Dag 128-131 (48-51): Hirvasvupio-Kautokeino


Nesten i Kautokeino no! Litt artig å ha gått dit! Og det var ei so veldig fin scooterløype, so det skulle gå fint.

Fekk rydda meg ut av den flotte tømmerkoia, spente på meg skia og bar ut på den flotte løypa som skulle ta meg ut av Finland igjen. Virkelig ein ro å vandre i ditta frie landskapet, so flatt at ein kan sjå longt av sted. Og blikket kan kvile på det kvite udetaljerte snødekket.



Og eindel koselege små, men sikkert gamle bjørke som kler snøen. Rekna med det er reinen, vinden og kulden som helde den litt i sjakk, so det ikkje blir skog overalt.

Etter to-tre tima gåing, sjekka eg gps’en der eg sette meg ned på pulken og hadde ein so fin ro. Hæ?! Nei føy! Her har eg jo fulgt det einaste scootersporet som var å følge! Eg har jo faktisk gått sørover nedover Finland! Litt stressa går eg rett ut i terrenget for å avskjære mot Kautokeino, men snøen er 80cm sukker rett ned til lyngen, so det var uaktuelt å gå utan løype. Gjekk derfor tilbake igjen. Hah! Nei, må alltid vere påskrudd her, so ein kjem seg framover. Eller i allefall ikkje heilt avskrudd!

Men det verste var at då eg kom tilbake eit par tima etter, nermare rundt lunsj, so var det altso kun det her sporet. So eg ringde dei i på Airbnb’en eg hadde leigd i Kautokeino, om det ikkje var noke scooterspor til dei, frå Hirvasvupio! Nei det hadde dei ikkje peiling på. Men eg fekk nummer til ein kjentmann. Han gav meg igjen nummeret til ein norsk same som dreiv med reinsdyr lengst vest mot Finland. Og han fekk eg faktisk tak i. «Ney, der er det ingen scooterløypa, ney. Vi trenger ikke det, vi driver ikke reinen inn i Finland…»

Trøstefyring etter 10min sukkesnø vabbing.


Kjende det romantiske med å gå i urørt natur mista fort sin sjarm då kvart steg blei som å gå på åtte tjukkesar i gymsalen so du seig so langt ned at låra skreik i syre. 1-2km/t mot 6km/t på scooterløype. Jaja, eg har jo ingen tidsfrist på meg, so tid er relativt her oppe. Derfor fyrte eg eit bål og lunsj, før blodsukkeret sank like lavt som skia i sukkersnøen.

Hah, var no litt aritg og. Det å vabba i sukkersnø for meg sjølv, frå Finland til Noreg. Ut på tur der ingen ferdes! Den stipla sommarruta var jo ikkje noko meir nedtrakka enn resten av terrenget, so kanskje var det ingen som hadde gått her heile vinteren. So no følte eg virkelig eg var i villmark! Definisjonen på villmark er visst 5km uten menneskelig inngrep i form av infrastruktur. 5km er ikkje mykje. Likevel er det berre 10% av Noreg som faktisk kan kallast villmark. Og for hundre år sidan var det heile 50%! So det er berre å nytte på mens ein kan! No gjekk eg forøvrig i Finland då…

Og eit godt stykke ut på dag kom eg jammen meg ein gul varde som ein ikkje kunne ta feil av.

Og sjå der! Riksgrensegjerde! Då var eg komen til Noreg!

Og etter litt kom eg på nokre reinsdyrspor og faktisk scooterløyper, men etter litt gåing utan å sjå på kompasset, hadde spora tatt meg langt sørover igjen… Frustrerande greier. Retningssansen likna jo ein sau her eg går uten referansepunkt. Eller mykje verre enn sau. Trur faktisk dei har god retningssans, når eg tenke meg om…


Blei eindel hit og dit. Men so såg eg opp på himmelen, at eit fly tok ein skikkelig u-sving. So det var ikkje berre eg som streva med retningsansen her ute.

