselige gøyale fam og ta 12 timers busstur heimatt dagen etter. For å bli frisk, og vende tilbake etter det.

Hmm. Ja! det kan gå.

Blei mykje personlige greier i det innlegget her, skulle ikkje ditta berre vere ei skildring av ein tur? «Følg Øyvinds terapitur i håp om å finne helsa han egentlig allerede har!» Kunne vel vore meir treffande. Men kanskje det er nokre som kjenne seg igjen i det eg prøva å få fram her, vi har jo alle kvar vår bagasje vi dragsa på.

So får det heller bli meir upersonlig, strukturert reiseskildring etterkvart! Og langt kortare!

Og kronglete start på prosjektet, trenge ikkje bety at det blir noke mindre eventyr for det! Og når enden er god, er allting godt!

Satsa på det!

Takk for no, so fortsette vi frå Øyuvsbu når eg er blitt frisk, om ei veke, eller to eller tre!