dag 8-10

Litt dekning, so då blir det ei lita oppsummering av mitt første møte med kong vinter, for jepp! Der fekk eg endelig min realitetssjekk…

Trur eg gjekk meir på beina, enn ski, for det va so utrulig kronglete. Til og med langfellene på skia fekk ikkje feste. Kom meg nesten ikkje opp dei bratte bakkane, grunna skare og tung pulk, eller skavlete snø eller ingenting snø! Og etter å ha streva med å dra den blytunge pulken opp bakken, som av og til nesten ikkje er å rikke! Ja, då skal vi renne ned igjen, like bratt! Og pulken elska å dytte!

Første dagen velta eg sikkert pulken 30 gonga, satte den fast 20 og tok av og på skia meir enn dei fleste gjere på eit heilt år! Ikkje var det enkelt å navigere med kart og kompass heller når nesten alt er kvitt, og sludden legge seg på dei vindusviskarfri brillene mine. Og dei tre surmjelk kartongane som skulle vare heilt til Haukeliseter, blei oppdrukne allerede første dagen. 0,5km i timen, o hei kor det går! Nei! Det her var drit tungt..

Tilbake til litt meir alvorlig tone. Eg leve nok meir i nuet enn eg har gjort på lenge. Føle kvar einaste celle i kroppen er påskrudd for å komme seg gjennom dagane i nogenlunde god behold. Mangelen på følelse av kontroll, gjer at inntrykka blir store, og eg føle meg sårbar. Men det føre også til at eg ikkje klare å nyte nuet.

Eg kjenne ikkje på noke ro i sinnet i naturen, men sårbar og utilstrekkelig. Eg føle den heller er brutal og nådeluas, enn at den er flott. Kjenne meg langt utanfor komfortsona. Til og med mørket påvirka meg her, sjølv om det aldri gjer det heime.

Her tar man den terapien man kan få

Klart at mykje av dei negative følelsene, skuldast utmattande daga. Og spesielt lite søvn i teltet, men ja, det har nok blitt eit ganske so brutalt møte med vintereventyret, som sikkert har gjort sitt på psyken.

Når det er sagt, kjenne eg virkelig at eg leve. Det er ekstremt spennande. Klare ikkje å lese bok på kvelden, for hjernen tenke kun på korleis eg skal gjere det bedre neste dag. Det er so utrulig omfattande. Må prøve å gjere ting rett heile tida, elles straffast det momentant.

Eg vil sjølvsagt fortsette. No føle eg ingen mestring, men det vil endre seg etterkvart. Rutinane, kart og kompass, formen, det mentale og masse meir, vil gradvis bli bedre viss eg fortsette. Då vil eg kunne kjenne på gleden igjen, og flott natur og alt det der, både mens eg går, men og om kveldane. For då vil eg kunne ha overskudd av energi. No er eg berre nedbrutt, og alt blir overveldande.

Men tilbake til det gode, før innlegget går langt over maksgrensa!

For matlysta er der! Pemmican fungera kjempebra, får lett i meg rundt 8000 kaloria pr dag uten noke kvalme, eller ubehag i magen. Har bra energi, og søve søtt, so lenge det ikkje er i eit telt i sterk vind.

der blei det eit skrytebilde! Sjå på meg

So no e det game on! Konkurranseinstinktet sprudla! Slutt på romantiseringa av vintereventyret! La faktisk til og med igjen hjorteskinnet mitt på forrige hytte, for det er berre tull å skulle dra på noke so tungt når det ikkje er nødvendig! og so vil det forhåpentligvis ikkje vere null sikt og sterk vind ooog sludd, heile tida resten av turen…

(Dei får heller arrestere meg for det med hjorteskinnet, men eg tippa på at dens neste eigar, syns det var fint eg la det igjen. (Eg skreiv ein forklarande lapp)).

No blir eg veirfast på dinna hytta, som eg fann i snøfauken. Tusen hjertelig takk til hytteigaren som lar hytta stå open for sånne desperate sjele som meg! For å gå i snøstorm oppe på fjellet, er berre idiot. Det hadde gått nokre tima til, før eg hadde nådd neste dnt hytte. Vinden skyte sludden gjennom kleda, so sjølv med puls langt over terskel, klare ikkje kroppen å produsere nok varme. (Sjølv om kleda skal vere godt impregnert). So då e det hyttekos å høyre på stormen, mens eg har fyr i omnen! Men søren altso, la igjen harry potter boka i den forrige hytta for å spare vekt! So det blir NT og roman om Djengis Khan, som eg ikkje kunne legge igjen, for den er biblioteket sin! Forhåpentligvis ein grei nok kombinasjon for mental helse.

E ikkje so kult når vinden tvinga sludden gjennom kleda!

No tippa eg det fort går 2-3 veke å komme seg til Haukeliseter. Langt meir enn eg hadde tenkt. Men det skal det få lov til å gjere! Det er mykje tyngre og meir kronglete enn forventa. No får det bli nokre daga til neste innlegg, og då e det nok ikkje like deprimerande som ditta! Og heller ikkje like langt…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *