dag 3 (66): Bellingstua

Tar tilbake det eg sa igår om sommarfriluftslivet, for jammen har det sine utfordringa det og.

Blei ikkje mykje søvn inatt, heller rockekonsert nonstop, striregnet i eitt sett med blafrande vind mintes i alle fall om det. Bra eg har proppa dytta langt inn i øyra med bøff til støtte, elles hadde eg nok låge i fare for høyrselsskade!

Men skal sei det har sin sjarm. Eg stod opp kl 4 for å gå ut å pisse, og berre det var ein kamp! Herlig å gå innatt i teltet. Det e jo fascinerande at ein helde seg tørr inni der, oppi fjellheimen i dårleg ver!

Då eg tok ned teltet morningen etter, hadde det samla seg ein dam under meg, so no har eg fått prøve vannseng! Og utanfor rundt teltet var det ei dyne av multer, so frukosten blei tidleg idag. Og multemåltidet varte heile dagen.

Multer. Ekstra gode er dei med regndropa på, for då blir dei saftige. Idag hadde alle dråpar på. For fy søren so det regna! Eg hadde på regnklede utanpå friluftsbuksa og fjellrevenjakka som er impregnert med g1000. Ca 1t 37min holdt det før eg var gjennomvåt. Regnklede kan det kallast ja, for eg bruka det i regn. Waterproof? Nope!

Skoa e forsåvidt eit risikabelt valg. Barfotsko. Eller det e fjellsko i form av barfotsko.

Det e altså ingen demping, men flat såle. Ideologien er at en då vil gå som dei gjorde før. Alt var jo betre før. Og no e dei so søkkandes våte, som tok 7minutt oppe i myra, at eg har sikkert konstant jording til jordas magnetisme, om det e ein greie også. Supersunt må det her vere. For ikkje å snakke skiløparane som skryte av å gå eit par tima i myra på sommaren for å halde seg i form. Her går eg dagesvis i myra. Med tung sekk.

Hmm. Det seies at ferie e å gjere noke heilt anna enn heime. Det gjere eg no. Kven går vel på fjellet i striregn til vanleg. I myra.

Dei e visst lengdehoppara her oppe. Ikkje eg.

Det blei åtte tima i myra. Ein time lenger enn medrekna. Det var fordi eg blei ført på villspor av multer. Fekk plutselig melding på mobilen. «Velkommen til Sverige!» Så eg sjekka kartet. Jammen var eg i Sverige. Pussig. Var komen 1km lenger aust for stien. Hadde nok vore lurt å gå same veg tilbake til stien. Tatt toppen 10min. Men matematisk blir det mindre distanse å gå skrått og treffe innpå stien lenger nord. Eg valde heller det. Det blei ein tung time i våt myr. Men eg sparte nokre høgdemeter!

Fleire multer. No smaka det ikkje godt lenger. Magen har sikkert fått nok. Eg ete litt til. Må nytte på! Multer vekse ikkje på tre!

Halve stien heitte karl johans gate. Eg hakje gått mykje i oslo, men det kan eg sei, at det der var ikkje karl johans gate!

Då eg omsider kom fram til overnattinga og var so våt at det ikkje gjekk å bli meir våt, var alt låst. E ikkje ditta DNT?! Eg er kald! Sorry det eg sa om at hytte ikkje har funksjon på sommaren! Det har det so absolutt!! Gje meg fyringsomn og stearinlys!

Sjekka kartet. Ditta va jo ikkje DNT, men noke turistgreier. Men snakk om flaks! 40min trasking langs veg til neste DNT hytte! Der fekk eg fyr i omnen leikande lett med donaldsider og oppflisa vedkubber av superkniven.

Då blei eg ståande ein god halvtime og berre såg at alt eg hadde hengt opp, tørka. Eg og tørka. Takk, DNT.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *