Ja då fortsette vi der vi slapp, i skogsløypene ned frå Børgefjell, mot Furuheim gard.

Ein eller to skiløpara hadde rent ned her før mellom bjørkene, men det var elgen som hadde gått her mest, og utifrå deira behov for å kvitte seg med so mykje kompost, må det vere rikeleg med mat for dei.

Faktisk eit problem her nede, at det er for mykje elg, ifølge bonden. Tar beitet til husdyra. Ja eg fekk prata ein god del bondeprat med han som drive denne overnattingsplassen.

Alltid kjekt samtaleemne som er lett å romantisere. Ogso e dei fleste bønder genuint interesserte for det dei drive med. Dei her for eksempel, drive med vestlandsk fjorfe, melkeproduksjon på eldre kurase. Finne måta på å få det til å gå rundt, sjølv om ein ikkje følge den tradisjonelle metoden i å ta opp millionvis med lån og so stort. Fint at det er eindel som går den andre vegen og. Men igjen, lett å romantisere!


Slakta eigne dyr på garden gjorde dei og, 14 forskjellige potetsortar og søte gulrøte og løka. Då var eg selvfølgelig frimodig nok til å spørje om å få kjøpe litt for vegen vidare nord, e jo ikkje kvar dag ein har tilgang på rein bondekost rett frå bonden. Det blei godt motatt og eg fekk satt igong nistelaging som e lett å varme opp på primusen.
Pappa reiste heim med ein livlig skulebuss til Hattfjelldal før han reiste sørover. Kjem til å savne han dei første dagane, men det går seg nok til. Eg blei ei natt til på garden, i det koselige kårhuset for å hente meg inn att litt. Kroppen syns nok det var ein god ide.

Blei lesande om ein Tsjekkoslovakar ved namn Manek, om eg hugsa rett, som tok over 2500 bilete av kvardagslige ting her i mellomkrigsstida.

Far hans var ei tid i fremmedlegionen og tok deretter over familiebedrifta. Gjekk dårleg, og elendige tider etter første verdskrig. Han tok sitt eige liv, og det same gjorde truleg mora til dei tre ungane som var i tenåra.

Manek var uheldig å mista eine armen i ei arbeidsulykke i ung alder. Likevel karra han seg fram her i livet. Gjekk her i Susendalen og tok bilete, mykje grunna sin lidenskap for norsk natur, som dei store viltvoksande granskogane her oppe. Faktisk er ikkje bygda her eldre enn frå 1830. Folka som kom då og busette seg og dreiv skog og fangst budde under granene i enkle telt, til alle årstider.
Jammen var dei robuste før, og greidde seg med lite. Mens eg skulle hutre over kulden dei komande dagane trass langt betre utstyr.

FOR TILBAKE TIL GÅTUREN MIN, so starta eg i 29 minus då eg gjekk frå kårhuset og tok fatt på vegen nedover mot Hattfjelldal. Følte meg som ein pingvin der eg gjekk stiv bortover med alle kleda påkledd, bortsett frå dunjakka. Stoppa for kvart 20 minutt for å gjere armfloka sjølv om eg brukte tantestrikka og tåva ullvotta med skinn utanpå. Kuldemaske brukte eg og, men den blei kjapt nedryst og førte til lange istappa i skjegg og lue.

Skal innrømme at mitt mentale testosteron auka nokre hakk, då eg merka eg hadde is i skjegget. Men det sank fort igjen for det blei berre irritasjon. Spesielt når eg fleire gonga var uheldig å røske borti det då eg skulle drikke, so skjeggstubbane blei revne av frå ansiktet.

Hadde eg ikkje skeiv skjeggvekst før, har eg det i allefall no! Sikkert derfor dei ikkje var mykje imponerte då eg spurte desse firbeinte ka dei synes om saueull-pelslua eg går med. Tenkte dei var rette sorten å spørre. Men ja, lite nevneverdig respons.

starta dårleg med vegetappen ved å gå over hengebrua til Europa vegen. Den var grusa. Gjekk derfor ein halvtime på brøytekant til eg blei so lei at eg gjekk over den store Susna elva igjen på is, for det var ein hare som pilte over, so isen var nok trygg. Gjekk forresten scooterspor over og. Eg er vel ikkje like lett som ein hare, men noke midt imellom.

So då var det over den og gjennom ein useriøst lang og tett skog før eg kom meg til den isbelagte vegen gamlevegen igjen.

Og etter tre kalde mil nedover den flotte skogsfyllte dalen av grantre, flotte gardstun og saue, ankom eg endeleg Hattfjelldal som er oppkalla etter eit fjell her som ser ut som ein hatt.

Det var blitt mørkt og enda kaldare, so det var herleg å parkere pulken utanfor ein lokal coop butikk mens ei dame såg rart på meg idet ho heiv varene i bilen og køyrde kjapt derifrå. Eg tok ei ekstra runde i butikken for å forlenge det varme oppholdet eg fekk då eg skulle hente ut ein tilsendt 10kg pakke med pemikan. Ho lurte vel på om eg hadde dårleg råd, ho i kassa, då eg kun dukka opp med ei appelsin etter ein halvtimes studering av varer… Men eg ville ikkje gjere pulken enda tyngre.

Det var altso derfor eg gjekk innom Hattfjelldal, for å hente matrasjonen frå posten. Elles ville eg gått Nordlands ruta over fjella, men eg kjem meg nok kjapt innatt på den ruta, etter Røssvatnet.

Etter å ha ete opp den utrulig gode appensina, var det ut att i kulda. Då såg eg eit hotell og det var igrunn tid for å ta kvelden. Men nei, to timar etter hadde eg gått ganske langt opp i høgget og slått opp telt mitt i langrennsløypa og fått opp eit bål med pemikan på kok. Fullmånen kom og!

Nydelig stemning. På den måten kan eg leike at eg tena penga her eg går! Hotell kosta jo litt, og den frukosten gjere til at pulken forblir like tung…
ogso er det spennande å gå litt utanfor komfortsona. Finne eg ein god teltplass? Helde eg varmen? Får eg sove? So når alt det går bra, so er det ein veldig god følelse å ligge der i soveposen og føle seg fortjent til litt behagelig lydbok lytting.

Etter ei kald natt og kald oppakking av telt, blei det fine løyper å gå i. Eg har litt lite brensel til primusen min, so eg fekk samla i hop noke bjørkenever og grankvistar til eit dugande bål. Jammen er det givande å fyre når ein verkeleg har bruk for det. Eg må jo smelte snø ein gong pr dag grunna at det er jo ikkje ei einaste grov som ikkje er bunnfrose her i kulda! Drikke rundt 4 liter, for her ute blir ein fort dehydrerte!

Pisseflaska mi fekk eit kort kapittel. Nyttig å ha so ein sleppe å gå ut på natta for å tisse, når ein søve i telt. Men den fraus i teltet med urin i, første gong eg brukte den, og idet eg skulle tine det opp så eg slapp å bære på unødig last, blei det hull i flaska. Den enda på neste hyttevafallsortering. Takk for den.

Oppe med bålet hadde eg utsikt ned mot Røsvatnet. Den store innsjøen pappa har snakka om dei siste tre vekene, om det ville komme til å bli sterk nok is til eg skulle gå der… Veldig viktig faktisk for å sleppe å gå fire mil på brøytekant. Og jess… Heilt sør i starten var det scooter spor både austover og vestover, so den fire mil lange innsjøen kunne eg kanskje krysse på is!
Men jammen tar det tid å gå på is og. Vil tørre å påstå at distansen ein ser ut på forhånd å gå, tar fem gongar lenger tid enn det ser ut som. So ser det ut som eit par timar, ja då tar det fort ein dag!

Litt monotont blir det og, so eg tenkte å ha på noke podkast, noke eg sjelden bruka her ute. Men det blei ingen suksess for det var jo ingen dekning so langt ute på vatnet! Og jammen etterkvart eg kom lenger nord på isen begynte det å buldre for kvar ein halvtime eg gjekk so eg fekk påfyll av adrenalin så det var lett å halde det vaken. Men isen var trygg altso, for eg gjekk i noke bildekkspor, so med mindre det er nokon som lika å trille på dekk her, var det nok tyngre gods som hadde køyrd der før eg kom med pulk.

Men blei usikker ut på kveldingen for isen var heilt klar, og det var slutt på spora. So eg ringde sæterstad gard, som satt meg over til ein lokal kjentmann. Han anbefalte å gå vegen der ved Sørdalen, for isen hadde ikkje lagt seg for meir enn nokre dagar sida. Då blei det altso veg. Og overnatte på Sæterstad gard som var nokre få kilometer til.

Men eg var søren so sliten so eg tok rett ut i skogen til eg fann ein god teltplass, med furutre og måne.

Det blei ei natt med lite søvn og mykje frysing, og eg begynte å tvile på soveposen eg hadde valgt å hatt med på tur.

Møtte på han lokale kjentmannen køyrandes i bil på morningen og han spurte om eg hadde fått overnatta på sæterstad gård. Det e ein gard på Sørdalen som var med på der ingen skulle tru at nokon… Dei med både geite og fiskeoppdrett på garden. Då eg sa at eg hadde låge ute, orka ikkje å gå heilt til garden, so såg han nokså avskremd ut. Eg tenkte først han syns det var so synd at eg ikkje nytta meg av det flotte tilbudet, so eg beklagde meg og meinte det hadde vore ein stor opplevelse! Eg hadde sett episoden og greier. Eg kunne jo kjøpt geitost og! Det var først etterpå, då eg fekk vite at det var 27 minusgrader der oppe og 32 på garden eg var tidlegare, at eg skjønte han syns det var litt heise å sove ute…

So eg var litt i ørska der eg gjekk vidare på is etter hans anbefaling mot neste overnatting, inne i bukta på Steikvasselv. Men det var veldig flotte omgivelsa å gå i, so det blei ein flott og bedagelig dag, med oksetindane ruvande over meg.
Spesielt denne starten av norlandsruta er nok veldig flott sommarstid, å reise over fjella frå Susendalen til Gresvatnet, og overnatte både på sæterstad gård sivertsgarden.

I skrivande stund er eg komen litt lenger, og knakk eine skibindinga, so eg måtte gå to dagar til beins i djup gjennomslagskare, ned til ein sportsbutikk! Og eg som endeleg hadde komme meg nokre dagar inn i fjellheimen! Men det får bli i neste innlegg.
På gjensyn.
