
Fint opphold på Steikvasselva. Som hotell var senga oppreidd og dusjen klar. Men langt betre enn hotell fordi det var kjøkken og vedovn der. Kjekke folk, veldig rimeleg oppht og mykje lesestoff gjorde til at eg kunne fint vore der mange daga til. Men eg kjende meg klar til å gå vidare. Har igrunn ikkje vore veldig tungt å vandra over is og veg. No var eg gira på å komme meg opp i fjella igjen. Endelig!

Men Stanley thermosen eg kjøpte på bruktbutikk for ei stund tilbake, fraus berre gjennom natta i telt, so faktisk bytta eg den ut med ein dei hadde. God deal frå mi side, og raust frå deira. Bruktbutikk e ikkje alltid like bra.

Kom meg litt seint avsted, for her var det wifi! Då var det å planlegge dei neste dagsetappane, neste 10kg pakkesending og ei lita bestilling på fjellsport av fuel til primusen og to utrulig dyre Stanley thermosa som eg kan hente i Sulis når eg er komen so langt.

Etter litt administrasjon, god samtale med eigaren og ein tilfeldig spasserar i samedrakt som eg påstår er første følelse av å vere komen litt nordover, kunne eg begynne oppstigninga mot Spjeltfjelldalen.

Heilt fantastisk å komme seg opp og vandre i fin natur. Det var minst motstand å gå i eit opptrakka skispor, so eg fulgte dei. Men det var nok frå ein rypejegar. So mens eg ville rett fram, gjekk han hit og dit og opp og ned! Kryssa sikkert elva seks gongar før eg heller gjekk mi eiga løype i laussnø.

Skulle bli enda fleire elendige veivalg idag, litt ufokusert, spesielt på slutten då det var ein time igjen til DNT hytta ved Gressvatnet. For på kartet var det kortare å gå over sundet enn rundt på is. Snarvei lønna seg sjelden! For eg blei gåande i djup snø i skrått terreng med tjukk bjørkeskog i sikkert ein time ekstra… Samen meinte eg måtte klare det på fire timar. Eg brukte nok heller sju. Trur forresten det er samenes nasjonaldag idag. So gratulerer so mykje!

Rakk å bli bra sliten og trøtt før eg såg hytta. Eg hadde gleda meg til ein roleg kveld, for eg hadde ikkje sove godt på tre netter. Då blei eg jammen skuffa då eg såg at det var fullt lys i hytta. Og for å gni det inn, høyrde eg at røykvarslaren gjekk, og gutta midt i tjue åra som banna oppgitt på nordadialekt…

Røyken osa ut av døra og eg vurderte sterkt å gå litt vidare å sette opp teltet. Noke fest orka eg ikkje no. Men eg valde å ta ein sjanse på at eg kvikna til litt med innhalering av røyken som osa ut frå døra, og at det blei ein bra kveld. Det blei det!

Det var to bondesøne som skulle tilbringe helga der på hytta for å jakte ryper! Og dei var midt i oppvarminga av hytta for dei var nett komne.

Det her var arbeidskarar, det merka eg lang veg. Dei hadde sydd eigne vottar i seleskinn og pelsluer av fjellrev! Og mens eg stod å pratte, rullerte dei på å fyre i alt som gjekk å fyre i, hang ting til tørk, la dynene foran omnen for det var tjue minus inne på soveromma, og jammen meg bårte hull i isen for å hente 40 liter med vatn! Og det gjekk forresten ikkje, so dei hogg heller laus med øksa og kom inn med fulle vanndunkar. So tok det vel fort eit par timar før eg fatta tiltak sjølv og fekk hengt vottane mine opp til tørk.

Og mens eg fortsette å prate utover med dei, og satte besjedent pemikangryta mi til oppvarming i den lissje stormkjøken panna mi, starta eit forrykandes show frå deira part!

Stekte grønsake, saftige elg og hjortefiletar, bernaisesaus av krafta og jammen meg pommes frites i vedovnen!

Det var nett som å sjå Arne Brimi på gutta på tur, men i haretempo! Ganske rått å sjå på. Og han her stekte ikkje filetane tørre! Det var sprøtt på utsida og raudt inni. Mørt og saftig. Etter mi meining, langt betre enn tørrstekt. So når eg i tillegg fekk ha det oppi pemikangryta mi, so det blei feitt i tillegg! Ja, då var det top notch.
Dei var forresten veldig begeistra over pemikanen min. Syns det var kjempe godt og praktisk. Kjende eg hadde behov for å nemne det etter alt det dei laga. Ogso måtte eg vise kniven min som er laga av hjortegevir. Ikkje av meg, men av ei tøff jente ned i sør. Den blei godkjent.

Etter eit nydelig og langt måltid og jakt, mat og bondeprat foran omnen, blei det endeleg ei natt med ni timar god søvn.

Fekk forøvrig tilbud om å bli ein dag til og vere med på jakt. Men eg tenkte dei kunne nyte brødre helga sjølv, og eg var spent på ka som venta i neste etappe til Umbukta. So mens eg gjekk der over Gressvatnet i soloppgang, dagdrøymde eg om at eg blei med dei på jakt. Effektivt å ha litt livlig fantasi! Då får ein vere fleire plassar på same tid.
Synes igrunn ikkje mykje om rypejakt sjølv, for heime vil eg at rypene vi har skal få leve. Vi har litt få. Men her oppe telle eg tretti til førti kvar ein dag, so sann går det sikkert fint.

I enden av Gresvatnet, over på svensk side, var det ei høgde eg skulle over. Slike parti i naturen har sikkert eit uttrykk eller namn, men ein skjøna vel biletet.

Faktisk var det scooter spor der, men ja, dei gjekk jo omtrent opp loddrett!

Trenge ikkje gå meir inn på det, enn at det tok fort ein time eller to, uhorvelig med krefte og eindel frustrasjon å komme seg over til det andre vatnet. Har ein liten sekk i pulken som eg fyllte med dei tyngste tinga. På den måten blei eg tyngre og pulken lettare i dei brutale oppoverbakkane. Fungerte bra.

Men humøret var på topp då eg ankom toppen, og feirte med ein god frukost av pemikan mens eg skuva utover landskapet eg skulle gå i. Godfølelse.

Valde å ta ein snarveg. Umbukta var stengt. For tidleg på sesongen. Derfor gjekk eg heller lenger inn i Sverige på is, over eit skar eller dal (må lære meg slike begrep) og so ned att til neste DNT hytte, Kvitsteindalstunet. Dalen veit eg ikkje kva heitte, for eg har ikkje detaljert kart over sverige, so gjekk litt i blinde.

Det gjekk igrunn bra, og eg traff på ein rein.. reinbonde? Søren ka kalla man det då? Reinholdara? Same? Køyre scooter etter reinsdyra sine, med reinsdyrskinn som underlag og sikkert heimesydd pelslue. Eg skraut over både antrekk og scootertrekk. Han takka og skraut over hanskane mine. Takk for det, smilte eg, og lo då eg såg han hadde heilt likeins.

Han hadde aldri sett nokon gå her over før på ski, og han hadde drevet med rein lenge! Han anbefalte meg å telte før eg kom meg opp i høgda for det var so mykje vind der oppe.

Slike har eg respekt for, so teltet blei huset inatt, istedenfor å gå til langt på natt for å rekke DNT hytta i motvind.

Blir ikkje siste gong eg nemne det. Å sette opp telt, komme seg i soveposen og ha pemikangryta på kok, e so utrulig god slutt på dagen. Kroppen og haue e so fornøgde begge to etter å ha gått ein heil dag! So då er noke so enkelt som å ligge i teltet… nei. Nei ditta må eg tenke på. Skal ha ei god forklaring seinare!
Og denne kvelden var heller ikkje so kald, berre 20minus, heh, so då fekk eg lese ut boka eg hadde med heimafrå, av ein forfattar i Førde. Kjærleikens pris. Interessant utvandrar historie om ei jente og ein gut frå Førde som reiste til Amerika i mellomkrigsstida. Berre å kontakte Vidar Fossen, so får du sikkert eit eksemplar du og. Tok 40min å lese.

eventuelt ligge ho her i denne hytta, der eg tok ein kjapp pause som blei to timar med vedfyring, tørking og matlaging. Kvitsteindlastunet.


So skjedde det altso. Tre steg frå hytta, knakk stålet i eine bindinga… Aj.

Gå tilbake, haike frå Sverige til Mo i rana for å fikse det? Nei det e litt kjedeleg.

eg valde å gå mot neste DNT hytte, virvasshytta. Satse på at det er hardt nok underlag. Då kjem eg meg vidare nord. Frå den hytta var det då å gå vidare til Bolna. So ta buss til Mo i Rana.

gjekk forsåvidt greit første dagen. Fulgte scooterspor, for dei var harde nok å gå på. Å gå utenom, var blytungt då ein berre trakka gjennom skaren.

Men det frustrerende var at scooterspora gjekk hit og dit, og ofte snudde. So eg gjekk sikkert dubbelt so langt gjennom den sokalla Kvepsendalen, og anstrengte meg kanskje i meste laget.

Valde å overnatte i kvepsekoia, og valde også å fyre opp. Det var nok mykje snø ned i pipa for dei første tjue minutta var det badstue der inne med tanke på sikta. Og det begynte å drype frå taket so utstyret mitt og eg blei våte. Men so blei det varmt og tørt. Og koselig. Mi første koieovernatting! Hadde sikkert vore langt mindre styr å sove i telt, men var litt artig.

Den siste dagen i dette innlegget, var brutal. Scooterspora blei det etterkvart slutt på, i allefall i den retninga eg ville gå so det blei tungt kvart eit steg.

Valde etterkvart å følge ei elv, for der hadde eg litt fastere underlag, Borågelva, til eg kom meg ned til Virvassdalen der det var scooterspor til E6. Droppa altso Virvasshytta.

Gjekk 3-4 mil den dagen i gjennomslag føre, og elva var jo ikkje akkurat rett linje nedover. Jogga store dela av nedoverbakkane i virvassdalen for å rekke ned, so eg anstrengte meg nok altfor hardt. Må jo ikkje gløyme at eg drege på pulk! Og det var kaldt for luftveiane!


Og siste del var det veg i nedoverbakke, so eg sat meg på pulken og rennde. Søren det gjekk altfor fort og det var vanskelig å svinge! Suste nedover, forbi ein raud telefonkiosk med ein nisse i, og endte ut i grøfta. Litt for spennande affære, so det var betre å gå eller jogge.



Men enden blei god, langt ut på kveld, for heilt nede ved vegen, var det eit hus med eit eldre ektepar i. Dei såg meg idet eg gjekk inn på tunet, men ka som skjedde då, blir i neste innlegg!