
Sov so godt at eg gjekk grytidleg forbi huset til han rause 86-åringen, sikkert før han hadde stått opp. Litt dårleg samvet for å bryte opp uten eit so lite som farvel. Men sånn er det, hadde vel brukt nokre år om eg hadde blitt lenger med kvar ein person eg satte pris på. Ser jo litt no at eg faktisk kan rekke å vere heime til påske, som hadde vore veldig fint. Men eg har mange daga igjen enda, og med ein gong ein begynne å nemne ordet rekke Nordkapp, ja då er magien vekke, so viktig å fortsatt ta dag for dag og leve eventyret i nuet.

Ganske so lite innholdsrik dag igrunn, so då trenge eg ikkje skrive stort om den. Men kan jo nemne at eg no befinne meg på Finnmarksvidda, og dagens mål var neste fjellstove, Suossjavri. Scooterspor heile vegen, so lett tur, var berre å gå. Og ja, skal innrømme at magien faktisk var litt vekke, at eg beygnte å rekne på det, om eg kunne rekke å komme heim til påske… Hah! Jaja, tenke det skal bli mykje forskjellig å bryne seg på før eg står der ved igloen, med ein turist som fotograf, so blir nok dradd innatt i bobla igjen.

Yr meldte mykje vind dei neste to kveldane. Derfor fohandsbooka eg både med han 86-åringen, og på Suossjavri. Men det blei jo heilt stille, skyfri himmel og nyedeleg telteveir med nordlys på kvelden. Og telt i nordlys på Finnarksvidda er jo ein ting å ha på lista si. So litt irritert over det, gjekk eg for enda ei fjellstoveovernatting. So er det jo noke med det å oppleve litt kultur også. Fint det og. For Suossjavri blei også eit veldig fint opphold då eg kom der so tidleg som klokka fire.

Der var det to vennepar på min alder som også nettopp hadde komt. Kjekt det. Men eg var heilt kokt då eg ankom hytta. Hadde ikkje smurt meg, so sikkert solbrent i kinna med eit sprengt ansiktsuttrykk. Blei masse sprørsmål både frå vertane og dei, mens eg kjende at eg egentlig helst ville ha litt ro til å komme meg før det sosiale slo til. Og like kjapt kom husmora inn med ei kokande gryte, og dei serverte ein kjend samisk tradisjonsrett, Bidos.

I det vi fekk servert gryta, som var omlag samme temperatur som det kokande ansiktet mitt, begynte venneparet å gi kvarandre gåva rundt bordet. Snakk om å vere femte hjul på kjerra! Eller bilen… Nei! Meir ubekvem der eg satt har eg vel nesten aldri følt meg, og eg skulle liksom nyte samisk tradisjonsmat. Er det noke eg lika mindre enn ein tom tallerken, so er det å ete den tom mens ein fortstatt er stressa!

I det eg skulle forsyne meg, og kona stod der so fint å var spent på om maten smakte, røyste eg meg brått og, ja, hah. Ikkje lenge etterpå, sov eg på rommet mitt i eit anna bygg, til det var begynt å mørkne. La merke til at det var to andre soverom i det bygget, so med kanskje litt utviklande sosial angst her ute, for om det kom til å bli ein lang kveld med det venneparet der, gjekk eg til bygget der maten blei servert. Men som ein ny person og kjempesvolten, for som dåke sikkert skjønte, fekk eg utsatt middagen eit par timar, kom eg innatt i stova. Der var ikkje lenger venneparet, for dei skulle berre ete middag, ikkje overnatte, og husmore gjekk for å varme oppatt gryta til meg. For ein lettelse å kjende på då. Hah! Eg skulda på at eg er sliten. Er jo egentlig glad i folk! Med stearinlys i vindauga og nordlys ute, sat ho seg med meg og vi pratte lenge, mens eg åt so ho måtte fylle på serveringsgryta både ein og to gongar.

So bidos-måltidet kunne ikkje blitt noke betre enn det blei. Av og til lønna det seg å røyse seg brått, og berre seie rett ut ka ein føle og ynskje, so ordna det seg!
Bidos var forøvrig ei gryte av langtidskokt reinsdyrkjøtt med poteter, grønsaker og kjøtkraft. Navnet Biđos ein av nordsamisk språk. Heilt ufatteleg god smak. Sikker grunna krafta er av kokt bein.
Eg såg såvidt prisen på tavla, og vi konkluderte begge med at fordi ho hadde fyllt oppatt gryta fleire gongar, hadde dei ikkje akkurat gått i pluss på dinna apetetitten min. Heldigvis for dei, skulle eg overnatte og, ikkje kun ha middag.

Praten gjekk i forskjellige greier, men spesielt interessant var at ho kom der i frå, og både mora og bestemora hadde drevet denne fjellstova, sikkert fleire ledd bakover og, om eg hugsa det rett. Ho kunne fortsatt hugse då ho var lita, at dei hadde litt kyr for mjelking og sau, som var eindel av maten til dei som kom. Og dei som var innom, var som oftast sama som dreiv med reinsdyr og måtte ha ei natt eller fem ly før dei reiste vidare.

Og lillebroren henna dreiv fjellstova som var lenger nord, som heite Mollisjok fjellstue, så det var reine familiebedrifta i fjellstovene her oppe!
Ho derimot, klarte å holde meg igjen på morningen før eg gjekk, so full i kaffi, bar det nordover på den isbelagte elva som kom frå den store innsjøen Lesjavri lenger nord.

Det var også ein nokså fin og behageleg rute nordover. Og fordi yr meldte mindre vind denne kvelden, og det hadde vore roleg kveldane før, så sikta eg meg inn på teltovernatting litt forbi den store innsjøen.

Det kom ein scooter nedover elva som skulle til å passere meg. Eg helste og han stoppa, so eg spurde like so godt med ein gong om han tilfeldigvis var broren til ho som dreiv Suossjavri , og joda, det var det. Då blei eg bedd inn på fjellstua som var nokre timar der i frå. Han lovde meg bål til lunsjen.

So nokre timar seinare, ankom eg Mollisjok fjellstue, og lunsjen blei god av både det eine og det andre.

Og nederst på biletet, kan ein også sjå desse blodballane eg fekk i Kautokeino, Gumppus. So det blei ikkje veldig lange praten eg hadde med han broren, eller kanskje ein times tid, før eg køyrde på vidare, for kroppen hadde fått bra påfyll. Var like før eg skreiv under på ein sommarjobb-kontrakt som gjekk ut på å vere skogsarbeidar her oppe for å sanke inn ved til både hytte og badstue. So lurt å gå vidare før eg blei verandes! Det er fort å romantisere både det eine og det andre her ein går!

Men før vi går over innsjøen Jesavri, vil eg fortelle bittelitt historie om fjellstovene. For denne, Mollisjok fjellstova, om eg forstår ditta rett då… er faktisk historisk, med at ho er ein av dei tre statlige fjellstovene som er siste rest av eit 900 år gammalt statlig fjellstovesystem.
Det har seg slik (ifølge google)
«en av de norske kongesagaene, Morkinnskinna, etablerte kong Øystein fjellstuene og fjellstueoppsitteren som et statlig ansvar i år 1115.
Kong Øystein var norsk konge i 20 år og regjerte sammen med sin bror Sigurd.
I slaget på Stiklestad i år 1030, tok høvdingen Tore Hund livet av kong Olav Haraldsson. Da Olav ble hellig, startet det pilgrimsvandring til Nidarosdomen. I Norge var det ikke losji i fjellet den gang, slik som i Alpene, og enkelte pilgrimer frøs i hjel på sin ferd over Dovrefjell.
Det tok Kong Øystein konsekvensen av, og etablerte fjellstuer på Dovre. Fjellstuene ble et nødvendig skjul for vær og vind, og hindret folk fra å fryse i hjelp på sin ferd til Nidaros.
Frem til år 1400 ble det etablert fjellstuer over store deler av landet.
Nord i landet var sikkerhet for reindrifta et mål med fjellstuene. Fjellstuene hadde alle en «folkestue». Det var reindriftas stue. Der kunne reingjeterne komme i seg i le, tørke sennegras og tilberede mat.
Etter hvert som snøscooteren ble tatt i bruk utover på 1970 og 80-tallet avtok reindriftas behov for losj og det blei etterkvart «allemannseie».

So med det kan vi komme oss tilbake på sporet, og vandre vidare. Eindel snøscootera passerte meg, men faktisk var det slik at han som drive på Mollisjok, helst ønskte skifolk, ikkje scooterfolk. Han miena at skifolk legge seg tidlegare og er lettare å ha med å gjere, enn scooterfolka som kanskje har litt meir overskot og andre planer for kvelden der, enn å ta det med ro og ganske tidleg slokne på puta. Og han hadde visst nok av skifolk gjennom vinteren. Om dei er kjekkare enn scooterfolk kan ein heller bedømme sjølv.

Han fekk frista meg til å overnatte der grunna den sterke vinden som plutseleg dukka opp på meldingane (som forandra seg kvar 6. time). Vind vind vind! Søren eg er so lei av det ordet. Må alltid ta hensyn til den hersens vinden som ikkje har noke særleg til motstand her ute på den flate vidda. Då eg skulle til å gå ut på isen, med den tilsynskua på stolpen, blei vinden sterkare og sterkare. Og etterkvart som dei 10 kilometerane blei unnagjort og eg kom meg over på den andre sida, såg det jammen dårleg ut med le. Han meinte jo at eg ville finne det her!
Det begynte å mørkne, og eg som har litt trauma likte ikkje situasjonen. Dinna leen fann eg ikkje, og det var begynt bli over leggetid. Gjekk forbi ein stor stein som såg litt lovandes ut, og bak den var det faktisk litt «le».

Eg brukte vel tjue til tretti minutt for å grave til ein god plass til teltet bak steinen, men hadde ikkje heilt trua. Då eg prøvde å sette det opp, skjønte eg at det var tapsprosjekt. Med elendig feste i grunnen, gruna berget steinen stod på, og snøen ikkje var god å pakke hard nok rundt pluggane, måtte eg innsjå at slaget var tapt. Pakka i hop og gjekk vidare.

Fann ikkje le, so det blei å sette det opp i sterk vind ute på vidda. Steike det altso! Den natta eg skal sove i telt, ja då skal det sjølvsagt vere vind! Kjende eg var litt fortvila der eg balte med teltet. Men mestringsfølelsen av å sette det opp skikkeleg, gjere ting solid og rett. Ja, den er god å kjenne på når ein har kome seg inn i soveposen. Favorittpemikanen, lam frå Holmedal, kom på kok, blanda med elgesteiken og diverse grønsake, smør og potetmos.
Det er av og til i slike situasjona, at eg lure på om eg har fått smaken på noke litt meir ekstremt. At det å bruke sopass mykje krefte på å tilfredsstille noke so elementert som ly, varme og mat, at det faktisk gir ein so utrulig stor både meiningsfølelse og tilfredshet, som eg ikkje klare å komme fram til i samfunnet vi leve i idag. Ein skulle jo tru at å sleppe å tenke på desse elementære behova, førte til eit lykkelegare og betre liv. Nei! Det der er ikkje til å bli klok på!

Men skal innrømme at det ikkje blei so god søvn. So dagen etter blei ein litt trøtt dag. Kom meg etter nokre timar til neste fjellstove, Joatkajavri, som også var kjempefin. Der var det ganske mange folk, og dei var i full gong med buffetfrukosten. Eg derimot var litt usikker på ka eg skulle gjere, grunna dei dårlege meldingane yr viste.
Eg pratte med husmora der som eigentleg var meir opptatt av å få egga perfekt kokte, enn å snakke om veivalg vidare over vidda. So då prøvde eg heller å prate med nokre guidar som var der for ei mindre gruppe. Dei hadde aldri gått lenger nord, so dei visste ikkje, men anbefalte ikkje å gå desse kommande dagane.

Fekk så nummeret til ein kar i kommunen som hadde god peiling. Dessverre var det ikkje meir scooterspor vidare, gjennom Stabbursdalen. So å vabbe i djup laussnø ville bli heise tungt. Men viss eg klarte å holde høgda, opp på fjelltoppane, så skulle eg kunne gå oppå snøen, for der hadde vinden gjort den hard. Uansvarleg var det ikkje å gå vidare meinte han, men heise utrivelig.


Eg valde då å gå vidare.

Etter nokre timar, kryssa eg ned mot ei DNT hytte, Bojobæskihytta, og klokka var då blitt tre. Der blei det eit godt måltid, og grunna klabbinga og den kjempetunge snøen å gå i, tenkte eg å slå meg til ro der. Fekk så melding frå pappa, at anten måtte eg komme meg til ei gamme i enden av Stabbursdalen i mårå kveld, og bli der ein dag, eller so måtte eg bli på denne DNT hytta i tre dagar. For vinden gjorde det uaktuelt å ferdast ute på dag to. Vanskelig å henge med her!


Trøtt og sleten, so gjekk for det siste. Sjekka boka, og ja, det er jo folk på denne hytta ein gong pr 14- dag. Sjansane er kjempesmå for at eg må dele denne lissje bua her med nokon andre, og eg kan sikkert legge meg so tidleg som klokka åtte! Høyre på lydbok og roleg musikk og la inntrykka synke inn… Det hadde vore utrulig deilig.
Men midt i pemikanmåltidet, banka det på døra, og fem stk frå Alta univiersitet, fulle av energi og jubel for å komme seg inn i hytta, skulle vere der til dagen etter. Då ombestemte eg meg på brøkdelen av eit sekund, og fekk pakka ned alt og tatt oppvasken mens vi pratte høglydt ilag og lo av forskjellige ting eg egentlig ikkje hadde heilt overskot til å le av. Hadde heldigvis fått tørka fellene mine, so dei klabba ikkje då eg begynte å gå vidare.

Det virka som kjempe kjekke folk altso, dei som skulle vere der. Men eg kjende meg so trøtt. Skal innrømme at det gjekk utover eventyrlysta også. Eg skulle nok ha tatt meg nokre dagar pause, for å få tilbake energien og iveren etter å vere på eventyr, for no sat eg meir pris på ro og fred, enn spenninga som alltid kom.

Men fekk faktisk godfølelsen der eg gjekk på kvelden, og då eg kom i enden av det store vatnet før dalen starta, gjekk det tre skispor til høgre for elva og inn i skogen. So etter nokre strabasiøse tak i djup snø med elendige spor, satt eg opp teltet nede i le, bak denne store skavlen eg holdt på å falle ned, ute i mørket.

Såg på kartet at vestsida av elva hadde vore mykje betre å gå, grunna fjellformasjonane. Får prøve å krysse elva i mårå, tenkte eg før eg sovna med skia som selskap, for å minke sjansane for klabb. (Hindre ising på fellene).

Morningen etter gjekk eg so tidleg som halv seks ned til elva for å krysse. Men nei, det var ikkje sterk nok is. Prøvde litt lenger nede og oppe, men eg turde ikkje krysse når store dela av elva var fri for is… So då blei det austsida!
(Sett tilbake, skulle eg heller berre gått heilt tilbake og kryssa isen på vatnet for å komme over til vestsida…)

Kom meg opp i høgda etter å ha vabba lenge i den djupe snøen. Skispora frå dagen før gjekk rett aust, mot Lakselv, so med mindre eg hadde lyst innom der og gå mykje på veg, så var det ikkje vits å følge dei lenger.

Heldigvis klabba det ikkje, og oppe i høgda på toppen av fjella, var det sopass avblese at snøen bar meg. Men vinden var der enda, veldig tilstede i dei harde kasta, so pulken blei flippa kanskje tjue gongar. Drit lei av det, prøvde eg å ha all vekta på høgresida av pulken, men det hjalp ingenting.

Skar som dette møtte eg også på, der eg måtte gå store omvega i djup snø for å komme vidare.

Stabbursdalen er faktisk ein nasjonalpark i seg sjølv. Den har veldig interessant kvartærgeologi som vise innlandsisens bevegelsa og arbeid i siste istid. Derfor mange spesielle formasjona. So etter åtte tima med kriging mot vind oppe i høgda, valde eg å ta ned igjen under skoggrensa for å sikte meg inn på gamma som var målet.
Skal innrømme at kreftene var sopass oppbrukt at denne dagen var det meir frustrasjon og utmattelse eg kjende på, enn godfølelse og optimisme. For kvart vindkast som flippa pulken, dårleg veivalg, pisking i ansiktet, blindeføre og trynings på knallhard skare, so eg kjende smerte frå halebeinet langt opp i ganen, ja då var det sinnet som bygde seg opp, ikkje galgenhumoren.

Men å renne nedover dette usikre juvet eg fann, som eg håpte på ville føre meg til gamma, blei hakket meir spennande enn ønska. Det hadde sikkert vore veldig artig, hadde eg hatt meir krefte, men no handla det meir om å halde ut.

Og mange dristige valg blei tatt for å komme seg ned i terrenget. Snøen verka solid i skavlane og dei bratte henga, so dumdristig var det ikkje.

Lenger nede blei det mindre og mindre snø, og elva var begynt å opne seg, fri for is. So etterkvart blei det slalom på snøbruene og dei karakteristiske berga.


Sola kom også, og vinden var ikkje like sterk her nede, so det var nesten so godhumøret kom tilbake og!

Veldig spesiell opplevelse, å ta seg gjennom terrenget her nede. Eg kjende alltid på ei spenning for ka som venta rundt neste sving, og eg brukte fraktisk to timar på å komme meg vidare gjennom desse juva, Aldojohka til Njahkajohka.

Fossefall var noke av det som var verst å møte på. Det var fleire av dei, og spesielt ein, der eg følte litt på roen og gleden i forkant, men den forsvann fort då eg såg at det var fem meter ned til neste nivå.

Pulken er alltid førstemann i sånne parti. Går det bra å sende den ned, ja då rende eg utfor eg og. Sånt er artig på topptur, med ein god kameratgjeng på skikkeleg utstyr. Her var det ikkje artig.

Men det er fort å gløyme at det alltid kan bli verre når ein drive på sånn. For då det omsider hadde begynt å flata ut, vart det enda mindre snø. Det var ikkje lenger is på elva som hadde blitt breiare.

Til slutt måtte eg bite i det sure eplet, og rett og slett gå over fjellhøgda Suolovarri, som var bart, rett ned på lyngen. So var eg endå ikkje komen i kjellaren, vil eg påstå at eg kunne kjenne lukta av ho då, for det blei eit par tunge timar drakamp med pulken til steinar og vegetasjon som friksjon.

So då tenkte eg at no begynne virkelig eventyret å miste sin sjarm. Det her er reint slit! Nei, no vil eg faktisk berre komme meg fram til Nordkapp, for å kunne vakne opp i mi eiga seng, etter ti døgn med søvn.

Over på andre sida var det litt meir snø, og eg kunne sjå på kartet at det kun var 8km igjen til gamma i det fjerne. Men for å komme dit, måtte eg krysse den store elva, Rautusjoki, eller Stabburselva på norsk. Den var jo open lenger nede, so spenninga var stor, om eg måtte flyte over med pulken som båt, eller om det var trygg is der.

Og som vist på biletet nedanfor, var det heldivis is. Men voldsomme berg på andre sida, som ville vore veldig vanskeleg å klatre i, gjorde til at eg måtte gå langt lenger sørover.

Luretopp er eit vanleg fenomen på topptur. Luretopp er for snilt til denne dagen. Den var full av svik! Svik frå naturen! Eg blei ikkje å le av at den lurte meg gong på gong.

Og etterkvart som berga blei lågare, blei det mindre is også. Motet mitt starta å gå frå meg, og eg lurte på om eg måtte slå telt der på den sida, og heller krysse lenger oppe dagen etter. Men det skulle jo bli storm då, so eg måtte komme meg til gamma!

Eg tok faktisk ikkje bilete der eg kom meg ned for å krysse elva. Kanskje for å ikkje ha minne til kor uklokt det var, men eg kom meg faktisk over, og opp på andre sida, sjølv om det var heise bratt og eg var usikker på om eg fekk kroppen til å bestemme seg for å ta dei siste stega.

So då eg kom meg opp på høgda på vestsida av elva, og såg gamma eg skulle få overnatte i. Datt eg faktisk i hop og grein av lettelse. Sjølv om eg var letta for å vere komen fram, var eg so utmatta at gleden først kom dagen etter då eg tok ein kviledag i blesten.

Og sjå på det her. Det er ufattelig kult. Norge på Langs har so utrulig mykje forskjellig å by på. Ja, eg kjenne i allefall at eg leve, både i ein berg og dalbane i følelsa og i det eg får oppleve.

Fekk fyr i ovnen og ting på tørk.

Og måltidet blei ein draum, som fortsette i det eg la meg på liggeunderlaget på eine benken som var i grei høgde, opp frå det kalde gulvet som heilt sikkert ikkje hadde varmekaplar.

Å ligge der inne i den kjempespesielle gamma mens vinden ula ute, kjendes heilt utrulig. Det var ikkje eit einaste vindkast inne i gamma, som var isolert med torva på veggane og taket med desse stokkane som underlag. Heilt nydelig, sjølv om eg kjende meg sårbar der ute heilt åleine.

For ensomhet har eg ikkje kjendt noke særleg på, men då eg var so sleten som det der, og det ikkje var dekning der oppe, kjende eg meg faktisk litt åleine under kviledagen.
Eg merka det til og med i måten eg skrive på, at eg ikkje er like munter, vil berre få skrevet ka eg følte, uten å gidde å skrive noke ironisk attmed.

So hah, eg kan like so godt berre fortsette i det leiet, for veden som eg kappa av den store haugen på utsida, og kløyvde med øksa var ikkje mykje tørr!

So det blei mykje flisespikking, for å få til noke fyr. Og brennverdien var ikkje veldig å skryte av.

Det var litt trist å forlate Bastinggammen, gamma som er goahti på samisk, men veiret var nokså gunstig å til å gå vidare.
Og siste dagen av dette innlegget, oppsummera eg berre med å skrive at det var god medvind! Fortsatt sliten og litt støl i kroppen, men det bar seg framover. Etterkvart blei det scooterspor også, og Skaidi dukka opp i det fjerne, etter ein åtte-ti timers marsj.

Og i det fjerne kunne eg skimte havet for første gong, kanskje på heile Norge på langs? Bortsett frå Lindesnes då…

Nede igjen i sivilisasjonen var det berre å skaffe seg nøkkel til rommet på motellet, og kjøpe seg noke kvit fisk og smør på butikken, for pemikan kunne vente til siste innspurt av det her som eg etterkvart skjøna er eit spinnvilt opplegg…


Då er det kun tre til åtte dagar igjen til Nordkapp, alt ettersom hehe. Det blir i allefall kun eit innlegg til, så får håpe enden er god. Kanskje eg burde ta nokre dagar kvile her på Skaidi før eg tar siste etappe, for det er meldt so heise mykje vind dei kommande dagane, og ikkje minst klabbeføre. Men å dette sammen her inne på dette rommet no nokre dagar, gjere kanskje til at adrenalinet som kroppen min er full av no, roa ned, og det bryte ut både sjukdom og utmattelse om ein lar kroppen få gå inn i dvalemoduset for tidleg.
Siste innspurt blir nok spesiell uansett, men den blir nok endå sterkare om ein føle seg sliten og svak. Emosjonelle kjensle kan vel forsterke enden på det heile, og sette ekstra spor i minna i åra framover, so eg landa nok på å gå vidare, so får det heller briste eller bære.
God natt. Og fortsatt takk for følget! No er vi snart ved enden!