Dag 23-27 (103-107): Saltfjellet til Sulitjelma

Hei, då blei det nokre ekstra daga sidan sist, grunna lite dekning her ute. Kven skulle trudd. Men for den med godt minne, so går det jo å hente oppatt tråden frå der vi slapp sist, nemlig Saltfjellet.

Og Saltfjelletappen blei jo flott! Såg for meg å gå tre mil langs E6 med vogntog susande forbi, men nei faktisk blei det heller å gå på isbelagt elv og snø belagt gammalvei!

Gamlevegen litt høgre i terrenget enn E6, kom eg inn på sikkert etter ein kilometer etter å ha starta. Men det stod skilt som eg tolka at her var det ulovelig å ferdast. Eg såg rundt meg. Ingen å sjå. So eg gjekk på.

Pang, poff! To skåt høyrde eg frå rett over E6! Eg dukka fort med haue og stoppa opp nokre sekund. Søren altso, har ikkje politiet betre å gjere her enn å vakte denne gamlevegen? Men so blei det stille igjen og eg såg ingen. Kanskje det var rypejegera eg høyrde, so eg traska på vidare.

Kryssa polar sirkelen oppi der, so feira med pemikan. Merka igrunn ingen forskjell då eg tok steget nord for sirkelen. Men er vel ein milepæl på eit vis.

Ca halvvegs såg eg to med pulk langt der nede. Hmm kanskje dei er på langtur og har nokre tips? Eg pilte nedover nokså fort! Det blei sånn fordi det var nedoverbakke, so dei lurte vel på ka eg absolutt skulle ned til dei etter. Men då eg nerma meg dei, snudde dei og gjekk fort mot meg, dei og, so vi nermast kolliderte der nede!

Det var eit artig møte med to på min alder, eller kanskje eindel yngre. Han hadde tjukt litt lenger hår, minnte meg litt om han i filmen Into the wild, og ho var litt lågare, stavanger dialekt, mens han knota so eg er usikker på hans. Fint par, tenkte eg. Dei smilte godt! Dei hadde vore ute å gått i eit halvt år! Starta ved grensa mot Russland heilt nord og har fulgt norskegrensa nedover, om eg forstod dei rett. Skulle visst bruke eit år på å komme seg sørover.

Kan sei det er eit heilt anna prosjekt enn det eg drive med, men jammen hadde vi mykje å prate om! Og omtrent alt vi kom over, so hadde vi dei samme meiningane og oppfatningane. Blir vel litt likasinna her ein går! Bortsett frå at dei var kjempe matleie! Til og med sjokolade gjekk nesten ikkje ned. So nei, der var vi ikkje akkurat like. For matlei blir eg vel ikkje før eg ligge i grava.

Apropos mat vart han heilt henrykt av at det var pemikan eg brukte. Ho smilte. Han hadde ein kamerat som gjekk til Sydpolen med pemikan som mat. Han hadde visst først brukt pelikan til å lage det, for det e det som er originalen. Men det var visst so pyton at han gjekk over til hjort. Då blei det so godt at han blei heller ikkje lei, som også er min erfaring so langt. Blir berre betre og betre.

den her for eksempel, laga eg av storfe frå ein dyktig lovande ung bonde heime i Jølster, ved namn Bertel Årdal, som eg er sikker på vise meir omsyn til dyra sine enn seg sjølv. Dei får gå heile sommaren i dal og fjell.

Noke eg kjem til å angre på resten av turen, er at eg faktisk sa noke so utrulig at eg skulle gjerne ha delt med dei, men eg hadde litt lite igjen for å nå Sulitjelma, og pulken hadde eg lagt frå meg lenger borte! Hah, dei lo no berre og meinte eg trengde det meir enn dei.

Det der syns eg har vore vanskelig stort sett heile opplegget norge på langs. For folk blir so interesserte i den pemikanen, når vi ete ilag på hyttene, i allefall etter min vante forklaring i forhold til Amundsen, og energitetthet osv, men grunna at det er so heise feitt, so antar eg at dei fleste vil syns det er kvalmande eller vere redde for å krepere på plassen av for høge kolesterol verdia. Det e i alle fall det mange har gitt uttrykk for.
Og då blir det jo dumt å spørre om dei vil ha, for då kan dei føle at dei må seie ja, for å ikkje verke uhøflige! Har skjedd flere gongar! Søren då har eg mista dyrebar pemikan og dei går gjennom ein traumatisk opplevelse.

Nei det der syns eg er vanskelig. Veldig greit var det med rypejegerane. Dei ville ha og syns det var supert. Også han karen med den fine strikkegensaren på Bolna. For han sa rett ut at han ikkje ville ha, mens han grein på nasa.

So det har vore lettare her oppe i nord. Dei seie det som det er, rett frå levra, og ferdig med det! Enkelt å forholde seg til! Sånn, der fekk eg blåst ut ein stor bekymring her ute! Godt var det.

Vi skilte til slutt lag etter mykje artig prat for vi holdt på å fryse fast der vi stod på den isbelagte elva!

Eg valde å gå i deira spor resten av kvelden. Gjekk også der dei hadde gått gjennom isen, so eg og gjekk gjennom isen… Klabb fekk eg oppleve då. Rart, for utifrå deira spor, so såg det ut som at dei hadde berre gått vidare uten å ane ka som hadde skjedd! Mens eg stoppa no opp og prøvde å skrape av den isande klabben og slo skia ned i isen og hoppa bortover etter å ha fått på att skia, for å få av den ufattelig irriterande klabben! Eg knakk jo nesten isen enda ein gong, der eg gjekk og trampa meg bortover! Må fatte tiltak!

Eg gjekk ikkje heilt til dnt hytta Lønsstua på Lønsdal, for paret eg møtte hadde vore sjuke der ei vekes tid. So paranoide meg ville ikkje få samme smitta! Då blei det telt nedfor kanten av E6 litt ut i skauen. Måtte berre rulle ned frå den 20 meter høge vegskrenten, for å komme meg dit først. For eg hadde gått litt langs veg siste strekket. Pulken rulla med, og er alltid like glad. Eg også. For å sette opp telt i nordlys, komme seg ned i soveposen og gryta på kok. Ja. Då er det ingenting meir eg trenge for å kjenne på den største tilfreds.

Dagen etter blei det rutsjebane ned elva omtrent,

so gjennom ein flott skog eg vurderte å fyre bål til lunsjen min. Passerte heldigvis eit skilt der det stod at det var ein av dei få urskogane vi hadde att i norge… Då blei det heller primus, som og er bra!

Gjekk over fjellet ved junkerdalen og kom då til slutt ned til Graddis.

Ser vel ut som ein bavian med den maska, men luftvegane elska den. Då gjer eg det og.

Jammen var det mange flotte fjellparti! Junkerdalen levere. Addjektinden og Ørfjellet i bakgrunnen der trur eg.

Las på hytta at den gamle telegrafruta som bandt nord og sør ilag so tidleg som i 1860 åra, ved at dei bygde sånt telegraf nett, går gjennom saltfjellet, men på den andre sida. Fordi eg gjekk paralellt med den syns eg det var litt interessant. På sommaren er det visst mange flotte tura å gå der, hytte til hytte. Og desse hyttene har reinholdera, sama, brukt flittig opp gjennom åra, når dei har flytta rein. Budde gjerne fleire veker der oppe og hadde matlager og greier. Høyres ut som eit fint liv!

Tilbake til junkerdalen, for vi er ferdige med saltfjellet no.

For eg kan sei at eg såg eindel rype, men ingen jerv, noke han into the wild karen hadde sett her. Men eg såg to reinsdyr! Dei var nede på isen på Viskisvatnan.

Eg såg dei før eg gjekk ned på isen. So forsvann dei då eg gjekk over isen. So kom dei tilbake på isen, då eg hadde gått eit stykke vekk frå isen… Koffor dei so absolutt måtte vere på den isen, forstår eg ikkje. Ka mat har dei å oppdrive der?!

Kanskje det er so sjeldan det er is her, at det er ein sensasjon når den først er trygg. Sånn er det i allefall heime no, med is på Jølstravatnet, so heile bygda må ut på den, for det er vel ikkje kvart skåtår det er tilfellet.

Jaja. Graddis ja. Der var eg klar for ei vaffel om ikkje anna, so eg gjekk no inn i denne sjarmerande koia. Etter å ha kjempa meg nedover lia med ein velteglad pulk…

Der var det veldig tomt, faktisk heilt tomt. Kun oppvasken igjen, med ein skvett vaffelrøre i eine bollen. Gjekk skuffa ut og møtte på eit par som skulle til å køyre derifrå i ein fei. Kor skal eg gå for å komme meg til Trygvebu, spurde eg. Du følge den dnt løypa der! God tur! Dei hadde det visst travelt. Skulle sikket rekke å komme heim for å sjå OL, eller noke sånt. Eller var det VM?

Ja eg tok no rådet for god fisk og gjekk ut i skogen i djup laussø. Ingen hadde gått der før, men jaja. Eller Neinei! Den kilometeren tok meir krefte enn heile turen til Graddis omtrent, for det var IKKJE ein pulk vennlig vintersti! Eg måtte jo somme plassa bære pulken loddrett! Strekk fekk eg og! Luskestrekk, so eg nermast drog venstrefoten etter meg, då eg ankom E6! Eg fulgte heller den oppover mot Stor graddis fjellet. På kartet kan det ofte sjå kjappare ut å gå rett på målet. Det er sjelden tilfellet.

Det starta å mørkne og strekken blei verre, men ingen problem for ein uteliggar som eg begynne å bli! Då var det rett ut for vegen og opp med teltet. Like fornøgd som sist. Bortsett frå at det kom ein stor bulldosar av eit slag og fresa snø utover heile teltet… Han blei sikkert like irritert som meg, som eg på han, på at eg telta akkurat der.

Men fekk ei god natt søvn, og strekken var vekke dagen etter. Å sove ute gjer underverker!

Ned mot Trygvebu fekk eg for det meste renne på veg uten feller, so det gjekk som det suste! Bra det var lite trafikk der på ein grytidlig morning i det kalde veiret. Gjekk faktisk so fort at eg gløymde å ta av vegen nedover mot Trygvebu! Det er ei dnt hytte ved elva Skieiddehjåkhå. Naturlig namn på ei elv, kan ein vel sei.

Ser ut til at denne lille plassen er drevet av raude eldre traktora.

Då blei det til at eg heller rennde ned skrenta her. Det er jo eit tap å gå tilbake tenkte eg. Men her var det ingen spor, kun masse laussnø og bjørk. Ka gjer ein ikkje for urørt natur, tenkte eg mens eg deisa nedover dei altfor bratte bakkane. Blei mange tryn. Uhorvelig vanskelig snø å drive utfor i! Pulken fortsatt ikkje knekt.

Stakk innom Trygvebu for å tine litt vatn før eg fulgte elva oppover. Ja, du hugsa vel namnet, men om ikkje: Skieiddehjåkhå. Til eg endeleg ankom dagens mål: Argaladhytta.

Argalad! Høyr korleis det kunne ha vore ein festning eller ein landsby i sagaen Ringenes Herre! «Their taking the hobbits to Argalad!»

Men neida, ingen orka eller hobbita var det å sjå der eg traska oppover elva. Men flotte høge fjell og isformasjona! Men tung snø å vabbe i, so godt å endeleg komme fram nokre timar etter.

Der fekk eg ro i sjela altso. Det var en liten plass i en smal dal, der ingen skulle tru at det ikkje var rasfare… Og i samme stil som beliggenheten, var og dei to hyttene koselig små. Ja, det var ein liten plass akkurat passe stor nok for meg, hehe.

Fekk følelsen av å vere 10 år gammel igjen, heime på gutterommet på loftet, for hytta var ikkje mykje større, og ingen bekymringa nådde meg her. Ikkje tok det lang tid å få opp varmen i hytta heller, so jammen er det praktisk med små hus.

Og himmelen dansa runddans til langt ut på kveld, so den boka i hylla eg hadde sett, forblei urørt, for då eg til slutt la meg på puta, ja då sovna eg før klokkevisaren hadde landa på talet ni.

Kunne forsåvidt avslutta i den rolige tonen der, men eg ville komme meg til Sulitjelma, eller Sulis som dei kallar det dei som bur der.

greit med grinder som har sopass enkel konstruksjon

Hei hoo! Ropte eg i dalen so ekkoet gav gjenklang langt bortover og isberga raste kring meg! Nei. Det gjorde eg ikkje. Men eg var klar for nye eventyr, for eg hadde sove i heile ti timar!

So då var det først ein dagsetappe gjennom dalen, som var nokså tung grunna nysnøen som hadde komt, før eg tinte vatn og åt frukost i ballvasshytta, ei flott DNT hytte ved ballvatnet.

Litt vanskelig å komme seg ned på Ballvatnet frå hytta, med magen full av mat! Valgte å renne rett ned gjennom skogen og ut på eit snøbelagt isberg, so eg deisa rett bak på rygg og pulken kasta seg over meg og vi endte begge to paddeflate ned på isen. Ikkje som bambi, men som eit snøras…

Ingen konstruksjon eller bein knekt, so vi trava etterkvart bortover isen. Då kunne eg skimte Årfottjårro i det fjerne, inn i Sverige. Eller var det Gabsjetjåhkkå?

Då eg hadde beseira tre timar med isvandring, som kan bli like mykje ein kamp mot kjedsomhet, som mot rare tankar, gjekk eg på nedsnødd veg, som faktisk var so skravlete at pulken velta ikkje berre ein gong! Men ankom til slutt Tjoarvihytta. Kor eg skulle tilbringe kvelden.

Der blei eg ganske so skuffa over kor lite koselig det var. Stort og kaldt! Eg trenge ikkje det!

Men etter å ha tatt ei runde, kom eg fram til ei gammal lukka dør. Ein høg knirkelyd kom det då eg opna den. Innfor døra, opna det seg ei gammal lita hytte. Det var mørkt so eg skrudde på hodelykta. Å du verden!

Tømmervegga! Og den var lita! Og ein herleg god ovn! Og kjøkken, alt i eitt rom! Virkelig sjarmerande. Kanskje topp fem?

Blei ein god kveld med bra fyr i omnen, der eg las om ei som dreiv fangst på Svalbard tidleg 1900 talet, av alle ting. Hm. Litt vel barskt det der, men kvar sin smak!

Her er det jo slike tanka som kjem inn. At koffor ikkje berre bli nokre daga når eg kjenne på ein so god ro i både kropp og sinn? Det er vel eit indre driv som vil vidare mot målet i det fjerne. Eg syns igrunn det er greit. Det er kjekt å vere på farten når eg først drive på her ute, og det føles som at eventyrlysten vil ha meir og meir, den eine dagen etter den andre.

Sjekka bussrutene til Fauske, for eg ville dit frå Sulis. Til Fauske for å kjøpe noken skisko som passa foten min betre enn Alfa. Eg har gått med pappa sine sko heilt frå vi var ferdige med Børgefjell, fordi mine var blitt for trange. Men no syns eg desse var blitt for store, dei e jo størrelse 47! So eg bruka tre par sokka! Eit dagsverk å ta på på morningen! So ja, eg trur nok at Crispi passa betre til foten min då dei er breiare framme i tærna og eg kan heller gå ned ein størrelse. Kan spare peng på sokka då.

So eg reiste avgårde så tidleg som halv sju på morningen, og gjekk på utan stopp. 11.55 gjekk bussen. Den einaste den dagen. Sånn er det jo på slike plassar… Eg var på plass 11.48. So etter å ha gått over fem timar, rakk eg det med sju minutt. Bra beregning. Eller blei kanskje litt stress.

Men eg fekk likevel nyte det å komme ned til Sulis, i skådde. Det e jo ein gammal gruvedrifts kommune. No er det snøscooter og hytter eg ser, for det er ganske unike muligheta for flotte turområder her. Trur eg talde over hundre scootera og kanskje åtte bila.

I 1895 var bergverket Sulitjelma størst i landet med 608 mann i gruvene. Og i 1913 var bedrifta nest størst i landet med heile 1737 ansatte. Det var nok ingen kjære mor å arbeide her på den tid. Det er laga ein film av dette, som heite Sulis 1907, i typisk norsk krigsfilm stil. Ganske ny. Eg hakje sett den, men søkte opp Sulis på youtube kvelden før, og fann meg i å bruke ein halvtime på å sjå på gamle opptak frå 1960 mens den enda var i drift… Hadde nok ikkje gitt meg tid til det heime…

Var forøvrig innom Sulitjelma turistsenter henta pakken med både 10kg pemikan og dei to thermosane. Dei her drive stort og legge til rette for folk som går tur, so det der var han vandt til. Eg vippsa no litt for at dei ordna med det og kjøpte noke i den døgnopne kiosken han hadde etablert. Sulitjelma er eit typisk mål både på Nordlandsruta, som mange går spesielt på sommaren. Også for dei som vil gå frå Sulis og inn i Sverige gjennom Kungsleden, som er kjent over heile verda.

Påfyll! For eit syn. Men måtte kjøpe med litt ekstra mat, for det er ingenting no på ti dagar.

Fauske blei superstress for eg skulle rekke litt forskjellig i forskjellige dela av byen, før eg tok bussen tilbake til Sulis. Litt artig då eg skulle sende dei gamle skiskoa heim, etter å ha kjøpt nye, so var det ein utlending som skulle hjelpe meg med sendinga. Han forstod ikkje ka eg sa. Han ba meg skrive ned adressa isteden, men den handskrifta var visst ikkje meir forståelig, so han røska til slutt til seg tastaturet so ledningen nesten rauk, og rakte den over kassen og bort til meg. So snudde han skjermen, so alle tinga på pulten fallt ned på gulvet, mens køa bak meg bygde seg opp. Han var visst litt stressa han og.

Då eg omsider skulle tilbake til Sulis og lempa pulken innatt på bussen, spurte sjåføren om eg skulle til hytta oppe på fjellet. Ja, det e jo berre 4km, so det går vel fint sjølv om pulken har blitt 13kg tyngre, sa eg og lo. Då lo han og og sa at nu må du berre slappe helt av, for den etappen der e den verste etappen av hele Norge på langs!

Med klump i halsen såg eg på kartet at det var heile 500 høgdemeter, og det kjennes med pulk…

Åt resten av eplene og appelsina eg hadde kjøpt, i håp om å fordele vekta meir effektivt, og tok fatt på oppstigninga.

Den starta ved kyrkja, so eg kunne like godt ta eg ei bønn om at eg kom meg opp uten for mykje strev, der eg dåg såg opp til toppen av fjellet.

Etter fem minutt gåing hadde eg allereie rukke å bli nokså anpusten og heit. Og fellene glei ofte bakover, for dei holdt ikkje grep grunna bratta. So såg eg ein mann som kom i møte. Ein eldre kar med litt markerte augebryn og hule kinn so kjevepartiet viste lang veg.


Ikkje spør, Øyvind, ikkje spør! Tenkte eg, men det var jo godt med ein pause.

Emm du! Hei, er det langt opp?

Plis sei noke som hjelpe på psyken min, tenkte eg…

Åpp? Kor langt skal du?
Nei til DNT hytta der oppe.
Å, skal du helt dit åpp?! Nei så langt pleie æ ikke gå. Æ går ca halvvegs, det er godt nukk for mæ.
Mm Javel ja. Men er det brøyta heilt opp?
Om det er brøyta nei? Nei dette scootersporet stoppa rett opp i høgget der, så resten er bare mine spor. Og kordann det er vidar opp, det tørj æ itte si dæ. Æ trur det kun e æ, som går her så tidlig på året. Ka du skal dit opp så sent på kveld?
Nei eg er på langtur…
Å! Du e en av dem ja! Ja du må passe dæ, det er is, du må gå ut i kanten, sånn som det her! Sa han og heiv armane i veiret, for å vise sin balansekunst i sikkert alder av 80.

Og etter kanskje ti minutt instruks om korleis eg skulle ferdast og kor eg skulle gå der oppe, so var eg begynt å fryse og meinte at det går nok bra.

Jo, ja, jo det gjør vel det. Sa han mens han drog på orda og tok seg på det snaue skjegget han hadde, og såg bak på pulken min, so tilbake på meg. Eg og såg bak på pulken min, so på han.

Men du får ha god tur da! Håpe du har hodeløkt!

Ja. Den fekk eg bruk for.

Neste etappe blir gjennom sverige, sikkert ti dagar, langt ut i villmarka med mykje natur og etterkvart inn på Kungsleden tjukt i utenlandske turista. Blir ein spennande etappe uten straum eller dekning, hytte eller veg. Knekkande is og franskmann i livsnød! Korleis det gjekk kjem i neste innlegg!

2 kommentarer til «Dag 23-27 (103-107): Saltfjellet til Sulitjelma»

  1. Hei Øyvind. No har eg smuglese om turen din så lenge at eg synest du må få ein kommentar: Artig å fylgje med på galskapen din, heilt hinsides, spør du meg. Du skriv godt, levande og artig. Du får lage bok av dette etterpå 🙂 Framleis god tur, du er rå!

    1. So kjekt å høyre at det e litt interessant! Eg ramsa no berre opp litt av det som skjer. Artig at dåke lese, sjølv om det blir lange innlegg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *