Dag 63-64, eller 0-1: starten på sommarendelen – Meråker

Heisann! Då vende vi tilbake til «villmarka»! Dinna gongen sommar og fisk, istadenfor vinter og ski. Sjølv om eg foretrekke vinteren, og sommaren som regel har nok program, kan kanskje vandringa vidare nordover vere spennande nok på dinna tida av året og!

det blir frå der eg slutta i vinter, Meråker. So seg kor langt eg kjem på ei veke eller to eller tre. Alt etter som. Kanskje eg rekke opp til Børgefjell?

Kor mange har vel ikkje såtte i sofaen og sett Lars Monsen iherdig drege inn fjellørret etter fisk, leikandes lett med eit forrykandes engasjement, so til og med måltidet hans etter å ha banka fisken i haue, fortsatt er underholdande. Eg ekje noke fiskar sjølv, og har igrunn ikkje tolmodighet til å vente meir enn fire minutt på at fisken skal bite på kroken, før eg begynne å tenke på ka eg heller burde gjort. Men! Når svolten kjem snikandes her ute, og eg ikkje har stort meir i sekken enn smør, so vil nok fiskeinteressen komme med stormsteg! Vil jo ikkje ende opp som smørbukk!

So når sekken har blitt pakka, og eg er akkurat passe lei tett program og folk gjennom sommaren, frista det virkelig å fortsette eventyret.

Terskelen er jo igrunn stor til å skulle gjere noke sånt, når det e so mykje anna ein heller kunne gjort, men når haue har fått aklimatisert seg der ute til langt mindre stimuli enn dagens hamsterkøyr, tippa eg på at det ein går glipp av heime i sivilisasjonen, ikkje blir sett på so noke stort offer likevel.

Sånn! Då har eg gjort eit forsøk på å forsvare trangen til å fortsette prosjektet, o vi kan starte på igjen eventyret!:))

Har forresten invistert i lettare utstyr. Sekken e so liten og lett at den kun har plass til halvparten av tinga, so kun det mest nødvendige e med, og eindel ekstra festa sekken… Soveposen e ikkje ein pose, men ei dyne av soveposestoff, for å spare vekt og plass. Teltet er akkurat stort nok til meg liggande, og sekken, liggande, og tannkosten har eg knekt i to. Rømmeboksen frå turen i vinter har eg med for å kunne lagre fiska ørret i, so eg kan ha niste dagen etter. Lurt, sjølv om det ikkje ser so profesjonelt ut. Men Ingenting av det her ser profesjonelt ut, so då e det vel greit. Kniven derimot, e forresten heimelaga av ei råtøff jente i sør, laga av hjortetevir og slire av ei gammal skinnvæske frå bestefar. Og strikkegensaren er strikka av den gode bondetanta. Skal ikkje stå på verken utstyr eller bekledning!

Smil til kamera. Obligatorisk å ha bilde av seg sjølv visstnok.

Tenkte eg ikkje skulle skrive noke særlig i starten. Blir sikkert lite spennande som skjer.

Joda. Trondheim blei spennande. Eg tok buss oppatt til Meråker, som blei ein pangstart på å venne seg til mindre stimuli. For då eg sat meg godt tilbake og skulle nyte 12 t med buss, legge alt av stress og program til sides, og leve meg inn ringenes herre lydbok på øyret, var jammen søren øyrepropp etuiet eg hadde med, tomt for øyreproppa! E det mulig?!

Eg greidde to tima å sjå ut i lufta og på det tyskaren i setet foran meg spelte på mobilen, før eg fann fram min eigen mobil og pressa det inntil det eine øyret, og hadde på høgtalar so det blei litt skurrete lydbok lytting av og på resten av turen.

Måtte vente ein times tid i Trondheim. Jamen då kan eg få kjøpt fiskestang, det e faktisk ganske viktig. Eg fekk jo egentlig låne ei knallgod ei frå ein veldig fiskeentusiast heime, men lot vere å ta ho med, for eg syns den var for lang på sekken. Stakk jo ein meter over hode mitt! Får heller kjøpe ei proff ei sjølv som eg kan teleskopere heilt ned, tenkte eg. Gass måtte eg også kjøpe, for å ha gode måltid framover, for sushi e ikkje min stil. Regntrekk til sekken e sikkert ikkje dumt, og jammen søren må eg hugse å kjøpe høyreretelefona so eg kan lytte til litt lydbok og musikk på kveldane framover, om det skulle bli eit behov. Det e jo kos.

Sikkert fort gjort det her, det e jo trondheim. Dei har vel alt på ein butikk.

Sportsbutikken i Trondheim, altso ein av dei fem, hadde kun sykla og kle. Sportsbutikk to, var stengt og nr tre dukka plutselig ikkje opp på google maps lenger. So etter å ha jogga litt mot den fjerde, innsåg eg at eg ikkje kom til å rekke den og bussen. Då endte det med sport outlet.

Det blei å hive med seg ei rimelig fiskestang, der dama som jobba der ikkje forvel visste ka ei fiskestang var. Den eg fann duger vel. Den var faktisk litt kortare på sekken enn den eg valde å legge igjen heime. Supert. Gass såg eg tilfeldigvis, so eg hugsa på det i farten, men regntrekk hadde dei ikkje. Litt krise faktisk. Vi tar ein sjans! Sekken e litt vanntett. Det var vel alt?

På veg til bussen som eg var seint ute til allereie, kom eg på høyretelefona. Det MÅ eg ha! Sprang gjennom sentrum med den kompakte dinglesekken der rømmeboksen sikkert ikkje var diskret. Rakk elkjøp butikken sovidt, to minutt før stengetid, og kjøpte eit sett høyretelefona med ledning for 200kr, for eg har jo eit dyrt eit heime.

Sprang deretter for å rekke bussen… Deilig med by, at uansett kor rart ein opptrer, blende man likevel inn i mengda, og ingen bryr seg. Eg bryr meg i allefall ikkje.

So var det å rekke bussen! Narvesen var på veg dit, og ettersom at eg måtte fylle vatn, tok eg ein sjanse på å kjapt stikke innom. Der kom eg utfor å sjå Donald Duck pocket. Fekk plutselig ein veldig trang til å kjøpe, sjølv om eg ikkje har plass i sekken, og pocketen har ikkje karabinkrokfeste for å feste utanpå. Eg får bære ho der ute i villmarka. Eg kan jo rive ut sidene etterkvart eg har lese dei, og bruke som opptenning til dei framtidige båla mine.

rakk bussen på håret, Med eit godt grep om pocketboka.

Harry potter då eg gjekk i vinter. Donald Duck denne gongen. Kor vil ditta ende? Til mitt forsvar har eg ikkje lese Donald sida sjuande klasse. Og barnsligheten i meg kjem smygande på slike friluftsprosjekt.

Fekk gått eit stykke nordover frå Meråker langt nok vekk frå hus og trafikk, før eg ved midnatt fann ein god teltplass.

Det var so mørkt at eg måtte bruke hodelykt. Den var tom for batteri. Ekstra AAA batteri tok eg ikkje med. Søren so utgjort, den hadde sikkert vore påskrudd i sekken. Festa derfor mobilen på hodelykta. Funka, berre sjukt irriterande.

Då eg til slutt skulle få lagt meg i teltet syns eg eg høyrde risling i lyngen. Tenkte på bjørn, so eg snakka litt med meg sjølv for å skremme den. Då begynte ein hund å gjøye som berre juling! Og eg fekk plutselig auge på eit hus rett ved sida av teltplassen, for no hadde naboen vakna og skrudd på alle lysa…

God natt! Skal bli bra å komme seg vekk frå sivilisasjonen.

tomt for dekning og. Sjåast om nokre daga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *