førebuinga og utstyr

Her blanda eg kjapt nokre bilete av førebuinga mot dinna turen. I midten av kolasj nr 1, er det eit sånt typisk «Sjå her, her er alt av utstyr som skal med på turen»-bilde. Legoborgene og alle bøkene, skal ikkje med i pulken. Ikkje Harry Potter-kartet heller, som er lengst bak i bildet. Sjølv det kunne faktisk vore litt min humor å bretta opp det ute på vidda, når kompanjongen ropa febrilsk til meg om retningen for neste kurs.

Tok eit snikbilde av bestefar då vi hadde oss ein tur i skogen i sommar (proaktiv som eg er, ville eg ha «tung sekk»-trening av det. Han lurte på koffor i alledage eg måtte ha på meg den tunge sekken, berre for ein liten tur i skogen! Poenget med å ha bildet her, er at når han på 95 år traska gjennom skauen lett som ein plett; Då skal søren meg beina mine kunne gjere det samme, om det so er ein tur i skauen, eller om det er heile Norge på Langs! Grei motivasjonsfsfaktor på tunge daga.

Resten av bilda forklare vel seg sjølv.


utstyr og førebuingar:
Som vist i tabellane nedanfor, har det gått kr 55 000 til kjøp av utstyr, og om eg skulle ha kjøpt det nytt, ville det kosta 99 800kr. Holdt meg under 100000:) (og om eg ikkje hadde brukt eindel tid på å vore såpass kaldhjerta på finn.no og pruta for kvart eit produkt eg kjøpte, så hadde det nok blitt nokre tusenlappar til). Har altså kjøpt det meste på Finn.no, i allefall dei store invisteringane. Mens forbruksvare, som ullunderklede, bøff osv, har eg kjøpt nytt. Fekk litt rabatta hos intersport førde (ikkje at eg spurte etter spons eller noke i den dur), og kjøpte på sann black friday tidspunkt på både fjellsport, og vertical playground. Det hjalp sjølvsagt på at eg hadde eindel utstyr frå før, til ein verdi i overkant av 30 000kr.

Kart hadde nok kosta 20-30 000kr om eg skulle kjøpt nye kartmapper, og det hadde blitt mykje kart som ikkje hadde vore nødvendig å hatt med. Så å ha kjøpt printar og lamineringsmaskin, var veldig gunstig for å kunne lage akkurat dei kartmappene eg ville ha, gratis, på norgeskart.no. Tok faktisk ikkje så mykje tid å ordne til med kart heller, sjølv om det var vel rundt 350 sider å skrive ut og laminere:) Så merka eg ruta, sånn grovt sett, på oversiktskarta til kartmappene. Nesten so det var litt gøy faktisk.

Mat er sjølvsagt der eg har spart mest, der eg rekna meg fram til å ha produsert 88 kg pemmican, som er rundt 600 000 kaloriar. Skal eg opp i same kalorimengde på real turmat, er det 1232stk. Kosta pr stk 100kr, blir det 123 200 kr. Personleg, synes eg real turmat er godt, då eg aldri blei lei av det i Forsvaret, (faktisk sant!) men eg har meir trua på pemmican, då det er kortreiste, reine naturprodukt: Dyr som har beita her i Jølster og i Holmedal, nyttigjort seg av det naturen har å by på, omgjort gras og kratt til kjøt og fett, som lett blir tatt opp i kroppen vår, som energi og byggesteina (matpolitikk her og).

– Og soklart kjøpe jo eg ein burger på ein bensinstasjon i ny og ne, eit kakestykke (eller heil kake) på ein kafe, godt måltid på restaurant (eller det tvila eg faktisk veldig på, for sånne restaurantporsjona kosta jo skjorta, i tillegg til at eg må sikkert ha fleire porsjona for å bli mett! Og sikkert altfor lite fett:). Men sånn lokalmat på litt større gårda og sånn, er jo veldig kult. (om det er ope på vinterstid då). Og oppe i nord, håpa eg sjølvsagt på å få isfiska ein god del. Eg tenke jo at man får tid til både bålfyring, kulturelle opplevelsa, fisking, boklesning, kanskje til og med lære seg å spele munnspel på vegen (hadde vore kult med «ein farfar i lia» eller «flåklypa»). Men vi får sjå, no va jo poenget med turen å ikkje skulle rekke over alt mulig heile tida, og falle rett tilbake i den tidsklemma, også her! (for eg håpa jo ikkje at konklusjonen på det heile, er at eg har tidsklemme som person, men at det er samfunnet som påvirka meg til å ha den innstillinga). Herleg å kunne skylde på samfunnet.

Så får vi sjå ka summen av DNT hyttene blir til slutt, og teltovernatting er forsåvidt gratis.

Elles vil eg nemne at eg er heldig at fleire i familien strikka votta, balaklava, lue, sokka og vanta til meg som vil komme veldig godt med! Faktisk er dela av ulla frå villsau i Gaular ein plass, og av ho som garva det, kjøpte eg tova votta og tøfle, som skal bli varmt og godt i teltet der ute:) Idealistisk som eg er, vil eg nok til og med ha med strikkegensaren søstra strikka til meg grunna affeksjonsverdien. Dunjakke, som dei fleste velge er vel litt lettare, og strikkegensar e vel litt seig å tørke! Men eksperimentering der og!
Skutt hjort, garva skinnet for å ligge på, garva skinnet frå ei av geitene eg hadde, til å sitte på, laga pose til primusen av hjorteskinnet/læret, laga skei og plate til primusen av bjørk og pæretre her i frå (der var bestefar mykje med, eller eg spurte om han kunne hjelpe meg, og det enda forsåvidt opp med at han gjorde alt sjølv), gelcoat og waxa den fjellpulken eg kjøpte brukt, skifta lim på feller, glida ski, smurt sko, vedlikehold av primusane, Nikko og eg har laga pølse, fått tatt sau og lam i retur (frå Jølster og Holmedal) og partert dei for å lage fenalår og pinnekjøtt, der mykje av det går til turen i form av spekekjøtt og pemmican.
Føle det her blei berre ein heil oppramsing av sjølvskryt, men det eg heller prøva å få fram, er at ein kan gjere veldig mykje sjølv, istedenfor å kjøpe nytt heile tida. Ogso litt kry kanskje..


Og som sagt var å legge på seg 10kg i juletida eindel av treninga. Har gått litt med sekk, og ein tur med pulk. Får satse på at det helde:) Det med den isbadinga kvar dag er eg usikker på har hjulpe for noke groing av vinterpels, men har i allefall blitt vant til å fryse den første halvtimen på morningen, som sikkert ikkje blir heilt ukjent ute i telt heller.

Får sjå kor lang tur egentlig blir, som sagt kan det ende etter berre eit par veke grunna helsa. Men alt i planlegginga har vore god erfaring, og alt av utstyr kan brukast til mindre tura seinare, so igrunn ikkje noke å tape:) Kan igrunn berre gå framover det her:)

Desse tabellane her e berre å hoppe over, spesielt om det ikkje er pc man ser på.

del av utstyrmerke/namn på utstyrEg betaltekosta fullpris
Finn.no
SekkFjellreven Kajka 100 Black31005900
Pulk m/beddingFjellpulken Xplorer 168 Complete Red600014000
TeltHelsport Lofoten X-Trem 3 Camp Red600013000
SkibukseKlättermusen Men’s Freke 2.0 Salopette Regular Raven33009800
SkalljakkeKlättermusen Men’s Allgrön 2.0 Jacket Black30006000
Printer og vakumeringsmaskin20004500
Ark og vakumering10001000
blekkpatrona5003000
Kart
InreachGarmin Inreach Mini 2 Flame Red24503000
IsolasjonsjakkeFjällräven Expedition Pack Down Hoodie Men’s Deep Forest23004300
pelslue9002000
optimus polaris multifuelOptimus Polaris Optifuel Including 0,4 L Fuel Bottle Metall18003400
msr xtremeMSR XGK EX (Extreme) Stove Assorted8002300
tørkemaskin20004000
Fjellsport.no
skifeller langeÅsnes SKIFELLER SYNT 210/45 Oc950950
lakenpose til soveposeSea To Summit Expander Liner, Traveller Navy Blue459459
UllbokserAclima Warmwool Long Shorts M’sFarge: black | Størrelse: M409409
Netting overAclima Woolnet Polo m/Zip M’sFarge: jet black | Størrelse: L929929
UllunderskjorteAclima Lars Monsen Femunden Polo M’sFarge: jet black/marengo/femunden dark | Størrelse: L999999
HanskaHestra Fält Guide GloveFarge: brown/black | Størrelse: 109991199
SoveposeMammut Tyin MTI 5-season Bison23994299
Vertical Playground:
HodelyktPenta Pro 4sc 5700k Black428-921221992199
powerbankNB20000 mAh batteribank Karbonfiber141-866013991399
netting underBrynje Wool Thermo Longs w/inlay Blk L120619749749
liggeunderlagDura 8r Chrcl MW313-560719991999
hanskaHestra Erg Active 5 DrkFrst/Nbrn 10765346849849
krem for lærLeather Balm Vt952109112112
vottarHestra Army Leathr Heli Ski Mitt Svrt 1063167811991199
bøffAc DW Nckgaiter Usx JtBlk619100389389
Intersport Førde
MSR Alpine 2 pot set10991600
RAB muztag gtx gamasjer10991099
langfeller åsnes11991199
lakenpose silke7991449
Tilsaman:5538599686
Hadde frå før:
ski m/bindinga og fellerÅsnes Nansen BC – fjellskipakke med Rottefella BC manuell og Åsnes X-Skin 45 Nylon fell5000
SkiskoAlfa Men’s Skarvet Advance Gore-Tex Black4000
TeltHelsport Ringstind Pro 2 Green5000
skredutstyr:mammut4000
skibrilleOakley Flight Deck M Matte White/Prizm Rose Gold Iridium2000
solbrilleJulbo Cham Brass/naturel m/polarized 32500
Ullgensar
Stilongs
Ullsokka
Fjellsko/tursko3000
skistava2000
leatherman600
optimus polaris multifuel
hjorteskinn1800
geiteskinn800
Helle kniv
og camalebak!
1200
800
Tilsaman:32600
ArbeidsoppgåveAntall timar
Kart18
bestille og hente ting på finn24
Lage mat175
planlegging og klargjering av utstyr15

Proviant forklaring:
Kanskje ein liten interessant lesing, for dei få som syns det er interessant! Advare mot veldig nerdete skriving etterkvart. Men ja, prøvde å tenke litt bærekraftig når det kjem til mat til denne turen. (litt repetering her)

Beit meg merke i noke eg las frå Roald Amundsen hadde skrivet i bøke frå ekspedisjonane sine: At ved å tørke kjøtt og blande med smelta talg frå storfe, kunne man langtidsbevare veldig energirik mat. Han hadde lært det frå indianarane visstnok. Dei kalte det «pemmican». Kan sjekke youtube korleis man laga det:) og her er ein link til noke derifrå: Pemmican – Amundsen. Ikkje er det berre voldsomt næringsrikt, men også helde det seg i månedsvis, kanskje årevis i romteperatur, fordi det er tørt, og feittet som blir blanda med det tørka pulveriserte kjøttet, konservera det vekk bakteriar. Faktisk lagde eg nokre kilo for eit år sidan, oppbevarte det i ei kiste i romtemperatur. Etter seks måneda hadde eg det med på ein tur, smelta det på primus, og fekk faktisk ikkje ildt i magen. So eg trur det funka!

Slik kunnskap har gått litt vekk, grunna vi har frys, og at vi kan kjøpe ferdig konservert mat som helde seg lenge. Men spørsmålet er om det er like bra for kroppen, som det er for økonomien til dei som får solgt det… Tar man real turmat som eksempel, som sjølvagt er veldig godt, og greit å ha på tur, så er det kun 500kcal i ein pose. Den kosta rundt 100kr om man får tak i det rimeleg. Skal man ha i seg rundt 6000kcal pr dag på denne turen, så blir det 12stk posa real turmat kvar dag! Trukje magen min ville sett so pris på det, og ikkje lommeboka heller!

Ved å ha invistert i ei tørkemaskin (2000kr), fekk eg tørka mykje av hjortekjøttet eg har både skutt og slakta sjølv, men også kjøpt hos ein dyktig lokal jegar. Også saue og lammekjøtt som eg fekk veldig rimeleg, for eg tok i retur frå slakteriet (40-50kr pr kg), for tante og onkel i Holmedal drive med sau. Storfetalg fekk eg kjøpt for 10kr pr kg på slakteriet, fekk også kjøpt litt frå lokale bønde herikring, ganske rimleg, for feitt blir for det meste skåret vekk. Deriblant er Grimsbø Gard, Kjøsnes Matauk og Høglandsfea i Skreflatene. Får sjå om eg får det like rimeleg neste år, om dei lese det innlegget her… Det gjorde til at provianten blei heller ned på 10 000kr, for 90kg med ferdiglaga «pemmican». Der 1kg pemmican er 6-7000kcal, altså rundt 600 000 kaloria. Skulle eg hatt det i real turmat, hadde det blitt kr 115 00kr, for 1230 pakkar realturmat. Og tar man eit brød i forhold, på 1kg, som tar veldig mykje plass, gir det ca 2000 kaloria. Så tre brød måtte eg ha hatt, som sikkert hadde tatt 10-12 gonga meir plass enn pemmican.

Tar man vekt/plass i forhold til realturmat, som skal vere veldig effektiv i dei bane, så knuse pemmican det. Tippa på at pemmican tar seks gonga mindre plass enn real. Det blir også langt mindre bossavfall etterkvart. Men for all del, real turman åt eg mykje av i forsvaret, og eg blei faktisk aldri lei. Veldig gode smaka, og greit å få med seg, så det er bra at man kan få tak i det, for dei som ikkje har tid og ressursa til å lage sjølv.

Kort sagt, har eg fått laga det ved å

  1. kverne kjøtt til kjøttdeig
  2. koke det ilag med litt krydder og vatn
  3. drenere vatnet vekk frå kjøttet ved å ha det i sil
  4. fryse det
  5. tørke det heilt i dehydreringsmaskin
  6. kverne det enda ein gong, så det blir til pulver
  7. blande det med smelta spekk/talg, som eg har smelta ved å koke verna spekk/talg
  8. vakumere

Ein slik pemmican er som regel 4000kcal, og det tar ikkje meir plass enn ein neve. (men dei fleste pakkane eg har, er på 10 000 kaloria, og er litt større).

Så får vi sjå då, om det går bra i lengda å ikkje få i seg verken grønsake, frukt, potet eller brød. Tok forøvrig blodprøve no i haust, så kan vere artig å sjekke til sommaren når turen er over, om det har forandra seg (om eg faktisk blir å gjennomføre då). Eg trur det skal gå veldig bra då dyra har beita ute i naturen, so det går igjen i kjøtet. Men no skal eg slutte å skrive før det kjem altfor mykje inn på konspirasjonsteoria her! Eller forresten, ein ting til! Om man ser på det smelta fettet nede på bildet, så er det gult. Kanskje fordi dyra har fått ete av masse digg ute i naturen som gjev både mjelka og fettet meir farge. Forstår at bønde flest må gje mykje kraftfor til dyra og ha dei inne i fjøs, for dei må produsere so hensides mykje når det er mindre bønde no enn før. Men då er det ekstra kjekt å kunne heller vere i direkte kontakt med bøndene som velge å drive mindre, men kan då ha nok beite, så dei kan gå meir ute, og ha nok gras for å fø dyra kun på det. Men no blir dinna turbloggen om til mat eller politikkblogg, beklager det. Blikje sånn på dagsinnlegga når eg heller må skrive på mobil, og ikkje har god tid grunna coronaventing!