Og ved hyttene på Goahteluoppal, so var det altso scooterløyper resten til Kautokeino. Det hadde forsåvidt samen informert meg om på telefonen. So eg var ikkje heilt utan håp.

Det var begynt å mørkne då eg ankom den stølen eller fjellgarden, so primusmiddagen eg åt her blei litt kjapp, for den hytta som vist på biletet blei berre skumlare og skumlare etterkvart som mørket tok over… Nei! Komme seg vidare før det enda med at gjenferd kjem ut og vil ha noke middag, dei og!

Litt flott scootertrasking i solnedgong før eg sat opp teltet mitt i sporet på eit vatn, for der var det godt feste for pluggane.

Dagen etter var det meir grått, men godt å komme i gong. kl 6 var eg faktisk i farta, tilfelle det skulle komme ein heil flokk med rensdyr og sama. Eg ville ikkje vere til bry for den slags! Og faktisk såg eg eindel reinsdyr etterkvart der eg gjekk. Flotte dyr.


Presenninga og kle som hang opp på løypene. Det fekk eg vite seinare var for å senke farten på reinsdyra som gjekk altfor fort på scooterløypene. Ikkje eit forsøk på å tørke klesvasken på vidda.


Og då var det ei stor elv eg hadde gått den siste timen på, som tok meg gjennom tettstedet Kautokeino. 3000 folk bur det her. Det er ikkje stort. Eller jo forresten. Kautokeino kommune, er den største kommunen i heile Noreg! So kom ikkje her og fortell at Kautokeino er lite! Og jammen er det ikkje alle som kan sei at dei har ei elv som hovedgate! Sikkert lite vedlikehold og.



Airbnb’en eg hadde leigd to overnattinga på, hadde villsau. Var derfor eg valde den. So eg speida etter nokre brekande ullskikkelsa der eg gjekk på isen. Og joda, der var heimen, og jammen var det scooterspor heilt opp til døra. Trur scooter blir meir brukt her enn bil!



Får innrømme at det var godt å komme seg inn i ein liten hybel. Dusj, klesvask og ting til tørk var ikkje feil. Det har jo vore eit veirskifte no heilt sida eg kom opp til Troms, altso mykje mildare. Derfor trenge eg ikkje å bry meg med å unngå dusj for å opprettholde feittlaget mot kulda, som var i første delen av turen. Men noko finare blei eg ikkje. Det skeivtvoksande skjegget og håret utan fasong, forandra seg ikkje stort.


So var det jammen ein TV der, med MAX innlogga. Hmm, Knight of the Seven Kingdoms… Kunne vore god avkopling… Men nei! Den skal sjåast heime med skikkelig lyd, og Kautokeino skulle sjekkast ut!

Men det var igrunn ikkje so mykje å sjekke ut faktisk. Tettstaden var ikkje store biten å rekke over, sjølv med pulk på slep. Eg trudde jo det var eit stort senter eller i det minste eit telt der eg kunne få kjøpt noko lokal mat! Og spesielt om det hadde vore noke klesplagg eller sko, sydd av ei koseleg samisk dame som hadde lært handverket av mora eller bestemora si. Men nei, til og med knivfabrikken der var nedlagt!


Jaja, eg skal ikkje klage. Eg vil jo ikkje ha masse turistgreier heime der eg bur, so då kan eg ikkje forvente at det skal vere reine disneyland her oppe heller. Og det var no litt forskjellig, som gullsmed og sånn. Men når ein er singel, sleppe ein å gå inn på sånne dyre butikka. Og sportsbutikken var god der eg fekk kjøpt meg ein ordentleg samekniv, laga i Karasjok, i ein litt mindre skala enn dei store for å spare vekt. Hadde jo nettopp knekt den eg hadde, so det passa bra. Men no fekk eg jo nettopp ein fin samekniv heime frå speidargruppa, men den var so tung, at ein mindre var å foretrekke her på tur. So fekk pulken fekk seg ein oppskeining av sjefen sjølv.

Raud kyrkje dei operera med her. Det er jo snø her heile tida, so raudt er nok betre enn kvitt ja.


So var det litt artig, for eg ønskte jo å handle noko lokalt reinsdyrkjøt. Men det var ikkje enkelt. Søkte eindel på nett og spurde folk på gata, men nei. Dei meinte at her har alle reinskjøt i frysen sin, so den som ville prøve å selge det, ville nok ikkje få solgt anna enn frysen sin!

Gav litt opp det prosjektet, kunne jo kjøpe eit stykke på Rema, sjølv om eg syns det er mykje meir spesielt å kjøpe direkte no som eg faktisk er her oppe.

Stakk innom ein byggbutikk for å kjøpe ein ny ladekabel til mobilen min. Fekk auge på ein kar som såg veldig ut som ein bergensar grunna bykledene og byfrisyren. Hah! Då han kom bort i kassa snakka han faktisk bergensar. Søren so lang tid han bruka. Eg skal jo berre ha den ladekabelen her… Då det endeleg var min tur, nemnte eg det med reinskjøt til dei i kassa. Nei, dei har vel noke nede på rema 1000 sa dei litt uinteressert. Men trur dåke ikkje at han bergensaren derimot, stoppa i døra og snudde seg og gliste?! «Skarru ha rrreeinskjøt?» Spurte han på innbarka bergensardialekt.

Og før eg visste ordet av det, so sat eg på i bilen hans og vi køyrde eit stykke opp i feltet. Han var turnuslege her oppe. Eg takka han veldig for at han gjorde dette, og då svarte han veldig enkelt «Neeei, eg hadde dagen frrri, så å hjelpe nomaaadarr med å skaffe seg rreeeinskjøt, varr jo ein grrrei måte å få tiden til å gå på». Vi lo begge to.

Vi parkerte ved eit hus der det stod ei samisk dame som jammen meg tok oss med inn og opna ein frysar som var full av reinskjøt. Kjøpe rett frå bonden, det er meir min stil, ikkje Rema 1000. Då sleppe ein dessa mellomledda, og ho var ei koseleg dame som var stolt over det ho viste fram. Dei hadde drevet med rein i generasjona. So her var det både kokekjøt, skav, røyka og speke, og litt vel salt reinsrull!

reinsdyr, villsau, pemikan og tørka frukt. Sees på nordpolen!


Der kjøpte eg litt mykje, so med tanke på at eg i tillegg henta ut ny 9kg pemikanpakke frå posten, tilsendt frå pappa heime, blei pulken i tyngste laget då eg skulle gå vidare. Hadde jo kjøpt litt andre ting og, og hadde rukke å fyllt kjøleskåpet med frukt og grønsake den dagen, so ja, plutselig vog nok maten i pulken meir enn alt det andre til saman.


kom i prat med dei eg leigde airbnb’en med også. Ho var frå samisk opphav og dei hadde drevet med reinsdyr i generasjona dei og, og eg trur det var helga etter, so skulle dei jammen temme ein rein for å bruke den til å dra slede. So det var litt synd det ikkje var den helga eg var der. Men so skulle det vere samisk melodi grand prix her i kautokeino samme helga, so tenke det var greit det ikkje var den helga eg var der likevel.

Dei fekk litt fenalår frå meg og eg fekk villsau kokekjøt frå dei. Og gumppus, samisk tradisjonsmat, som fekk hedersplass i pulken. Det var nokre ballar, laga av blod og talg og sånn. Var visst vanleg å ete det med tyttebær, for då auka inntaket av jernet frå blodet. Ikkje rart desse samane har hatt utholdenhet til å gå på ski etter rensdyrflokkane sine opp gjennom åra!

På kvelden var eg igrunn nokså køyrd, og kvapp til i det telefonen ringde. Det var bussjåføren frå Mo i Rana som dreiv radio. Og då var det ikkje lenge før eg blei intervjua der, litt lenger denne gongen. For det var so mange som hadde spurt han både på bussen og i gata om han hadde høyrt noke frå han som gjekk Norge på Langs med ei ski! Artig det. Meir fornøgd med dette intervjuet.

Der har vi den nye kniven. Stolt. Dyr var den og. Og det blei kokt reinskjøt ilag med ein heil pose kokt beinmarg, som blei sugd ut i rein satisfaction.

Fekk lese litt om Kautokeino før eg sovna. Og heller ikkje det har vore eit unntak frå den tragiske historia. Eg har stor respekt for samisk kultur, bl a grunna deira tradisjona for å leve av naturen.

Eg tar derfor å lime inn rett frå google, for eg syns det er greit å bli påminnt om litt historie.

På 1800-tallet ble arbeidet for å «sivilisere» samene gjennom en blanding av fornorskning og religiøs oppdragelse, der målet var å innlemme dem i den norske stat. 

Innføringen av kristendommen i Kautokeino skjedde over lang tid, ofte gjennom tvang fra statens side. Samisk religion (sjamanisme) ble aktivt motarbeidet, og noaider (samiske sjamaner) ble forfulgt, inkludert beslagleggelse av sjamantrommer.

Den første kirken i Kautokeino ble bygget rundt 1650, og en ny kirke ble reist i 1701–1703 med svenske midler, noe som gjenspeilet datidens grenseoverskridende svenske ambisjoner i området.

  • Kautokeino-opprøret (1852): Dette er et av de mørkeste kapitlene i samisk historie. Opprøret var en reaksjon på sosial undertrykkelse, kulturell forakt og en streng, statlig kirkelig forvaltning.
  • Vekkelse og fanatisme: En sterk læstadiansk vekkelse preget området på 1850-tallet. En gruppe samer utviklet en radikal form for denne troen, som førte til at de gjorde opprør mot lokale autoriteter.
  • Tragisk utfall: Opprøret endte med at to personer (handelsmannen og presten) ble drept, og flere ble skadet. De ansvarlige samiske opprørerne ble straffet hardt, to ble henrettet ved halshugging i 1854, noe som understreker det tragiske aspektet.

    Synd at menneske skal utnytte religion til å få meir makt og rikdom.

Anbefala filmen «Kautokeino-opprøret».


Med det kan vi legge Kautokeino bak oss, og ta fatt på den 4 mil lange dagen som skulle for det meste gå på den delvis isbelagte elva nordover.

Og det var på ein laurdag. Over 100 scootera køyrde der, fordi det var ein årleg, eller vekeleg greie, ikkje veit eg kor ofte dei hadde det. Men dei kalte det Pokerrun. Noken stasjona ute langs elva, var noke kortspelgreier, og på kvelden var det premieutdeling og sikkert noke fest. Det blei mykje helsing! Nesten overbelastning i skuldrane mine til slutt!

Om ein ser dei to spora der, so tok eg til høgre, for det var slutt på is. Etter 20min gåing oppover, kom det to scootera. «Nu tur æ du har gått feyl!» Haha vi lo godt. Det var nokre samar som skulle opp å sjå til ein skada reinskalv oppe på vidda. Det skulle vore artig å vore med tenkte eg, men er jo greit å nå fram til den fjellgarden eg skal overnatte på, før det blir altfor seint.

Så eg gjekk tilbake og ut att på isen. Klare jammen meg å gå feil når eg skal gå på ei elv i fire mil også…

Dei traff på meg seinare også desse to samane som heller såg til dyra sine enn å vere med på pokerrun. Reinskalven var friskmeldt så det blei ingen slakting heldigvis. Voldsomt flotte den sleden dei hadde. Den hadde vart i fleire generasjona. Og kikkertetuiet av skinn, sikkert laga sjølv.

So passerte eg nokre hus som såg ut til å trenge ein snekker.

Og eit anna, som såg ut til å prøve å gjømme seg bak tre tre.

Høyres kjedeleg ut å gå på ei elv fire mil, tok jo meg 12 timar. Men nei, det var heilt nydeleg. Traff på tre stk som gjekk på Alta folkehøgskule. Dei gjekk frå karasjok, over finnmarksvidda og ned til kautokeino. Han eine skulle faktisk prøve seg på norge på langs på sommarstid, allerede veka etter skuleslutt. Eg spurde om han ville gjere det med andre. Nei! Åleine! Sa han og dei to andre lo.

Og litt ut på dag stoppa eg opp for å ete. Faktisk frå eg var i fart og stoppa, til reinsdyrkjøtet med 200g smør og litt grønsake var ferdig stekt, på primusen, hadde det berre gått 3,5 minutt! Fy søren! Eg har blitt so effektiv med denne primusfyringa at det ryke lang veg! «Oi norge på langs! Du må vere i knallform!» «å det veit eg ikkje, men eg har blitt ein reser på primus!»

Vått vart det etterkvart også. Off, mykje betre med 20 minus enn plussgrader…

Løypa tok meg til slutt opp på vidda,

So flott å gå der, at det er ikkje til å beskrive.

Og eg kom til slutt ned ved vegen til fjellgarden, som var over 100 år gammal. Lahpoluoppal, heitte plassen med kanskje fem hus.

Der var det ein 86 åring som dreiv plassen. Han hadde gjort det i mange mange år. Var oppsynsmann også då han var yngre, så han kjende naturen her betre enn bukselomma si. Og her kan dåke sjå at han var i full gong med å måke snøen uttafor utedassen, til meg. Det hadde visst ikkje vore folk der å overnatta på fleire månedar.

Følte meg som ein konge der eg fekk alt servert på sølvfat.

Og eg som hadde kjøpt litt for mykje reinsdyrkjøt, fekk bytta til meg noko elgkjøt med han, for han skaut jammen fortsatt elg i alder av 86 år. Som vist på biletet, fallt både den litt vel salta reinsrullen og pemikanen i smak, so det blei gjort ein god deal for begge to.

Han lo godt då eg i tillegg sat gryta på kok med villsau. Eg ville koke det i tre tima, for å kunne ha mange porsjona i pulken klar til å varmast opp ute på tur.

Alle som har vore her opp gjennom åra som går desse turane, ja dei har styra med desse posane sine, sa han på den nordnorske dialekta si. Du derimot, du har pulken full av tørka og kokt kjøt! Sa han, nokså begeistra, for han gjorde det samme, til alle jaktturane sine på vidda. Dei sov som regel i telt då ei var på elgejakt. DET er jakt det. Fleire overnattingar, og til slutt få skutt elgen, for so å partere den og bære den heim i rammesekkane sine. Han lo godt då eg nemnde termisk bøjakt med traktoren klar. Termisk hadde han ikkje, og skulle aldri ha det heller. Og sånn real turmat eller toro grønsakssuppe hadde han visst prøvd ein gong, men då blei han lei før posen var tom, og like svolten, men oppblåst gjekk han ufornøgd vidare.

Det blei mykje prating! Og han viste meg bilete av elgejakt blant anna, og han kunne faktisk fortelle meg at den Hirvasvupio hytta eg overnatta på, altso den tømmerkoia hadde vore ein heim for lenge sida, til sama som dreiv reinsdyr. Og kona gjekk ofte til Kautokeino på ski for å handle varer. Dessverre førte spriten ho av og til fekk i bytte med varene sine, til ein trist slutt, for to av herrane skaut kvarandre i drukkenskap, so det endte i tragedie og plassen blei etterkvart fråflytta. Kan ikkje sei at spriten har noko konstruktiv historie her oppe i nord.

Holde seg til mat isteden!

Krevst koking. Men etterpå, digg oppvarmingsmat til primus.

Nei, no tar vi like so godt påskeferie. Neste innlegg kjem tysdagen over påska. Då blir det over Finnmarksvidda, innom fjellgardar, gjennom ein dal som gav meg mareritt i ei ufatteleg kul gamme eg overnatta to netter i, grunna stormen som ula ute, men ikkje klarte å trenge gjennom den trygge og solide torva.
Og det blir siste innlegg før Nordkapp! Berre to igjen!

God påske!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *