Dag 5-11 (68-74): Skjækerfjella

Hei då blei det dekning igjen, på ein liten fjelltop, so eit lite innlegg står for tur. Kjenne roen har fallt seg her ute og takknemligheten for å kunne ferdast i mektig natur er på veg tilbake. Er ikkje lenger like rastlaus, og tilstedeværelsen er på plass.

Hah, bortsett frå den dagen eg gjekk på eit einslig reinsdyr! Seint på kvelden holdt eg på å gå det ned, mens eg vandra i mine eigne tankar, for eg var sliten etter dagen. Traff nemlig på det akkurat i det eg besteig ein liten holme. Og då blei det eg som kvapp mest!

Rype har også kvuppe meg stadig vekk, so noke jeger på tur, kan eg ikkje sei eg er. Ogso e det ein fugl som skrike veldig triste tona, strandgåsa, som er ganske vanlig her oppe i myrland. Fugla e det mykje av, nettopp fordi det er mykje innsekt i myrene.

Oppvask med kull. Bål altso.

Det var nok det meste av dyr, anna enn sau og kyr. Veiret har vel vore upåklagelig. Eg hugsa som regel kun dei fine dagane likevel.

Blåfjella/Skjekerfjella e jo faktisk ein av nord europas største verneområde, der naturen variera frå høgfjell til meir lavliggande dala, lie og myrområde.

Mykje furu og gran, og eindel bjørk. Det har vore veldig flott. Eg trur at jo lenger ein er ute, desto meir får ein tømt haue til å gje plass til å legge merke til kor fin naturen er.

Fascinasjon for det meste kjem sigande. Til og med for myrene eg drive å sige ned i, finne eg interessante no. Visste dåke at den fungera som eit vassmagssin for heile Trøndelag, fordi den helde på vatnet under store nedbørsmengde, og gir frå seg vatn litt og litt etterkvart under tørre perioda? Praktisk! Men det gjer og til at ein alltid er litt våt på beina når ein traska her. Det har vore nokre elve også, som eg har vada over med glatte steina som underlag.

Tatt av meg skoa då, sjølv om dei var som regel våte nok likevel. Det e vel det farligaste eg har gjort til no, berre for å nemne farlige ting. Ikkje noke verre enn det, for bjørn har eg ikkje truffe på, sjølv om eg ikkje går rundt å prata med meg sjølv, som er anbefalt for å skremme bjørnen. Og som eg har lese i donaldpocketen, har eg lært å heilgradere meg mot den.

Å! Må takke Torun som gav meg to nye sokka, fordi eg greidde å brenne mine i forsøk på å tørke dei. Behjelpelige fjellfolk!

Kroppen er bra, ingen vondta, anna enn av og til litt irritert i magen, sikkert grunna altfor mykje multar og blåbær. Eg gjekk jo tom for pemmican i forrige innlegg. Med andre ord, tom for mat. Då blir bæra ekstra gode.

So eg har vore eindel svolten. Går nok mykje ned i vekt. Spesielt herlig var det då å tilfeldigvis treffe på ei som plukka sopp inni ein skog! Ikkje at ho hadde sopp til meg, men ho lurte på om det var eg som gjekk Norge på langs og hadde eit matlager borte i loven eg skulle plukke opp? Fristelsen var stor for å seie at jepp! Det er meg! For då hadde eg jo fått fyllt opp sekken igjen. Sikkert med real turmat.

Men neida. Eg sa eg heller at eg var ein svolten gut som skal leve på fiske ørret dei neste ti dagane, mens eg går nordover. Då lo ho godt, og eg fekk bli med ho til gards! Den har faktisk vore med i «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», i ein av dei tidlegaste sesongane. Den garden med flystripa i Gaundalen.

Nydelig plass der dei drive med sau. Arelamessig er det ein av dei største gardane i heile MidtNorge! Seks tima gjekk det å gå over fjella frå Snåsa då dei dreiv med mjelkeproduksjon heilt frå 1600 talet. Men etter Tsjernobyl ulykka måtte dei slakte buskapen, grunna beckuerel i mjelka.

Ho tok meg inn på eit koselig litt eldre kjøken, og eg fekk heimelaga potetkake med masse smør og ost! Fy steike, det smakte! Eg trur ho blei glad for responsen, for eg fekk heimelaga rundstykker av cottage cheese og egg også, som var virkelig saftige og gode! Sikkert fulle av proteina, som kjem godt med når eg no leve på multer og blåbær. Men eg ville berre ta ein, kunne jo ikkje ta heile posen! Dei skal jo ha mat dei og, som var avløysar på denne garden no. Men etter ein god prat, gjekk eg avgårde med heile posen, og den blei tom, timen etterpå oppe mot Heggsjøfjellet.

Eg var nemlig på veg over fjellet, til Holden fjellgard.Då eg åt rundstykka med multer attåt, kom det jammen meg reinsdyr heilt bort til meg! Eg skjønte ingenting, og tok bilde i hytt og pine! For ein opplevelse, tenkte eg. Reinsdyr er veldig skjærre dyr! So la eg etterkvart merke til halsbanda. Som sagt, ikkje noke til jeger, for eg trudde jo dissa her var villrein! Ikkje rart at dei var so tamme… Det galdt sikkert den eg traff på dagen før og. Det blir nok vanlig med tamrein jo lenger nord eg kjem.

eg kom meg over fjella, mellom Heggsjøfjellet og Nordskardklumpen. Fantastisk å sjå dei andre fjella i det fjerne. Og nede att i neste dal, kom eg meg omsider til den siste DNT hytta før det er langt nord til neste.

På Holden fjellgard, som er den einaste fjellgarden som har eit fint stort fiskevatn med seg. For i perle. Her kan ein leige tømmerhus til å bu i og få seterrømme laga av mjelka frå kyrene. For tre kyr var der og! Og ein kalv.

DNT hytta var kanskje den mest sjarmerande hytta av alle på norge på langs prosjektet hit til.

Gamle tømmervegga med mykje historie, og ovn i steinmur.

Lita var ho og, so her blei det fort hett!

Her ville eg ha min første kviledag. Men mykje kviling blei det ikkje, for eg ville jo få fisk! Svolten var større enn behovet for kvile! So eg rodde tappert rundt omkring og fiska. Ikkje eit napp. Og spesielt irriterande var det når ein lokal helt som gjekk forbi, og skulle fiske i fjella lenger oppe, peika på plassane han hadde fått stor fisk før. Eg prøvde alle. Ikkje eit napp på noken av dei seks slukane eg hadde med.

Heldigvis var det ris på DNT hytta. God ris. Eg åt masse ris. Ris er egentlig veldig godt, det. Eg forstår at dei ete ris i Asia. Ris altso.

Midt på dagen kom det eit vannfly, eller ka vi kalla det, og landa på vatnet.

Det var bonden sjølv, som kom for å mjelke kyra. Han fann også fram havregryn eg kunne ha med vidare på turen, ettersom han ikkje hadde heilt tru på mataukprosjektet mitt. Bra kar! Han bur her eigentleg, men måtte til bygda i gravferd og blei vekke eit par dagar. So han flaug avgårde igjen.

Den dagen fiska eg enda meir. Til slutt satt sveiva so laust, mens eg fiska frå båten, at plutselig, plopp! So var ho i botnen av Holderenvatnet… Fy steike svarten! Der gjekk heile fiskeeventyret i vasken! Eg kan jo ikkje fiske uten sveiv! Prøvde litt, men det var so ineffektiv, at det frista meir med ris.

Eg tok faktisk å ringde bonden og fortalde situasjonen. Og jammen skulle han komme med ny fiskestang til meg, men då måtte eg vente nokre daga. Ja, det finnes jo verre plassa å vente på, tenkte eg. Og eg må ha fungerande fiskestang! Sosånn blei det!

Eg kan jo mjelke kyra, so ho sleppe å ha so mykje mjelk i jura når du er vekke, tilbaud eg meg. Eg er godt vande med å mjelke kyr på setra heime, sa eg. Det e jo løgn. Har gjort det nokre gonger på ei seter i heimbygda, men det med mjelkeapparat og fastlåste dyr! Men eg var skikkelig gira på den mjelka! Og joda, fint om eg kunne prøve det, sa han. Men då vil eg ha litt av mjelka sjølv, til å drikke, sa eg. Joda, eg kunne berre ta heile bøtta om eg so ville.

Hah! Snakk om eventyr! Leve oppe på ei seter og leve på mjelk rett frå kyra! Men eventyr går kun i eventyr. Å mjelke ei ukjende kyr, uten verken kraftfor eller noken måta på å binde ho fast på, var mykje lettare sagt enn gjort. Eg prøvde fleire gonga om dagen. Ikkje tale om å komme nerme jura henna!

Til slutt tok eg å brukte eindel av havregrynet eg egentlig skulle ha som nødproviant dei neste dagane. Det i kombinasjon med rosiner, fungerte bra som lokkemiddel til kyra! Fann eit tau som eg fekk festa til bandet ho hadde rundt halsen, med ein karabinkrok. Batt ho fast i ei bjørk på beitet, og jammen fekk eg mjelka ho!

Eg mjelka med god teknikk om eg skal sei det sjølv, men fekk berre pressa ut mjelk ein gong før ho gjekk ei runde rundt treet. So enda eit spenepress. Fekk tilslutt ca 0,5dl mjelk etter å ha prøvd sikkert i 20minutt. So braut ho seg laus ved å bøye den sterke karabinkroken… Sterk ku!

I den skvetten eg fekk ut frå alle fire jura, var det like mykje fluge og kyrehår som mjelk, so nei, romantiseringa av seterlivet fekk ei brå vending.

Då blei det ris/linser. Eg blir jo ikkje mett på risen heller! Ja eg blir full i magen, men kroppen vil likevel ha meir energi og byggeklossa. Eg var allereie lei. Pemmican med masse fett blei eg ikkje lei av sjølv, etter å ha ete den kvar dag i to måna på vinterturen! Ris e eg no lei av etter to daga.

So kom redninga. To Svenska i pensjoniståra viste seg plutselig ute på vatnet. Dei kom frå Sverige i båt! Med oter fisking og det heile! Den andre enden av dette vatnet er nemlig i Sverige.

Dei hadde fått tre fiska! Då lyste auga mine opp. «Hei! Dåke må ta meg ut i båten og fiske!»So direkte var eg ikkje, men det var jammen ikkje langt ifrå! Og joda, dagen etter skulle eg få bli med. men då måtte eg ro!

Med to Svenska bak i båten, rodde eg til den store gullmedaljen. Eg fekk fiska litt og, men fekk ikkje eit napp. Dei derimot, fekk både store og små ørreta. Harr og. Dei var veldig fornøgde med fem 600g fiska. Eg fekk dei tre ørretane som var for små til å ta vare på. Og ein harr, for den e visst ikkje so god. So sånn blei mitt første fiskemåltid til her ute i fjellheimen.

Ved å vere rogutt for svenskane, og ta det dei ikkje ville ha. Den stoltheten svelge eg lett. Fisken også, for den blei stekt med ein gong eg kom på land att, med smør og salt på. Og ris. Litt av ein matopplevelse, sjølv omn eg klarte å steike fisken tørr. Og meir god og mett hadde eg ikkje vore på fleire daga. Sovna.

Og dagen etter der att, kom bonden i fly. Landa på vatnet og kom springande med fiskestang og eit heilt mjølkespsnn av fersk setermjelk! Gav det til meg i fart, som om det skulle vore ein vekslepinne i ein stafett, og eg la på sprang vidare nordover! Heh, nei. Eg fekk ei sveiv han fann, som eg fekk over på stanga mi. Håpa det funka. Han måtte ut i båt for å hente noken gjester. Ingen mjelk på meg.

Etter ein lang konspirator prat om litt forskjellig med ein nederlendar som hadde kome frå sverige over fjella med heimelaga terrengsykkel, gjekk eg omsider vidare nordover.

Då blir det vel ingen hytter heretter, eller matpåfyll, so eg håpa fiskelykka snur, eller at multene eg går over metta betre enn risen.

Fekk baconfrukost med harr, siste dagen, av dei to supre karane her! Dei var på lang fisketur med kano dei bar på. Her trengde ein ikkje vere beskjeden på å smøre fettet frå panna med skivene ein åt! Gode greier.

2 kommentarer til «Dag 5-11 (68-74): Skjækerfjella»

  1. Fine bilder og artig å lese. Kjekt å sjå at du bruker genseren som du fekk .Synst du gav meg ein fin tittel, Bondetanta, Nesten like bra som fjellgeita, ein tittel eg fekk i 30 åra. Ja Ja , vert kjekt å sjå deg att.

    1. Takk for det, det er kjekt å høyre. Hehe ja absolutt to titla å vere stolt av! Ja den gensaren varma meg kvar ein dag og natt her ute, sjølv når den er våt! At du strikka den av villsau ull herifrå, e jo og litt artig

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *