Hei, då er vinteren her igjen, og snøen har lagt seg oppe i Børgefjell, der eg skal fortsette eventyret:) Snøen har fosåvidt låge der lenge no, og begynne å minke ettersom det her og er ein elendig snøvinter, men det er først no eg kan sleppe kvardagen her heime og leve friluftslivet framover mens eg går nordover mot målet langt der oppe.

Etter dei to månedane eg gjekk i fjor, kom eg meg til Meråker, men valde å avbryte grunna irriterande lite snø. Gjekk også litt over to veke i sommar for å få litt grønare preg over eventyret, men er veldig fornøgd med at det no er på vinteren eg skal gå rundt eit par månedar for å fullføre prosjektet. Vinter er bra!
Har gjort dei samme forberedelsane som i fjor igrunn, berre mykje mindre. Ein testtur med pappa i tjue minusgrader var nok til å forstå at utstyret fungerte, og at kroppane reagerte. Det var kaldt. Tok enda ein tur på langrennsløype for å teste pulk i kombinasjon med sekk. Den langrennsløypa var so isete at pulken berre sklei sidelengs attmed meg grunna den sterke vinden, so det var igrunn ingen nytte anna enn å ripe opp pulken og fellene på skia. Elendig snøforhold her nede på vestlandet.
Når det kjem til utstyr har eg det samme som i fjor, men har fiksa pulken med nye deler og fått meg ein ny primusbrennar fordi eg er so interessert i mat/kjøkken. Oppussing og forandring fryder. Har gått for Brynje skall jakke og bukse denne gongen, og kjøpte det faktisk nytt, for klattermusen bekledninga eg kjøpte på Finn i fjor, holdt ikkje ord. Fekk litt avslag etter søknad til Brynje, so ein får ta det i betraktning om eg skryte av plagget.
Ei pelslue har eg invistert i, som er laga av saueull og saueskinn. Karen som solgte det holdt tilfeldigvis til i same kommune. Og eg tenkte han hadde sydd dei sjølv av sau her! Blei litt skuffa då eg såg made in turkey… Men sau er vel sau. So no kan eg påstå at turen er bærekraftig utstyrt av beitedyr som nyttigjere seg av utmark… Lars monsen bruka faktisk samme lua på nasjonalparkane på nrk, so då må det vere bra!
Apropos beitedyr, har eg laga masse meir pemmican for å sleppe å gå matlaus oppe i nord. Laga etiketta og greier, so det her skal bli apetittelig! I allefall å opne vakumposane. Sau og storfe frå lokale bønde og hjort frå lokale jegera. Spesielt takk til Tom e Sandal som samla hjortespekk frå heile Jølster som blir primærdrivstoffet for kroppen nordover. Misforstått råvare som sikkert veldig få lar gå til kostholdet, men heller til søpla.
So no har eg eindel sånne pakka på 9kg, som skal sendast i posten etterkvart som eg kjem meg nordover. Ikkje spør ka alt er. Men kan garantere at det er masse snadder for ein sær smak. Står forresten om pemmican på førebuingssida frå i fjor.

Skal altso starte i Skorovatn, der eg slapp i sommar, og då er det ikkje mange dagane før Børgefjell, den nasjonalparken som Lars Monsen sverga til. Der er det ingen merka sti og veldig lite hytter, so det blir mykje telting. Det er meldt rundt 20 minusgrader, so for meg som er ein frostpinne av figur, vil komme til å savne DNT hyttene. Kanskje. Pappa blir med på denne etappen, så eg veit ikkje kven som er mest spent!
Dei to dracoheadsa på biletet skal forresten bringe lykke. Fann dei tilfeldigvis bakerst i friluftsboda. Heite visst Golym og Orco. Viktig med nostalgi når mørket påvirka tankesettet.

Okey, då pratast vi om litt! Tippa eit innlegg i veka, kort og konsist!
