Dag 27-33: Hardangervidda

Då var tida komen for å krysse Hardangervidda! Starta litt dårlig med våte klede etter siste marsjen til Haukeliseter. Ikkje veldig imponert over tørkekapasiteten der, so fekk ikkje tørka noke, men elles var alt bra. Frukosten var eigentleg for bra, so monsterbakken opp på vidda blei meir ubehagelig tung for magen enn for beina!

Hah! Allereie nokre tima ut i marsjen, fekk eg auge på ein som likna på australienaren! Då var det fire daga sida sist, so det var kjekt å treffes igjen! Det var tre til der, bergensarar, som skulle øve på å gå med pulk og sove i telt, so vi slo følge. Litt kult å hå gå so mange ilag med pulk, og berre vandre og prate.

Merka at eg ikkje får samme roen då, tar ikkje hensyn til mitt behov for kanskje treigare tempo, og fleire pausa. Glømme litt naturen rundt meg, so den flytsonen blir ikkje like lett å finne. Det hadde nok gått seg til etterkvart, men å gå åleine, og med andre e virkelig to forskjellige ting!

Litt kaos i nedkøyringane

Vi gjekk faktisk heilt til hellevassbu, og låste oss inn med dnt nøkkelen, for å tørke klede. Og ute var det voldsomt sterk vind, so ikkje telting på oss! Keylen som australienaren heite, og eg slappa av i hytta med latteren laust. Bergensarane var ute i stormen og dansa med teltet sitt, som dei på imponerande vis, fekk opp ganske so fort! Dei var jo på treningstur.

Og mens keylen og eg diskuterte kokosnøttdyrking over måltid nummer to, planla dei tur i minste detalj. Dei skal nemlig starte Norge på langs frå nord til sør, ut i mars. Dedikerte og dyktige bergensara! Veldig greie og soklart.

Litt dårlig samvittighet for å ligge over på stengt hytte, men Keylen og eg tok oss den friheita, for å kunne starte med tørre klede og utstyr då fine veiret slo til igjen. Nydelig hytte.

Dei reiste vidare dagen etter, mens eg ville ha kviledag i snøfauken. So eg for først dagen etter, som blei å prøve å gå litt luftlinje mot finse. Meir til dei andre såg eg ikkje, for dei hadde fulgt hyttene.

Går fort frå klart til uklart veir her oppe!

Då eg tenkte å telte ut på ettermiddagen, var eg ganske høgt oppe med mykje vind. Fann ein stor stein som eg tenkte var lurt å utnytte som le.

Gravde all snøen som hadde samla seg opp på le sida, og satt opp teltet der. Men etter ein time i soveposen, hadde vinden sopa i hop all søen oppe på platået rundt, og lempa det på teltet mitt igjen. Kjedelig å måtte flytte teltet i den sterke vinden, so eg fekk bygd ein stor mur som hjalp, heldigvis. skal ikkje kimse av litt snøborgferdigheita!

Telt blei kjekkare og kjekkare å sette opp og ta ned for kvar gong eg gjorde det, sjølv i sterk vind! Men å kave på morningen for å ta på seg klede mens det dryssa rim frå innerteltet vakje like kult. Heller ikkje å ta på seg stivfrosne ytterklede! Men isbading e jo trendy, så då kan jo eg drive med ispåkledning!

Heilt nydelig forresten, å ligge i soveposen inn i det tynne teltlaget som skille meg frå uveiret utanfor. Då trengs ikkje verken bok eller musikk, for atmosfæren e ganske so dekkande!

Fotposa med tåva tøffle e gull i telt

Ogso e eg som regel nokså trøtt når soveposen står for tur. Blir vel bok etterkvart som det her blir vanesak. Har nemlig med meg Da Vinci koden, for den skal visst vere bra. Men den er tung! Ho skal på sikt bli lettare, etterkvart dei lesne sidene blir brende. Foreløpig e ho fortsatt like tung…

Pleie å starte dagen tidleg, for å kunne gå i soloppgang. Heilt utrulige norningstemninga. Og terrenget har vore veldig variert. So dei som meina Hardangervidda er kjedelig, e nok meir vande med TikTok!

Anten var det storslått natur, eller so va det lange vidde, som gav meir ro i sjela og meditasjon enn dei høgste fjella i Nepal! Ikkje at eg har vore der, men har sett på film at det e der mange monka drive med sine rituala. So her trengs ikkje balsam i toalettvæska for å vaske sjela rein!

Apropos rein, so har eg dessverre for min del ikkje truffe på noken. Men gevir e det nok av her oppe! Eg veit om ein heime som sikkert vil eg skal røske med meg alle eg ser, men pulken e dessverre for tung til dragse med på noke meir…

Har lese ei Knallgod bok av jan guillou om då dei bygde brue og togbana over Hardangervidda tidleg 1900 talet. So eg må sei at brubyggarkunsten her oppe har tapt seg med åra!

Blei etterkvart litt intensive og lange daga, ettersom eg prøvde å rekke over fjella rundt kongshelleren, før snøstormen skulle komme. Eg telta før oppstigninga mellom helvetesnutane etter ein lang dagsmarsj, og skulle ta fatt på oppstigninga morningen etter.

Veldig spesielt å ligge i telt i botnen der nede, helvetesnutane skua over meg i stjerneklart veir.

Etter 9 gode tima med søvn i ein rar draum, såg eg kjapt på kartet, og tok til med oppstigninga i morgendiset. Det var voldsomt tungt i laussnø og tung pulk! Eit steg i gongen!

Etter ein god time begynte det å sjå ut til at det var skremmande bratt der oppe, og eg lurte på om eg måtte ta fleire tura med klatring for å få med alt som var i pulken. Den e jo altfor tung å klatre med! Blei ganske so fortvila då eg såg at eg hadde gått opp i feil juv… Då blei det ekko i i helvetesnuten, for å sei det sann! Ein og ein halvtime med blodslit for ingenting.. rennde skamfull nedatt og starta på ny oppstigning lenger vest.

Pulken, eller hulken som eg kalla han, begynne å bli lei

Der var det so bratt at eg måtte ta av skia og få på meg gamasja, og gjekk nesten på alle fire i ein god time, før eg ankom toppen av bakken!

Då var det å helle i seg to pakka med kakaopulver som vinden tok halvparten av, for no skreik kroppen etter sukker! Fysøren so frustrert eg var på veg opp. Dette var nemlig ikkje planen i utgangspunktet. Eg hadde tatt ei anna rute i samarbeid med Keylen, for det såg kjappare ut. Mi opprinnelige rute, gjekk eit par mil lenger aust. Men eg traff jo ikkje på han igjen, so den ruta eg tok no, utan dekning, var heller ikkje ruta han gjekk. Det viste seg seinare at det er INGEN som tar denne ruta på vinteren, fordi det er so bratt. Spesielt ikkje med pulk! So folk lurte fælt då eg omsider rennde ned eit fjell på andre sida og inn på scootersporet til vinterruta før Finse…

Men å gå gjennom fjella der oppe i høgda i tåka var egentlig kjempe spennande! Det e nok ikkje for ingenting at det heite helvetesnutane og helvetesgjelet! Sjølv om det høyres ut som at dei er namngitt av ein tiåring som nettopp har lært seg å banne… Lykkerusen strømma i allefall fritt rundt i kroppen i det eg vandra der oppe med kakaopulver i ansiktet.

Eg syns det e veldig fascinerande, at kroppen og haue vil vidare nordover, og når sånne ting skjer, og ein kjem seg gjennom det, so får man so utrulig godfølelse at ny energi og ståpåvilje liksom berre kjem og kjem. Og her trenge eg ikkje spare energien til kommande jobbveke eller andre ting, for det e jo kun å komme seg nordover eg skal! Oi so herlig enkelt liv for haue! Då e det mykje lettare å takle motgong…

Traff faktisk på tre stk i scootersporet, der to av dei hadde gått norge på langs året før, deriblant tidlegare forsvarskompanjong Borgen. So hei igjen, Borgen!

What more to love?

Og rett før eg ankom finse, tok eg faktisk igjen Keylen, som hadde hatt lette daga i scooterspor i motsetning til meg. Han dreiv å prata med ein polsk eldre kar i sporet, som visstnok hadde vore på sydpolen tre gonga. Han tok meg meir som ein rik skrythals, enn ein inspirerande eventyrar, so vi braut fort opp og gjekk ganske so fort vidare og ankom Finse.

Der var det speseilt! Men røde kors hadde booka dnt hytta, so vi måtte inn på hotellet for å ta ein pust i bakken. Ganske so sliten og prega etter dagsetappen som eg var, falt eg for fristelsen for å kjøpe eit herleg kakestyke.

Men det fekk eg ikkje ete meir enn halvparten av, før vi blei kasta ut grunna dårleg fotlukt! Med ei allereie ganske so kort lunte den dagen, blei eg sopass fornerma at eg pressa resten av kakestykket inn i munnen min, og sa takk for maten, med gomlespråk! La fatet på disken og gjekk rett ut! So med bismak av både Finse og kaka, tok vi oss vidare mot Geiterygghytta. Keylen har fått fotsopp, so eg skulda på han som ein femåring ville gjort. Men eg lukta nok ikkje so bra på beina eg heller.

Eg skulle eigentleg ha posta ditta då vi var der på finse med dekning, og hadde fullført Hardangervidda. Men grunna uveiret som skulle komme, måtte vi vidare for å komme oss over fjella dei to neste dagane. Korleis det gjekk i snøstormen, kjem i neste innlegg!

Følg med i neste episode!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *